Jump to content

Sjur Dale

Members
  • Posts

    918
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Sjur Dale

  1. Eies:Takk for gøyinga. Det skal stå alderstillegg!
  2. Litt om Sogn & Fjordane Om ein reknar 11 500 felte hjortar per år delt på 23 ettersøkslag/ringar så blir det 500 per ring. Nyttar ein 6% av felte dyr som tilkalling av ettersøk, blir det 30 dyr per lag/ring. Er det fem ekvipasjar i laget blir det seks årlege jaktsøk i snitt. Det lag/ringar som har 1000 tildelte fellingsavtalar, - til 50. 1000 avtalar på tre søksekvipasjar og 10 jaktsøk første dagen er røyndom. Det er tilfelle med 400 avtalar og 0,5% tilkalling av ettersøk, 2 dyr. Økonomiske utlegg er avtalesum per tildelt dyr. Det er lag/ringar som slit alvorleg med rekruttering tross positiv økonomisk kommunal støtte. Det er jaktområde så avsides at det går ein halv dag å koma fram og utan mobildekkning. Dei aller fleste hundeførarane er garva hjortejegerar som manglar pondus og alderstrekk hundeførarar på kontinentet.
  3. Er hjorten skremd, så når du den aldri att skriv Hans Hille Schjeldrup i bøkene sine. Så einig! Søk etter hjort som har fått nedre del av framfot eller bakfot ramma av eit skot er svært vanskelege søk. Du får ein først sjanse. Det er ofte ein kort kontakt som stadfestar rett dyr og skaden. Etter det stoppar ikkje dyret og det har heile tida kontroll på deg. Postrekkja? Det kan hjelpa, men dette er eit dyr som er utruleg på vakt første dagen og andre dagen. Kor lenge skal ein halda fram om det er berre 6 timar dagslys i november og desember? Kven har høve til å ta fri frå jobben for å klatra opp og ned i bratta midt i veka? Eg trur personleg at den prøven me har er eit godt grunnlag. Kanskje me skulle vera pålagt å ta den prøven fleire gonger for å bli godkjent? Kva med ei friviljug elitegodkjenning for dei som ønskjer a) eit 1000 meterspor b) eit 300 meterspor som kryssa grusveg c) eit 100 meterspor som kryssa/gjekk i elv d) eit 200 meterspor med tre kryssingar Ein må då leggja status i det å ha ei elitegjodkjenning.
  4. Offentlege søk blir betalt av det offentlege. Pengane kjem frå kommunal fellingsavgift. Ein godkjent ID-hund til ettersøk av hjortevilt på kvart nes i Noreg er ein ugjennomførleg draum.
  5. Truls Kva tid er eit jaktsøk eit offentleg søk? Andredagssøk i eit anna vald er etter lova kommunalt søk. Søk i eige vald der ein ikkje finn dyret skal rapporterast til kommunen eller politiet. Spor utan blod på jakt Eg har gjennomført fleire jaktsøk og søk ved påkøyrsle på hjort utan at det har vore blod i sporet. Dyret har eg nått. Blod, snitthår og bein er eit trygt teikn på at kula har vore i dyret. Nokre gonger finn ein ikkje nokre slike teikn. Ved kontrollsøk under jakt hender det at ein sporar ei tid for å vera sikker på at det er bom. Tid fram til skadestad ved påkøyrsle I våre to kommunale område er me vanlegvis på skadestaden før ein time er gått. Ettersøk mot betaling Skal ein ettersøksekvipasje i ring/lag fungera er ein avhengig av godkjent hund med førar som løyser dei fleste oppgåvene. I slike tilfelle betalar jeger/offentlegheita for å få ei teneste med ein viss kvalitet. Som leiar i eit ettersøkslag har eg måtte ta vekk to ekvipasjar då godkjent hund ikkje fungerte. Ein annan ekvipasje frå høgt kvalifisert blodsporkonkurransenivå har bede om assistanse pga sporvanskar. Det var svært klokt gjort. Det ein ofte ser, er at hund og førar med lengst kompetanse har flest oppklaringar. I tidsskriftet «Jakt & JÄGARE» nr 6 2012 side 35 – 36, viser ein svensk yrkesjeger til den 13 år gamle bikkja med 1120 ettersøk som framleis blir brukt når dei yngre hundane ikkje klarar sporet. Det er fleire ettersøkslag/ringar i Sogn & Fjordane som har same erfaring.
  6. Skabben er svært smittsam så ikkje bruk hund. Fell den med det som høver best. Er det i tettbygdstrøk så meld frå til politiet før og etter felling. Bruk refleksvest og ha sikker bakgrunn. På med eingongshandskar når du tek og legg reven i ein plastsekk. Denne felte eg med hagle for 16 dagar sidan i eit byggjefelt.
  7. Eg står på at det må vera ein sjølvstendig organisasjon på lik linja med det som er i Danmark. Schweiss Registert og Schweisshundforeningen i Danmark er er sjølvstendige organisasjonar som er med og hevar kompetansen. Her er mykje å læra. I Sogn og Fjordane samla eg ein database over ringar/lag og einskilde som dreiv med ettersøk i 2007/08. Innhaldet i databasen var namn, adresser, epost og mobilnummer. Databasen gav er til ettersøksutvalet i fylket over 23 lag/ringar og samt fleire hundeførar. I 2011 ønskte eg gjera nokre granskingar vedrørande ettersøksarbeid og henvende meg til utvalet og NJFF i fylket med spørsmål om å få oppdaterte epostadresser av databasen. Det var nei! Eg er kjent med at NJFF ikkje kan gje ut medlemmane sine epostadresser, men databasen hadde eg laga og følgjeleg brukt tid og pengar på. Skal ein slik organisasjon fungera så må det vera tilgang til kommunikasjon medlemmane i mellom. Det må vera reell moglegheit for å bli høyrt, nytta og moglegheit til å påvirka. I 2009 og 2010 gjennomførde eg eit pilotprosjekt i vidaregåande kurs i ettersøk ut frå midlar eg hadde fått. Det var lærerikt og utviklande på svært mange plan. Ein ting slo meg etter å ha halde to kurs. Det var - 40 % teori inne og 60 % øvingar ute for kvar einskild deltakar/ekvipasje med hund - høveleg antal deltakarar på omlag 12 - ettersøksekvipasjane har trong for å koma saman To rasehundeklubbar reagerte og såg på dette som kommersiell konkurranse. Dei likte lite tiltaket. Den ein hundeklubben skulle ha tilsvarande kurs same helga utanom fylket, 5 timar reise frå her. Den andre hundeklubben skulle ha kurset to månadar seinare, 3 timar reise frå Sogndal.
  8. Det er svært hyggjeleg å oppleva kor engasjerte forumsmedlemmane er. 3500 visningar av tråden er passert så interessa er stor. Me som driv med dette er einslege individ/grupper/lag. Det er ingen organisajon å støtta seg til. Kven ivaretek våre interesser, stiller opp ved vanskar, skriv i jakttidsskrift om utfordrande ettersøk eller oppmuntrar til rekruttering? Det er eit utøvande pålegg som ettersøksekvipasjane tek ansvar for, kap. 7 Bruk av hund under jakt og felling § 23. Melom ekvipasjane/grupper/lag er det ingen kommunikasjon på kommunalt, fylkesmessig og nasjonalt plan. Frå DN, NKK og NJFF er det ein bratt einvegskommunikasjon ned til oss. Det manglar ein organisasjon skal kompetanse og utvikling hevast.
  9. Sjå du om får ein til å køyra medan du kosar med kvalpen. Ha kvalpen på fanget eller inn under jakka. Kos med dyret
  10. E.J Slik eg les opplysningane til schweisshundregisteret og schweisshundforeningen i Danmark, så ser eg ikkje at det er lagt inn noko om bringselrapportør eller dødshalsar i prøvane. I dei tyske linkane du viser til fann eg ikkje noko svar på dette. Tydleg blir det når svara er: Kor mange ettersøkshundar til jakt er det som er godkjende bringselrapportørar? Kor mange ettersøkshundar er godkjende dødshalsarar? Kor ofte blir desse brukt for året? Ein annan sak er at Danmark har gode kjelder og talmateriale på ettersøk av klovvilt og anna. Her i landet har me? Ingen ting. Det vil sei sjå side 9 http://www.hjorteviltutvalet.no/images/ ... ng2010.pdf" target="_blank Her er det gjort eit godt arbeid.
  11. Eies etterlyser i kor stor grad brinselrapportør og dødshalsar blir brukt på hjortevilt i Danmark og Tyskland. Kvaliteten på slike svar må bli statistisk talmateriale. Eg kan ikkje sjå noko krav til brinselrapport i danske schweisshundprøvar. Viser her til eliteprøven. http://www.schweisshunden.dk/aviva/medi ... ttelse.pdf Fin historie om bringselrapportør på side 32 i nr 8/2011 http://issuu.com/schweizerjaeger/docs/08_2011_sj_web På side 20 meir om bringselweissen http://issuu.com/schweizerjaeger/docs/0 ... geNumber=2
  12. Bringselrapportør I Sverige har denne dessurmetode aldri fått nokon gjennomslag i jakthundsamanheng. Det er spennande å høyra om det fins her i landet. Hunden må ikkje starta å nappa i pelsen på det varma viltet for då har den lett for å gløyma bringselet og treningen den har fått. I brukshundklubbane og NRH blir det trena personsøk. Totverbeller - dødshalsar Ein totverbeller ein hund som utan oppmoding halsar på det daude viltet til føraren kjem, time etter time sjølv om det tek tre dagar. Jakthundfolk på kontinentet anser ein totverbeller som kruna på verket, ein hundedressør sin meistarprøve. Totverbellerdressuren er ein tolmodsprøvande dressur som må trenast heile tida. Det fins ingen snarvegar til ein påliteleg og dugleg ettersøkshund. Hundar er ikkje maskiner, utan meir eller mindre ubereknlege individ. Takk og lov.
  13. For oss som vombar ut på 800 m.o.h., syr att buken og dreg hjorten baklenges ned bratta er det greitt med ein slik benk til flåing. Me stiller ofte utan traktor i hjortejakta.
  14. Kom med fleire forslag. Min trekrakk rauk i desember. For oss som skyt i bratta, er det ofte helsesamt å ha skinnet på til dyret er komme ned sjølv om det tek meir enn 4 timar.
  15. Denne nyttar eg ikkje på jaktfelt i morgon.
  16. Steve No tok du rotta på mange av oss heimeladarar.
  17. Lungemos "Eg har lese ein artikkel om unge menn som blir saman med eldre samer." Han trykte på "send"-knappen. Sjølvsagt var det eldre damer han hadde lese om, men autokorrekturen på vedundertelefonen var nådelaus. Kommunikasjon er ofte utfordrande.
  18. Lungemos Ein apportør av brinsel har vel lite nytteverdi i ettersøk av klauvvilt. Du meinar vel ein rapportør som nyttar bringsel til meldingssignal.
  19. Du vel å anta? Eg vil råda deg til å vita. Vita kva som er galt ved å gå til kjelda som har teke denne avgjerdsla.
  20. Lungemos a) Korleis vil ein bringselrapportør fungara ved ettersøk på ein hjort det er løyst skot mot. Det er alt ein veit om dyret. Ikkje er det blod, beinsplintrar eller snitthår på skotplassen. Jeger påstår det er bom. eller b) Jeger ser det er treff nede i framfoten. Det er nokre dråpar blod og små beinsplintrar på skotplassen. Slik eg forstår det vil ein "totverbeller" stå ved det daude søksobjektet og gi hals. Ein bringselrapportør tek bringselet i munnen når den finn søksobjektet som ligg nede og vender attende til hundeførar. Hunden vil så føra hundeførar til søksobjektet.
  21. Du må vera glad i tennhettearbeid sidan det skal på att med 700 tennhetter. Det noko gale med patronene skriv du. Kva går det eigentleg ut på?
  22. Ved 76 grader stoppar enzymbindingane å fungera. Det er klokt å liggja under denne temperaturen, helst på mellom 66 - 69 grader Celsius. Skal sjå om eg kan få forklart det med nokre bilete om litt.
  23. Om ID-hundar Med ID er her meint ei forkorting av identifikasjon. ID-hunden skal i valsituasjon kunne ta ut lukta frå eit individ med same individ i eit søk. Det er to typar av ID-hundar. ID-søkshund og ID-sporhund. I vår samanheng er ID-sporhund aktuelt. ID-sporhunden får lukta på ein smeller - (kjem frå engelsk: to smell) - som kan vera lukta frå eit plagg, kniv, fotavtrykk, hår o.s.v. og skal sidan matcha denne lukta med eit spor som fins i miljøet. Deretter skal hunden følgja sporet utan å bli distrahert av andre kryssande spor. Hunden får lukta på ein smeller og sidan ringar eller føl ei tenkt linja og tek opp sporet. Det blir trent mykje på kobbling mellom smeller og sporopptak. Prøveordningen kan vera at hunden i 9 av 10 tilfeller blir testa til å følgja eit spor 400 meter. Sidan har ein som med redningshundar fleire ulike kvalitetssteg, opp til fem. Ein ID-sporhund må ha mykje trening. Hundeindividet og hundeføraren sin kompetanse er viktigare enn kva rase det er på hunden. Å trena ein ID-sporhund er eit handverk som krev mykje tid og planlegging.
  24. Brno er god. Sako er utmerket og presis. Ruger 10/22 er kjekk. Dempar? Tja. Viss du skal jakta stille, elles hadde eg spart dei pengane.
  25. Det skulle vera godt mogleg å få tak i nok klauver sett saman frå same dyr. I haust bad nokon om 12 par, fram- og bakklauv frå same dyr, til blodsporprøve. Det hadde eg ingen vanskar med å skaffa. I Sogn og Fjordane vil sikkert organiserte ettersøkslag/ringar kunne hjelpa til med dette. Ordninga med godkjenning av ettersøkshund og førar slik den er i dag, vil eg sjå på som eit minstekrav. Vidaregåande kurs i ettersøk må prioritera oppfølgjing av individuelle sporøvingar. 30% teori og 70 % praktisk individuelle øvingar med hund og førar. Ordninga i dag med 30 - 40 hundeførar som får masse teori inne og ingen øving med eigen hund på kurset er svakt. Dette blir gjort av NJFF og rasehundklubbar som gir seg ut for å vera seriøse aktørar innan kompetanse om offentlege ettersøk og søk mot betaling.
×
×
  • Create New...