Jump to content

beaker

Members
  • Posts

    1,110
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by beaker

  1. Som @Olsenm seier, blir slike tredelte stokkar fort slarkete og gjengar seg opp under pussing, i alle fall dei billege. Einaste fordelen med dei er at du kan ha dei med i sekken. Dersom det ikkje er eit krav, kjøp ein heil stokk.
  2. Då er det vel berre å vente på rapportane. Edit: Etter å ha sjekka lagerstatus, er det vi treng tydelegvis riflehylser som kan bruke large pistol magnum. (Gliser gjengen med 'vill vest'-rifler i sjegget no?)
  3. Du må jo få meir nøyaktige data frå Høggern, ellers veit du ikkje om du skal kaste kvar 9. eller 11. hette. Risikerar jo å komme heilt skeivt ut.
  4. Vi kan jo håpe... Og det uorginale avtrekket må vel kunne gå og selge til nokon som har andre bruksformål.
  5. Er M/83 produsert i 25000 eksemplar fram til -88 då? Arvegodset eg har tilgang til har 3-sifra våpennummer. M67 frå tidleg åttitall har våpennummer på knapt 15000.
  6. .223 (vel, eller 22LR) er litt billegare dersom det kun er til baneskyting på 100 meter.
  7. Evt. har Hawke nokon rimelege modellar (som eg ikkje har prøvd.) Men kva skal denne kikkerten brukast til utanom å skyte innandørs på 15 meter?
  8. Og veldig mange skytebaner er stengde etter at jakta har byrja og fram til våren. Betalingsmåte og pris vil variere. Men viss du høyrer at det smell der, så er det berre å stikke bort og spørre.
  9. Synest nokon mumla om 75000 hos oss, men både 100 og 200m og meir aktivitet.
  10. Elektroniske skiver er overraskande dyrt å vedlikeholde, ja.
  11. Viss du først er i Drammen, så har Jaktdepotet og. Oslo Sportslager burde i alle fall ha sko. Anton Sport har Hoka, dersom det er det du vil ha.
  12. Og i tilfelle rentehevingane blir for frustrerande står sponsor-skiltet lageleg til.
  13. Du kan kanskje prøve 175gn Nosler RDF, som Jaktdepotet framleis har på sidene sine, i staden?
  14. Quack-Quack hadde i det minste gjort litt meir meining for min generasjon.
  15. Ikkje viss du er så gammal at du skriv det Citron. Men fugl på Q tek eg ikkje. I gamle dagar så hadde vi jo Zebra å ty til i men no er vel det og med S. Sukkerfri Cola kanskje?
  16. 2 barnes kal 30 150 gn Barnes TTSX saman med 250 gn Lapua Naturalis fabrikklada 9,3x62. Barnes-kulene er frå ein tidlegare test eg ikkje hugsar data sikkert på, men truleg i vått papir på 70 meters hold, v0 på 820-840 m/s. Naturalis kula har v0 på 700 m/s (kronografert). Skutt i vanndunkar på 100 meters hold. Der hadde eg ei kule som plystra rett gjennom vel 1 meter med kanner i diverse størrelsar, med lite utgangshull, eit par som skjena opp eller til sides, og ei som eg klarde å finne igjen. Kannene spratt sånn i alle retningar og vart liggande sånn hulter til bulter at eg ikkje kan seie kor mange den gikk gjennom. Diametere på kula er 15-16 mm, som er heilt identisk med dei to kulene i .30. Neste test blir med større kanner, godt surra saman.
  17. Østliens hurtiglader burde vel gå å lage på 3D-printer? (Sidan eg ikkje vil oppfordre til piratkopiering, må det sjølvsagt bli snakk om lisensproduksjon.)
  18. Dette er stort sett eit problem med halvautomat. Der er dei vanlege løysingane å feste på ein skjerm over utkastaråpninga, plassere seg heilt til høgre eller bli upopulær. Med bøylerifle har du uansett truleg ei så sært patron at du vil følge Umbos råd for å ta vare på hylsene.
  19. Den typen som står montert på eigen kanon-pram er nok større enn 10. Men då tippar eg at du må bli ein sånn spesielt interessert person som heimeladar haglepatroner.
  20. Viss du ikkje skal bli mobba her, må du ha MINST 10 gongar så mange!
  21. Pass på at du lånar noko anna enn RCBS, då, sidan vi tydelegvis er to som har same problemet.
  22. Eg opplever akkurat det same med RCBS-die og Blaser-kammer, så eg tviler litt på at ei ny die av same fabrikat vil hjelpe. Heilt nytt, så eg har ikkje fått sett på om det er noko som kan justerast enda. (Finnast det neck-sizer til 9.3x62 å få kjøpt ein stad?)
×
×
  • Create New...