Jump to content

Sjur Dale

Members
  • Posts

    918
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Sjur Dale

  1. Fersksporprøve Interssant og mange gode synspunkt. Godkjent ettersøkshund med rutinert hundeførar av ein rase som er mykje brukt i ettersøkssamnheng. "Hunden går blodspor, men vil ikkje gå ferskspor." Etter fem misslukka ettersøk måtte hunden med førar ut av laget. Kva som var galt veit eg ikkje, men hunden tok ikkje ferskspor etter påskoten hjort. Eg hadde ikkje tid og råd til å følgja opp ekvipasjen. Den fekk heller fungera i eige vald. Eg trur at det er ikkje alle hundar, samt hundeførar, som fungerar på ferskspor. Når mobilen ringjer veit min gamle hund om det er ettersøk eller ikkje. Ut av bilen ved ettersøk spør hunden nærmast: "Kvar er skotplassen?" Så går me til skotplassen. "Veit ikkje du kvar hjorten stod jeger?" "Hm, det må eg rydda opp i!" Faen til jeger, bannar hunden, pissar på nokre busker, ser framover og set snuten i bakken. Hunden min har lov til å banna, men berre stilt, slik som meg.
  2. Takk for ein utmerka tråd Mauser68. No har eg følgt dine råd og kloke tips i bilete og ord. Kjeringi er imponert over god vegleiing.
  3. Takk for tipset. Eit år måtte laget ekskludera ein godkjent hund som ikkje tok spor. Etter fem misslukka ettersøk tok jegerane og viltforvaltninga dette opp med laget. Eg trur ikkje alle hundar er like godt eigna til å utføra gode viltsøk. Dette har ikkje med rase å gjera.
  4. Kjempe. Eg likar deg. Først, så er det berre eg som har denne lykta i laget. Å kjøpa inn nytt utstyr til alle kostar ein del. Det er då mest fornuftig å prøve eit eksemplar først. TrustFire-batteria og ladar som er med blir ikkje nytta. Mi røynsle er at all lading av batteri skal skje vaktsamt, enten det er mobil, bærbar PC eller andre elektriske apparat p.g.a. brannfare. Ei riflelykta blir brukt kanskje 10 minuttar per år og denne med 2*18650 batteri gir eit fullverdig skytelys ut til 100 meter i forhold til tre andre LED-lykter med 1*18650 batteri. To store Silvalykter, fem batteripakkar og to ladarar har eg slite ut på 90-talet. Eit Lupine Tesla pro lyktehovudet var inne til reperasjon i seks månadar. Den vinteren nytta eg MagicShine. Eg har sans for Fire Foxes FFII, men med lykt på hovudet, hundelina i venstre hand og høgre til rifla/tre og bratte bakkar blir ei slik lykt sjeldan nytta på ettersøk. Mine riflelykter må tåla juling då det kan gå hard føre seg om natta i bratta.
  5. Eg er nok delvis samd med deg i det eies. Men det er ei god utvikling i å prøva trena etter ein del ID-sporøvingar. Det gjer førar og hund godt. Eg opplever at jaktlag har eigen hund som er godkjent. Hund og førar gjer kanskje eit ettersøk kvart tredje eller femte år. I mellom godkjenningsprøva og ettersøket har det aldri vore meir trening. Treninga før prøva har vore minimal. "Eg gjekk fem blodspor før prøva". Konklusjon: Svært God Hund! Skadeskyting skjer og ekvipasjen skal trø til. Då er det slik at ein ekvipasje med røynd hund og førar, eg snakkar om meir enn hundre ettersøk, har mykje større føresettnadar for å løysa ettersøket. Gode jegerar hjå oss har teke kontakt etter at deira hund har gitt opp. Eit sikkert bomskot har blitt til felling av skadeskoten hjort etter ein del timar.
  6. Hei MathiasH Det du skreiv var: "Personlig ville jeg aldri ha matet et helt ettersøkslag med DX-lykter og batterier. Hadde gått rundt og vært redd for batterieksplosjoner og ødelagte lykter. Lavt budsjett i Sogndal ettersøkslag kanskje..." Eg er takksam for gode meldingar attende frå deg kva riflelykt du vil anbefala. Kan du visa til at batterieksplosjoner har skjedd med dei batteria me nyttar? PS. Eg går ut frå at du ikkje kjenner kva 18650 batteri me brukar og budsjettkommentaren din var ein stor skivebom.
  7. Når det gjeld ID-spor og treninga av dette vil eg sterkt anbefala å lesa boka til Anne Lill Kvam "Nesearbeid for hund". I boka gjer den dyktige dame greie for kva ID-spor går ut på og erfaring med øvingar. Me som driv med trening av ettersøkshundar kan læra mykje nyttig her.
  8. MathiasH 29.11.2012 skreiv du i tråden "Ettersøkslykt": "Personlig ville jeg aldri ha matet et helt ettersøkslag med DX-lykter og batterier. Hadde gått rundt og vært redd for batterieksplosjoner og ødelagte lykter." Du har rett i at dei TrustFire-lykta er sjuk bra. Den eine lykta kosta med batteri og ladar kr 380,-. Tollfritt og utan moms. Ser at du kjøper batteri og lykt frå Kina.
  9. DELTA Polrarion Night Reaper Sit du med ei lykt til $ 3.500,- til lyse opp ei sivil natt? Me som driv med ettersøk skyt med vanleg rifle og nyttar ikkje kanon.
  10. Alle 18650-batteri passar. Kvaliteten på batteria ligg i prisen. Kjøp deg nokon til mellom $ 10 - 20 per 2 stk.
  11. Det var imponerande MathiasH. Fire Foxes FF3 kostar $ 270 og så kjem 4*18650 batteri + ladar i tillegg. Moms og toll må ein rekna med. Då er kostnaden kring kr 2600,-. Kva skal du med den rå og tøffe lykt i mørkret?
  12. Har du prøvt den lykta MathiasH, slik at dette ikkje berre er noko du har frå andre og ulike nettforum?
  13. Moro. Då går eg gang att.
  14. Eg likte kvissen og var godt i gang. Koseleg med ein slik vri.
  15. Du får ei god lykt i TrustFire SST-50 med 2*18650 oppladbare li-on batteri. Truleg har lykta omlag 900 lumens sjølv om det står 1300. Til ettersøk nyttar eg Magicshine/Lupine som hovudlykt og TrustFire til riflelykt. Denne riflelykta gjer at eg kan henta god informasjon ut til 100 meter ved ettersøk på natta. Eg er strålande fornøgd med kvaliteten. I natt gjekk eit batteri tomt ved andre kontakt av påkøyrt hjort. Ta alltid med ekstra batteri. Ved kjøp frå DX må du ofte ta med stikkontaktkonverter, $ 1,-, til batteriladar.
  16. Sogndal ettersøkslag har løyve til å nytta halge ved avliving av påkøyrt hjort. Dette skjer når risikoen for rikosjett ved eit rifleskot er stor.
  17. Gratulerar og takk til alle. Dette blir feira med nybakt eplekake med ingefærcandy.
  18. Takk til deg MathiasH for dine opplysningar. Fjernkontroll er dårleg løysning i den omgivnaden me ferdast/kryp i. Ledningen kan henga seg opp i buskaset. Venstrehanda skal fram på forskjefte og ein har god tid til å trykkja inn brytaren i bakkanten av lykta. Eg har røynt og prøvd ut ulike lykter på rifla. TrustFire SST50 er ei lykt som er meir enn god nok til mine og laget sine krav på ettersøk. Elles kan eg opplysa at Sogndal ettersøkslag har brukt kr 60 000,- i 2012 til innkjøp av utstyr.
  19. Eg er takksam for gode forslag MathiasH. Det er berre å koma opp med nokon. Ingen eksplosjonar eller øydelagt lykter hittil. No nyttar me dyre batteri frå DX. Det er klart at ein høg kostnad må vurderast opp mot kor ofte ein treng dette utstyret. For min del har eg brukt riflelykta 2 * 1 minutt i haust.
  20. Lykta tåler rekylen frå 30-06 ammunisjon.
  21. Alle mine LED-riflelykter har fått prøvd seg i kaliber 30-06. Lyktene er montert på rifleløpet og fungerar utmerket. TrustFire SST50 lykta har fjør i minusenden som tek mot rekylen. Batteria viser ingen ujamneheiter på minuspolen. Denne lykta står montert på ei rifle som eg nyttar mest til ettersøk i mørkert. Eg prøver ut produkt før me kjøper det inn til alle medlemmane i Sogndal ettersøkslag.
  22. Det er fort å gå vill i LED-lykter med mange Lumens som har høg K-faktor.
  23. Svært god service. Rask og pålitelege. Sogndal ettersøkslag har handla mykje og ofte der. Trur du skal leita lenge etter ein betre nettbutikk.
  24. Det er ein samanheng mellom kvalitet og pris. Dealextreme sel Panasonic, Sanoy, Nextorch og mange andre oppladbare lionbatteri. To 18650 batteri til $ 22 bør halda ein annan kvalitet enn noko til $ 6 -7. Det er som med AA Ikea-batteri samanlikna med Duracell.
×
×
  • Create New...