Jump to content

hjortefot.com

Members
  • Posts

    2,620
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    30

Everything posted by hjortefot.com

  1. Det er ein kul sak. Har testa den nokre runder på skytebane. Absolutt ein gøy og nyttigfaktor. Har nettopp booka meg ei ny halvautohagle, og det vert nok ein dempar til den innan kort tid, for det var meget behageleg. Spesielt med subsonisk leirdueammo. Skjøt noen pakker Gøy.
  2. Har brukt mykje forskjellig optikk. Brukar nokre V8ar og HT frå før. Då eg skulle velge kikkertsikte til nyebørsa fall valet på den nye V4 6-24x50-modellen med retikkel 60 og pralallakse som kan justerast ned til 10meter . Må sei den imponerer. Einaste "feilen" er MOA-klikk og at den er CCW. Må skru feil veg. Men det er piler som viser veg på tårnet Liker ikkje MOA, foretrekk cm-klikk Men ein klikktabell, eller Zeiss-appen gjer dette til bagatell. Mykje for pengane. Og ganske kompakt.
  3. Ja, den havnet på finn, etter to års prosess Prøvde å overbevise meg sjølv om at den ein gang kom til å bli brukt igjen. Men innser at det neppe skjer. Så spørs det om rette kjøper dukker opp
  4. Er det berre meg som har ramla av det teoretiske lasset i denne diskusjonen? Trøyster meg sjølv med at storviltet hos meg forstår at det er dødt, og legger seg umiddelbart ved treff, uansett kva andre måtte meine om kulematerialet, eller kva som står i alskens publikasjonar.
  5. Det som ødelegger slike diskusjonar er at det fokuserast veldig på kordan gjere ting endå lettare, endå meir praktisk, meir effektivt for jegerstanden. Vi må ikkje gløyme at viltloven som straks skal reviderast er til for å beskytte viltet. Den skal sikre at viltet til tider i sin biotop og leveområde skal ha fred og ro til å beite, forflytte seg, formere seg etc. Her burde det idellt sett vore forskningsprosjekt som viser om hjorteviltet endrar levesett, trekkruter, trekktidspunkt, beitevaner, og brunst/parring av å bli forfulgt den mørke delen av døgnet frå seinsommar i september til vesle julaften. Det er ikkje til å stikke under ein stolsekk at i rette hender er termiske spotterar eit godt verktøy for mange og mykje. Kan gi økt sikkerheit i f.eks reinsfjellet og er gull til ettersøk. Ein må tenke nøye på kva argumentar ein nyttar. Ellers trur eg at det ikkje vert opna for bruk til anna enn på villsvin. Dei som lagar lova er i hovedsak ikkje jegrar, so nokre kloke hoder må finne rette argumentar opp mot lovarbeidet. Vert spennande å sjå.
  6. Ikkje storvilt akkurat. Men sidan det ikkje fins ein eigen tråd for 6,5 Creedmoor. (Burde vi lage ein?) Testa i dag Hornady V-MAX. Lett 95grains kule i superfart. Konklusjon, reven hadde stupt, ravnen hadde sprengt, men eg hadde ikkje persa i jaktfelt. Alt anna eg har prøvd i denne børsa har gitt meg superpresisjon. Skjøt tre seriar, og den på bildet var den beste. Hadde same treffpunkt og samling med den vesle optimaen også. Det positive er at den klokker inn ok på treffpunkt høydemessig. Må meir testskyting til før eg avskriv den heilt. Men Norma Bondstrike virkar som eit betre valg, og er meir allround. Tikka T3X Lite Veil Wideland 62cm pipe A-TEC Optima 60 GRS Bifrost 100m med strøtte.
  7. Då var fellene aktivert etter romjulsfreden. Og ny musesperre på plass Og i kveld kom snøen tilbake Skal lave ned her på vestlandet. Blir spanande å leite etter spor til helga.
  8. Ville kontakta din nærmeste faghandel/børsemaker . Han har garantert hengende på lager. Ellers ringer din lokale børsemaker til Jakt & Friluft (som importerer Leupold) og skaffer til deg. Du kan sikkert ringe de direkte og bestille selv. Enkelt og greit Husk at en gjennomsnittlig nettbutikk som regel kun gjenspeiler en liten del av butikkenes totale vareutvalg. Lykke til, send meg en mail om du ikke får tak i
  9. Enhver seriøs jaktbutikk i dette landet har garantert på lager, eller skaffer kjapt.
  10. Held meg nesten i hovudstraumen med 6,5Creedmoor, 6XC , 7x57R og 10,3x68Mag. Men berre nesten Til jakt og eit og anna jakfeltstemne er det ikkje ammunisjonskostnaden som et av budsjettet. Hadde eg konkurrert innan DFS eller PRS hadde saka nok vore annsleis. Trur eg
  11. Der satt nr 2 for sesongen. Ein liten hannmår på 1,1kg. Min minste mår nokonsinne. Åtet i fellekassa var ein stor klump hjortespekk og to halve fiken.
  12. Ja, relativt bra utvalg. Norma Oryx Norma Bondstrike Norma Evostrike (for lett til største storviltet) Norma Ecostrike (kommer) Geco (flere typer) RWS (flere typer) Fusion Sellier&Bellot Soft Point Federal Trophy Copper Sako Powerhead Blade Sako Gamehead Pro Hornady GMX Barnes Vor-Tx (TTSX) Lapua Naturalis Lapua Mega +fleire FMJ: Sako FMJ Norma Golden Target Federal American Eagle Geco Target Lapua FMJ +fleire No under pandemien er riktignok ikkje alle nødvendigvis på lager hos importør 365 dager i året. Men Schou, Norma og andre importørar har bra sortiment og utval.
  13. For oss som verken har tid, plass, interesse eller råd til å lade sjølv, er det kjekt å ha ein patron som er lett å skaffe og har godt utval
  14. Ja, berre med et stort utval av ammunisjon
  15. Dei yngste jegrane er veldig bevisste på dette temaet. Mange førstegangsjegrar spør spesifikt etter blyfri ammunisjon. Om ein skal gjere det enkelt, so er moderne monolitiske kobberkuler anerkjent som like bra eller betre på normale jakthold og vel so det. På lange hold (3x direktoratets anbefaling) er andre kuler å foretrekke. Bonda kuler som Scirocco II, Bondstrike. Eller blyfrie kuler med fragmenterande front (Evolution Green/Evostrike) Framtida er nok blyfri, men om det vert pga. EU, eller eit generasjonsskifte? Det gjenstår å sjå.
  16. Endeleg, klarte å overliste den vesle kalven, litt på overtid. Har vore nære på, og har brukt "litt" tid på denne kalven. Nesten gitt opp. Hadde med rifla på mårfellesjekk, oppdagar plutseleg ungdyr og denne kalven. Då gjekk det over til intens og spanande smygjakt med suksess til slutt Norma Bondstrike i 6,5Creedmoor. 22kg var vekta.
  17. Bygg opp fella slik at det blir meir høgde opp til hullet. Bruk gjerne einebusk rundt fellekassen. Dette oppsettet har eg lukkast med.
  18. No har vi hatt ei veke med solide minusgrader, og i går kveld kom mildværet. So då pleier det å være litt meir fart og bevegelse på måren dei første dagane. So eg hadde trua, faktisk. Og har ein trua, so har ein trua. Hannmår på 1,65kg, nøyaktig same vekt som dei fleste mår eg har tatt på den plassen. Åtet var avskjær av hjort og sukra tranebær. Luktestoff har eg ikkje brukt dei siste to sesongane.
  19. Ja, lyddemper med rekylbremsmodul
  20. Nei. Det er to vidt forskjellige konstruksjoner fra to forskjellige produsenter.(Konkurrenter) Forøvrig, Trophy Copper har eg brukt i både 308 (150grains) og 30-06(165grains) sidan den kom på marknaden i 12/13 Meget god og presis patron med ein fin effekt.
  21. 2 hjortebukker har falt for denne hos oss. Bra effekt og har sett verre slakt Gjennomskyting på begge, så ingen kule å framvise. Ein bekjent av meg har brukt den under uttak av hjort på innmark, og felt 17 dyr i haust. Han har brukt Oryx tidlegare sesonger og seier at han ikkje merkar skilnad. Fleire datt i smellen med treff i og bak bogen. Noko mindre blodslag, men det er andre faktorar og tilfeldigheiter som kan spele inn, og ikkje berre kuletypen. Har sjølv kun jakta med Bondstrike i nyebørsa haust, men no kjem Powerhead Blade til 6,5Creedmoor også, so satsar på litt meir erfaring etterkvart.
  22. 10,3x68Mag , 7x57R eller 6,5 Creedmoor sjølvsagt Fine allroundkalibre, klarte ikkje å berre velge eit, so eg skaffa meg alle
  23. Var faktisk i møte med Blaser i dag, og ser ut som det vert ny anorakk på meg og. Mulig med ein K95 i 7x57R på kjøpet , om ikkje fornufta sigrar Den nye anorakken ligg på BLASER OUTFIT Skal vere meir behageleg og komfortabel, so eg ventar spent
×
×
  • Create New...