Jump to content

.22-Krag

Members
  • Posts

    218
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by .22-Krag

  1. Som nemnt tidlegare så er det skote på papp/feltskiver så eg kan ikkje skulde på elektronikken heller. 😄

    3 skot er i minste laget for å sjekke variasjon, ja. Det kan vel hende kronografen (Chrony Alpha) sleit litt med temperaturen for den del. Den hadde stått på standplass og når eg kobla til batteriet så starta den opp som normalt før den viste "Err". Tok batteriet i lomma litt og kobla til på ny og den oppførte seg normalt. Skulle berre sjekke farten på fire børser for å hesje saman ein tabell før feltstevne i helga. Håpar målt fart faktisk var reell, sjølv om den var litt lågare enn forventa, men slik er det no ofte. Ein får gjerne ein reality check med målt fart kontra det ein håpar på ut frå ladetabellen.

     

    Uansett så droppa eg Sauer og tok heller ein gamal Mauser og reiste på feltstevne og stilte i Kikkertklassa . Det såg ut som målt fart stemte greitt med den for eg vann no klassa både i Styrvoll og Siljan. Som ein funfact så var vel eg den einaste på stevnet som fekk 6/6 på langholdet, men ein B100-figur er så høg at ein kan tillate seg å blingse ein del på oppslaget før det blir krise og det var lite vind akkurat der og då.

     

    Når det gjeld RDF så har eg ikkje prøva den før, nei. Og hadde det vore to "runde" samlingar på 5-6 cm så hadde eg kjapt konkludert med at den ladninga ikkje var ideell. Det var den klare horisontale tendensen som forundra meg mest og fekk meg til å tenke i andre banar og lufte "problemet" her, men så blir eg sabla ned og skulda for skyttarfeil og dårleg utstyrskontroll... 😉 😂 

  2. Bly skrev (4 timer siden):

    Hva er "vassrett"? Er det horisotalt?

    Du @Bly er ein av dei her inne på Kammeret som eg har respekt for i form av at det virkar som du har mykje kunnskap. At du ikkje har høyrt den nynorske versjonen av bokmålsordet "vannrett" og faktisk må spørje om det betyr det same som "horisontalt" forundrar meg litt. Men ja, vassrett er det motsatte av loddrett og er synonymt med horisontalt. 😄

     

    Bly skrev (4 timer siden):

    Det du beskriver kan vel skyldes alt fra løs kikkertmontasje, løst retikkel, dårlig bedding, pipe som har kontakt i løpskanalen, noe som er løst (egentlig alt), men jeg er rimelig sikker på at olje mellom løp og låsekasse ikke er problemet ditt. Tempratur kanskje om noe er veldig dårlig tilskrudd, men da er du i kategori "noe er løst". Du famler i et blindspor om du følger olje teorien.

     

    At du får spredning en vei kan jo også være helt tilfeldig med det antallet skudd du skyter. I verste fall er det bare skytefeil?

    Laus kikkertmontasje og retikkel kan eg sjå vekk frå då det er diopter på børsa. Den har beddeblokk og har definitivt ikkje kontakt i løpskanalen. Skjefteskruvar, løpsinnfesting og diopter stod godt fast og eg finn ikkje noko anna feil heller. Det var òg forventa, difor spurte eg om nokon hadde sett liknande tendens med olje og då spesielt i mange minusgrader. Det ser det ikkje ut som at nokon har...

     

    Eg er klar over at det er eit syltynt grunnlag og det er klart det kan vere tilfeldig med eit så lite antal skot. Men eg har no såpass erfaring at eg finn det merkeleg å få slike seriar når eg føler eg har gode avtrekk. Som tidlegare nemnt så få eg skyte litt meir før eg konkluderar med noko.

    • Like 2
  3. Begnadøl skrev (1 time siden):

    PS: Vi var litt usikre på om jeg må søke om ny pipe hvis jeg vil beholde den som sitter i nå, eller kan jeg kjøpe uendelig med piper i 223 Rem til denne rifla ?

    Våpenforskrifta:

    Kravet til løyve etter første ledd gjeld heller ikkje for erverv av pipe og sluttstykke til rifler, haglevåpen, pistol eller revolver, samt for tønne til revolver i følgjande tilfelle:

    1. når våpendelen passar i eit skytevåpen som ervervar har løyve til å ha,
    2. når våpendelen ervervast hos ein person som er godkjent for å kunne drive tilverking, handel eller reparasjon av skytevåpen etter våpenlova § 23, og
    3. pipa som ervervast er i same kaliber som det løyvepliktige skytevåpenet er registrert for.

    Ved erverv etter tredje ledd skal den næringsdrivande sende melding til politiet med opplysingar om våpendelen, det skytevåpenet som våpendelen skal brukast i, samt opplysingar om den som skal erverve våpendelen og om vedkomande skal behalde den våpendelen som skiftast ut, på fastsett skjema. Slik melding skal sendast innan ei veke etter at våpendelen vart avhenda.

    Slik eg les dette så kan du behalde den gamle pipa utan å søkje om ny.

    • Like 1
  4. Pipa det er snakk om er ei 73 cm fluta Lothar Walther-pipe som eg kjøpte ny av O. K. Bryhn under LS på Evje. Fører ikkje logg, men eg skyt (altfor) lite så den har nok maksimalt 1000-1500 skot. Ingen teikn på dårleg stabilitet når eg ser på kulehola i pappen (har bilete) men det kan kanskje vere i grenseland med 220 mm stigning på denne kula? Farten på dei 3 skota eg kronografera variera ein del, 856-863-882 m/s, men det er no ikkje heilt unormalt...

    M67 skrev (6 timer siden):

    Jeg har prøvd 2-3 ganger å "forske" på dette + en gang uten at det var påtenkt på forhånd.

    Men kanskje ikkje i minus 18°C? Eg har egentleg eit håp om at dette er grunnen så eg slepp å sita med 170 skot som er ubrukelege i denne pipa 😄

     

    Skal plukke børsa i delar no eg sjekke litt.

    Edit: Det var litt olje i bakkant av pipa ja, men ikkje mykje. Får teste litt og om det framleis viser seg at RDF ikkje gjeng så får eg heller lade opp med Norma GT som eg VEIT at funkar i børsa.

  5. Er det nokon som har lagt merke til nokon trend i den auka spredninga med olje mellom løp og låskasse? Altså, vert samlinga generelt større i "alle retningar" eller får ein typisk sidespredning eller høgdespredning?

    Grunnen til at eg spør er at eg var på banen for å skyte inn Saueren her om dagen og fekk litt merkeleg resultat. Eg sat som ei krykke med støtte på ein stol for å skyte over kronografen og skaut 3 skot. "Samlinga" var 5-6 cm i ei vassrett stripe. Justera siktet etter middeltreffpunktet og skaut 3 skot til. Denne gong sat eg og skaut frå eit bord med frontstøtte og fekk akkurat same resultatet, dog med endra treffpunkt etter siktejustering.

    Dette er rett nok ei ny ladning med 44gr N4 bak 140gr Nosler RDF som eg ikkje har prøva før, men det var no snodig å få kun sidepredning uansett. Det var forbanna kaldt (-18°C) når eg var på banen så eg orka ikkje å teste noko meir den dagen, men eg lura på om nokon hadde sett liknande tendens? 6 skot er eit syltynt grunnlag, men det var så konsekvent at noko feil må det vere.

    Eg må gå over børsa og sjekke litt moment og om det er olje i pipeinnfestinga. Har ikkje sett noko særleg effekt av olje der før så eg er ikkje manisk når det gjeld å unngå det, men lurar på om dette er eit større problem når det vert skikkeleg kaldt kanskje?

  6. Wintel skrev (12 timer siden):

    30-06 gir unødvendig kraftig rekyl

    Med fabrikkammunisjon så er vel skilnaden i utgangshastigheit (og dermed rekyl) marginal på .30-06 kontra .308, så akkurat det argumentet er vel nesten ei myte. Og så vil eg påstå at både 6,5x55 og .30-06 er finare å sjå til enn "automatdvergen", sjølv om eg aldri har ått ei børse i kaliber .30 😄

  7. Har ikkje erfaring med .280AI, men derimot 6,5-06AI i ein M98 og hadde aldri mateproblem med den. Har òg lese (i Ladeboken? 🤔) om at mating frå magasin kan vere eit problem med patroner med bratt skulder, men kan ikkje sei eg trur det er veldig vanleg. Kan ikkje minnast å ha lese noko særleg om dette her inne i alle fall. Når det gjeld custombygg som M98, kjem det vel an på kompetansen til børsemakaren om mating blir eit problem eller ikkje. Med ein 404 burde den som skal levere pipa kunne svare deg på om det kan bli problem med mating frå magasin.

     

    Skyteforming av .280 Rem til .280AI er uproblematisk.

     

    At kriteriet ditt for val av patron er om du får tak i bushing die eller ikkje skjønar eg ikkje noko av...

     

    Pipa mi i 6,5-06AI gav opp etter 20+ år med dårleg stell, så eg bytta til ein 202 Outback i 7x64. Etter 2-3 år med 7x64 er eg godt nøgd med den patrona. Om du vel 7x64, .280 standard eller improved blir nok i praksis hipp som happ. Etter vel 20 år med villkatt som krev skyteforming av hylser såg eg sjeldan på det som noko stort problem, men ei gong i blant hadde det vore fint å berre kunne kjøpe seg ei pakke skot over disk. Eg berre nemner det...

  8. bardp skrev (På 13.1.2023 den 17.31):

    Har skutt kun et feltstevne i kikkertklassen og da var det med Sauer 200 STR . Brukte originalstokk og en Swarovski DS funket glimrende.

    Tok du ut batteriet av Swaro'en og justera manuelt på tårnet då eller...?

  9. amatør skrev (11 timer siden):
    M67 skrev (23 timer siden):

    helt feil.

    Tenkte jeg ikke skulle gni det inn..

    😄 Eg har ingen problem med å bli fortalt at eg tenker heilt feil i denne samanheng for dette har eg ingen som helst greie på. Men eg set pris på å få så gode forklaringar på kvifor eg tenker heilt feil, så lærer eg noko nytt i dag òg. 👍

    • Haha 1
  10. M67 skrev (3 timer siden):
    Red FR skrev (3 timer siden):

    tynge piler gir lavere energi

    Hvordan forklarer du det med fysikk?

    I mitt enkle hovud er vel det på grunn av at farten gjeng ned? Med ein gitt boge altså. Så ein må over på ein kraftigare boge for å "hente" energi ut av tyngre piler? Omtrent som når ein må over på tregare krutt for å få fart på tyngre kuler... Eller tenker eg fullstendig feil her? 

  11. Er ikkje våpenlova og våpenforskrifta litt motstridande på dette punktet eigentleg? I alle fall når det gjeld transport. Forskrifta krev ikkje tildekking under transport, berre om ein forlèt våpen i bilen utan forsvarleg tilsyn...

    Våpenlova: 

    § 20.Krav til mellombels oppbevaring, transport og sending av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

    Den som har, brukar, mellombels oppbevarer eller transporterer løyvepliktige skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon etter §§ 5, 6 eller 7, skal ha med dokumentasjon på lovleg tilkomst til gjenstandane og skal syne fram dokumentasjonen på førespurnad frå politiet.

    Den som mellombels oppbevarer eller transporterer skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som nemnd i første ledd, skal syte for at gjenstandane er forsvarleg tryggja mot at uvedkomande får tak i dei. Under transport eller mellombels oppbevaring skal gjenstandane vere pakka slik at dei ikkje er synlege eller lett tilgjengelege. Skytevåpen og ammunisjon, som nemnd i første ledd, skal vere åtskilde under transport og mellombels oppbevaring, med mindre skytevåpen og ammunisjon vert oppbevarte i tryggingsskap eller våpenrom etter § 19.

     

    Våpenforskrifta:

    § 6-7.Krav til transport og sending av skytevåpen og ammunisjon

    Den som transporterar skytevåpen på offentleg stad kan ikkje bære skytevåpenet i hylster eller liknande, som er festa til kroppen på ein slik måte at det gjev rask tilkomst til skytevåpenet.

    Den som transporterar skytevåpen eller ammunisjon etter våpenlova § 20 i motorvogn skal ha skytevåpen og ammunisjon under forsvarleg tilsyn. Skytevåpen eller ammunisjon som transporterast i motorvogn kan likevel forlatast utan forsvarleg tilsyn når skytevåpen og ammunisjon er pakka og skjult og motorvogna er låst, eller når vital del av skytevåpen er fjerna.

    Ved sending av løyvepliktige skytevåpen skal skytevåpenet tryggast slik at det ikkje kan brukast. Skytevåpenet kan enten tryggast med kammerlås eller liknande innretning, eller ved å sende ein vital våpendel i eiga sending. Ammunisjon skal ikkje pakkast saman med eit komplett skytevåpen.

    Den som skal sende eller transportere ammunisjon må i tillegg til krava som er fastsett i andre og tredje ledd også oppfylle krava til transport eller sending av eksplosivar etter brann- og eksplosjonsvernlova.

    Føresegnene i første og andre ledd gjeld ikkje for Svalbard. Sysselmeisteren på Svalbard kan gje nærare retningsliner om transport av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon på Svalbard.

  12. Eg synest Hr. Feltstykket kunne lagt litt meir arbeid i artikkelen sin. Det er litt ymse usanningar og dårlege formuleringar der.

    "Dette fordi jaktvåpen har kun tre-skudds magasin." Direkte feil. Men mange jaktvåpen har det.

    "Det legges også opp til at man i en lavterskelklasse som dette ikke skal være krav om skyteklær, men det man normalt bruker på jakt." Det har aldri vore krav om skyteklær i nokon klasse i DFS, men det er tillate.

    "Skyteklær (jakke, bukse, hanske, albuebeskytter etc) er ikke tillatt." Og så lenger ned i teksten:

    • Albuebeskytter (jf. Skytterboka 8.163) er tillatt.

    Og når det kjem til reglane synest eg det er litt snodig at ein må plombere sikter med meir enn 12x forstørring. Eg trur ikkje det er noko særleg fordel å ha meir forstørring, men for dei som har det så er det altså ikkje aktuelt å endre forstørring i løpet av eit stemne/feltløype?

  13. Jegermeistern skrev (23 minutter siden):

    Nei, en får holde seg til 1 stk DFS-klasse.

    Ja, gud forby om folk skal få lov til å skyte meir. 🙄

    Eg er typen som ikkje likar å skyte eit stevne og så hive meg i bilen for å rekke neste. Eg er ein stor fan av måten pistolskyttarane gjer det på feltstevne. Møt opp og ta fleire rundar i feltløypa med ulike våpen. Klarer ikkje å sjå problemet med å ha det på same måten i DFS, kanskje med unntak av føring av resultat på same person. Mogleg ein må ha endå ein skyttar-ID for å få det til.

  14. Slik eg tolkar det så blir det framleis ikkje mogleg å skyte både kikkert og klasseført på same stemne? Eg ser ikkje problemet med å tillate dette. Me kan skyte både HK416 og klasseført, men altså ikkje kikkertklasse i tillegg. Om det er milling av avstand med høg forstørring folk trur er ein fordel så er det berre å stille krav til at ein skyt klasseført fyrst og kikkert etterpå.

  15. Eg prøva 120gr Sonic Target med standardladninga eg brukar bak 130gr Norma GT. Stussa litt på den voldsomme farten, 44gr N19 gav 949m/s og så der presisjon i ei 73 cm LW pipe i Saueren. Såg ingen klare teikn på overtrykk, men det er nok ikkje langt unna maksladning...

    Denne LOT'en N19 er noko raskare enn den eg har hatt tidlegare. 130gr Norma GT + 44gr N19 gav 874m/s tidlegare mot 906m/s med den siste LOT'en.

  16. Prøv òg å søk på berre "6,5" på Finn så finn du nokre som ikkje dukkar opp om ein søkjer på "6,5x55".

    Det er ein del folk der ute som ikkje har svart belte i Finn.no og prøvar å selje "Børse" 🙄 for eksempel: https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=261604262

  17. Jegermeistern skrev (6 minutter siden):

    Jeg TROR de kunne skutt enda fortere med Krag, begrensninge er A&B-hurtigladerne ("sprederne"!).

    Med ørlite modifisering fungerar vel Østliens hurtigladar til Kragen òg. Litt mindre sjans for å spre 4-5 patroner utover standplass med den...

    • Like 1
  18. høggern skrev (3 timer siden):

    Har du prøvd flere typer kuler?

    Det står i tråden. Ser ut som han har prøva litt forskjellig, ja:

    Rugerdud skrev (20 timer siden):

    Hylsene ser helt normale ut. Jeg har ladet med Remington Accutip fabrikk, RWS SP fabrikk, Norma Oryx Fabrikk, Norma Jaktmatch Fabrikk. Der gikk alt bra med kald pipe unntatt Jaktmatch. Hjemmeladet 55grs Speer SP, Remington 55grs FMJ og Norma 62 grs SP ladet med N-140 og CCI hetter. Bortsett fra Remington kulene som ikke gikk uansett samlet de andre kulene godt med kald pipe.

     

    • Like 1
×
×
  • Create New...