Jump to content

Sjur Dale

Members
  • Posts

    918
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Sjur Dale

  1. Mi erfaring under ettersøk av hjort Kraftig LED riflelykt med 2 x 3,7 volt batteri gir svært godt skytelys ut til 80 meter under dårlege lysforhold. Sikkert verktøy! Grønt lasersikte skremde hjort som var to hundre meter unna. Strålen var årsaken. Mitt raude lasersikte var av svakare karakter og fungerte ikkje ved låg temperatur. Min konklusjon LED-lykt. LED-lykt. LED-lykt. Augene på dyr blir gule eller blågrøne som gjer dei svært lette å oppdaga på natta. Dyra står ofte roleg i lyset. Mi riflelykta har sterkare samla stråle enn hovudlykta, MagicShine. Gløym trykkbrytar. Av/på brytar er bak på lykta og blir tent når handa tek i forskjeftet.
  2. Hei beagle Det er ikkje du som rår når og kvar eg vil svara. Du er interessert og spent. Det er positivt.
  3. "Eit ettersøk bør ikkje setjast i gang før det har gått fire timar etter skadeskyting." Eg er så pass til kar, beagle, at eg bestemmer sjølv kvar eg vil svara. Glad for det engasjement folk viser over for denne påstanden. Godt folk, føl med i tråden: Ettersøk av hjortevilt
  4. Eg råda trådstartar til å ta kontakt med Sarpsborg ettersøkslag. Det er ryddig og greitt. Då får trådstartar det den er ute etter, godkjent avtale om ettersøk. Vekommande treng ikkje leite i NKK sitt ettersøksregister og kontakte ulike godkjente ekvipasjar. Skulle nokon kjenna seg forbigått av ei slik tilråding, så får vedkommande det.
  5. Hei Isbjønn Svar kjem under tråden ETTERSØK AV HJORTEVILT. Hyggjeleg at slike som deg kan stille opp og hjelpa ein jeger ved skadeskyting. Eg har ingen føresetnad for å uttala meg om kor brukbar du og din, eller ettersøksekvipasjane er i kommunen din er. I mellomeuropa har dei nytta hund på ettersøk av klauvvilt i over hundre år. Til sportrening av hunden nyttar dei sporsko med klauv og schweiss frå same individ. Kvifor det?
  6. beagle Isbjønn Lawmann Svar kjem under tråden ETTERSØK AV HJORTEVILT slik at denne tråden held seg reinast mogleg.
  7. Krydder som ofte er brukt i kveiteøl er heil koriander. Det er å få kjøpt i invandrarbutikkar.
  8. Sjur Dale

    Ølbrygging

    Undergjær, lager, har eit temperaturnivå på 7 - 13 grader Celsius. Lagergjæring på omlag 18 grader og meir tilseier overgjær, ale.
  9. Eit ettersøk bør ikkje setjast i gang før det har gått fire timar etter skadeskyting. Dette medfører at ettersøk ut på dagen lett går mot mørke. Lysbruk under jaktsøk var/er oppe til ny sakshandsaming. Kven frontar ei slik sak frå oss som driv ettersøk av hjortevilt? Korleis går det med saka?
  10. Sjur Dale

    Ølbrygging

    Utrangerte varmvasstankar er ypperleg til opne gjæringskar. Gratis og rustfritt stål i ulike storleikar. Skjer av toppen i høveleg høgd. Monter inn eit kopparrøyr i botnen som kjem over botnfallnivå. Eit slikt kar kan og nyttast til sentrifuge av den varme vørteren.
  11. Sjur Dale

    Ølbrygging

    Kvifor ikkje smaksprøve frå botnen? Set på ein liten laus slangestuss i uttaket som kjem nett over botnenfallet.
  12. Sjur Dale

    Ølbrygging

    Det er klokt å ikkje bryta/røra hinna som legg seg øvst på ølet. Denne beskytter og kan gi beisk smak om den blir rørd inn i ølet. Tapp derfor ut ølet frå botnen, men over botnfallet. Å ausa ut ølet er meiningslaust.
  13. Utteljing er Rett mann på rett plass til rett tid Rett plass er å finna god post. God post kan vera ulikt frå jag og til smyg, men mykje erfaring fører til betre postval. Altså kompetanse over lang tid og eit vakent auga for korleis luftstraumane går/endrar seg. Her kjem lokale forhold inn og vêret. Rett tid Tideleg morgon lenge før solrenning er alltid best. Luftstraumane er mest stabile. Dyra beitar eller trekkjer roleg til daglege. Hjortejakt midt på dag blir gjerne praktisert med jag. Ettermiddag med sol gir ofte kantring av luftstraum. Skadeskyting om kvelden kan ha store konsekvensar dyrevernmessig. Er du viljug til å betala kr 30 000,- for sikker felling av eit dyr minus kjøttverdi, då er kodla di. Eller eit tilleg på kr 1500,- per tagg for bukk. Reise og opphold i tillegg. Jaktområde? Bøen! 100% sikker felling av hjort. Det er jegerar som betalar kr 100 000,- og meir for ein fin 12-taggar.
  14. kjellp Det er naturleg å jakte hjort i fleire år utan å fella eit dyr sjølv om innsatsen er stor. I eit utmarksområde på mellom 3000 og 10 000 da treng ein ofte fem år for å bli kjent. Tett og ofte innsats kan føra til at dyra blir jaga ut av valdet.
  15. Sjur Dale

    Ølbrygging

    Overgjær Primærgjæring i 5 - 7 døgn. Deretter sekundærgjæring 10 - 14 døgn. Undergjær Primærgjæring 12 - 14 døgn. Sekundærgjæring 30 - 60 døgn.
  16. Gode hylser er eingongsinvestering. Norma og Lapua er svært god kvalitet. Prismessig er Norma Jaktmatch omlag lik ny Norma hylse.
  17. Sjur Dale

    Ølbrygging

    Rehydring av gjær bør liggja på 24 grader Celsius. Kok vatn 15 minutt og avkjøl. Temperatur mellom vørter og den oppløyste gjæren må liggja likt, elles får gjæren sjokk og blir "sjuk". For overgjær, ale, er 18 grader ofte gunstigt starttemperatur. Pisk inn oksygen i vørteren etter temperaturen er kommen under 28 grader. Til høgre temp på vørteren, til mindre oksygen er det mogleg å få inn. Tilstrekkeleg oksygen i vørteren når gjæren blir tilsett er avgjerande for ei vellukka gjæring. Gjæren tek til seg all oksygen i startfasen for å danna mange gjærceller. Etter oksygenet er vekk tek cellene til så å danna CO2 og alkohol. Ved få gjærceller blir arbeidarane trøytte. Dei legg seg til ro! Ønskjer ein øl med fuselalkohol og ¤&?}+*, set gjæringa på mellom 35 og 40 grader! Test to halvlitrar på eit frammand individ.
  18. Sjur Dale

    Ølbrygging

    Du må ha flytande gjær til lager. Temperatur under gjæringa omlag 12 grader Celsius i 14 dagar og dobbel mengde gjærceller i forhold til overgjæring. Ettergjæringa bør liggja ned mot 0 grader i gjerne ein til to månedar. Tørrgjær av type undergjær, lager, hm - det er lurium gjær. Du kan godt nytta overgjær til eit pilsner ølsett. Pisk inn oksygen i vørteren og set til gjær på 18 grader. Lat dette stå i 5 - 7 dagar. Stikk det så om, eller tapp det på mørke glasflasker. Lukke til!
  19. Sjur Dale

    Ølbrygging

    Sjå etter at ølsettet har nokolunde fersk gjær. Bryggjaren lagar vørterøl og gjæren lagar øl. Flytande gjær gir eit kvalitetsøl. Sjå om du kan få ta i noko slikt.
  20. Blomster til Tom Løkås. Flott levert av ein tydeleg god handverkarar.
  21. Er tilfelle #1 lik #2? Det er rimeleg å samanlikna tilfella ut frå risiko og nytte. Til opplysning skulle ein langreist jeger inn å jakta dagen etter på ein stor bukk i tilfelle #2. Jeger var her 100% sikker på at det var bom og følgjeleg ingen risiko ved eit kontrollsøk. Tilfelle #1 laug om høgda. Kva med skotet i bjørka? Kven handlar og kven er involvert? Jegeren handlar. Nærmaste involverte partar blir det påskotne dyret og jaktlaget. Etter det kjem grunneigar, ettersøksekvipasje, viltforvaltar m.m. Vekting av verdiar kan skje som - viktig - endå viktigare Verdiar som er «endå viktigare» vil påverka skjønnsvurderingane i slutten av prosessen. Om tilfelle #1 vil eg sei: Me veit kva me burde gjera, men gjer det ikkje!
  22. Eit kontrollsøk følgjer lover og forskrifter som ved ordinere søk. Følgjeleg skal det jaktast kun på eit individuelt dyr inntil dette dyret blir klarert ut. Ettersøket tok tre døgn i haust på eit dyr. Dette dyret skulle ned sjølv om søket hadde drege ut til enno fleire døgn. Når bilen stoppar og du ikkje får start på den att, kva gjer du då?
  23. Mitt første ettersøk ein solrik haustdag med masse gult lauv på bakken var etter ein stor bukk. Meldt inn som bom. Ingen bloddråpe i sporet. Berre gult lauv. Etter 800 meter finn hunden og eg den daud. Kva med den vombskotne tolv-taggaren som måtte li seg gjennom natta? "Det er eit bomskot! Du treng ikkje koma." 14 timar seinare var dyret kvitt smertene. Dyrplageri? Klart det! Kva er grunnen til at ein jeger vel vekk kontrollsøk?
  24. Tilfelle # 1 Det er ikkje begått lovbrot. Grunneigar har godkjent avtale om ettersøkshund på alle tildelte hjorteløyver. Jegerar i begge tilfelle er overbevist om bom og at ingen skadeskyting har skjedd. Det var tre veker tidsskilnad mellom tilfelle #1 og #2. Jeger i tilfelle #1 gav tydeleg uttrykk for at eit kontrollsøk var uønska. Skotet var drøfta på VHF i jaktlaget og kjent hjå utanforståande jegerar. Kontrollsøk Av innlysande årsak visar det seg ofte at ein hjortejeger meinar å ha skote bom, og ut frå det ikkje tilkallar ettersøksekvipasje. Ein jeger er ikkje juridisk forplikta til å be om ettersøk om der er ingen teikn på treff. Den etisk beviste jegeren let alltid tvila koma det påskote dyret til gode. I slike tilfelle oppstår det som heiter kontrollsøk. Eit kontrollsøk er eit ettersøk der jeger ikkje sjølv har kunne konstantera sikre teikn på at dyret er ramma. Forskning i Danmark viser at omlag 25% av alle kontrollettersøk har endt med at ettersøksekvipasjen finner dyret!
  25. Tilfelle # 1 Det er laurdag og eit jaktlag har leigd hjortejakt! Ein av jegerane ringjer og fortel at han har skote på ein stor hjortebukk. Det er bom. Skotet trefte ei 20cm tjukk bjørk. Ein dachs som er godkjent på blodspor, men manglar fersksporprøven, er nytta, - men utan nokon funn eller signal på treff. Mannen kan ikkje heilt stadfesta kvar han er, anna enn på 1200 meter. Det er fire andre jegerar lengre nede. Eg bed han granska skotstaden ein gong til og så ta kontakt. PC´n kjem opp med kart over området. Frå 600 meter og opp til 900 er det bratt, kanskje stigning på 50 og 60 grader. Tregrensa sluttar på vel 800 meter. Når jeger tek kontakt att så bed eg om å få gjera eit kontrollsøk. Det er vedkommande uviljug til då det er bom. Eg seier frå om at det ikkje veks bjørk på 1200 meter og etter mine berekningar kan han vera på mellom 600 og 800 meter. Vedkommande vil berre melda inn fakta til kommunen slik lovverket og forskriftene seier og får telefonnummeret dit. Tilfelle # 2 Oktober og regn. Jegeren har skote på ei kodla. Det er bom. Skotet gjekk over. Ingen schweiss på skotstaden. Ein hund som manglar fersksporprøven for å vera godtkjent ettersøkshund har leita, men resultatet er bom. Kan eg få koma å ta eit kontrollsøk? Noko seinare slit me med å finna den merka skotstaden. Hunden og eg gjer eit rett søk i steinura og sporar opp skotstaden. Hovudlykt blir tent. Gransking av skotstaden gjev ingen signal om treff. Etter 80 meter på sporet finn hunden ein liten bloddråpe. To timar seinare blir riflelykta tent og dyret avliva. Korleis bør jeger jakta?
×
×
  • Create New...