Jump to content

brisen

Members
  • Posts

    176
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    4

Everything posted by brisen

  1. Ta kontakt med Norsk Kennel Klub eller avlsråd for den aktuelle rase. Styr unna det grå/svarte marked.
  2. Bare styr unna, synes dette lukter svidd. Når eg handler på finn er det forskuddsbetaling og norgespakke med sporing.
  3. Gi mannen din penger så kan han kjøpe den kniven han har lyst på.
  4. @orlogsEg fårstår av ditt innlegg at du har erfaring som pistolskytter, då veit du kva det går i. Kjøp det våpenet du føler for og har lyst på.
  5. Min første finpistol var ein(kjøpt ny) Hammerli SP20. Den passet meg ikkje heilt i grepet, skjeftet skrådde for mykje bakover. Etter eit par tusen skudd fekk eg problem med avtrekkermekanisme og byttet den hjå forhandler i ein ny Benelli MP90S World Cup. Denne passet meg, var behagelig å skyte med og treffprosent gjekk opp. Den var og problemfri. Ønsker deg lykke til.
  6. @Ospa-Du har di meining, eg har mi. -Sauen og også geita er som ein gartner som held alt på stell. Då me dreiv med sau hadde me områder dekt med røsslyng, også bikuber ståande (ikkje våre). Etter at sauehalde vart avvikla er desee områda nå så og sei uframkommelige. Igjengroinga av lende frå fjøre til fjell kan dokumenterast med bilder frå heile distriktet. Når ikkje bakkane blir hausta forsvinn hjorten, den beiter ikkje på forstinde gras. Eg har faktisk ikkje høyrt ein brølebukk på fleire år, noke som var heilt vanligt før om haustane. Å fjerne beitedyra frå utmark/skog og fjell vil på sikt gi store negative fylgjer. Hadde ein fordelt sauen jevnere utover heile landet, kunne ein ha auka antalet betraktelig. Du skriv at du har sett sånn og sånn. Eg har og gjordt mine observasjoner igjøno eit langt liv, der eg har levd tett på naturen, og der gjeremåla går etter været og årstidene både på bruket, i skog, fjell, fjæra og på sjøen.
  7. I mitt distrikt er mykje av sauen borte, følgjene av det er at lende gror til, og jungel og villniss tek over. Oppe på stølane forsvinn grasvollane med gras, urter og villblomar, og med det bier, humler, sommarfuglar og andre innsekt. Hjort og anna vilt er det og blitt mindre av.
  8. Eg som mange andre har morakniver lik den på bilde. Når ein slper dei på stein som går rundt får ein ikkje slipt inn til skaftet og med åra og mange slipinger blir det som ei kvass klo i overgang skaft og knivblad, utrivleg/lett å kome borti når ein t.d. slaktar og er sleip på nevane. På bruket vårt på 70 talet og utover var det desse moraknivene som blei brukt til det meste av arbeid der ein måtte ha kniv. Dei blei slipte oppat og oppat, sjøl om dei var billige hadde ein ikkje råd til å kjøpe nye kniver i hytt og pine, det er noke eg er byrja med i seinere år.
  9. Slettet mitt innlegg, hadde ikkje fått med meg vavlo sitt som går i liknande ordelag.
  10. Kjøp av lærslire til min A1pro er satt på vent. Eg har ordna plastslira slik eg vil ha ho, og kniven held seg i ro og er lydlaus sjøl under kraftig risting. Nylonband med trykknapp (feilplassert frå produsent ,meiner eg)) er skifta ut med ein stropp laga av dekkstrikk for kajak. Dermed har eg løyst det tiligere nevnte problem med nylonbandet så havna i konflikt med taustroppen for vetlefingeren. Slira var vel romslig i opningen, så ei justering/støydemping der gjorde susen, følgene blir at kniven set trangere og ikkje kan kome or slira ved uhell. Når den heng i belte får eg kniven ut av slira og på plass at med bruk av ein neve, men det er enklere med to. Den føles litt tung når den heng i belte, men det kan eg ikkje sutre over då eg kjende til vekta før kjøp. Når me kjem til hogging i rått trevirke og spikking både i rått og tørt/hardt trevirke overrasker den positivt. Pryl på ryggen går den klar hjå meg då den ifølge produsent Ikkje er designet for å vere vedkløyver. Summa summarum så er eg nå fornøgd med kniv så langt og til dels også slire, plast er nå plast .
  11. Har dei tamrein/husdyr på skog/fjellbeite i Latvia sånn som i Norge? Nei, husdyrhalde der er for ein stor del basert på produksjon av svin, som ikkje kjem i kontakt/konflikt med ulv.
  12. Det ender nok med at eg handler inn ei lærslire til min A1pro. Eg blir kvitt mitt problem og får ei solid slire som ikkje minst vil vere fri for støy. Plastslira bråker ein del.
  13. @all trades, master of noneUt frå lengde/fasong på skaft, lengde på messingholk og bladfasong, så ser eg ikkje bort frå at det kan vere ein kniv laget av Abraham Mikkelsen. Om så er ville eg passet godt på den. Når det er sagt så er det ein fin kniv same kven den er laga av. A. Mikkelsen brukte i tillegg til klinkerø også å ha to skruer i endeplata på skaftet, av og til er skruehodene slipt litt ned så hakket for skrujern er borte, kanskje for at det ikkje skal gnage på vetlefingeren ved bruk. Eg har ein fin kniv frå A. Mikkelsen, bladlengd 19.5 cm og laget på 1960 talet. Eit kjennetegn på A.M. sine kniver frå 60 talet er at det er brukt tynnt lær i slirene. Slira til min kniv, og sikkert dei fleste andre og, er merket med A. Mikkelsen, Nyborg, Finnmark. Det som eg er litt i tvil på ang. opphav til din kniv er slira, nå har eg heller ikkje sett bilde av endeplata, så det blir litt spennande dette.
  14. @all trades, master of noneLegge ut bilde,er desverre ikkje datakunnig nok. Me får sjå kva eg får til, og ja, eg set her og er noke flau. I desse opplyste tider går det vel ikkje å skulde på alderen heller. Taustroppen har ikkje så stor opning, og eg trer bare fingeren inn når eg tar grep på skaftet, ganske så enkelt. Ut frå fasong på skaft så ser sameniven din ut til å vere laga hjå I. Strømeng.
  15. @all trades, master of noneEg og held samekniven på det viset når det er hogging på gang. Skaftet er konstruert for å brukes sånn, og det fungerer krute godt. Eg bruker også å halde A1 pro lenger ut på skaftet når eg høgg, og då finn eg ein ekstra sikkerhet med ein taustropp.
  16. @ZeilerboyNå flaug augene opp i hårgarden, litt av ei glipe det der, får håpe det ordner seg. Eg vurderte og A1 X p.g.a. at den har ei bedre slire og feste for stropp heilt i enden av skaftet. Gjekk for A1 pro p.g.a. litt mindre vekt, kniv uten slire veg 352 gram på kjøkkenvekta, og det er tungt nok når den heng i belte. Tenkte og at A1 pro ville ha eit varmare grep i kulden, smak og behag. At eg ville få problem med trykkknapplåsinga avdi eg monterte inn ein taustropp, den tok eg ikkje.
  17. Fallkniven A1 X blir låst fast med ein hendel nede på slira, ser ut til å vere ei god løysing. A1 pro blir låst med eit nylonband med trykkknapp, dette er plasert sånn at det dekker hålet oppe på skaftet. Denne løysinga gjer det vanskeligt å ha ein stropp montert. Eg liker å kunne tre vetlefingeren inn i ein stropp når eg bruker tyngre kniv til hogging, finn ein sikkerhet i det. Synes dette kastar litt skugge over ein ellers så flott og velfungerande allround kniv. Ei løysing kan vere å ta ein ekstra kostnad og kjøpe ei lærslire, litt fortredeligt er det jo. Noken som har eit godt forslag?
  18. Pupill har full opning etter ca. 1 min. i mørke. I mørke byrjar auge å produsere rhodopsin, ein prosess som tek ca. 30 min. og først då er nattsynet på plass. Rhodopsin tåler rødt lys.
  19. Puma White Hunter er ein flott kniv med mykje historie. Eg har lenge hatt lyst på ein og det enda med kjøp. Den er ut frå idnr. produsert 4. kvartal år 1971, ikkje heilt strøken men fin. Slire er som ny og det fulgte med orginal plast eske og papirer. Håper eg får brukt den. Då eg kom i tannfellinga fekk eg kniv i belte. Nå er eg på ny i tannfellinga og set og lurer på når tid eg skal bli vaksen .
  20. I ein periode hadde me Border Collie og Dachs samstundes, to rasar ulike som salt og pepar. Border collie er avla fram til å løyse arbeisoppgaver på ordre og tegn frå eigar/sjef og er såleis ein lett dreserbar hund. Vår var lydig og til stor hjelp i arbeid med sauene, då under kommando frå meg. Som familiehund grei men med mykje energi. Dachsen er ein super familiehund som du ikkje får dresert til å bli ein lydig slave. Den er klok, sjøltenkjande, sjølarbeidane og ein problemknekker, den må jo vere det for å løyse oppgavene t.d. i eit revehi. Det vert hevda at den ikkje er så rask, kanskje ikkje det men den gir aldri opp, noke mangt eit rådyr har erfart. Den kjem seg fint fram i bratt vestlandsterreng, klarer den ikkje å hoppe opp, spring den rundt, står aldri fast. I huset var den snild og grei, yppa aldri til bråk korkje med to eller firbeinte , likte og å vere "varmeflaske" når noken hadde behov for ein strekk på sofaen. I møte med rev forvandla ein koselig hund seg om til ein levande krigsmaskin, du hendelse for eit mot. Skal me på ny få oss hund, då blir det Dachs, stor hund i lite format.
  21. Du kan kalle inn ein dachs, den kjem ikkje før den er ferdig med det den held på med. Ein egenskap eg likte, dei var sjølstendige og såleis litt anerledes enn andre hundar me har hatt. Stor hund i lite format og i tillegg til å vere ein allsidig jakthund er det og ein super familiehund. Dachsen når også ein høg alder, våre to blei 14 og 15 år.
  22. I tillegg til særtrekk ved A. Mikkelsen sine kniver som @seawolf nevner,har eg bete meg merke i at dei også har korte skaft, kortere skaft enn t.d. sameknivene frå Helle, I. Strømeng og finske J. Marttiini. I tillegg til å studere bilder har eg og teke mål på knivene eg har sjøl.
  23. Før i tiden var det vanlig prosedyre å bruke aceton til å rense kikkert innvendig for sopp/mugg og anna dritt på linser og prismer. Dagens linsebelegg tåler tydeligvis ikkje aceton.
  24. Eg og vil anbefale TS å prøve Swarovski SLC 8x30WB. Den var i produksjon i 27 år frå 1985 til 2011. Pris brukt ligg på ca. 5000-7500 alt etter alder og tilstand. Min er frå 2009 og har dermed fått med seg alle oppgraderinger. Det gjer at den framstår like lys, skarp og fargenøytral som FL8x32. Begge presterer på eit høgt nivå, men når eg sammenligner heile pakken, set eg FL 8x32 litt framom SLC 8x30. Når eg komenterer kikkert er det korleis det fortoner seg for meg, andre har si meining.
×
×
  • Create New...