Jump to content

.22-Krag

Members
  • Posts

    218
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by .22-Krag

  1. Kva for ei rifle du burde ha er opp til deg og dine personlege preferansar, så det skal eg ikkje leggje meg altfor mykje opp i. Men når det gjeld å finne ei børse som passar deg og om du slit med stutt kolbe så vil eg sei at kinnstøtte er kanskje vel så viktig som kolbelengde. Eg er lang i armar og nakke og den "nye" Sauer 202'en min vart veldig stutt for meg. Eg forlenga kolben ein del utan at det gjorde susen, men når eg fekk laga meg skikkeleg kinnstøtte vart alt så mykje betre...

    • Like 1
  2. 2 hours ago, DisabledKitten said:

    Nå viser det seg jo at man ikke skal skyte i umiddelbar nærhet til vei, hva enn det blir definert som, og jeg hadde da tenkt å sitte i veikanten 1,5-2m inn.

    Du har sjekka dei lokale vedtektene? Det er ikkje sikkert akkurat DIN kommune har dette i vedtektene sine og som fleire påpeikar her så er dette lovleg jakt i utgangspunktet.

  3. Eg starta med å stramme som eg vanlegvis gjere på dei to andre demparane eg har. Etter at eg fann ut at den losna så gav eg den "fart" og drog til så eg vart blå i trynet, men den losnar like forbanna...

    Har ein Hausken jakfeltdempar og ein A-Tec Carbon i 6,5 frå før og har aldri hatt problem med at dei losnar...

  4. Eg bestilte min TE-Titan Hunter Short den 2. februar og fekk den fyrst i mars...

    Har store problem med at den losnar frå pipa etter berre eit skot eller to. Børsemakaren som gjenga pipa har aldri hatt det problemet før. Dette var ein kaliber .30 dempar til ein Sauer 202 i 7x64 med 14x1 gjenger. Har testa på ein T3 i .223 òg, men den losnar til og med der. Har sendt melding til Tronrud Engineering to gonger på nettsida deira, men får ikkje svar...

  5. Morgedølane har i kveld hatt møte for å ta ei avgjerd om det var mogleg å arrangere Kammersmell 2021. Det vart sjekka opp i forhold til smittevernstiltaka i kommunen og me fekk vite at me ville ikkje bli nekta å arrangere stevne med opp til 200 deltakarar. Men grunna uoversiktleg smittesituasjon i ulike regionar er det ikkje anbefala å invitere deltakarar frå ulike kommunar/landsdelar. Det vart òg drøfta å utsette det, men me fann ut at det ville bli verre for deltakarane å planlegge turen om det vart kort frist. Og om ein flyttar det lengre fram i tid så kjem det i vegen for ferie og jakt i tur og orden. Difor må me diverre melde at:

    "På grunn av usikkerheit i forhold til koronasituasjonen må me avlyse Kammersmellen 2021 i Morgedal i år og eventuelt heller prøve neste år."

     

    Me får berre orsake at det vart slik, men om nokon andre meiner dei kan arrangere Kammersmellen 2021 i sommar så er det fritt fram for dei som vil.

    • Like 1
  6. Med atterhald om endringar i smitteverntiltak/restriksjonar får me gje ein foreløpig oppdatering:

     

    Skjoting: Det er planlagt 7 hold/øvingar/standplassar på laurdag. Semifinale og finale på sundag. Sjekk trådane for Kammersmellen 2012 og 2014 så får dykk kanskje ein idé om kva som kan vente dykk.

     

    Forlegning: Morgedal Camping hadde egentleg planlagt sesongopning 1. juli, men tok grep og sa at alt ville vera klart om det vart Kammersmell 18.-20. juni. Det er altså halde av plass for Kammersmelldeltakarar som vil nytte seg av dette alternativet under Kammersmellen 2021. Dette er såpass tidleg i sesongen at det er neppe nødvendig å bestille plass, men alle betalar kvar for seg ved oppmøte. Noko sosialt om kvelden vert òg stelt til på campingplassen.

    https://www.morgedalcamping.com/info

     

    Slik det ligg an med koronarestriksjonar no må folk syte for eigen mat. Om det vert letta litt på smittevernstiltaka vert det vurdera ein liten kiosk, men det får me koma attende til. På banen må me forhalde oss til DFS sine retningsliner. Det er vanskeleg å spå, spesielt om framtida, men eg reknar med at alle må ha med eige liggeunderlag/skjotematte for eksempel.

    https://www.dfs.no/aktuelt-na/nyheter/2021/Informasjon-om-korona-krisen/

    • Like 6
  7. Det er klin umogleg å få det til å passe for alle så ein må berre sette ein dato og "go for it" så får folk prioritere. For min del så skal eg prøve så godt eg kan å stille så sant eg er på land. Arbeidsmengda i oljeservicebransjen har ein tendens til å svinge kraftig og det er vanskeleg å spå, spesielt om framtida... I tillegg kjem ungar og eventuelle feriar.

    Er det bestemt å dra i gang i Sollia i år òg eller er folket opne for alternativ? Eg hadde ein prat med ein Morgedøl og han virka litt lysten på å få Kammersmellen til Morgedal att, men me får sjå kor lystne dei egentleg er når alt kjem til alt... 😉 Fint om dei kunne hive seg med i diskusjonen her så me kan bekrefte elle avkrefte rykta.

     

    • Like 2
  8. Handla ei bruka Sauer 202 Outback i dette gode gamle kaliberet i haust. Har ikkje fått prøva vidunderet endå, men har handla inn litt kuler for heimelading. Eg handla ei pakke med billige 180gr Hornady ELD match på black Friday, men så såg eg det stod anbefala 1:8" stigning på pakka.

    Er det nokon som har prøva denne kula i ei 1:9" pipe og har sett at den er stabil? (pipa har original 56 cm lengde)

  9. Sjå der ja, takker. Eg søkte på 202 og fann ingenting, men det er vel sannsynleg at det er same stigning i dei pipene ja.

    Så spørs det om det er verdt å prøve 180 grains ELD...

  10. Nokon som veit stigningen i 7x64? ( 202 Outback) Har prøva Google utan hell.

    Handla ei pakke med 180 grain ELD match på svartfredag utan å tenke på stabilisering, men ser no at det står anbefalt 1:8" på pakka...

  11. Litt vest for Brokke på veg til Stavanger kom eg over ein sau som låg i grøfta. Det var litt trafikk, men ingen stoppa så eg gjorde det for å sjå om sauen var skadd. Eg tok tak i den og "stabla" den på føtane, men den berre seig i hop i bakparten så eg tippar ryggen var knekt. Temmeleg sikkert påkøyrd. Eg tenkte avliving med ein gong, men sidan det var ein sau så visste eg at eg egentleg ikkje eg hadde lov. (Børser hadde eg i bilen) Det stod ikkje akkurat telefonnummer til saueeigar på øyreklypa så eg ringte politiet og forklara situasjonen. Må sei eg vart litt overraska, men likevel nøgd med svaret eg fekk. Sitat onkel blå på ein sentral nede på sørlandet ein stad: "Jau der er loven heilt klar, du kan ta børsa og avlive sauen".

    Så eg drog sauen ut av vegen og gav den ei kule i skallen. Politiet fekk koordinat og nummer på øyreklypa og skulle melde det vidare. Beste løysinga etter mi meining, men politimannen hadde nok ikkje heilt kontroll på lovverket... Dette var omtrent 10 år sidan.

    • Like 2
  12. Eg må orsake, men eg tok eit einaste fornuftig bilete i helga så eg har diverre lite å tilføre denne tråden.

    Men eg vil takke så mykje for ei kjempehelg med gode "kammeratar" og eit artig stevne. Løypa var heilt topp og passeleg vanskeleg. Det var ingen som "fylte" og alle fekk bra med poeng. Akkurat slik det burde vera.

    Det var rein bonus at eg med god flaks vann Kammersmellen i år.

    Eg notera 98 mil på HiAcen i helga så det var godt å sige ned i sofaen med ein kald Newcastle når eg kom heim i kveld.

    Håpar folk legg ut litt fleire bilete for det var ei minnerik helg.

    • Like 3
  13. Huff, ikkje lov med reim? Og eg som er heilt ubrukeleg utan... 

    Har du spikra fleire detaljar om øvingane? Hurtigskjoting ala Stang? Fleire mål på kvar standplass ala pistolfelt? Er det snakk om faktor for ulike "handicap" slik som i hine hårde dagar?

    Eg berre lurar...

  14. 14 timer siden, boble skrev:

    Fettete hylser kan gi flate hetter, så jeg ville også ha sjekket at kammeret er tørrpusset og at alt hylsefett er tørket av etter pressing. 

    Eg ville sjekka det boble seier. Men det KAN òg komme av romsleg kammer/stort headspace.

  15.  

    På 4.4.2019 den 18.09, TS skrev:

    PS: Legg merke til bildet av den flate tennhetta etter å ha skutt RANO 27 F...😬

    På 11.5.2020 den 10.54, TS skrev:

    Jeg skjøt og sammenlignet en del. Det ble noen "etterbrennere" men uten noe entydig mønster.

     

    Flat tennhette og "etterbrennere" KAN vel òg indikere at du har stort headspace/romt kammer? 

  16. Vart det aldri kåra nokon Kammersmellvinnar med pomp og prakt i år?

    Eller er det eg som ikkje klarer å finne det...?

     

    PS: takk for bileta folkens. Sjølv om det nesten var ei pine å sjå dei når eg såg kor fint dykk hadde det.

×
×
  • Create New...