Jump to content

.22-Krag

Members
  • Posts

    218
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by .22-Krag

  1. Jegermeistern skrev (4 timer siden):

    Så vidt jeg kan lese meg til, kan en person, som er inne til tjeneste, og/eller rulleført i HV, og medlem av NROF og skytterlag, delta i alle tre "avdelingene", dvs. man vil ha muligheter til å komme fra Landsskytterstevnet med 15 premier! 

    Slik eg les det så kan ein ikkje stille i både MR223 og HK416 om det var det du tenkte på?

    "De som ikke kvalifiserer seg for å representere sitt HV-distrikt eller avdeling, og som er medlem i NROF kan skyte MR223-klassen gjennom sitt lokale NROF (med MR223, HK416 er ikke tillatt)."

  2. 358 Win skrev (På 30.7.2022 den 21.29):

    Hvordan finner man ut når den er produsert?

    Etter det eg har funne ut så er 2 siffer bak serienummer produksjonsåret. Men på mitt våpenkort er desse siffera inkludera i serienummeret. Det vil eg tru er forholdsvis vanleg når ein ser på dei mange variantane av serienummer og modellnamn som våpenkontora rundt om klarer å komme opp med...

    Så om det står for eksempel 52055 67 så er det ein 1967 modell.

  3. @Jegermeistern Om du ikkje plent må ha Tipton så finnes det alternativ om du søker litt på verdsveven etter "Range Box" eller "Shooting Range Box".

    Eg har denne frå MTM: https://mtmcase-gard.com/products/shooting-range-box-n-maintenance-center

    Min kjem frå Brownells(.no), men eg ser dei har berre inne "Tactical" varianten no, til ein latterleg høg pris.

     

    Elles har vel Jaktdepotet ein versjon frå Tsunami, men eg er usikker på om den er litt "Nille" i kvaliteten: https://www.jaktdepotet.no/tsunami-tactical-range-box-gun-maintenance-center

    • Like 1
  4. Eg ville nok ha prøva å sette i eit bit eller ein skrutrekkar som passar godt og gje skruen nokre gode kakk fyrst. Altså aksialt på skruen. Det kan få den til å sleppe litt.

    Har erfart å slå av halve skruehovudet med ein slik slagtrekkar...

  5. Quick-fixen er vel å bygge på grepet om ein då ikkje får problem med plassering av tommelen. Eg har vurdera noko slikt som dette: https://ratgrips.com/ eller eventuelt berre bruke https://sugru.com/ for å bygge på grepet. Eg bruka Sugru for å "bygge om" smørspaden på ein 202 til ei rund hevarmskule og det har fungera heilt fint. Det sit vanlegvis godt på dei fleste overflater.

    Det er vel ikkje plass i avtrekkarbøyla på ein Tikka T3 til å flytte avtrekkaren noko særleg lenger bak? Då må ein eventuelt bygge om underbeslaget og det er ikkje gjort i ein håndvending.

    Elles er vel amatør sitt forslag det som blir finast, men det kostar vel fort eit par lappa å få tilpassa blanks. Eg ser prisdifferansen på blank stokk kontra ferdig montera er 2050,- hjå Rafdal og han tek 465,- i tillegg for " tilpassning til ukurrant låskasse". Mogleg det å legge mekanismen lenger bak genererer eit slikt tillegg med tanke på standard mal...

  6. Knall og fall skrev (2 timer siden):

    Åssen kuler gjeng folk for når dei gjeng mykje på los? Vulkan/Alaska for mykje energi lagt igjen i dyret eller typ bondstrike/ttsx/hard blykule?

    Dei eg kjenner som jaktar med bikkjer brukar helst ikkje homogene kuler med tanke på gjennomskot og rikosjettfare for bikkja. Om ein stiller mykje på stålos så kan det fort bli litt ulike skotvinklar og om det er stor elg det er snakk om så ville eg nok teke steget opp frå Vulkan/Alaska til noko som held litt betre saman. I alle fall opp til ei lodda kule.

  7. Ølvomma39 skrev (14 timer siden):

    F.eks. 25m 50m 75m 100m 125m.....

    Du har i alle fall ikkje bruk for retikkel med strekar/siktepunkt for dei holda du nemner her på hjort og elg. Eit standard retikkel type tysk #1, #4 eller liknande er godt nok i massevis til dette. 

  8. Ølvomma39 skrev (4 timer siden):

    Er .308 vanskelig å få tak i?

    Nei

    Ølvomma39 skrev (2 timer siden):

    Skal kjøpe ei rifle i .308 men finner ikke helt nyaktigt hva som er forskjellen😅

    Ingenting

     

    Ølvomma39 skrev (13 minutter siden):

    Så 308w passer ikke på rifle med .308 😅😵💫

    Jaudå.

     

    Skal du kjøpe ei "rifle i .308" så meinar du rimeleg sikkert ei rifle kamra for patrona .308 Winchester. I daglegtale vert den patrona omtala som .308 og vert gjerne skriftleg forkorta til .308W.

  9. Planlagde øvingar på Kammersmellen:

     

    Standplass 1 - Svak skulder
    Standplass 2 - Bakvendtland
    Standplass 3 - Pingpong
    Standplass 4 - Texas
    Standplass 5 - Raskare enn reven
    Standplass 6 - Løypestreng
    Standplass 7 - .22LR

     

    Ein burde klare seg fint med 50 skot pluss .22LR på hovudrunden.

    Semifinale blir sannsynlegvis .22LR og i finalen burde ein vel greie seg med 20-30 skot...

     

    Så får de berre spekulere i kva som ligg bak namna og kva øvingane gjeng ut på...

    Edit: Halvautomat .22LR er ikkje lov.

    • Like 1
  10. MelvinP skrev (På 12.5.2022 den 23.47):

    26 juni er samme dagen som NM Bane starter på Løvenskiold

    Ja slik er det kvart bidige år, at folk finn ut at det kolliderer med andre stemne etc. Men faktum er at arrangør må velje ein dato som passar for dei, så får folk prioritere kva dei har mest lyst til. Til lags åt alle kan ingen gjera...

    Eg veit kva eg vil prioritere i alle fall 😉

    • Like 1
  11. Fekk ikkje til å redigere fyrste innlegg, men det kan kanskje ein moderator ordne?

     

    Litt info om Kammersmellen 2022.

    Som i 2012 og 2014 blir det Kammersmell på skjotebanen til Brunkeberg og Morgedal: https://skytebaneguide.no/club/10871

    Det blir anledning til innskjoting fredag kveld klokka 18:00

    Opningssalutt laurdag 25. juni klokka 10:00 før hovudrunden. Det er lagt opp til 7 ulike standplassar.

    Semifinale og finale klokka 10:00 på sundag.

     

    Påmeldingsavgift 400,- kroner. Det betalast inn på Norsk Organisasjon for Jegere og Skyttere sin konto 1503.09.81240 og innbetalinga merkast med nick og namn. Påmeldingsfrist 7. juni.

     

    Reknar med at dei fleste kjem til å nytte seg av campingplassen i Morgedal for overnatting. Det er en grei mix av plassar med og utan straum. Servicebygg med toalett og slikt. Fyrstemann til mølla-prinsippet, ingen enkeltvis førehandsbestilling, men det skulle fint vere plass til alle. Fri plassering, så lenge det er 4 meter til neste vogn. Det er avtala Kammersmellpris på 350,- per natt med straum / 250 utan straum. Meir informasjon på www.morgedalcamping.com. Det er ledige rom på gjestehuset òg: booking på www.gjestehus.com.

     

    Mat og drikke må folk ordne med sjølve, men det vert tilrettelagt for grilling.

    • Like 1
  12. Det blir Kammersmell i Morgedal 25.-26. juni.

     

    Kjem attende med meir utfyllande informasjon etter møte med arrangøren på fredag.

    Ber om orsaking for litt sein informasjon, men det viktigaste er vel at det faktisk BLIR Kammersmell i år 🤠

     

    Litt info om Kammersmellen 2022.

    Som i 2012 og 2014 blir det Kammersmell på skjotebanen til Brunkeberg og Morgedal: https://skytebaneguide.no/club/10871

    Det blir anledning til innskjoting fredag kveld klokka 18:00

    Opningssalutt laurdag 25. juni klokka 10:00 før hovudrunden. Det er lagt opp til 7 ulike standplassar.

    Semifinale og finale klokka 10:00 på sundag.

     

    Påmeldingsavgift 400,- kroner. Det betalast inn på Norsk Organisasjon for Jegere og Skyttere sin konto 1503.09.81240 og innbetalinga merkast med nick og namn. Påmeldingsfrist 7. juni.

     

    Reknar med at dei fleste kjem til å nytte seg av campingplassen i Morgedal for overnatting. Det er en grei mix av plassar med og utan straum. Servicebygg med toalett og slikt. Fyrstemann til mølla-prinsippet, ingen enkeltvis førehandsbestilling, men det skulle fint vere plass til alle. Fri plassering, så lenge det er 4 meter til neste vogn. Det er avtala Kammersmellpris på 350,- per natt med straum / 250 utan straum. Meir informasjon på www.morgedalcamping.com. Det er ledige rom på gjestehuset òg: booking på www.gjestehus.com.

     

    Mat og drikke må folk ordne med sjølve, men det vert tilrettelagt for grilling.

    • Like 14
×
×
  • Create New...