Jump to content

beaker

Members
  • Posts

    1,110
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by beaker

  1. Peregrine VRG3 er i allefall den buttaste kula eg har sett, og finnast i 45-70. https://buas.no/jaktkuler/3594-9395-peregrine-bullets-vrg3-x25.html#/1400-grains-290gr/1643-kaliber_storrelse-45_70 Prisen er kanskje ei annan sak.
  2. Er målet fart går du for N540/550, men N140 er godt nok for mjuke blykuler. For homogene kobberkuler kan det derimot fort bli litt snaut.
  3. Sjølve pressa er ikkje så viktig, det er meir eit spørsmål om kva som er på lager rundt om. Ser at Jaktdepotet har i følge nettbutikken kun ei presse på lager (utan bilde), J&F har nokon Hornady-presser, Hjemmelading har eit utval av Lee og RCBS. Pressene til Lee er greie nok, men skal du kjøpe eit sett, så regnar eg med at eit av desse vil ha betre kvalitet på alt tilleggsutstyret: RCBS Rock Chucker Supreme Master Kit - TROND ALVESTAD AS (hjemmelading.no) Hornady Classic Kit Export (jaktogfriluft.no)
  4. Viss formålet er å treffe ei pappskive på 300m i dagslys treng ein ikkje akkurat den råaste kikkerten. Antar det står ein god ein frå før på den andre rifla? Repeterbare klikk, kan skruast utan verkty, og stillast på same måten som den andre kikkerten er vel det viktigaste.
  5. Då fekk eg testa dei siste to kulene i arsenalet. Framleis 9.3x62. 100m i vannkanner Først Nosler E-tip 250 gn fabrikklada. 710 og 730 m/s Begge 248 gn restvekt og 16.5 mm ekspansjon. Ting er i alle fall konsekvent. Så Hornady GMX 250 gn. Her fekk eg 650 m/s når eg nådde toppen av ladestigen, og forventa at den skulle gå rett gjennom kannene utan ekspansjon. Men: 208.7 og 204.0 gn restvekt + 83.3 gn fragment. Det låg nok nokon småfliser igjen i dunkane som eg ikkje fekk med meg. 12 og 13 mm ekspansjon. På første skuddet vart fremst dunk blåst i filler, men såg ingen reaksjon eller lekasje i den bakanfor, så eg tenkte at kula hadde skjena til sides og skaut ein gong til i samme dunkane. Den eine kula sto fast baklengs i veggen mellom dunkane. Viss den oppfører seg på same måten i vilt, så ser eg før meg knall og fall, men ein del søl. Trur det blir NPB og Nosler på jakt, og med mindre desse viser seg ubrukelege i praksis, eller eg ikkje får tak i nokon av dei, så trur eg ikkje eg treng teste meir.
  6. Amrikanarane har jo alltid ei unnskyldning for å panikkhamstre våpen og ammo, uansett kven som er president.
  7. I dag, ja, men stangskyting er vel eldre enn Saueren. Og det er vel framleis lov å bruke Krag/Mauser dersom dei har så mykje kjappare og glattare ladegrep?
  8. Det må då være nokon her som har full oversikt over rekordane i mad minute eller stangskyting eller noko slikt med dei ulike våpentypane?
  9. I følge badevekta, som eg ikkje heilt skal garantere nøyaktigheta av, er eg 2.9 kg tyngre med min 12/70 Suhl i hendene. Men den har ikkje utskiftbare choker.
  10. Den skal egentleg ikkje fungere i mitt våpen. Den skal ha twist på 14, og Blaser skal etter det eg fann på nettet ha 14.4. Presisjonen har eg ikkje fått testa sidan det alltid er kø i skytebenken, men det vart i alle fall 3 fine, runde hol i arket eg satte opp på 200 meter.
  11. Fann ingen eigen vankanne-tråd for 9.3, og vil ikkje kuppe movikens tråd, så denne er vel like god som nokon annan. Lapua Naturalis er her: Så i går var det tid for ein ny test, etter å ha samla alle 10-liters AdBlue kanner eg kunne finne. Første konklusjon er at folk som stikk usynlege hol i botnen på kannene er dustar. Men det var nok igjen til å få teste 3 patroner. Kannene sto på 100 m. 230 gn Peregrine VLR4, 250 gn Peregrine VRG3 og 210 gn NPB. Peregrine-kulene hadde eg store forhåpningar til, men: Ekspandert diameter mindre enn 9.3 mm. Restvekt 227.1 gn. Eg brukte dei 5 neste kulene til å skyte opp med. VRG3 fungerte betre. 13 mm diameter. Restvekt 249.5 gn Og til sist NPB: 17,5*16 mm, restvekt 209.9 gn. (Og desse var nøyaktig på streken 210 gn før eg lada.) Alle kulene var i 5. kanne. 2 av dei hadde slått hull i kanne nr. 6 utan å gå gjennom veggen. Konklusjonen av denne testen må vel bli at dyrast ikkje nødvendigvis er best...
  12. Er du sikker på at det var siktekorn og ikkje ein tapp for å feste mirage-band?
  13. Prøve å fyre av med kun hette utan krutt og så obdusere den hetta? Eller kanskje finn ein trygg måte å obdusere hetta utan å fyre den av. Dynke i olje, og teste at den klikkar?
  14. "Forbudet mot å bruke dyrka jord og dyrkbar jord til annet enn jordbruksproduksjon kan ramme bruksmåter av ulik karakter. Det kan dreie seg om for eksempel ... planting av skog ..." Som nokon fortalde meg sist vi diskuterte, så er "pålegg om skogplanting" gjenplanting av hogstfelt.
  15. Han nokon ladedata for NPB 9,3x62, 210 grain med VV krutt? Har N140, N540 og N550, tippar 540 blir best til denne kuilevekta?
  16. Fann faktisk ei slik kule på bana i dag. Den hadde NESTEN komme fram til skivestativet på 47 meter.
  17. Fann denne med 10 skudds magasin når eg leita etter forhandlar av den Steyren, men om den er brukbar veit eg ikkje. Weihrauch brukar vel å komme på lista når nokon ber om anbefaling av luftvåpen? https://www.landro.no/weihrauch/104659/weihrauch-luftpistol-mod-44-f-versjon-4-5mm
  18. IKKJE prøv å distrahere den med laserpeikar når den bjeffar, for då får du ei bikkje som lagar eit himla spetakkel kvar gong den vil leike med laser.
  19. Med mindre dei har flytta til Volda, finn eg heller ikkje noko selskapsnavn som lignar på proff.no. (Utanom konkursboet.)
  20. Dobbelt pris av det partiet despoten er utsolgt for, utan at skal seie om det er Sonic, Landrø elelr Putin sin feil.
  21. Vi hadde ein på skytebana som vart med i halvmåneklubben og fekk blåst av utdragaren (type liten knott, ikkje sånn diger mauser-dings, usikker på våpenmerke) etter at ein j.... idiotvåpenhandlar hadde gitt han 308 i staden for trenullseks. Fekk dessverre ikkje sett på hylsa.
  22. Og resultatet blir forbud mot tyskmauser.
  23. Vel, det er ikkje så lenge sidan ein viss leiar av det som no er AP sitt største lokallag, satt som miljøvernminister og skulle ha absolutt alle til å køyre miljøvenlege diesel-bilar. Elles så er min 10/22 så ubrukeleg i originalstand at eg det ikkje er bryet verdt å gjere noko for å øydelegge den ytterlegare. Einaste grunnen til at den står i skapet er at eg ikkje har hatt samvit til å prakke rælet på nokon.
×
×
  • Create New...