Jump to content

Fxn

Members
  • Content Count

    45
  • Joined

  • Last visited

Community Reputation

10 Good

Recent Profile Visitors

214 profile views
  1. Om eg var deg @magnum_mauser,så ville eg tatt med ideane til ein knivsmed og funne ut av dette saman med han. Gjerne med skisser som forklarer litt korleis du vil ha det.
  2. Fxn

    Valg av dobbeltrifle

    Ein dobbelrifle står høgt på ønskelista. Dyre våpen, men veldig klassiske.
  3. Det billegaste alternative er å skyta mykje trening med 22LR ... dei andre kalibera til jakt. Eg reknar med det blir kjøp av den nye S303-en ila året 2020 i trådens-kaliber. Uansett tar eg mengdetreninga med salong. 🙂
  4. Nokon som har prøvd den nye og oppgraderte versjonen av 303? Det hadde vore interessant med synspunkt om den ...
  5. Hei og god jul! Er det nokon her som har kjøpt jaktklede frå Blaser? Lesar og ser at dette skal vera gode klede, men ingen av dei eg jakter saman med har prøvd desse kleda. Er dei gode, eller er dette berre promoterings produkt for dei mest interesserte? Mvh 🎅
  6. https://www.finn.no/bap/webstore/ad.html?finnkode=153602399 Denne synest eg er flott, men ikkje prisen.
  7. Det vart ein fin dag i skogen i dag, sjølv utan fall. Vi reiste ut og var klare for slepp ca klokka 8, akkurat då sola slo mellom grantrea. Rundt 15 min etterpå, fekk drevertispa godlukt i nesa, og små støtingen byrja. Uttaket følgde eitt par minutt seinare og lósen gjekk jamt og tett ei god stund til dyra kom eit stykke føre. Vi avgjorde postering å gjekk roleg kvar vår veg innover. Dyra pleier å følgja ei bestemd rute når hunden tar dei ut i dette området av terrenget, og vi trudde at i dag ikkje var noko unntak. Etter ein god time lós fekk eg sjå 3 dyr som kom hoppande roleg inn mot posten min, men plutseleg smatt dei inn i den tettaste granskogen ved og eg fekk ikkje inn noko forsvarleg skotbilde så eg lét dyra springa vidare. Kallet opp Jon og kopla hunden då ho kom halsande. Ein skikkeleg fin lós. Vi laga oss eit fint bål med svartkjele, kjøttpølser og matpakkar. Dreveren fekk òg litt mat. Reflekterte litt over dagens situasjonar og opplevingar før vi avgjorde eit nytt drev. I dette drevet vart det berre tull, sidan hunden fann godlukt etter ein hare som ho ikkje ville gi seg på. Trur den haren løp i sirkel rundt hunden og berre tulla resten av dagen. Til slutt så måtte vi kopla og seia oss fornøgde sjølv utan kjøtt i gryta. Prøver på nytt neste helg, no blir det ein dram.
  8. Startar ein tråd for oss som jaktar rådyr med drivande hund. Alle godkjente rasar er velkomne, og håper dette kan bli ein fin tråd med jaktopplevingar og gode historier. Fyr laus!
  9. Fxn

    Ei rifle til alt

    Ein rifla til alt 🙃 Trur eg ville valt ein kort R8 Success i 308W med lyddempar og Swarovski optikk.
  10. Fxn

    Elgjakt 2019

    Heldiggriser ... sjølv har eg ikkje deltatt på elgjakt sidan 2001, manglar tilgang. Lykke til, følgjer tråden ...
  11. Jaktvåpen #1) Europeisk s/s med sidelås i kal. 470 Nitro Express, #2) Europeisk s/s med sidelås i kal. 12/70. #3) Europeisk s/s med sidelås i kal. 9,3x74R. #4) Blaser R8 Success i kal. 308W. #5) Blaser D99 Lux i kal. 20/76-7x57R. #6) Krag Jørgensen i kal. 6,5x55K. Swarovski Optikk. RCBS ladeutstyr. #7) Ruger No.1 i kal. 450/400 Nitro Express. #8) Ruger No.1 i kal. 300 H&H. Våpen til samling Europeiske s/s BPE dobbelrifler i originale koffertar frå før 1890’
  12. Fxn

    Samling?

    Tusen takk @Olesøn, det var det eg trudde. Her er ein liten smakebit på eit aktuelt våpen.
  13. Fxn

    Samling?

    Hei, Eg har lenge hatt lyst på ei lita samling med Black Powder Express (BPE) riflar frå før 1890’ Korleis skal eg kunna få handla slike riflar utan å vera medlem i ei samlarforeining? Er desse eigentleg registreringspliktige?
  14. Eg har over lengre tid sett etter ein kombi som kan følgja med meg under rådyrjakt. Eg har lyst på ein sideliggar med sidelåser! Det har vist seg å vera vanskeleg, eller «umogleg» å finna eit slikt våpen på bruktmarkedet, så no håper eg de kan hjelpa meg litt. Sidan det dukkar opp nokon aktuelle sidelås haglar iblant, så kan kanskje éin slik bli modifisert? Er det mogleg å montera f.eks eit innstikksløp i kaliber 5,6x52R i eit 12/70 hagleløp for så fresa ut til ein dugeleg kikkertmontasje og omregistrera våpenet til kombi?
  15. Eg ville nok heller nytta meg av ettersøksavtalen, og heller fått tatt liv av denne elgen ved fangstskot på kort hold.
×
×
  • Create New...