Jump to content

.22-Krag

Members
  • Posts

    228
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by .22-Krag

  1. Stod ute og lyste litt rundt omkring. Mot skog, oppetter jordet og liknande...

    Var inne på tanken om at auget kanskje ikkje ville oppfatte forskjellen direkte overført i antal lumen. Og det var forskjell, men eg syntes berre forskjellen var komisk liten. Hadde venta meg meir frå 250 til 800 lumen.

    Vel, det er nok uansett ei god lykt. Tregar berre på at eg ikkje handla inn ei lita EDC lykt samtidig. Kikka litt på Nitecore SENS for eit AA batteri. Nokon som har testa den? Andre tips?

  2. Etter å ha lese gjennom HEILE tråden her måtte eg ha meg ny lykt eg òg.

    Det blei til at eg bestilte ei Nitecore MT26 frå batteryjunction.com + ladar og ulike batteri.

    Men eg må sei eg vart skuffa over Nitecorelykta. Lite forskjell i ljos frå high(250lm) til turbo(800lm) modus...

     

    Fleire som har denne lykta? Kan det vera noko gale med den eg fekk...?

  3. Om du skal fjerne hylsefeitt frå ferdigladde patroner så IKKJE legg dei i hylsetrommelen!!!

     

    Me brukar Lynol og gjer det helst ute, men om det er vassbasera feitt så er det vel ikkje stort som skal til for å få dei reine.

  4. Ser du har tenkt å handle avstandsmålar M695. Det gjorde eg òg når eg var der borte(Leica) og kom vel heim før eg kom på at den målte YARDS... :?

    I tillegg handla eg spottingscope(Nikon), Zeiss Conquest 8x30 og ein heil del knivar. Det gjekk fort eit nokre tusenlappar på Cabela's i Lehi. I tillegg til "vanlege" klede og sko, sjølvsagt. Eg og dama reiste burt med ein kuffert på deling og kom heimatt med to kvar + handbagasje heilt på vektgrensa. :lol:

     

    Men no skal eg til Houston på kurs i 2 veker i løpet av våren og tenkte å shoppe litt meir. Vurderar å skaffe meg eit brukbart sikte til langhald. Maks 10k NOK. Nokon som veit om kva kikkertsikte med Mildot retikkel som har metriske (mil/mil) klikk? Har fått med meg at Trijicon 5-20 skulle komme med det? Nokon som veit sikkert?

     

    Eller kanskje nokon som har betre forslag?

  5. Eg gjekk inn på http://www.1881.no" target="_blank, klikka på "kart" og skreiv inn "aslakskostjønni".

    Då fekk eg opp koordinat:

     

    UTM 33:

    X: 6614020.00627656

    Y: 122692.90202447871

     

    WGS 84:

    Lat: 59º 29' 38.513''

    Lon: 8º 19' 46.827''

     

    Desimal:

    Lat: 59.49403141678728

    Lon: 8.329674134863149

     

    Ellers så skreiv eg vel at det var ca 6km vest for Morgedal "sentrum".

     

    Har ikkje somla meg med tidlegare år, men denne gongen skal eg jaggu prøve. Tek det ikkje så høgtideleg, men satsar vel på å stille litt ymse børser, godt med skot og godt humør. Det skal nok ikkje meire til enn det vil eg tru! :winke1:

  6. Tja. Morgedal finn du sikkert ut kor er. Det er vel mest kjent for ei viss vogge... :lol:

     

    Men skjotebanen ligg attmed Aslakskòstjønni. Eg ser det er ein liten feilstaving av namnet lenger oppe i tråden.

     

    Edit: fekk ikkje linken til å fungere, men her er i alle fall koordinat:

     

    Lat: 59.49403141678728

    Lon: 8.329674134863149

     

    Det ligg ca 6km vest for Morgedal sentrum.

  7. Tja. Eg har eit Nikon Fieldscope ED50 A, så det er lite og lett. Tenkte mest på eit lite lett stativ til spotting i fjellet og som fungerar på skjotebanen. Problemet er at festet er fast på undersida, altså det kan ikkje roterast slik at ein kan ha det ståande på standplass og sjå rett inn i det. Men med eit hovud som kan vippast til sida gjeng det vel greit.

    Det spørs om eg prøvar eit Velbon Mini. Det såg kurant ut og var veldig billig. Det fungerar kanskje til sittjande spotting òg?

  8. Takker. Eg rekna med at det gjekk, men var ikkje sikker på om den gjekk rett på eller om ein måtte eventuelt tilpasse mykje eller bedde den på plass.

     

    Eg har ein original M98, stempla "K.Art." i originalkaliber som eg helst ikkje vil herpe. Men eg måtte sjølvsagt oppgradere litt og då så skånsomt som råd. Tok av baksiktet og montera ei picatinnyskinne og sette på ein AimPoint Micro. Men stokken er for stutt og for låg og det ser ikkje bra ut med tunnelisolasjon tapet fast for å bygge på både kolbekappe og kolbekam. :?

    Og etter å ha lese litt om diverse Mauser/M67-prosjekt og sett resultatet til trådstartar fann eg ut at det måtte vere billigaste og beste løysing. M67-stokkar har me sikkert liggjande fleire av heime likevel.

    Då vert det nok til at eg slaktar ein M67 stokk. Blir vel litt spikking for å få plass til ringen for baksiktet, men det treng ikkje sjå så fint ut berre det fungerar. :winke1:

  9. Hmmm... Skikkeleg fin vart den!

     

    Kor har du handla den kinnstøtta? Eg fann ikkje den på Artemis sine sider...?

     

    By the way, om trådstartar tillèt det: nokon som veit om M67 stokken passar på ein original M98? Sit offshore så eg har ikkje anledning til å prøve sjølv på ei stund...

  10. Hmmm... Det var no som fa...

    Eg som akkurat har handla inn 1000 stk 123 grain Scenar til DFS og langhold. Tenkte det var like greit med Scenaren kontra Norma DL med tanke på hastighet i og med at BC var lik. Eg fann det egentleg litt snodig at 123grs Scenar hadde tilnærma lik BC som 130grs Norma DL, men stola på Landrø. http://landro.no/produkter/lading_1/lapua/kuler/" target="_blank

     

    Ja, ja. Det skal vel klare seg til mitt bruk uansett. :wink:

  11. Sikker på at Lapua Scenar 123 grain har ein BC på .574?

    På Landrø sine sider står det .547, men eg ser at i PCB så er det også oppgjeve .574 for denne kula.

     

    Og Norma Diamond Line har .548 i fylgje Norma Skytterlag.

×
×
  • Create New...