Jump to content

.22-Krag

Members
  • Posts

    218
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by .22-Krag

  1. På 9.6.2019 den 19.15, Olesøn skrev:

    Har forsøkt å få med litt sponsing av premier, men siden årets arrangement ikke er det største går det litt trått...

    OM eg stiller i år så tek eg med fyrstepremien min frå Kammersmellen 2014. Kan donere den som vandretrofè på kammersmellen... 😉

    Edit: skirveleif

    • Like 1
  2. 7 timer siden, ladebenken skrev:

    Begynne å rote med å få på reima når reinen plutselig står der... ja jøss. 

    Tja. Eg har reima(riflestroppen) hengande på armen heile dagen og for meg tek det ikkje veldig lang tid å tre handa inn i ei løkke. Men det er sjølvsagt individuelt. Det er òg individuelt kva folk likar å bruke.

    Eg har vel jakta reinsdyr i omtrent 25 år(Hardangervidda, Vinje) og det har vel hendt at holda har strekt seg ein del, men eg kan ikkje minnast eg har sakna to-fot nokon gong.

    Det er òg eit økonomispørsmål i det heile. Det er stor skilnad på ein riflestropp til 300,- eller ein NeoPod til 3-4000,- spesielt for ferske jegerar. Ferske jegerar burde heller ikkje føle at to-fot er noko ein absolutt burde ha på reinsjakt.

    Men folk må for all del bruke det dei føler seg mest komfortable med. Det er ikkje meg og mine erfaringar som er fasiten her.

    Uansett, reinsjakt er makalaust! 😉

    • Like 4
  3. Vil berre minne om denne: https://www.njff.no/fylkeslag/telemark/Sider/Varjakt-pa-bever-Vil-du-bidra-til-forskningen.aspx?fbclid=IwAR1xtqFy5iGfcj4INIrk0dDcHSPyDcfrPuNzdjzR92ymCKchgtkyyi3BFgo

     

    Dei er veldig interessert i å få inn så mange dyr som råd frå ulike område. Dei skulle ha ein runde og hente dyr etter påske fekk eg beskjed om når eg tok kontakt i påska. Eg gadd ikkje å rydde plass i fryseboksen så eg køyrde ned til Bø og leverte den sjølv dagen etter. Dei sa òg at dei kunne gjerne ta i mot heile dyr så skulle eg få salta skinn i retur. Men sidan dette var eit stort fint skinn så er det like greit å ta flåjobben sjølv så ein ikkje har andre å skulde på for flåskader... 😉

    Eg har skote 2 i år. Fyrst ei vaksen dame på ca 20 kg og ein på ca 17.5 kg. Forholdsvis lange hold i år, men når ein kan ligge flatt på skaren med tofot og vente til dei sit med fronten midt i mot er det ikkje noko stort problem. God effekt av .22-250 Rem med gamle 50 grain Hornady SPSX. Det beste var at den fyrste kvelden hadde eg med meg 3 10-åringar på jakt. Castor Fiber sat på isen når me kom og eg stoppa bilen slik at dei hadde fri sikt til dyret. Eg gjekk ut og tok ein liten runde i skjul for å komme meg i stilling og gutane sat i rett linje 30 meter bak meg når eg skaut. Det var stor stas å bli med ut på isen i utoset for å hente fangsten. Flott skinn med kun inngangshol rett bak skallen.

    Det blir nok ikkje fleire i vår sidan eg må offshore ein av dei neste dagane.

    2019-04-17 21.20.01.jpg

    • Like 3
  4. Det meste av anerkjente merke er vel godt nok optisk egentleg, og Mikke Mus-kikkert blir det ikkje uansett. Men eg ser ikkje nokon grunn til å gje poden ein kikkert som er slitsam å bruke heller. Håpet er at den blir bruka meir og meir etterkvart.

    Har funne ein del gode alternativ på finn òg så me får sjå kva eg endar opp med.

    • Like 1
  5. Vurderar håndkikkert til ungane(ein på 7 og ein på 9) til jol. Har sett litt på billigaste Vortex med tanke på garantien om ein skulle vera uheldig...

    Er det nokon som har prøva desse i felt og kan sei om dei er noko å ha? Det blir ikkje heilt det same å kikke i dei inne i ei forretning...

    Har sett på denne: https://xxl.no/vortex-optics-raptor-8-5x32-handkikkert-gronn/p/1138650_1_style

    Eventuelt denne: https://www.jaktfall.no/produkt/optikk/vortex-handkikkerter/vortex-diamondback-1/vortex-new-diamondback-8x28

     

    Yngste poden er brillebrukar, men tek helst av seg brillene når han kikkrar.

    Nokon andre alternativ som burde vurderast i denne prisklassa?

    Har òg sett litt på denne, men det blir litt over smertegrensa prismessig: https://www.sportsbutikken.no/meopta-meosport-8x25_32945p.html

    Får håpe på ein XXL-kampanje eller "Black Friday" tilbod... Eller kanskje nokon har liggjande noko brukt til ±1k?

  6. På 5.11.2016 den 16.33, MorganKane skrev:

    Litt uenig med Vaquero angående mye klikk.. disse sier nok pang alle sammen. Men ellers enig i at samleverdien ikke er hinsides her til lands. I USA ville du fått en del mer.. den tiden QXL.no var mer levende, gikk de faktisk ganske høyt også her på berget.

     

    Men om du skal skyte dem.. gidder du skyte gjennom kronograf og poste resultatet? Tenker da på det tyske, ikke raufoss greiene..

    Orsak at det tok litt tid, men i anledning farsdagen tok eg nokre skot over kronografen.

    Fyrst seks skot med '42 årgangen. Hastigheten var jamn, frå 422 til 425 m/s. Fekk 2-3 klikk og den eine måtte ha 3 forsøk før den gjekk av.

    Så over på '44 årgangen. Farten såg fyrst ut til å vera litt lågare, dei 2-3 fyrste låg på 399-400m/s. Så gjekk den opp til 425m/s før eg fekk ein på 250m/s. Fekk 2-3 klikk, men alle gjekk på andre forsøk. Dei som klikka såg ut til å ha svakt anslag i hetta så dei er kanskje harde?

    Skotne i ein Springfield 1911A1 over ein Chrony Alpha.

    • Like 1
  7. Var det kaldt når du skaut? Om du er heilt på grensa til å få soting kan det hende det er nok at ammunisjonen er kald for å få det... Det var det fyrste eg tenkte på sidan du seier at du skyt nokre stevne om sommaren, så kan du få soting om du skyt vinterstid? Eller har du ein ny kruttlot som gjev ørlite lågare trykk? For eg reknar med at kammeret var avfeitta/tørrpussa?

  8. Galte: Har foreløpig nok gammel årgangsammo fra Raufoss. Men har hørt det samme at Norma Rekrutt skal være safe.

     

    Pass no i alle fall på at denne "årgangsammoen" frå Raufoss trygg å bruke i Krag. Det burde stå tydeleg spesifisert på pakka.

  9. Eg fekk noko gamal tysk 9mm ammunisjon i dag som eg egentleg tenkte å berre peise ut på papp. Men så slo det meg at eg kanskje burde sjekke om det var noko å samle på fyrst. Eg har ikkje greie på slikt, men det veit eg det er fleire som har her. Eg har heller ikkje interesse av å samle på dette så eg kan godt donere vekk til samlarar.

    Det er snakk om 16-skots pakker frå 1939, 1942 og 1944(trur eg).

     

    Skal prøve å leggje ut nokre bilete så kanskje nokon kan opplyse meg litt?

     

    1939

    9mm_1939.jpg

     

    1939

    9mm_1939__tysk.jpg

     

    1942

    9mm_1942_tysk.jpg

     

    1944

    9mm_1944_tysk.jpg

     

    1939 - 1944 - 1942

    2016-11-06_19_48_47_%281024x576%29.jpg

     

    Assortert i ei pakke

    9mm_assortert.jpg

     

    Eg fekk òg to pakker med 97-RA-64, men det er kanskje ikkje veldig interessant?

     

    Edit: alle dei tyske er magnetiske og det står "Stahl" på pakka...

×
×
  • Create New...