Jump to content

Sjur Dale

Members
  • Posts

    918
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Sjur Dale

  1. Jaktradio er til kommunikasjon mellom jegerar. Kjøp ein naudpeilar som tryggingsutstyr om det er det som trengs.
  2. Godkjent hund er ikkje det same som kompetanse på ettersøk av hjortevilt. Vil sterkt anbefale deg å ta kontakt med Sarpsborg ettersøksring.
  3. Eg er mektig imponert. Endå ei samling til med flotte knivar. Berre stå på.
  4. Ebay sel ingen varer. Ebay er ein nettstad for firma som sel varer. Kort fortalt, noko likt finn.no.
  5. Sjur Dale

    Kniv 2013

    Ein fryd for auga. Eg blir glad over å sjå så pent handverk.
  6. ersa Sjå http://www.lapua.com/en/products/reload ... odata/5/70 eller Ladeboken 6 side 230: Barnes TSX 150 grains - N150 ladevekt 44,0 grains
  7. Du må fylla 14 år seinast 31.12.2013 for å kunne jakta.
  8. Spennande og interessant. Du har vel få val å velja mellom. Berre nesten ein veg å gå om låsekassen skal på plass i proff-stokken. Legg ut litt bilete og frustrasjoner under vegs og me er på plass som ivrige "followers".
  9. Ved eit ettersøk etter ei påskoten hjortekodla var eg nær ved å trakka på ein mann i full lauvkamodress som låg ved ei trerot i bratta. Denne jegeren og vennen hans var på hjortejakt i bratta i Sogn med slik utrustning. Livsfarleg! Eg vile aldri ha sjanse til å oppdaga vedkommande i bakgrunnen under ettersøket. Ei kule på veg mot ei skadaskoten kodla kunne fått grusomme følgjer. Den dagen ein i lauvkamo blir skoten er der snart.
  10. Er du daud, løyser du få problem. For stakkarane som sit att var du kanskje eit verdifullt objekt. Kva fekk pårørande då hundeføraren blei nedkøyrt bakfrå under eit trafikksøk etter elg?
  11. Det fristar med ein tur til Afrika for å oppleva dei levande dyra. Å skyta dyr med kamera i Afrika er aktuelt for meg. Bileta i tråden er nydelege. Kjekk tråd.
  12. Er ein ansett i kommunen så har du eit tilsetjingsdokument, som tildømes ein kommuneingeniør eller lærar har. Ein sjølvstendig gravemaskinsførar som gjer eit kommunalt oppdrag er ikkje kommunalt tilsett. Kjøper du teneste hjå ein feiar som må opp på taket ditt, så er det feiaren sitt ansvar å ha forsikring som dekkjer eventuelle uhell. Dette må ikkje forvekslast med ein arbeidsavtale som omhandlar timepris og vidare arbeidsoverkomstar som ved ettersøk av hjortevilt. Ettersøksordninga i landet vårt er uorganisert og ingen har teke fat i dette, - og meir.
  13. Dette er nytt for meg. Kven er det som sjekkar dette?
  14. seimannen Led-lykter eg har kjøpt frå dealextreme.com, Kina, kan ha liknande vanskar. Ta ut batteriet/batteria, Ha ei god tang med lange spisse armar. Stikk armane ned i to hol i festeplata og vri godt til. Dette gjer ein på pluss polen og minus polen.
  15. Stileg. Eg kjenner maltlukta og går sjølv i kjellaren etter ein IDA, indian dark ale med frisk Cascadesmaak. "Vørteren snart på kok i eldhuset på Bjedla."
  16. N-150 eller N-140? Det vil avhenge av kulevekt og lengde på løpet. Personleg likar eg best kuler med vekt 156 grs til .308 og då vel eg N-140. Er løpet kutta p.g.a. lyddempar til 47cm og kortare nyttar eg i alle fall N-140. Eg er samd i at 1 kilo krut varer kort tid om ein skyt ein del. Det er då lønsamt å kjøpa 3,5 kilo i slengen.
  17. Det fins feller med gli og feller med dårleg gli. Billege feller har gjerne dårleg gli og nedover i ei preppa løype høyrer ein zzZZUUuumm når dei susar forbi. Slike feller er tunge å gå med, men utruleg slitesterke. Dessverre! Legg litt pengar i gode feller om du skal nytta dei mykje.
  18. OddH Har ikke... men vil ha. Fornuftig, enig med deg og mange andre. Lag/ringar må ha! Då jobbar eg med saka og pakken må omfatta. - personforsikring, dvs hundeførar - hund i teneste, gjeld berre ute på oppdrag - ansvarsforsikring, skade på person og ting
  19. Er du kommunal tilsett så har du eit tilsettjingspapir. Svart på kvitt. Det at ein sender rekning til kommunen for kommunale oppdrag vil ikkje sei at ein er kommunalt tilsett. Er ein tilsett i kommunen og dette ligg innan arbeidsavtalen at du skal utføra kommunale søk, svart på kvitt, så stiller det seg noko annanleis. Det gjeld din eigen personforsikring. Kven har forsikring for hund i teneste? Kven har ansvarforsikring for skade på person og ting?
  20. Kan du utdjupa meir kva du meinar med det kjetil_338?
  21. Eg hugsar og kjenner til saka sako_35. Ein svensk hundeførar blei nedkøyrt ved eit trafikksøk hausten 2011. Død. Fortstkandidaten Kven gjeld personforsikringen for? Er det skilnad på å vera tilsett i kommunen og det å ta oppdrag for kommunen?
  22. Viss nokon har kommunal forsikring, kva dekker så den forsikringen? Eg vil vera svært takksam for svar frå nokon som har dette, slik at det ikkje berre blir prat om noko me veit lite om. Ettersøk utan forsikring er ein risiko.
×
×
  • Create New...