Jump to content

.22-Krag

Members
  • Posts

    218
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by .22-Krag

  1. Er det den tappen som stikk ned gjennom skinna du meiner?

    Eg var borti det ein gong og då var det berre å dore ut den tappen. Den kom lett ut så prøv å kakke den litt (ned) og sjå om den flyttar seg?

  2. Rugeren det er lenka til over her er vel forresten fyrste modell M77 med tangesikring. Fann litt info her: 

     

    Personleg ville eg heller hatt ein MkII, men om den er i fin stand så er det nok eit veldig godt kjøp til den prisen.

  3. Per-S skrev (5 timer siden):

    Dersom du leser det jeg skrev ser du at jeg omtaler søknad om å kjøpe med nostalgi som hjemmel en løsning dersom søker ikke hadde jegerprøven, så jeg har ikke vært så bastant som du har inntrykk av.

    Eg las det du skreiv og eg er klar over den løysinga og eventuelle krav til dokumentert våpenopplæring/tilstrekkeleg kompetanse for sikker bruk.

    Påstanden eg synest var vel bastant, var når du ut i frå denne setninga: "Hei, eg fikk en gammel hagle av min bestefar og den er ikke registret, hva må eg gjøre for og lovlig bruke den til jakt?" konkluderer med at "Trådstarter hadde ingen slik kompetanse". 

    Som sagt så tolka eg innlegget hans som om han truleg allereie har jegerprøva, sidan han spør kva han må gjere for å lovleg bruke denne hagla på jakt og svaret på det finn han nesten heilt øverst i tråden sin.

    • Like 1
  4. Per-S skrev (14 timer siden):

    For å kunne bruke våpenet kreves det dokumentert våpenopplæring. Trådstarter hadde ingen slik kompetanse....

    Det var då ein veldig bastant påstand? Eg tolka @Steindalen il som ein ung/fersk jeger som har lite kunnskap om, og difor spør om, reglane rundt dette med arv av våpen. Han fekk gode svar på det han spurte om tidleg i tråden og er sikkert nøgd med det.

    Likevel meiner eg @amatør sitt spørsmål til Vargen er interessant og relevant, når ein diskuterer reglane rundt dette med arv av våpen. Han kunne sikkert ha spurt i ein eigen tråd, men sidan trådstartar allereie har fenge svar på sitt spørsmål synest eg det var greit å ta det her. Det er vel ikkje eit mål å ha så korte (og mange) trådar som råd heller...

    • Like 1
  5. Kopiert frå rundskrivet: "3.8.1 Affeksjonsvåpen til bruksformål Med kravet til våpenkyndighet er tidligere forbud mot å bruke skytevåpen ervervet ved arv eller affeksjon som bruksvåpen ikke videreført. Løyvehavere som allerede innehar affeksjonsvåpen etter våpenforskriften (2009) § 20 og som innehar våpenkort uten rett til erverv av ammunisjon, kan etter søknad til politiet få utstedt nytt våpenkort uten slik begrensning. Det skal dokumenteres våpenkyndighet i tråd med våpenforskrifta § 5-4 for slik utvidelse av løyve. Skytevåpen ervervet på grunnlag av affeksjonsverdi etter § 5-4 tillates nyttet som bruksvåpen og teller ikke med ved beregning av jakt- eller sportsskyttergarderobe."

    • Like 4
  6. bmw5 skrev (46 minutter siden):

    Fikk til svar fra våpenkontoret i Mosjøen,at eneste mulighet var å få denne på affeksjon.

    Kvifor er dette eit problem? Du kan vel framleis nytte hagla til jakt sjølv om den er arva og registrert på affeksjon?

  7. Jegerlivet skrev (27 minutter siden):

    Reise til en børsemaker? 

    Om du ikkje har ti tommlar treng du nok ikkje hjelp av børsemakar. Om du har ei skrustikke og ei tong får du vel dra delane frå kvarandre nok til å få inn ein unbrako eller liknande? Berre pass på å legg noko lær/tøy/gummi mellom så du ikkje får merker/grader på delane.

    • Like 1
  8. Tja... Er det faktisk veldig mange fleire som har skytevåpen no enn før?

    Om ein tenker på at det er ein del eldre som har vandra heden og dermed ikkje har våpen lengre. Våpen som då skal byte eigar og som kanskje ikkje har vore registert før? Det har vore våpenamnesti som har rydda vekk 18 653 våpen, både uregistrerte og registrerte. Ein del av desse skal erstattast med nye, moderne våpen. Me er stort sett forbi tida der veldig mange nye jegerar overtok eller kjøpte seg ein gamal Mauser. Det virkar som om veldig mange heller kjøper ny børse og ein del vel faktisk å berre levere inn gamle våpen for destruksjon, sidan dei ikkje har nokon særleg verdi uansett. Så at antalet søknadar har auka er kanskje heilt naturleg?

    Eg har ikkje søkt etter tal, men lurar egentleg på om totalen av våpen i Noreg har gått opp? Eller ned...?

  9. bardp skrev (16 timer siden):

    For vel 20 år siden fikk eldste jentungen min seg moped. Da kjørte hun nesten daglig til skytebanen med Saueren i futteral på ryggen. Hørte aldri noe om at ikke det var lov. I dag hadde vel både hun og børsa havnet bak lås og slå om de hadde tatt seg en tur ut på veien med børas på ryggen.

    Nei, dette er innafor den dag i dag. I futteral på ryggen er ikkje Saueren synleg, ei heller lett tilgjengeleg. Eit futteral er ikkje eit "hylster" bereikna på rask tilgang.

     

    joska skrev (På 22.3.2024 den 13.59):

    Mannen forklarte at våpenet, ei jaktrifle, vart frakta tildekka, med sluttstykket og magasinet ute av våpenet på veg til jakta. Då han sat på ATV'en i utmarka, frakta han våpenet på ryggen med skulderstropp, sluttstykket spent ned, og magasinet i lomma.

    Denne karen gjorde vel det same som jentungen til @bardp på veg til jakta. Kvifor han droppa futteralet då han frakta våpenet i utmarka har han sikkert ei god forklaring på, men det er nok ikkje innafor loven og då hjelper det fint lite i retten. Tvilar nesten på at alle opplysingar vart lagt fram for advokaten om han vart råda til å ta saka til retten, men han hadde kanskje ikkje valet om å ta eit forelegg.

  10. Når eg loggar på "mitt dfs" så finn eg resultat attende til LS 2012 så det er kanskje ein øøørliten moglegheit for at du finn noko der.

    Elles så kan eg ikkje vera meir enig med @M67 og @bardp. Det er berre å melde seg inn i skyttarlaget og ta nokre treningar(og kanskje til og med nokre stevne?). Våpen får du alltids låne. Som ervervsgrunnlag så gjer du som M67 seier og fører du opp feltskyting i kikkertklassa. Det ER faktisk langholdsskyting opp til rundt 600 meter og mest fornuftig å føre opp på ein søknad kontra "langholdsskyting".

    Og skal du ha langholdsvåpen og snur på krona så er vel Sauer 200STR vegen å gå uansett, for den held seg særs godt i pris samanlikna med ymse custombygg og andre variantar. Optikk og anna stæsj kjøper du brukt så har du meir igjen til god ammunisjon.

  11. Fint at dei har senka alderskravet for Jegerklasse kontra Kikkertklass i alle fall. Kva var/er egentleg grunngjevinga for å sette aldersgrense på +16 i kikkertklasse? Er det pga alderskravet for jakt på småvilt? Unge skyttarar med utfordringar med synet har til no måtte vente til dei er 16 for å skyte med kikkert i DFS. No kan dei kanskje starte når dei er 14.

  12. 43,6gr er vel henta frå Hornady sin app etter det eg forstår. Amerikanarane er livredde for å bli saksøkte om nokon brukar deira ladedata og klarer å spreng ein gamal, rusta svenskemauser eller Krag, derav svake ladningar.

    Vihtavuori brukar normal/moderne trykkstandard og i moderne våpen er det ingen grunn til å ikkje bruke deira data. Vv listar opp ein startladning på 43gr og maks på 47.3gr med tilsvarande 130gr kule.

    https://www.vihtavuori.com/reloading-data/rifle-reloading/?cartridge=71

     

    Edit: presisering av kule.

  13. .22-Krag skrev (8 timer siden):

    sjekke farten på fire børser for å hesje saman ein tabell før feltstevne i helga. Håpar målt fart faktisk var reell

     

    Biskopen skrev (3 timer siden):

    Det er ikke meningen å være spydig, men hvor høy fart hadde du forventet?

    Kommentaren om reell fart kjem når eg skriv at kronografen sleit litt med oppstarten i kulda. Og om du utvidar siteringa litt så ser du at eg målte farten i 4 ulike børser. Farten i Saueren var faktisk omtrent som forventa då denne pipa gjev generelt god hastighet. Dei 3 andre børsene eg sjekka var 25-30m/s under det eg trudde, men det er nok temperaturrelatert. Grafen som @M67 viser er brattare enn eg trudde den skulle vere. Saueren var den fyrste eg skaut med så det er mogleg det fortsatt var litt lunk i dei patronene når eg skaut. Uansett så ser eg pinadø at eg har blingsa litt når det gjeld den farten så det må eg få orsake. Ser på bileta av kronografen at snittfart på dei 3 skota i Saueren var 845 m/s, men eg minnes eg vart overraska over variasjon der òg.

    • Like 1
  14. M67 skrev (1 time siden):

    Du skyter jo med diopter. Er du SÅ mye bedre enn meg ;)

    Eg tvilar på at eg faktisk ER betre enn deg. Men du òg ville vel forventa å skyte 3 skot på ca 20-30 mm med støtte på 100 meter, sjølv med diopter? Og du ville kanskje sjekka opp litt ekstra om du skaut 3 skot i ei stripe på 60 mm, to gonger på rappen?

     

    Dette var heller ikkje nokon test av presisjon. Som du seier så sjekka eg at det smalt, sjekka farten og justerte etter middeltreffpunktet,. Men så blir ein fort litt opphengt i slike merkelege resultat/samlingar som ikkje er forventa.

    Sant å sei så testar eg fint lite presisjon. Eg ladar opp ei standard ladning og det samlar som regel som forventa og godt nok til DFS og anna. Når det gjeld RDF-kula må eg kanskje ta jobben med ein ladestige og faktisk teste presisjon, men eg ser for meg at løysinga blir å ei pakke med Norma GT for denne sesongen. Latskapen lenge leve! 😄

×
×
  • Create New...