Jump to content

Sjur Dale

Members
  • Posts

    918
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Sjur Dale

  1. Eg vil vera takksam for opplysningar om erfaringar du har gjort med 18650 batteri frå Japan, Panasonic, i forhold til liknande produkt frå Kina. Sjølv har eg kjøpt og brukt oppladbare 18650 og 123 batteri frå Kina i fleire år. Det har ikkje vore noko å utsetja på produkta. Same kva oppladbarebatteri ein har, så skal desse stå med tilsyn under lading. På natta skal sjølv ikkje mobilen stå på lading på grunn av brannfare.
  2. Eit oppladbart li-onbatteri av typen 18650 gir 3,7 volt
  3. Råaste hovudlykt? Det spørs korleis du ønskjer lysstrålen. Til ettersøk på hjort nyttar eg Lupine Tesla Pro som er lik MagicShine. Denne lykta gir ein konsentrert stråle. Batteripakken ber eg på innsida av jakken. Skildnaden på Lupine og Magicshine er kostnaden. Magicshine får du frå $ 45,- til $ 76,- hjå dealextreme med batteripakke. Alle i vårt ettersøkslag nyttar denne hovudlykta. Her får ein mykje for pengane.
  4. I fjor nytta eg dette oppsettet. Dette gav meg svakare lys, tyngre rigg og to lykter å slå på/tørke av snø. På nokre lykter frå dealextreme treng ein stramme innvendig + og - plate då kontakten her kan vera ustabil.
  5. Sjå prisen, $ 63,-. Det er med to oppladbare lionbatteri på kvar 3,7 volt + ladar. Det som trengs i tillegg er ein EU-konverter til stikkkontakten, $ 1,-. Kvaliteten Ypperleg! Denne står på rifla eg nyttar om natta og har vore ute på ettersøk eit halv år, påkøyrsle og jakt.
  6. Picatinnyfeste til rifleløpet.
  7. Det seier seg sjølv at ein sekk med rifleløpet hengande ned aldri vil fungera nedover i bratta. Same om du ber sekken på ryggen eller på magen. Ein bed om bank både for seg sjølv og rifleløpet.
  8. Svar til Larven Eg har eit picatinnyfeste som er skrudd på løpet. Lykta har eige feste som passar til picatinnymontasje. Skal ta å leggja ut eit bilete av dette her i tråden.
  9. Kva skal du nytta ei lykt med raudt lys til? Eg sette raudfilter på Wolf Eyes-lykta. Det var dårlege greier. Svakt lys. Blodspor vart vanskelegare å oppdaga. Flytte raudfilteret over på ei kraftigare LED-lykt, SST-50 m/1*18650, og då slo kvitstrålen gjennom filteret.
  10. Etter vask stryk eg fint over med matolje.
  11. Sjur Dale

    Service hos Zeiss

    Siste dag på hjortejakt eit år og veret er regn og sludd oppe i fjellet. Med ei turr filla tørkar eg av optikken. Når eg løftar opp kikkerten og ser gjennom den, oppdagar eg halv vasstand innvendig. Kikkerten blei sendt til Tyskland og gratis ordna. Zeiss har utmerket service.
  12. Lån eit Topo-kart hjå ein annan for å sjekka Astroen.
  13. Er det ikkje nokon du kjenner så du kan få prøva ein Topo kart hjå? Då får du sjekka dette.
  14. Tryggleik på jakt er meir enn korleis ein går kledd. Då det var uråd å oppdaga jegeren frå vanleg helikopter, måtte ein ta SeaKing og termisk kamera i bruk i søket. Med signalfarga jaktklede kunne ein kanskje funne jegeren tidlegare. Meld frå på samband om kvar du går. Sei frå når du nærmardeg postlinja. Plystring er greitt å nytta for å lokalisera avstand og retning. Våpenløpet skal aldri rettast mot eit menneske. Lading og tømming skjer med løpet peikande oppover. Finger rører kunne avtrekkar når skot skal løysast. Kor viktig er det i tett skog å smyga seg fram som eit rovdyr? GPS, varme klede, mat og drikke er goder i utsette tilfelle.
  15. Ved påkøyrsle er det klokt å vera i bilen så lenge som mogleg. Dyr er rolegare om ein kan observera det slik. Nesten så ein kunne ha ein skytestol på biltaket.
  16. I går måtte me gje oss, hunden og eg. Hundre meter frå skotstaden hadde kalven og kodla gått inn i ein granskog saman med dei 20 andre dyra. I snøen låg det nokre dråpar med blod. Etter fjerde omstart ser berre hunden på meg. Sidan sjekkar me alle spor ut av skogen og alle dei mange hola i hjortegjerdet. Ingen bloddråpar. Utanfor gjerdet tek me opp tre kodler utan kalv på ulike stadar. Kvar er kalven? Kvar er kalven treft?
  17. Kom igjen Ranger. Detta klarar hunden og du.
  18. Kor langt treng ein eigentleg godt lys? Ei god LED-lykt med 2x18650 batteri lyser godt 100 meter i vanleg skogsterreng. Våt tett skog med låg temperatur syg lyset til omlag det halve. Smal laserstråle som er grøn har eg prøvd. Avstanden var 200 meter og dyra drog ut når ein rørde med strålen. Eg er spent på korleis reaksjonen vil vera med raud stråle.
  19. Eit skada dyr produserar adrinalin. Dette medfører at dyret kan forflytta seg langt før det legg seg om det kjenner seg trua. Etter ei kort tid vil smertene ta til og dyret legg seg. Får det no litt ro, vil det vera tyngre å forflytta seg raskst. Søk som går ut tidleg etter påskyting kan bli ekstra lange og vanskelege. Ut frå dette er det klokt å venta å spora lengre enn 100 - 150 meter straks etter påskyting.
  20. Hjortekalven blei skadaskoten midt på dagen laurdag. Ettersøket pågjekk til det blei mørkt. Søndagmorgon var det på att. Ein fann dyret, fekk løyst det, men sjølv med åtte jegerar var det fåfengt. Kalven var sprek som berre det. I dag stilte fem mann, hunden og eg opp att. Inne i ein granskog gjekk sporet i tull, slik som i går. Vel ein time gjekk her. Me såg ikkje anna råd enn å ta eit spor ut. Då kjem det melding frå den eine posten som har funne eit einsleg kalvespor med litt blod i. Yes! Forflyttning, ompostering og ein ivrig hund som ventar. Reven har følgt i kalvesporet. Under ei nedblåst gran er det lege. Litt blod. Spor rett opp bratta og så, - overvær på hunden. Klar! Ut spring kalven og to skot smell. Bom! Ny sporing rett nedover og ut på ein skogbilveg. Hunden og eg føl på. Bak kjem jegeren. Det smell. Først to kjappe skot, pause, så eitt. Melding på sambandet: Kalven er daud. Jubbel og ros. Denne kalven skulle ned, same om me måtte gå ei veke eller meir.
  21. Ved ein del ettersøk etter hjort, trafikkk og jaktsøk, har eg berre positiv erfaring med bruk av lys.
  22. Aschehoug og Gyldendals Store norske ordbok Vådedød - død som skuldast ulukke. Vådeskot - bli drept ved eit vådeskot Ta hjortejakt Om du kler deg i orange blaze eller kamo brun/grønt så reager hjorten likt på dette. Men me menneske trur kamo brun/grønt er lurt ut frå vårt fargesyn. Fargen orange blaze virkar skremmande på oss jegerar. Du blir så utruleg lett å oppdaga av kven? Eigen tryggleik er viktig. Signaleffekten til andre slik at kommunikasjon ikkje blir feiltolka er eit ansvar me alle har. I fleire statar i USA er det påbod om eit minsteareal med signalfarge på jakt. Kan eit slikt påbod redusera vådeskot på storviltjakt med 25% er det stort.
×
×
  • Create New...