Skal du kjøpe Zeiss Victory 10x42HT må du skunde på, den er ute av produksjon. Eg har ikkje kjennskap til Swarovski sin SLC serie, men eg har ein Swarovski EL 10x50SV og ein Zeiss Victory 8x42HT, og optisk vil eg tru dei er ganske like dei to du lurer på. Eg kan ta ein liten gjennomgang av mine sånn som det fortoner seg for mine auger. Synskomfort og optisk ytelse er på høgaste nivå i begge, men dei er ikkje heilt like. Zeiss med sine Abbe-Kønig prismer er litt lysare. Har og bedre motstand mot blending rundt ei lav sol. Motstand mot falsk farge (kromatisk aberrasjon) er superb i begge. Eg bruker ikkje briller og oplever sporadiske mørke blink når eg panorerer med 8x42HT , EL 10x50 er fri for dette. 8x42HT er ikkje skarp over heile synsfeltet og har puteforvrenging som gjer at td. eit beint tre ytterst i synsfeltet vil få bogefasong. Har høyrt at puteforvrenging skal gi ei meir behagelig synsopleving. EL10x50 har flatt synsfelt, fritt for puteforvrenging, og er sylskarp heilt til kanten. Nokre få meiner at det er som å sjå på ein plakat og oplever at jorda rullar når dei panorerer, med påfølgjande kvalme. Eg ser ikkje noke av dette og synes utsynet i EL10x50 er behageligt og heilt fantastisk. 8x42 HT har bedre plasert, større og litt raskare fokushjul. EL10x50 har bedre diopter innstilling, og også meir komfortable augemuslinger. 8x42HT har ein gummikledning som er god å halde i, men den tiltrekkjer seg støv, sjit og får lett riper. Gummikledningen på EL10x50 er så god den kan bli. Begge kikkertane er 100% fargenøytrale. EL10x50 er ein dyrare kikkert enn 8x42HT - Eg er ingen optikkekspert, står nok i andre enden av skalaen, og dette er heilt personlege synspunkt