Jump to content

.22-Krag

Members
  • Posts

    218
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by .22-Krag

  1. Eg fekk tak i ei Ken Farrell 20 MOA skinne og Leupold 30mm QRW Low til min Mauser.

    Med ein S&B 3-12X50 vart det alt for høgt på mi rifle... Sikkert 10-15mm klaring til pipa. Men eg har ikkje klart å finne ringar som er lågare.

     

    Montera òg ei Brownells skinne utan tilt på ein Winchester M70 Sporter med same kikkert. Dette vart også alt for høgt. Nesten like stor klaring til pipa her.

     

    Nokon som veit om det finst skinner som er lågare? Eller om det finst lågare ringar? :roll:

    Forbanna irriterande at dei er så tykke. Vurderar å maskinere ned skinna i underkant, om det er nok gods til skruvefeste...

    Sorry litt off topic.

  2. Må seie meg einig med Truls der.

    Eg har nok til gode å ikkje finne godt anlegg når eg er på reinsjakt.

     

    Meeeen.... Eg har stort sett riflestroppen på armen til ei kvar tid i tillegg til at det finst plenty med andre alternative anlegg i fjellet.

    Den er mykje lettare enn ein to-fot og bortimot like god. Lettare å fylgje dyr i kikkerten er det òg.

  3. Svaret frå Brownells kom kjapt:

    Scope mounts and bases can be shipped without any special documents.

     

    Så då er det vel berre å prøve.

    Men etter det Sako 30-06 seier her så kjem det litt an på produsenten, om dei har papira i orden: viewtopic.php?f=38&t=19336&start=0&st=0&sk=t&sd=a

  4. Hmmm...

     

    Er det kun dette som reknast som "gun parts":

    A Gun Part is “any item necessary to the operation of a weapon”. Many parts fall within this category, such as triggers, magazines, grips, actions, pistol frames, and barrels.

     

    Slepp eg unna denne regelen om eg bestiller kikkertmontasjar tru?

    Men så må eg vel dele opp ordren slik at kvar pakke kjem under 100USD + at det kjem moms på det tollerane henger seg opp i...

    Og så kjem det vel fraktkostnader på kvar pakke.

    Forbanna vanskeleg dette skulle bli då... :roll:

  5. Mange gode svar her. Eg ville vel sagt omtrent det same, burtsett frå at Howa ikkje er nevnt så vidt eg kan sjå. Dei lagar vel òg links rifler?

     

    Men så til off topic:

    Produserar Sauer links stokk til Sauer 202?

    Opphavet fekk nettopp ein 202(Outback?) links med syntetstokk. Men det den har vanleg høgre stokk...? :roll:

    Med handswell, cast off og det heile.

     

    Er det slik det skal vere eller er denne rifla levera med feil stokk?

  6. Eg har ein Benelli Montefeltro 20, cal 20/76.

    Den hagla skal eg aldri kvitte meg med! 8)

     

    Fordelen/ulempa med denne modellen er vel vekta på ca 2.6kg. Lett å bere heile dagen, men litt verre å få "sving" på...

    Når det gjeld finish og funksjonalitet er vel Benelli noko av det betre på markedet skulle eg tru.

  7. No ser eg det har kome ut innbyding til MIL NM 2009 på mil.no

     

    http://www.mil.no/idrett/start/article. ... eID=174209

     

    Det ser ut til at det vert sjangs for å prøve seg med HK416. Sitat frå innbydelsen:

    "I tillegg til ordinært NM for AG3 gjennomføres det for første gang et prøve-NM i militær geværskyting med ny angrepsrifle HK416."

     

    Edit:

    Kvifor funkar ikkje den linken eg prøva å leggje ut? Eg prøvar på ny:

     

    www.mil.no/idrett/start/article.jhtml?articleID=174209

  8. Sjå der, ja! Tusen takk karar.

     

    Då får eg berre spørje sjefen fint om eg kan låne med meg ein, så gjeng det sikkert fint.

     

    Mitt lokale skyttarlag består av meg, fatter og syskenbarnet hans(av "aktive" skyttarar vel og merke. :D ), så den biten er grei.

    Og resten samlaget har heller ingen grunn til å klage. Det er så få aktive at dei er glad nokon har anledning til å skjote to gonger på same stemnet. :wink:

  9. Tør eg spørje deg om du hadde ein knakende god grunn til å få låne børsa til Harald? :D

    Eller er det framleis nok å vera DFS skyttar slik som det er/var med gamlebørsa?

    Trudde kanskje dei var litt sære på å låne ut 416 sidan det ikkje var avklara om den kunne brukast i DFS endå...

  10. Jaha? Har du ein frå forsvaret eller driv du med praktisk skjoting eller noko så du har ein sivil ein kanskje?

     

    Eg får kanskje sende ein søknad om å ta'n med meg heim for å trene og bruke på DFS stemne.

    Men eg tvilar litt på at det vert godkjent slik heilt utan Viderøe. Hadde så absolutt ikkje tenkt å halde pusten, nei... :D

    På ei anna side så gjekk det utruleg greit med AG'en når eg skulle ha med den heim.

  11. Hmmm... Då er det kanskje håp, ja.

    Spørsmålet er kanskje kor lang tid DFS treng for å få det til....

    Eg får sjekke litt opp med HV distriktet. Det kan hende dei sit på litt info. Sørgarden er sikkert oppdatera på dette så eg kan sende ein mail til han... :wink:

    Skal inn til omvæpning i helga, så då får eg endeleg prøva denne ertebørsa. :D

  12. Nokon som veit om det blir aktuelt å bruke HK416 i DFS med det fyrste?

     

    Eg er av dei som skal levere inn AG3 og få utlevera HK416. Men kan eg søkje om å få denne med meg heim for å bruke den på DFS stemne, slik som eg gjorde med AG'en?

    Og korleis vert det med militært NM forresten...? Må alle stille med AG3 i år òg tru...?

  13. Litt off topic, men korleis trenar du på rullande bildekk?

    Festar du ei skive inni og får ein kompis til å rulle det ut for deg eller...?

    Og lerduver? Lerduveskjoting med hagle for å trene fluktskjoting?

     

    Eg og ein kollega var på ein slags budsjettur til Tyskland i helga. Besøkte eit par kollegar der nede frå same konsern som ordna det meste.

    Me vart lova massevis av vilt og villsvinbestanden skulle vere stor. Men det vart trasige greier... Eg såg kun skimten av 2 svin som sprang over vegen på lang avstand. Dette var kun posteringsjakt. Me fekk diverre ikkje ordna drivjakt, men det blir det neste år...

    Og når eg så farten på grisane så skjønar eg at eg må trene... :shock:

  14. Eg testa såvidt 30 grains Berger i .22-250Rem i helga.

    Ladde opp med 40 grains N-140 krut. Då vart hylsa full, på kanten til komprimera ladning.

    Skaut 3 skot over kronografen og fekk 1330m/s... 8)

    Ingen tydelege teikn på høgt trykk i mi børse i alle fall, men 40 grains er nok nær maks.

  15. Eg prøva denne kula i haust. Kaliberet er 6,5-06 Improved.

    Har kun skote ei grågås og ein reinsbukk, men foreløpig er eg fornøgd. 140 grains kula var ladd til 870 m/s. Gåsa såg faktisk grei ut innvendig. Reinsbukken fekk det skrått ovanfrå faktisk. Inn i framkant i toppen av eine bogen og ut nede bak den på motsatt side. Litt blodslege på inngangssida, men ikkje meir enn normalt.

     

    Off tpic: Bestillte fleire kuler frå hjemmelading.no sidan eg skal til Tyskland og jakte gris i desember. Gav melding om at hadde han ikkje inne 140grains Rhino, kunne han sende meg 140grains Swift A-frame. Då fekk eg 100 Swift kuler i posten... Litt snodig sidan det såg ut som han hadde det på lager når eg bestillte... Men Swift er sikkert minst like god. :wink:

  16. Eg har ei Benelli Montefeltro 20.

    Den kjem eg ALDRI til å kvitte meg med! :D

    Kan anbefalast på det sterkaste. Eg meiner den ligg på ca 13.000,- for tida.

     

    Ellers så har syskenbarnet mitt ein Franchi og han er fornøygd med den.

    Den er rimelegare, eg meiner han gav ca 7000,- for nokre år sidan, men finishen kan ikkje samanliknast.

×
×
  • Create New...