Jump to content

Garegaupa

Members
  • Posts

    18
  • Joined

  • Last visited

About Garegaupa

  • Birthday 02/09/1981

Recent Profile Visitors

The recent visitors block is disabled and is not being shown to other users.

Garegaupa's Achievements

Apprentice

Apprentice (3/17)

  • Reacting Well Rare
  • 10 years in
  • First Post
  • Collaborator
  • Conversation Starter

Recent Badges

0

Reputation

  1. Heisann! Eg veit ikkje om dette er 100 % rette forumet for dette innlegget, men det var den beste plassen eg fann. Eg har ein reinsdyrskalle på plate som eg har tenkt å hengje opp på veggen. På den eine sida så har geviret begynt å losne frå sjølve skallen. Er det nokon her som har peiling på kva eg kan bruke for å få festa det att? Eg går ut frå at eitt eller anna slags lim må vere tingen, men "bein" og "gevir" er skjeldan på lista over materiale som er lista opp på baksida av limtuba... Eg tenkte difor eg skulle prøve meg på om nokon her har vore borti problemstillinga, eller eventuelt har erfaring frå utstopping?
  2. Heisann! Eg er på utkikk etter eit nytt våpenskåp då det gamle eg har begynner å verte for lite for mitt bruk. Eg har ein del krav til eit slikt skåp: Der lyt vere romsleg med plass til minst 7-8 rifler/hagler og 3-4 revolverar/pistolar. Der lyt vere romsleg med plass til ymse ammunisjon til alle våpena ovanfor. Det er ynskjeleg med ein del plass til å lagre anna jakt- og skyteutstyr, slik som pussesaker, jaktradio, kikkert, kart/kompass, våpenkort og så vidare. God balanse mellom kvalitet og pris - eg ynskjer verken "Lada" eller "Mercedes". Er det nokon her som har nokon gode forslag til meg?
  3. No vekkjer eg visst opp att ein rimeleg gammal tråd her, men eg ville berre høyre om det er noko nytt i høve til denne saka her (altså om Schou Våpen har teke over eller skal ta over S&W-agenturet for Noreg)? Eg har søkt litt på nettet, men denne tråden er det einaste som dukkar opp.
  4. Nok ein gong takk for tipset! Såg snerten ut den òg! Vert artig å prøve dette her etter kvart, eg har som sagt berre overnatta på bakken så langt, vert spanande å prøve hengjekøye-konseptet!
  5. Sjå der, ja, den hadde eg ikkje sett før! Takk for tipset! Den såg heller ikkje dum ut! Liknar veldig på den eg la inn lenkje til, og ser ut til å vere basert på ein del av dei same ideane. No har eg ikkje kikka veldig nøye på Feltreir ut over ein kjapp kikk på nettsida, men det ser for meg ut som om der er litt meir "finessar" på den eg nemnde (integrert myggnett og haldar til ryggsekk, samt regn-tetting der snorene til hengjekøya går inn under "taket" var vel det eg la merkje til i farten). Skal uansett ta ein nærare kikk på Feltreir, artig å sjå kva slags løysingar som finst rundt ikring! REDIGERT: Eg lyt visst sjå litt nøyare før eg skriv, eg ser at ein kan få myggnett med i pakka her òg.
  6. Hei, folkens! Eg tenkte berre eg ville tipse om eit artig prosjekt eg kom over for litt sidan, for dei som måtte vere interesserte: http://www.kickstarter.com/projects/131 ... erra-madre Eg for min del har stort sett overnatta i telt og/eller Jerven-duk når eg har vore ute i terrenget, men kunne tenkje meg å prøve hengjekøye i staden i enkelte høve. Planen min var å berre bruke ei vanleg hengjekøye pluss presenning og femmeterssnøre som sikring mot regn, men så kom eg over denne her. Eg tykte det såg såpass interessant ut at eg bestemte meg for å støtte prosjektet, og tenkte i same slengen at dette kunne vere noko som var av interesse for andre her på forumet! Ha ein fin haust!
  7. Ingen problem, eg skal nok få ordna meg! Uansett, takk for bryderiet!
  8. Ulken og Raudnakke: Takk for tipsa! Eg skal sjå på dette! JanT og amatør: Jau då, det er sjølvsagt eit alternativ å byte montasjar. Det kan godt hende eg gjer det på sikt. Men det vil uansett vere ein dyrare og meir omstendeleg prosess enn å berre prøve ein annan type linsebeskyttar, og dessutan måtte børsa skytast inn på ny. Ingenting av dette er på nokon måte uoverkomeleg, men viss eg får tak i ein linsebeskyttar som gjer jobben (omtrent) like godt som ein linsebeskyttar av typen "flipp-opp", så er det så langt eg kan sjå ingen vits i å gå over bekken etter vatn.
  9. Mr Drilling: Takk for tipset! Eg skal kikke litt rundt om eg finn noko der! Komla: OK, då misforstod eg litt. Det var ikkje veldig mykje om å gjere før framdekselet frå Butler Creek hadde klarert dei gamle siktemidla, så viss denne har ein lågare profil så er det absolutt interessant å sjå på!
  10. G.Larson: Jau, godt poeng. Viss dei måla stemmer så skulle det ikkje vere nokon grunn til at ikkje dingsen passar til andre kikkertar enn Swarovski sine. Eg skal ta kontakt med Midway og høyre. Elles har det absolutt inga bråhast for meg å få tak i dette (det er meir for å vere klar til jakta i haust), så viss du har noko liggjande som du vil verte av med for ein høveleg slant så seier eg mange takk for at du tek deg bryet med å sjekke!
  11. Takk for alle svar så langt, folkens! Hjortefot: Ja, eg kikka litt på den varianten. Viss eg ikkje finn nett det eg tenkjer på så vert det nok den der eg går for. Han ser rett så grei ut. Det hadde som sagt vore greitt å hatt ein gjennomsiktig ein slik at ein kunne skyte utan å ta han av viss forholda tilseier det, men eg får sjå kva eg finn. Uansett, takk for anbefalinga! Komla: Ein interessant ide. Eg var nett inne på nettsidene til Leupold og såg på desse. Som du seier så var det ei veldig kompakt løysing, men det står kanskje føre meg at dei tek noko lang tid å skru av viss det må gå litt fort (til dømes viss du støyter på ein elg på veg til posten)? Men alle løysingar skal vurderast, det er klart! VeT|Us: Takk for den! Men det verkar som dei har gjort eit stort poeng av at denne berre passar enkelte Swarovski-modellar. Men det kan kanskje tenkjast at han kan brukast likevel?
  12. Hei! Eg er på utkikk etter ein linsebeskyttar til kikkertsiktet mitt (av typen Leupold VX-II 3-9x50mm). Eg får ikkje brukt desse vanlege "flipp-opp"-greiene frå Butler Creek grunna at den fremre beskyttaren kjem i konflikt med det originale opne siktet på børsa (som eg ikkje vil ta vekk). Difor er eg på utkikk etter noko liknande av dette her: Eg ville helst hatt den typen som ein kan sjå gjennom i eit knipetak, slik som på biletet, men viss dette ikkje er råd å få tak i så får eg klare meg med den ugjennomsiktige typen. Utfordringa mi så langt har vore å finne ein nettbutikk som sel slike, då eg bur høveleg langt frå næraste våpenbutikk. No har eg vore gjennom sortimentet til alle dei eg veit om (pluss eit par eg ikkje visste om før eg gjorde eit søk i Gule Sider ), men eg finn ingen som fører nett denne typen linsebeskyttarar (biletet ovanfor er henta frå nettsidene til Midway, men det ser ut som om dette er ein modell som berre vert seld i lag med Swarovski-kikkertar). Viss det er nokon som veit om ein nettbutikk som fører dette så vert alle tips mottekne med takk!
  13. Takk for gode tilbakemeldingar så langt, folkens! No har eg litt å gå ut frå, i alle fall! Det vert fint å få att ein kniv som ikkje vert sløv berre ein ser litt hardt på han...
  14. Hei, Metallurgen, og takk for eit svært så grundig svar! Når eg skal kjøpe utstyr av denne typen så likar eg å ta og føle på det før eg kjøper, det er heilt sikkert. Ikkje alle ting eignar seg for å kjøpe over Internett... Så det var fint at du hadde nokon forslag til gode knivar som er litt vanlegare enn Puma her i landet. XXL ligg rett borti her, så eg får nok ta meg ein tur ein av dagane. Enno ein gong takk for hjelpa!
×
×
  • Create New...