Jump to content

.22-Krag

Members
  • Posts

    218
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by .22-Krag

  1. G-MAX Forus har rydda kraftig i hyllene sine og sel blant anna billig ammunisjon.

     

    Norma Jaktmatch 8x57 for 450 kr, .223 for kr 350 og CCI large rifle magnum tennhetter til 150 kr for ei pakke med tusen stykk.

     

    Dei hadde òg ein del Norma Oryx .270Win til ca 480 kr. Ein del pakker av både Fusion og Oryx i .243 var billig. Såg ei pakke med RWS i 8x68S for 99,-. Usikker på type, men trur det var TUG. Det var og ein del hagleammo der, men det har eg nok av så eg gadd ikkje sjå meir på det.

    PS: dette ligg ikkje saman med resten av ammunisjonen, men i eitt eige skåp litt nærare fiskeutstyret.

     

    Og i restekassa låg det ein heil del interessant. Leupold og Millet basar og ein heil del billig ræl til salong/luft etc.

    Eksempel: Leupold QR basar til X-Bolt kosta vel den nette sum av 50 kroner.

     

    Edit: sjølvmoderering.

  2. Av erfaring vil eg sei at du ikkje burde bruke same data som 130 gr Norma DL for 123 gr Scenar (eller A-max). Dette gav klare trykkteikn i min Sauer, dog var dette med N-4 krutt.

    Grunnen er vel at DL er ei molycote-kule og gjev då lågare trykk. Mr. Lien anbefalar minst eit grain mindre bak blanke kuler sjølv om dei er lettare.

  3. Litt snodig når ein søkjer opp Norrøna Recon Syncroflex så står det at prisen er 3199,- og førpris var 3849,-. Men når ein klikkar på produktet så står det at prisen er 3949,-? Og det er den prisen som gjeld om ein legg den i handlekorga...

    Gjeld ikkje den lågaste prisen om ein handler på nett?

  4. Snasen børse Arrowmaker!

    Eg har ein original K.art. mauser i 7,92 som eg ikkje vil herpe fullstendig. Difor har eg demontera baksiktet og festa ei leatherwood picatinnyskinne der. Med ein Aimpoint Micro på så fungerar det heilt topp, men eg saknar litt forstørring.

     

    Eg ser du har kikkertsiktet montera nøyaktig der eg vil ha det. Er dette ein Leupold FX-II Scout IER 2.5x28mm? Stemmer augeavstanden for deg slik at du får fullt synsfelt? I fylgje Leupold så har dette siktet ein augeavstand på 9,3"/236mm. Men etter mine mål så får eg det til å bli omtrent 340mm frå mitt auge og fram til bakkant av framre låskassebro.

  5. Takk takk!

    Det var stor stas å bli Kammersmellvinnar 2014!

     

    Eg storkosa meg, men var eigentleg berre heilt greit nøgd med resultata etter endt skjoting på laurdag. Overraskinga var difor stor når nicket mitt vart ropa opp fyrst før banketten.

     

    Eg fann ut at eg kunne ikkje la (semi)finaleplass leggje ein dempar på hygga rundt bålet så eg kom meg lovleg seint i seng på sundags morgon.

     

    Når det gjeld semifinalen så er skjoting på lang arm noko av det verste eg gjer så eg hadde ikkje store forhåpningar om avansement. Men etter 11 skot var jaggu flaksen på mi side att og Gråbein2 var uheldig og berre skaut hol i flaska si.

     

    Finaleopplegget var meir i mi gate og når ein fyrst har kome så langt er det egentleg berre å slappe av og kose seg. Sjølv om eg var usikker på kor mykje skot eg måtte ha til rådighet med tanke på tidlegare finalar og klare formaningar om at det nok kom til å gå med ein del ammo. Med 50 skot att i boksen lånte eg like godt ei pakke med 50 til av brp for å vere sikker. Når ildkommando vart gjeven kom eg greit i gang og etter 3. målet vrei eg opp nokre knepp på siktet. Bomma eit skot på fyrste ballongen, men den sprakk på andre. Var klar for å starte på ballongane bak 200 meter då eg såg at eg hadde gløymt krittmålet lengst vekk. Denne fekk heldigvis ei fin rose midt i på fyrste forsøk. Var sikker på at eg hadde dårleg tid og trudde dei andre var før meg så eg kasta ikkje vekk meir tid på å skruve på siktet og heldt litt høgt i ballongane lengst vekk. Og jaggu sprakk dei ein etter ein. Likevel må eg sei eg var litt forvirra når det vart ropa "SKYTTER 5" på standplass. Var det alt? Vann eg? Etter 9 skot? Litt antiklimaks når ein har forberedt seg på ein lang serie på 50 til 100 skot.

    Lurar litt på kva dei andre rota med så lengje... :wink:

     

    Synd eg ikkje hadde anledning til å ta i mot turen til Afrika, men med kvinnfolk og ungar og eit hus som aldri vert ferdig er eg redd eg hadde kome heimatt til nye låsar... :lol:

    Forresten så sjekka eg offshoreschedulen min når eg kom heim og fann ut at eg ikkje hadde fri uansett. Heldigvis.

     

    Så takk for i strålande helg folkens!

    Og eg må få takke arrangørane for eit fantastisk morosamt opplegg og knirkefri avvikling.

  6. Stod ute og lyste litt rundt omkring. Mot skog, oppetter jordet og liknande...

    Var inne på tanken om at auget kanskje ikkje ville oppfatte forskjellen direkte overført i antal lumen. Og det var forskjell, men eg syntes berre forskjellen var komisk liten. Hadde venta meg meir frå 250 til 800 lumen.

    Vel, det er nok uansett ei god lykt. Tregar berre på at eg ikkje handla inn ei lita EDC lykt samtidig. Kikka litt på Nitecore SENS for eit AA batteri. Nokon som har testa den? Andre tips?

  7. Etter å ha lese gjennom HEILE tråden her måtte eg ha meg ny lykt eg òg.

    Det blei til at eg bestilte ei Nitecore MT26 frå batteryjunction.com + ladar og ulike batteri.

    Men eg må sei eg vart skuffa over Nitecorelykta. Lite forskjell i ljos frå high(250lm) til turbo(800lm) modus...

     

    Fleire som har denne lykta? Kan det vera noko gale med den eg fekk...?

  8. Om du skal fjerne hylsefeitt frå ferdigladde patroner så IKKJE legg dei i hylsetrommelen!!!

     

    Me brukar Lynol og gjer det helst ute, men om det er vassbasera feitt så er det vel ikkje stort som skal til for å få dei reine.

  9. Ser du har tenkt å handle avstandsmålar M695. Det gjorde eg òg når eg var der borte(Leica) og kom vel heim før eg kom på at den målte YARDS... :?

    I tillegg handla eg spottingscope(Nikon), Zeiss Conquest 8x30 og ein heil del knivar. Det gjekk fort eit nokre tusenlappar på Cabela's i Lehi. I tillegg til "vanlege" klede og sko, sjølvsagt. Eg og dama reiste burt med ein kuffert på deling og kom heimatt med to kvar + handbagasje heilt på vektgrensa. :lol:

     

    Men no skal eg til Houston på kurs i 2 veker i løpet av våren og tenkte å shoppe litt meir. Vurderar å skaffe meg eit brukbart sikte til langhald. Maks 10k NOK. Nokon som veit om kva kikkertsikte med Mildot retikkel som har metriske (mil/mil) klikk? Har fått med meg at Trijicon 5-20 skulle komme med det? Nokon som veit sikkert?

     

    Eller kanskje nokon som har betre forslag?

  10. Eg gjekk inn på http://www.1881.no" target="_blank, klikka på "kart" og skreiv inn "aslakskostjønni".

    Då fekk eg opp koordinat:

     

    UTM 33:

    X: 6614020.00627656

    Y: 122692.90202447871

     

    WGS 84:

    Lat: 59º 29' 38.513''

    Lon: 8º 19' 46.827''

     

    Desimal:

    Lat: 59.49403141678728

    Lon: 8.329674134863149

     

    Ellers så skreiv eg vel at det var ca 6km vest for Morgedal "sentrum".

     

    Har ikkje somla meg med tidlegare år, men denne gongen skal eg jaggu prøve. Tek det ikkje så høgtideleg, men satsar vel på å stille litt ymse børser, godt med skot og godt humør. Det skal nok ikkje meire til enn det vil eg tru! :winke1:

×
×
  • Create New...