Jump to content

hjortefot.com

Members
  • Posts

    2,616
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    30

Everything posted by hjortefot.com

  1. Korleis stemmer ein i eit land der politikk er forbudt?
  2. Då var fjerde Tikkaen på plass i garderoben T1x i 22LR med Roughtec Ember-stokk. Kikkertsiktet er Zeiss Terra 3-9x40 og med A-TEC i karbon på tuppen. For å gjere jaktfelttrening Great Again blir nok Bifrost-stokken flytta over etter årets sesong, evt. at eg kjøper ein Fenris. Blir kjekt å skyte litt 22LR igjen
  3. Har no fem Secacam, meget godt fornøgd
  4. Tenker at luktestoff kanskje kan gjere susen. Markere med reveurin her og der. Han vil nok markere utpå rivalen. Har tidligere brukt Buck Expert sitt luktestoff for rev foran viltkamera. Kan sjølvsagt ikkje utelukke at det var tilfeldig, men reven var innom fast ei lita stund. Lykke til!
  5. Rev nr 9 for sesongen vart ein fin hannrev. Kom dinglande i ura ved foten av fjellet. La seg fint for V-MAX i 22-250Rem Magiske forhold for reving med nysnø i lufta og rev i teig.
  6. Stille i fellene, men en fin hjort stakk innom. Likte nok anislukta Snøen minker, tydelig at sesongen går mot sluttspurten.
  7. Det har blitt nokre jaktskot med åra. Ikkje alle har vore perfekte , dei fleste har vore bra. Nokre skot hugsar ein livet ut. Revinga på mandag ettermiddag gav nettopp eit slikt skot. For mikkel kom klyvande oppi fjellet, jaktkompisane var lengre nede i dalføret, mogeleg dei skremde han oppover i dalen. Eg la meg bak ein stor og bøsen stein , fann og jobba opp eit stabilt anlegg og venta til han skulle krysse over ei rasrenne. Langt nok opp, vel 200meter tenkte eg, og bratt oppover. Fytti so høgt oppi har kom.Teoretisk kuledropp på 4-5cm. 22-250Rem er ein svært flattskytande og hissig satan. Reven stoppar på ein knaus. Trådkorset i Zeissen ligg noko høgt i bogen, følelsen er god og eit deilig avtrekk sende avgårde ein 35grains V-MAX . Som slått av lynet. Reven klappa saman og kom deisande utfor hamrelaget, som ei flipperspelkule, før han stoppar ferda i skredrenna. Og der vart han liggande. Vi vurderte det som altfor stor risiko å klatre opp i renna og hente han. Vi gjorde forsøk same kvelden, men kraftig vind, mørket, og overhengande fare for steinsprang, isnedfall og skred tilsa at det var lurt å snu i tide. Reving er viktig, men ikkje viktigast. Helse kjem først, alltid. I dag var hardhausen av ein kompis i klatrehumør og tok seg opp i skredet og henta ned reven. Trass sunn fornuft og det gjekk bra! Det var eit verdig punktum for ei minnerik reving og eit jaktskot eg aldri gløymer. Rev nr 8 for sesongen.
  8. Close, but no cigar. Liten mår som hoppa videre.
  9. Er godt nøgd. Har full kontroll på 4 feller
  10. Nyaste oppsettet. Inntil bergvegg og knaus der det var ferske spor. I kveld skal eg fylle på med brisling i nokon av fellene før minusgradene kjem tilbake. Skal være effektivt. Lukter jo uansett temperatur. Verdt å prøve.
  11. Har ikkje merka noko på nokon dyr. Og en kompis har same kamera på både reveåter og mårfeller. Han har ikkje tru på at viltet oppdager kamera.
  12. Ville endra tittelen, er fint om man staver patronnavnet korrekt. Da er det lettere å finne det ved forumsøk i ettertid. Patronen ser spennende ut den Fin reveklasker. Du får prøve
  13. Original Picatinny og Sako S20-Montasje. Bunnsolid.
  14. Rett under fella,tok en fiken og hoppa videre. Kjem nok tilbake. Mykje spor på to av fangstområdene. Trur den sitter snart. So her måtte det opp eit nytt kamera.
  15. Der vart Tony Edwards €25 000 fattigare
  16. Tre nye oppsett plassert på klassiske mårovergangar. To kassar med Belisle 120 Og ei Syningfelle versjon 2.0 Har montert stropp på baksida for horisontalplassering. Litt granbar for diskresjon Håpar på sporsnø etter pissværet vi har hatt på vestlandet dei siste vekene
  17. Urban warfare , Urban mårfare. Gårsdagens mår. Vekta viste 1877 gram , (med bæreposen 1919 gram) Soo nær den magiske 1,9 grensa (Hadde bikka lett med litt litt regnvatn i pelsen) Men den grensa brytast sikkert etter kvart.
  18. Sesongens fjerde var ein solid plugg. Vekt kjem so fort eg har fått den på vekta. Tatt i Syningfelle under skjørtegran. Hjortekjøt og bivoks som åte. Mår to come.
  19. @FNJ Stemmer, mange valgmogelegheiter. Spørs om det vert kamera nr 3 innan kort tid Det forenklar mårfangsten i dei områda med litt høgdemeter og mykje snø
  20. @FNJ Ja, har faktisk kjøpt nr 2 nå. Blir nok endå fleire Super bildekvalitet, god men enkel app som til og med eg fekk til utan plunder Veldig fornøgd.
  21. God utsikt fra viltkamera fella står ved en viltsti som rev, hare, mår, og hjort brukar ofte, så her kan forskjellig dukke opp
  22. Var tomt i fellerunda i dag. Men for ei økt for lårmusklane Fylte på med hjortespekk. Denne var utløst, men åtet urørt siden onsdag. Optimist første 20meter So innhenta snømengd og tyngdekrafta. Har fått ut eit Secacam7 viltkamera til no. So det vert spanande å fylgje med no som temperaturen snur. Satsar på at nr 4 heng snart
  23. Litt off topic fra mi side Nja. Det nye vektkravet gjelder kun blyfrie kuler. Veldig få blyfrie kuler er homogene då moderne blyfrie kuler ofte har kobberlegering med fornikling og/eller plastspiss, og derfor ikkje er einsarta (homogene) lenger. Her har bladet Jakt ei stor del av skulda for forvirringa. On topic Vektkravet for blyfrie kuler er 7,8gram / 120grain
  24. Der satt nr 3 for sesongen. Ut og hente rykande varm mår. Spennande å følge på viltkamera
  25. Spennande. No gjekk pulsen litt opp
×
×
  • Create New...