Jump to content

brisen

Members
  • Posts

    176
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    4

Everything posted by brisen

  1. @MAG500 Flotte kniver dei to du har laget sjøl
  2. Du kan kanskje aliere deg med noken og få hjelp med tilsyn dei dagane du er borte. Tilsyn kvar dag behøver dei vel bare om våren i lamminga og ei stund framover vil eg tru. Blir det slutt på sauehaldet hjå dåke vil gard og utmark gro igjen, mykje fortare enn ein kan førestille seg. Utegangersauen er ein meister i å halde landskapet på stell då den er meir altetande enn dei andre sauerasane.
  3. @Stihl Crazy Kurset eg nemnde heiter Dyrevelferdsprogram for sau, og er nytt dette året. Det gjelder først for dei som har besetniger frå 30 vinterfora sau, frå 2028 skal alle med. Det er også lovpålagt at dyra skal ha tilsyn av vetrinær minst kvar 18. månad. Etter det du skriv høyres det ut som garden din er midt i blinken for sauehald. Reven kan nok bli til plage sjøl om utegangersauen har sterkt morsinstinkt og passer godt på lamma. Kjenner fleire som har teke i bruk nofence og dei virker til å vere fornøgde, men dyra må vere så tamme at ein får tak i dei når batteri i klaven må skiftes og lades. Ellers så synes eg det høyres ut som at du har gode planer.
  4. Alle som vil starte opp med sau eller driv med sau skal etter nye regler ha kurs og kursbevis/sertifikat. Ein av grunnane til dette er den dårlige behandlingen villsauen stundom blir utsatt for.
  5. brisen

    Håndkikkert.

    Ein kikkert eg bruker ganske ofte og som eg ikkje betalte så mange kronene for er denne porroprisme-kikkerten. Det er ein SWIFT 8.5x44, made in Japan år 1977, fremstår nesten som ny utvendig og er strøken innvendig. Synsbilde har stor bredde men den er ikkje skarp ut til kantene. Den er ikkje heilt heilt fargenøytral, der er eit snev av blått og bilde blir dermed litt kaldt, eg liker det. Ikkje er den vanntett og eg passer den for regn og brå temperaturforandringer. Eg oppbevarer aldri kikkertene i kikkertveske, men i eit luftigt, solid og låsbart skap, som står i rom med jevn temperatur og lav luftfuktighet. Ein lenger opp i tråden skriv at det virker som noen har kikkert i seg selv som hobby, ja eg har det, kikkerter og også kniver, har kvalitetstid når eg bruker dei. Deler desse hobbyene med tusenvis av andre. Det som kanskje blir litt skrudd er når eg går ut med greiene mine på eit offentlig forum, eit forum der medlemsmassen stort sett består av jegere og skyttere. Har forståelse for at eg kanskje kjeder noken med mine skriverier, bilder og entusiasme.
  6. brisen

    Håndkikkert.

    Når eg sitter ved hagebordet mitt har eg usjenert utsikt mot fjellet i aust og bruker mykje kikkerttid med å studere natur, fugle og dyreliv. Når det lir utpå dagen og eg har sola bak meg presterer stort sett alle kikertene bra, men om morgonen i motlys når sola titter opp over kanten stiller alt seg annerledes, og det kan vere betydelig forskjell i prestasjon, sjøl om alle stiller med gullende reine linser i begge ender. Skal eg driste meg til å nevne nokre av mine eg synes presterer godt i motlys blir det Zeiss Victory 8x42HT, Zeiss Dialyt 8x56 B T* og CBS Beck Kassel 11x80 Tordalk. Dei har multi-linsebelegg og dei fremhever seg også når kvelden sig på ,og dei er gode som håndholdte stjernekikkerter. Eit lite minus med dei to største og eldste er litt smalt synsfelt og nærgrense er heller ikkje noke å snakke høgt om.
  7. brisen

    Håndkikkert.

    @amatør, heilt enig. Dei større kikkertene har eg stor glede av å bruke når eg sitter i godstolen ved hagebordet.
  8. brisen

    Håndkikkert.

    Har ikkje råd til den.
  9. brisen

    Håndkikkert.

    Alderen på kikkertene spenner frå 1960 talet og fram til 2017. Eg har samlet i mange år men det er dei siste 8-10 åra det har tatt av.
  10. brisen

    Håndkikkert.

    Litt rotete bilder av mine Zeiss kikkerter
  11. brisen

    Håndkikkert.

    Holger Merlitz blir mykje lest av meg. Spesielt er eg oppe for det som omhandler eldre porro-kikkerter. Eg har ein del av dei han omtaler i min samling av Zeiss kikkerter. Ein porro-kikkert som har stått på ønskelista ganske lenge er eit godt eksemplar av CBS Beck Kassel, Diana 8x40W frå 1960-70 talet, den har eit synsfelt på 166m/1000m som eg vil tru er sjelden kost sjøl for dagens high end håndkikkerter.
  12. brisen

    Håndkikkert.

    Eg er sikker på at Swarovski NL pure 8x32 er kikkert så god den kan bli. Eg kjøpte Swarovski 10x42 EL i år 2000. Solgte den og 10x50 EL og 8x30 SLC i fjor haust, har nå kun ein Swarovski igjen, ein 7x42 SLC. Synes Swarovski håndkikkerter er heilt topp. Har ein Leica ultravid 8x20 BL, den er topp optisk men den er liten og eg synes den er vanskelig å bruke. Eg har også to kvalitets kikkerter frå Nikon, Nikon HG 10x32 L og HG 10x42 L, begge laget i Japan. Frå år 1992 og framover til utpå 2000 talet ville Leupold spise kirsebær med dei store og laget (produsert i Japan) ein serie håndkikkerter med navn Leupold Golden Ring. Av desse har eg 10x32 og 10x42 HD, den sist nevnte blei ifølge forige eiger kjøpt ny i 2016, den er helst litt tung men robust og optisk heilt på topp. Når eg gjekk for ZEISS som favoritt er det pakken totalt og også litt følelser med i bilde.
  13. brisen

    Håndkikkert.

    Eg har tenkt ein del på kva kikkert som er min favoritt, det blir ein ZEISS, den saken er grei, men eg har 2 like gode kandidater. Dei utvalgte er Zeiss Victory 8x32 FL og Zeiss Victory 8x42 HT. Zeiss Dialyt 7x42 B T*P* er ein eldre men også ein meget god kikkert.
  14. Har ein 8x20 og på lyse dagen er den like god som alt anna, men eg bruker den så å sei aldri, når eg endelig har fått stillt alt inn er som regel fuglen eller annet eg skulle sjå på borte. Alt er så mykje enklere med 8x30/32, ikkje bare på grunn av det optiske men også fordi den er fysisk større.
  15. Det er jo dine auger og du veit ka som fungerer for deg. Det er ikkje alltid teori og praksis stemmer. Kunne tenkt meg ein liten lett kikkert med avstandsmåler eg og.
  16. Vanskeligheter med å bruke 8x25 vs 8x30 har ingenting med alder å gjere. 8x25 er litt vanskeligere å stille inn p.g.a. mindre utgangspupil og den har også av samme grunn dårligere skumrings egenskaper.
  17. brisen

    Havkajakk

    Eg bruker både tørrdrakt (ursuit 4-tex unisex) og vest beregna for padling. Ikkje så lett å få all lufta ut av drakta, og hvis du havner i sjøen fer lufta i beina og har du ikkje vest blir det problem med å halde hode opp av vatnet. Vesten har som regel fleire lommer der du kan oppbevare ting t.d. kniv og vanntett telefon som sjølsagt er sikra med snor. Vannflaske lett tilgjengelig er og viktig, eg har den og eit par bananer liggende under dekksstrikken, drikker ofte og lite. Hypotermi/nedkjøling er du stort sett trygg for når du set i kajakken men velter du og du ikkje er kledd for tempraturen i vatnet blir marginene plutselig små. Eg er heilårs aleinepadler, følger med på veret og tar sikkerhet på største alvor. Eg har vikeplikt for alt som ferdes på sjøen og tar for gitt at ingen ser meg.
  18. brisen

    Havkajakk

    Det første eg tenkte er at den kajakken er for liten og at du ikkje vil ha nok beinplass. Eg vil anbefale at du og kjøper deg ein tørrdrakt og at du tar eit grunnkurs i padling.
  19. brisen

    Knivstål FAQ

    For å forhindre rust på kniven min i 80CrV2 brukte eg eplesidereddik og sennep og fekk da fram ein rustbeskyttende patina i overflaten.
  20. Når me snakker lette gode kniver, vil eg ta med den vesle ESEE-CR 2.5 Den framstår kanskje som pinglete men det er ein god og solid brukskniv.
  21. Kanskje den bare skal vaskes og at den har mest verdi ved å få verea sånn som den er. Ein tar ofte verdien ut av gamle ting ved sette dei i fin stand. Når det er sagt, det er ikkje sikkert det gjelder i dette tilfellet.
  22. I vinterhalvåret pusler eg litt med modellbygging. Den eg har på beddingen er ein galeas bygget i Hardanger år 1896. Den blir bygget i målestokk 1:30 . Eg lager delene sjøl og bestreber meg på å få alt i rett størrelse sånn at det blir fin harmoni i fartøyet. Det finnes så å sei ikkje spiker eller stift i den, kun ein og annen der bolthode skal synes. Hudplank, dekksplank, skansekledning, panel og listverk på dekkshus er festet med lim og trenagler, naglene ca 4600 i talet er smidd til med kniv, ein liten kniv min far ein gang i tiden laget til meg. Nå er eg kommet så langt at eg holder på med rigging. Er ferdig med stående rigg og i gang med løpende rigg. Alle blokker ser ut som dei skal og det er ca 120 stk. i talet. Dei blir festet med krok eller sjakkel, mykje så smått at det blir laget under lupe. Ellers så gjenstår det å sy seil og lage to lettbåter, så eg har jobb både denne vinteren og den neste. Skal legge ut eit bilde når den er ferdig.
  23. Mitt bidrag i tråden Et slag for lette gode kniver, får bli ein foldekniv og ein med fast blad. Eg har ikkje så mange foldekniver men har som regel ein av dei med meg når eg kanskje kan få bruk for ein kniv. Foretrekker kniv med fast blad då dei som regel har meir brukervennlige skaft, og eg synes det er litt mindre møye å reingjere dei etter bruk. Kniven på bilde med fast blad veg kunn 69 gram, 98 gram med slire.Bladet er smidd av Knut Arne Skjervheim og kniv med slire blei i sin tid laget til meg av min far.
  24. brisen

    Knivstål FAQ

    Fjernet tekst og bilde då det blei i mestelaget morsomt og tøysete i ein seriøs tråd.
  25. brisen

    Knivstål FAQ

    Eg og set stor pris på kunnskapen om kniv og knivstål som @Metallurgen sjenerøst formidler her på forumet. Min intensjon med mine siste innlegg var kunn å dele litt brukerglede og mitt syn/erfaring med mine kniver i 1095 stål. For meg er øks mest arbeid og mindre moro/fritid, med kniv er det omvendt, i alle fall dei siste årene og spesilt gjelder det større kniver. @Per-S drister meg til å sei at dreier brukserfaringen din ang. stor kniv til kunn å gjelde samekniv så har du gått glipp av trivelig knivbruk. Eg deler ditt syn på kniver til slakting. Når de er sagt, min erfaring dreier seg om slakting av husdyr, når det gjelder større vilt (hjort) har eg stort sett hjelpt andre. Slakting i det heile har for min del glidd meir og meir over i noke som ein gang var.
×
×
  • Create New...