Jump to content

brisen

Members
  • Posts

    176
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    4

Everything posted by brisen

  1. brisen

    Knivstål FAQ

    I skogen går det som regel i ein større kniv og liten foldesag. Mine to forrige innlegg omhandlet mest frå min side om å teste ut kniver og knivstål og at eg m.a. gjer det i forbindelse med veding og rydding heime på bruket. Når det gjelder kva som er raskest, sikrest og best av øks eller kniv når ein skal lage eit kaffebål tenker eg at får vere opp til den enkelte å bestemme, ein bruker den redskap ein trives best med.
  2. brisen

    Knivstål FAQ

    I forbindelse med mitt siste innlegg vil eg legge til at veden eg kløyvde med ESEE-5 hadde eg kvistet og hogge utor med ein større kniv, ESEE Junglas , 1095 stål, også denne kom i frå det uten problem. Når eg bruker kniv til sånt arbeid er det kunn fordi det er moro og for å få litt testing på knivene mine. Ellers bruker eg motorsag, elektrisk kløyver eller ei kløyvøks.
  3. brisen

    Knivstål FAQ

    På You Tube ligg ein filmsnutt der to nederlandske trivelige og lettliva karer tester ESEE-5 , 1095 stål. Kniven kom heller dårligt ut, etter å ha kløyvd kun få kubber var det stort hakk i eggen og den fekk ein heller elendig omtale. Eg har bare gode erfaringer med mine kniver frå ESEE, så eg fok min ESEE-5 i ikkje-rustfritt 1095 fjørstål med i veddungen som bestod av mindre kubber tverrmål frå ca 10-12cm og nedover. Etter forrige bryning og før kløyving hadde eg brukt den ca 5-6 timer til å smi i tre. Kort fortalt, eg enda opp med 24 stk 60 liter sekker tettpakka med ved og ein kniv som fremdeles var bra skarp og uten skader i eggen. Eg kan ikkje sei at eg var spesielt overrasket, resultatet var vel heller som forventet. Mange synes ikkje noke om 1095, synes ikkje om eit gammelt stål frå år1901 (mulig litt feil årstal ) som også ruster hvis ein ikkje passer på. Dette plager ikkje meg og på plussiden er 1095 veldigt enkelt å få skarpt. Vil legge til at når eg bruker kniv til vedkløyving slår eg med eit trestykke og slår ikkje på knivskaftet, benker kniven med å slå på kubben. Set kniven seg fast er løysinga å slå ned ein trekile. Bilde av min ESEE-5
  4. Magne Søylen skriver i Boken om haglgeværet, utgitt 1973 : Våpen fra Belgia hadde et meget godt renomme før den siste verdenskrig. Prisen på dobbeltløperne var normal og kvaliteten meget god. Det samme kan desverre ikke sies om de våpen som er produsert i Belgia etter krigen. Må nevne at han også skriver at det etter krigen er hederlige unntak, ikkje minst gjelder det Browning.
  5. brisen

    KA-BAR Knife

    Flotte kniver, hvis Fi angriper ved daggry ser det ut til at du kjeme til å vere klar.
  6. brisen

    Knivstål FAQ

    Hei @Kaato, du spør etter brukserfaring med 80CrV2, dei siste dagene har eg brukt ein kniv i 80CrV2 stål, brukt til smiing i tre og også litt vedkløyving. Kan ikkje sjå refleksjoner eller annen eggskade. Og så vil eg spørje @Metallurgen om han kan opplyse meg om kva stål det er brukt i den store og kraftige F.H. Vinter Chopper og kor mange det er laget av denne modellen.
  7. Min erfaring med Bengalack på treverk som skal brukes utomhus er at den over tid sprikk og krakelerer. Tre har for mykje bevegelse for ein så hard lakk.
  8. Eg har og styra på med øksene mine nå. 3 av dei hadde behov for omfattande pleie så eg fjerna rust og laga nye skaft.
  9. brisen

    Tips til turkniv

    Nei,det må ikkje vere tollekniv. Her er èin av mine nyere kniver. ESEE Izula
  10. brisen

    Tips til turkniv

    Eg synes kvaliteten på Helle sine kniver stort sett har vore god. For eit par år siden kjøpte eg ein Helle Harding og på den hadde eg ein god del etterarbeid før den blei tipp topp og sånn skal det jo ikkje vere. Nylig handla eg meg ein Helle Temagami og den var dønn strøken, synes eg fekk mykje god kniv for 1649 kr. Helle sitt knivstål er kanskje ikkje siste skrik men dei bruker godt kjende stål av god kvalitet. Min første Hellekniv kjøpte eg i 1976 og siden har det blitt ein og annan når det har dukka opp noke som har tiltalt meg.
  11. brisen

    Tips til turkniv

    Du treng ikkje reise lenger enn til næraste sportsbutik og kjøpe ein kniv frå Helle, du får dei for ca 1000 til vel 2000 kr. Dei er som regel V slipt og skjer dermed godt i alt, ekstra stas er det at dei er laga her i landet.
  12. I fjellet bruker eg stort sett 8x32 eller 8x30. Ein 10x32 / 30 i tilsvarende kvalitet blir tidligere uskarp i enden av dagen. Er pulsen høg blir det for mitt vedkommende og eit roligere bilde med 8x kontra 10x. På dager med varmeflimmer eller dis er det også ein fordel med 8x, enda bedre med 7x. Eg er litt ornitolog heilt på hobbybasis og i den anledning går det ofte i 10x, synes det er greit med litt forstørrelse når fuglene skal artsbestemmes.
  13. brisen

    Helle Nord

    Temagami, komune i Ontario, Canada, (wikipedia er god å ha i bakhånd). Temagami er staden der Les Stroud, designer av kniven opplevde sitt første utandørseventyr, (frå Helle si nettside).
  14. brisen

    Helle Nord

    Gratulerer med ny staselig kniv. Eg var og på handel i dag og skulle kjøpe Helle Nord, desverre hadde dei den ikkje inne og det enda med at eg kjøpte Helle Temagami i staden, i samme sjanger som Nord og med samme stålkvalitet men èin mindre kniv med bladlengd 11cm. Nord er nok èin meir allsidig friluftskniv men tenker Temagami vil verre veldig god på sine ting. Synes Helle har mange tiltalende kniver og så er det jo kjekt når det er laget her til lands.
  15. Det kan på min kniv sjå ut som det går ein nagle (vises svakt) inn frå eine siden, det kan stemme siden det på bilde er hull i enden av tangen. Løysinga då blir vel å bore ut naglen for så å skifte ut avstandplater med noke som er tjukkere og så banke inn ny nagle.
  16. Kjekk quiz og humøret steig, hadde feil på spørsmål om haglpatrona ellers gjekk det fint, 12 av 13.
  17. brisen

    Håndkikkert

    Når eg ferdes i skogen har eg som oftest med meg ein 7x42 med stort synsfelt. 7x gir eit roligt bilde med meir dybde enn t.d. 10x. Meir dybde i bilde gjer og sitt til at det blir enklere å lese/forstå terrenget. Ein 7x42 av prima kvalitet er også super skumringskikkert. Eg vil anbefale å kjøpe brukt Zeiss Dialyt 7x42B T*P*. I god stand vil den koste ca. fem tusen.
  18. Ganske så sikkert Made in Japan, 1960 talet.
  19. Nylig handla eg èin ny/brukt stor og kvass kniv,den måtte ha seg ei slire og då eg ikkje hadde lyst å sende den frå meg valgte eg å ordne opp sjøl. Eg tok tilpassingen mellom kniv og slire seriøst og der finnes ikkje antydning til rakkling. Kniven blir holdt på plass i slira med solid kajakstrikk. Sjøl om det ikkje kan kalles ei stasslire så fungerer den som forventet.
  20. brisen

    Cold Steel SRK

    På ESEE sine slirer av kydex kan èin sjøl bestemme kor hardt kniven skal sitte i slira ved å skyve ei skrue opp eller ned i eit langsgående spor. Fungerer meget godt.
  21. Det er bare det at må T.S. oppsøke ei bedrift for å få jobben utført (som antydet i første i innleg) kan det fort koste minst like mykje som å kjøpe ny kniv. Å bore hol i herda knivstål er ingen enkel jobb. Moro er det heller ikkje.
  22. Med fare for å bli stempla som gledesdreper og pessimist, eg trur det enklaste og billigaste er å kjøpe ny kniv.
  23. Ei formstøypt plastslire er som oftast lite fin å sjå til, men den er saumlaus og dermed lett å vaske rein, kjekt når kniven er brukt på fisk og kjøt. Eg synes det går heilt greit å gjere rein ei slire i kydex og, men den har èin fals der det kan kile seg fast forskjellig rusk. Ikkje eit stort problem, men eg har avogtil litt plunder med å få rein kydexslirene på dei større knivene mine eg bruker på skogen. Etter èin dag på skogen der eg kvister brake så er det kome noke skogarusk i slira og. Eg vil ha det reint for neste dag skal kniven kanskje i bruk på kjøkenet. Legg ved bilde av Busse Combat Basic 11 og 9. Til kvisting bruker eg helst den største, den har ei bladlengd på 28.3 cm og er perfekt til dette bruk. Den ber preg av at tidligere eiger også har likt den. Basic 9 har ei knivlengd på25cm, den er slipt asymmetrisk. Bilde blei desverre lagt inn oppned.
×
×
  • Create New...