Jump to content

magnum_mauser

Members
  • Posts

    886
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    11

Everything posted by magnum_mauser

  1. Eg hadde tidligare brukt 250 grns tsx i 9.3 og var svært fornøgd med den kula, god presisjon, god effekt i vilt og lite skade. Men etter eit nettsøk finner eg berre eit par butikker som har eit avgrensa utvalg av tsx, eg finner eit bedre utvalg av ttsx. Har den kula erstatta den gamle tsx? Og kva forskjell er det på desse kulene, utover plastspissen på den nye? Eg lada tsx til ca 740 m/s og den fungerte godt opp til ca 180 - 200 meter. Men kva skjer på 250 meter, får ein ekspansjon med gamle tsx? Kan ein eventuelt bruke ladedata for den gamle tsx på dei nyare ttsx? På førehand takk for svar.
  2. Løfter ein gammal tråd. Eg brukte 9,3x62 for ein del år tilbake og då lada eg med 250 grns barnes tsx, som gav super presisjon og kula oppførte seg eksemplarisk på hjort og rev. Til hausten igjen er 9,3 blitt mitt nye allround-kaliber. Eg kom over fabrikkammo, ladd med 286 grns Nosler Partition, til ein god pris som eg kjøpte, då eg ikkje er ferdig med det nye laderommet. Nokon som har brukt nevnte kule i 9,3 og har gjort seg erfaringer m.tp korleis slakta ser ut? Og nokon som har ein tanke om korleis ei partition vil oppføre seg når den er skutt i ei 9,3 med dertil moderat hastighet på f.ex 250 meter - kan ein forvente normal ekspansjon på slike hold?
  3. Kjapt spm, får ein tak i ein stokk av bedre kvalitet en den blaute orginalstokken, som ikkje koster skjorta - eller som blir altfor tung? Eg fant ein boyds i laminat, men litt av det som tiltaler meg, er det å ha ei lett og smekker småviltrifle - og då blir ein tung laminatstokk feil.
  4. Den har ein svakheit, men eg synes likevell det blir "nusselig" når enkelte poengterer at dei ikkje tørr å skyte med ei r93 Men det skal dei få lov å meine Nei, prisen var veldig bra! Med tanke på kor mangen tusen ein i utgangspunktet må ut med for oppgraderinga av treverk til Blaser, har eg gjort eit røverkjøp! Det skal seiast at eg har kjøpt våpenet av ein kjede som siste året har operert med raude tall og som desperat forsøker å redusere varelageret sitt - eg misstenker at det er grunnen til prisreduksjonen.
  5. Eg har i mange år prioritert å være laksefisker fremfor jeger. Dvs eg har fiska heile sommaren/tidleg haust og jakta litt på hausten, kombinert med å være ettersøksjeger. Men kombinasjonen av at laksestammen stadig blir truga på ulike hold, og det sakte men sikkert går til hel.... med villaksen, og at det blir forventa at far er meir heime på sommaren med barn i hus - har fått meg til å revurdere mine prioritringer, eg vil fiske mindre og jakte meir. Dermed enda eg opp med å skape eit behov for enda ei børse Eg har ei blaser r93 frå før, som eg har satt på ein kkc-stokk med kappa pipe i 308, ein gammal a-tec maxim og på toppen står det ein svær zeiss eller ein liten rødpunkt- alt etter om eg går ettersøk eller går på jakt. Eg synes denne børsa er optimal på ettersøk i den forstand at den er kompakt og robust med compactpoint'n. Og når eg setter på 3-12x56'n og går på måneskinnsjakt er det også ein solid rigg til det bruket. Men, når eg går på fjellet - og eg hadde synskirrurgi for nokre år sidan, som tok knekken på nattesynet mitt, so eg trivast betydelig bedre med alle andre jaktformer enn jakt på natta, då synes eg at børsa er både upraktisk i den forstand at den er for klumpete og tung - og bruksgleden er ikkje der den bør være. For mangen kan det kanskje virke rart, men i mine auger er dette eit reint bruksvåpen som ikkje ser ut i måneskinn! laminatstokk, rail's til ettersøkslykt, alt for digert sikte og eit kjedelig kaliber, børsa er superpraktisk, men den gir meg minimalt med eigar/bruksglede. Eg bestemte meg for at denne børsa kan eg bruke til ettersøk og dei gangane eg skal ut å jakte hjort i måneskinn - men eg ville ha eit allroundvåpen som ikkje framkalte fekale brekninger. Etter litt snoking kom eg over ein butikk med 2 stk r93 deluxe på lager, med oppgraderte skjefter og eg fekk kjøpe den eine utan pipe - noko som passa perfekt då eg hadde eit løp til overs. No er det mangen delte meininger om både blaser og spesielt r93 - har du eit virkelig behov for å føle deg unik, våger du ikkje eingang å skyte med ei r93. Men, eg liker r93 godt og er komfortabel med den. Av og til savner eg å ha magasin, men eg er vant til denne løysinga og ser ikkje det som eit stort problem. So etter å ha studert bilder av begge børsene som sto i butikken, valgte eg den med mørkast treverk, den lyse av dei hadde veldig fine tegninger/struktur på eine sida av skjeftet, men ikkje på andre sida - den mørkaste hadde jevnt over god kvalitet. Eg har som nevnt eit løp i 308, og eg har eit i 9,3x62. Eg vurderte om eg skulle bruke 9,3 løpet på ettersøks/bø-rifla og 308 på allround rifla. Men eg har brukt 9,3 som allrounder for ein del år tilbake, og var i utgangspunktet kjempefornøgd med det, so dermed blir 9,3 pipa satt på den nye blaseren når den er i hus. Pipa eg har, er kappa til 52 cm og gjenga for demper og eg har kjøpt ein a-tec Hertz. Eg hadde maxim på den forrige 9,3 pipa og forhandler hevda hardnakka at eg skulle oppleve betydelig betre demping av både lyd og rekyl med ein hertz kontra ein maxim - so det gjennstår å sjå. So kom eg til optikk og her måtte eg gruble ein del. Eg kunne satt zeiss'n min på den, men på ei allroundbørse, synes eg 56 mm objektiv er for stort. Eg vurderte ein klassisk 1-6x42, som er eit alternativ. Men det var to ting som gjorde at eg valgte denne vekk, og det er forstørrelse og skumringsegenskaper. Eg jakter primært hjort og i mitt terreng blir det ofte snakk om dryyyyge hold, og personlig synes eg x6 blir litt for lite. Og sjølv om ein tysk/østerisk kikkert med gode linser er brukbart under dårlige lysforhold, er den heilt minimal for ein jeger med dårlig nattesyn og sjølv om eg jakter betydelig meir i utmark enn på bøen, er det gjerne i skumringstimen det skjer - og ein med 42 mm objektiv blir for veik for meg. So etter tips her på forumet, enda eg opp med ein Zeiss varipoint 2,5-10x50 med ASV. For mitt vedkommande blir den omtrent perfekt som ein allrounder, her har eg gode optiske egenskaper, forstørring til dei lange holda og og ein størrelse/vekt som er til å leve med. og asv synes eg er topp, eg har brukt det i eit par år no og er betydelig meir komfortabel på dei lange holda no, en tidligare då eg skaut inn med overslag - og ekstra greit er det med 9,3x62, som ikkje har den sprekaste kulebana. So min allrounder blir ei r93 lux i 9,3x62, tidligare lada eg min gamle 9,3 med 250grns barnes tsx. Etter vi kjøpte nytt hus er eg ikkje komt i gang med lading enda, men eg kom over eit parti med fabrikkammo lada med 286 grns Nosler, som eg fekk relativt rimelig. Hvis desse går nokolunde greit i børsa (som eg forventer) blir dette kula som blir brukt til eg er komt igang med lading igjen. Tsx'n gav flotte slakt, dyra rusla skjelden meir enn 2 meter og presisjonen var upåklagelig. Eg forventer litt meir søl av Nosler, men det blir spennande å sjå kor "ille" det blir - det blir hjort og forhåpentligvis villsvin til hausten som blir første ildprøven til denne kula. Eg har tatt med meg familien og rømt til Spania denne vinteren, børsa og dei andre komponentane har blitt kjøpt no når eg er vekke og eg gleder meg til å komme heim til Norge i mars og sette sammen riggen Berre for å understreke min forfengelighet har eg kjøpt ei grepsplate med hjortemotiv som skal monterast og fleire av mine tvilsomme kompiser velger våpen etter rambo-prinsippet - det må være supertaktisk og coolt for å duge. Eg er hellig overbevist om at denne grepsplata kombinert med treverket på børsa vil være grobunn for rikelig med krangling i uoverskuelig framtid:D
  6. Eg vant ein slik skytestokk for eit par år sia, eg husker ikkje navnet på den i farta, men kan sjekke det ut. Men eg vart mildt sagt forbausa over kor godt eg skaut med den! Den har blitt fast inventar på smygjakt etter hjort for min del. Den tjener som skytestokk, støtte til kikkert og som spaserstokk (nei, eg er ikkje so gammal ) Det einaste eg har å utsette på den eg har, er at det er felt med polstring som ein skal halde i når ein går, og for mitt vedkommande kunne den polstringa vore litt lenger oppe på stokken. Men det som er vesentlig er at ein trener med den! Både på skytebana, men kanskje like viktig at du trener på å "slå den ut" når du er i utmark og får montert børsa i stokken. Trener ein på det, slik at det blir ein ryggmargsrefleks, får du "slått ut" stokken og montert rifla i den svært raskt og lydlaust.
  7. Takk for tips, etter litt pruting kjøpte eg denne med montasje. Eit sikte med 50mm objektiv opplever eg som betydelig smidigare på ei allround-børse. Her får eg eit smidigare sikte en min gamle victory 3-12×56, eg får gode skummringsegenskaper og asv - som eg er blitt veldig glad i. Takk for hjelpa
  8. På orginale montasjer kunne ein få tilpassa Leopoldringer slik at montasjen blir so lav som kikkertsiktet tilltater. Får ein gjort dette på gun star sin montasje?
  9. Eg fant denne på nettet og den ser ut til å være det eg ser etter https://kniveksperten.no/lionsteel-hunting-m2-olive.html
  10. Eg er glad i små kniver - både til slakting, flåing og på kjøkkenet. Eg har brukt ymse foldekniver frå f.ex outdoor edge og buck til swingblade dei seinare åra, og eg liker størrelsen på knivane og utforminga på bladet på foldeknivane svært godt, den totale størrelsen på swingblade'n er øvre grense av kva eg synes er komfortabelt i ein jaktkniv. Men eg ønsker meg ein skikkelig kniv, som eg kan få eit eigarforhold til, som igjen fører til bruksglede. Fulltangekniver synes eg er pent å sjå på, men ofte er dei både lenger og har ein spissare utforming på bladet enn det eg likar. Men av folket her inne med god kompetanse på kniver, nokon som kan anbefale meg ein skikkelig kvalitetskniv innanfor dei kriteriane eg har? *fulltange *ikkje for stor *god stålkvalitet *utforming på blad som minner om ein typisk jakt-foldekniv (runda spiss)
  11. Ja, eg har hatt ein varipoint 2,5-10x50 tidligare og var veldig fornøgd med den, men samtidig er eg veldig nærme det sikte eg har frå før i størrelse og vekt. Eg ser zeiss har nokre modellar som der interessante ut, f.ex v4 4-16x44 (hadde helst sett den begynte på lavare forstørring) - men so var det det med opplyst retikkel og kulebanekompensator..
  12. Gamle r93'n er modifisert i absolutt alle ender og er blitt ei formidabel ettersøksrifle. Men eg vartlei av å bytte mellom piper og optikk støtt og stadig, so den er blitt gradert til rein ettersøksrifle og ein ny r93 er på veg. Eg har ein zeiss victory 3-12x56 med lys, dette siktet har alt eg liker i eit allroundsikte for meg som hjortejeger, men det er stort og tungt - for digert til å være optimalt som ein allrounder på ein lett og smekker r93. Eg vurderer eit eldre, f.ex s&b 1,5-6x42. Det duger i skumring, men ikkje meir enn høgst nødvendig. Eg skyter ofte på litt lange hold og trivast i dei situasjonene med litt meir enn x6 i forstørring - og på eit slikt sikte, utgår både opplyst retikkel og kompensator. Hadde eg hatt råd til å bruke 30 000, hadde det vore enkelt å finne eit sikte som var litt mindre enn zeiss'n min, men som hadde alle dei spesifikasjonane eg ønsker. Men med småtroll i hus, hus, bil og studielån, kan eg ikkje plukke ein ny kikkert frå øverste hylle. Men er det noko merker/modeller eg bør undersøke, som er mindre enn zeiss'n min og litt meir potent enn ein gammal 1,6-6x42 - som ikkje koster over 15 laken?
  13. Vi er eit par kompiser som vil til Sverige neste haust/vinter å jakte gris. Vi køyrer frå Vestlandet, so det er ein fordel om det ikkje er heilt sør/aust i Sverige, då det fort blir veeeeeldig mange timer i bil. I tillegg ynskjer vi å reise ein plass der ein kan poste på trekkruter morgon og kveld, då det blir litt variasjon til den kjedlige åtejakta. Buforhold er mindre viktig for oss, får vi leige hus på plassen er det ok, men vi kan også slå opp telt for den del. Prismessig er vi villig til å betale for god jakt, og vi ynskjer å ta med oss kjøtt heim. Men eg er ikkje villig til å betale overpris for å sitte på åtejakt ein plass der det er lite gris. Nokon som kan gje meg eit tips til kor eg bør reise?
  14. Og ein får plass til 2 løp og kikkertsikter i den?
  15. Nokon som har eit tips til ein god våpenkoffert tiltenkt f.ex brekkvåpen - dvs samme lengde som blaser sine kofferter. Der ein får plass til ein demontert r93, eit par løp og eit par kikkertsikter- som ikkje koster 6000?
  16. Og der kjøpte eg megein Blaser r93 til Etter ymse ombygginger som kkc stokk og rails i alle ender for å montere lykter, bærplukker osv, var børsa blitt so stygg at den fremkalte fekale brekninger Den er eit solid bruksjern men skal leve vidare med rødpunkt'n som ettersøks/hundefører-børse. Børsa eg bestilte i dag er ei r93 lux med grade 8 skjefte. På den blir det pipe i 9,3x62 og ein zeiss 3-12×56 påmontert (inntil eg kjem over ein allround kikkert) og det blir børsa eg tar med meg på jakt - det gledes
  17. Eg har fått sansen for vadmel og brukt det ein del i haust. Men spesielt buksa er ekstremt skitten frå knea og ned. Men korleis skal ein best mogleg vedlikeholde vadmel? Eg brukar mykje ull ellers, og der jar eg lært at minst mogleg vasking er regel nr 1 hvis eg vil ha klea til å vare. Vask, rens, lufting, eller rett og slett ikkke bry seg med at det er skittent?
  18. Eg tenker at det må ikkje være våpenet som setter begrensinger. Er samlinga glissen, må det være fordi eg skyter dårlig - ikkje fordi børsa har for dårlig presisjon.
  19. Grei pris, eit grovt skjefte er absolutt innafor! Men eg ser på hastighetene det leverer, at dette er relativt kraftig. På andre tråder eg har lest, blir det nevnt at presisjon og hastighet ikkje nødvendigvis henger sammen på luftvåpen. Og våpen som får mykje skryt for presisjon, leverer betydelig lavare kulehastigheter. Eg trenger ikkje matchpresisjon, då eg ikkje skal konkurrere. Men presisjonen må være god - vurderer du denne som presis nok til litt seriøs trening?
  20. Den har eg sett blitt anbefalt før, men den er håplaus å oppdrive. Ingen alternativ som er i salg i butikk?
  21. Dei siste åra har eg blitt flinkare til å bruke salongen til vedlikeholdstrening utenom jaktsessongen. Men eg ser at eg skal klare å rigge meg til for å kunne trene innendørs med luftvåpen med 10 meters avstand. Eg har ingen erfaring med luftvåpen utover ymse skyting med eit gamo brekkvåpen då eg var guttunge. Finnes det eit godt luftgevær med fjør, som er presist og bra nok til at eg kan trene med det innendørs - som ikkje koster skjorta? Eg har lest litt gamle tråder og finner anbefalinger til våpen som ikkje er i produksjon lenger, og som er vanskelige å oppdrive. Eg vil helst kunne kjøpe noko nytt, som er relativt rimelig men alikevell holder ein slik kvalitet at det er hensiktsmessig å trene med.
  22. Kartet eg har på min astro viser desverre ikkje eigedomsgrenser. Men det skal være apper tilgjengelig der ein får kart med desse grensene. Eg gjekk via kartverket og lasta ned ein app og deretter lasta eg ned kart over det aktuelle fylket, men ein har desverre ikkje eigedomsgrenser på dette kartet. Nokon som veit om eit bedre alternativ?
  23. Oppdatering: Eg fekk tilsendt enda ei bukse fra Anton's Timber (Pfanner loden), det viste seg at dei hadde xxl med samme beinlengde som Large og xl. I tillegg fekk eg tilsendt fleire strl av Härkila metso active som var på salg sist veke. Ingen av metso buksene passa, men den siste pfanner satt som eit skudd! Eg har ikkje fått testa den til praktisk bruk enda, men solangt virker dette som ekstremt gjennomførte bukser med gode løsninger. Er ein ute etter ei varm og lydlaus bukse utan membran anbefaler eg å sjekke ut pfanner loden!
  24. Vil du seie noko om kor du enda med n160 og 350 grains tsx for å havne på eit fornuftig nivå?
×
×
  • Create New...