Jump to content

hjortefot.com

Members
  • Posts

    2,620
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    30

Everything posted by hjortefot.com

  1. @Fxn Spanande, du får legge ut bilete på våren når postkassene tek form
  2. Då har fella fått litt meir åte, so no kan måren velge mellom rakhjort og fiken. Og fella har fått nytt mosetak Normal får eg lite mår før jul, men ein veit aldri med Det Hersens År 2020
  3. @Hare4 Føler at det har vore eit gjennomsnittsår. Men at hjorten liker seg i høgda er nok riktig. Lånte ein Zeiss DTI og såg at hjorten står i hopetal der folk aldri ferdast. Har tre løyver igjen, men det ser ut som kulde og snø er rett kring hjørnet, og då får dei heller vere i fred.
  4. Der sat sesongens første. Hadde kun hjortekjøt som lokkemiddel, og var egentleg på fellerunda for å fylle på med fiken, men der hang den. Ikkje vore på vekta endå, men er ikkje altfor stor. Vekt: 1,6kg , so skinnet kan bedra
  5. Eg har løyst dette uti terrenget, men det er sikkert enklare her oppi ura på vestlandet Det pleie alltid å vere ein plass å smette vekk reven i terrenget, og dekke til om nødvendig.
  6. Det må då felles noken kråkefuglar? Bør vere ein eigen tråd her på kammeret. Det er nok enklare å snike seg innpå ravn enn storfugl, men eg syns det er givande og gjevt å overliste den grove kråkefuglen. Ravnen er imponerande robust og har eit solid nebb. Men ikkje so robust at den toler 32g Tungsten #4 Hittil i haust har eg klart å kome innpå haglehald 4 gonger, og hatt 100% treff. Og det må ein vere nøgd med. Den distinkte og stramme lukta av ravn og dunst frå avfyrt haglpatron er lukta av meir skogsfugl i framtida
  7. @erikraude Vi må jo ha det Samme med Hjortejakttråden. Vert ikkje meir aktivitet enn vi lagar sjølv.
  8. Akkurat sånn kan dei siste to vekene oppsummerast. Korte dagar, regn, vind, snø, regn, vind, sludd og meir vind og regn Litt halvhjerta innsats prega av mørke regnfulle dagar, litt lei. Litt mett. Frysen er full. Jakta går fort mot slutten. Litt godt er det også.
  9. Du vet at du er fangstmann når du sier YES! litt sånn halvhøyt i butikken på grunn av lave fikenpriser
  10. Tenkte å prøve, men måren må nå få komme fram til fella levande. Surstrømming (anriket rakfisk) er vel på FNs liste over biologiske og kjemiske stridsmidler.
  11. Første snøfall, og lavere temperaturer i vente. Då må mårfellene ut. Det var ingen spor å sjå i snøen i dag, so eg valde å sette opp på dei "sikre" plassane. To syningfeller oppspent i dag, åta med strimla avskjær av hjortebukk. Har fått bra fangt i syningfellene etter at eg begynte å sette dei vassrett. Ved neste mildperiode skal dei få litt betre mosetak som dekker sidene Har også 2 stk belisle 120, 2 stk Kania og ei syningfelle som kjem til skogs i løpet av helga. Lykke til med årets fangst! Og hugs, peis på med bilder
  12. Etter at eg fekk mi største jaktoppleving var eg fast bestemt på å gjere stas på det stakkar vesle og utslete geviret. Det vesle herja geviret er rett og slett resultatet og minnet av ein stor opplevelse. Skallen? --Den koke vi So berre for moroskuld fekk eg målt poeng hos gevirdommar. Og bydde opp til gjettekonkurranse på facebook. Det vart god respons. Det er laaaangt enklare å gjette poeng på store gevir, men mange traff godt. Full score på vidde, men kva med symmetri Gevir: 86,54 poeng +100 poeng for oppleving. =Solid gull
  13. Takker for fine tilbakemeldinger folkens @DanielV Dette er i hjertet av Sunnfjord kommune ja, i gamle Gaular.
  14. Hei! Jeg hadde en S&L Victory og har faktisk prøvd det meste av montasjeløsninger. -EAW Picatinnyskinne+QRW (stabilt, men tungt) -Original S&L-montasje (Penest og lettest) -Leupold QR (frarådes, opplevdes som ustabil) -EAW Svingmontasje (blir altfor høy for originalstokk) Hvis du bare skal ha ett kikkertsikte, så hadde jeg valgt Original S&L-montasje , den er pen og lett. Hvis du hadde hatt tanker om flere piper og har stokk med justerbar kinnstøtte ville jeg vurdert EAW-svingmontasje.
  15. 27. Oktober. Den øvste og mest avsidesliggande delen av terrenget hadde fått kvile i heile brunsten. Bukkane har nok hatt fine dagar her oppe. No var brunsten over sjølv om ein kunne kjenne bukkelukt enkelte stader. Og eg gjekk ei ny rute opp på grunn av vinden og skyggekast. Sola kom sterkt og vart ein like stor forrædar og svikar som vinden. Hjorten er var skyggekast. So det gjaldt å bruke terrenget riktig, gå i gjel og søkk på veg opp. Oppe på første myra var det sedvanlige spor etter brunst. Eg sat meg ned og lytta, kjente kor trekken stod, og vurderte kor eg kunne gå utan å bryte solstrålane. Hadde opp PRF'n og kikka raskt oppover i området eg skulle snike. Området er kupert og typisk lyng, myr og småfuru. Skikkeleg tiurterreng. Og eg gjekk ein omveg på grunn av sola. Kom meg opp i eit gjel og sat meg ned. Vart sittande for å observere og sjå an beste og klokaste fortsetting av smygjakta. Vinden stod usedvanleg trufast, og eg valde å gå litt tilbake og opp ein bakke med ein stor stein på toppen. Komme meg opp til den utan å verte avslørt. Eg måtte trakke i våte myrpartier og sjølvsagt knakk noko tørrkvist under støvlane. Eg laga nokre gryntelydar og sat meg ned i kneståande. Håpet var at eventuelle dyr skulle ta meg for å vere ein bukk. Plutseleg ser eg skugger mot skogen. Dyr i bevegelse. Pokker, no har dei fått ferten av meg, tenkte eg. Og i horisonten seg eg ein svart skugge. Eg ser i avstandsmålaren at det står eit vaksent dyr på toppen. Til høgre for furua. Eg er usikker på om bukken har oppdaga meg. Eg ser at bakgrunnen er håplaus for skot. Bukken står uten sikker bakgrunn, so eg må flytte meg opp over ei lita myr uten at bukken ser bevegelsen. I kikkerten oppdagar eg at bukken no har hovudet skjult bak ei furu, då må det skje, kvikt. Bukken anar truleg mose i uglene. Og etter litt myrslafsing og grynting under forflytting er bakgrunnen sikker, avstanden er no 64m. Eg innser at eg ikkje kjem stort nærare , så eg reiser meg opp langs ei lita furu, den gir eit trygt og stødig anlegg. Hjorten har full bredside og sikker bakgrunn no. Geviret på bukken er snålt, kort og unikt, riktig bukk. Eg justerer til 7x i forstørrelse, og stokken møter kinnet. Raudprikken i V8'n ligg på rett plass, peikefingeren er på avtrekkaren og kula sleppes rett i bogen med eit brak. En 156grs Oryx i 7x57R klasker inn i hjorten. Bukken sprett til med eit veldig tydeleg og godt treff. Eit komfortabelt skuddteikn. Eg tek ut tomhylsa, og legg i ein ny patron før eg går opp på haugen. Og der ligg bukken. Han gjekk ikkje mange meter frå skotplassen. Sola skin. Det er ein fantastisk morgon. Balsam for sjela. Vakker hjort i nydeleg terreng. No har eg skote min del hjort dei siste 20åra. Men denne opplevinga toppa alt. Snikjakt med kombien. God tid og ein deilig situasjon. Hjortejakt vert ikkje betre enn dette
  16. Har i mange år drøymd om å skyte hjort med kombi. Vanskeleg å forklare kvifor, men ein treng vel ikkje ein tungtvegande grunn til å gjere noko ein har drøymt om i lengre tid. Kan det vere fasinasjonen for brytevåpen med ok treverk? Kombi. Det blir jo litt fattigmannsdrilling, gjer det ikkje? Så tidleg i oktober blei den innskote med både kikkertsikte og fekk justert inn dei opne siktene. Leverte sjølvsagt lottokupongen like etter første skudd med grovjusterte åpne sikter. Då eg skulle testskyte med opne sikter fann eg ut at augene mine og har eldast. Dei tykte at kikkertsikte er langt betre enn skur og korn på avstandar over 50m Ammunisjonsvalet blei Norma Oryx, den gjekk meget godt og samla veldig bra. 7x57R er eit kaliber eg alltid har hatt sansen for, lese mykje bra om, men aldri hatt sjølve. So då vart snikjaktutrustninga plutseleg sjåande slik ut Men vart det oppfyllelse av ein gammal draum? Fortsettelsen kjem
  17. hjortefot.com

    Whisky

    Besøkte Macallan Distillery tidligere i år. Fikk en utsøkt innføring i whiskyens verden. Alt fra opprinnelsen til eikefatene,- til ferdig vare. På slutten av omvisningen var det en liten test hvor man utifra farge og dråpens hastighet fra kanten kunne fastslå alder og type eiketønner, europeisk eller amerikansk eik. For meg som hittil bare har kjøpt "standardvare" med berømt hønsefugl eller random hjort på etiketten var dette veldig interessant og en aldri så liten åpenbaring. Og det er vel ofte slik, at hvis man først får smaken på noe nytt, som vekker gode minner og liker det. Så blir det fort en ny favoritt.
  18. Ser meget bra ut, minner litt om deler av terrenget her. Tett og utfordrende Dette er terrengtype som hos oss har vist seg som best i øsende regnvær. Små glenner er glenner det også
  19. Snøballen triller , aiaiai... flotte bilder og beskrivelser Min jakthaust har gått langt betre enn frykta. Etter ein hektisk og stressande sommar og tidleg haust der kroppen fekk ein kraftig smell i oktober. Rett i veggen. Totalt tappa for krefter og energi. Dette gav då tid til å jakte, for den beste medisinen er faktisk å være ute. Gjere noko du likar. Spesielt tida der ein venta på prøvesvar og kryssa fingrane for at det berre er magesår eller godarta trøbbel i kroppen. Det gjorde veldig godt å komme ut og få tankane over på noko anna. Første hjorten falt nokre dagar etter eg vart sjukmeldt. Gjengen hadde haustferie, dei ringde og ville ha meg med, og eg sa til slutt ja, sjølv om forma var so som so. Men eg takka meg til bakpost for å kunne fråtre om behovet melde seg. Taktikken var back to basic. Do enkelt og grunnleggande du får det. Plassere ut 3 postar rundt ei tett skogklynge, og sende inn ein snikjeger. Det pleie å skje ting fort, men dyra vert ikkje stressa. Ei einsleg kolle fekk ferten av smygjegeren vår, runda han og kom forsiktig gjennom småskogen, forsiktig, roleg men bestemt. Etter å ha fulgt kolla vel 100m i åpent lende var det tydeleg at ho var aleine, og såg ikkje så stor ut. Eg sat 5 meter over bakkenivå og hadde flott utsikt. Einslege dyr er vanskelege å vurdere storleiken på. Men ho var einsleg, lys i pelsen og vi hadde løyve på alle kategoriar. Kolle utan kalv veks ikkje på trær. Eg hadde sopass god tid og oversikt at jegerpulsen var innafor og under kontroll. Alltid litt høgare puls når hjorten kjem gjennom skogen. So her gjekk skotet då ho stoppa på enden av myra. Vaksen kolle uten kalv og uten melk i jur. Veldig mykje fett på slaktet, den har hatt ein fin sommar i fjellet. Men eit fint slakt. Det skal seiast at det alltid er vemodig å felle vaksne koller. Det er jo dei som lagar jakta og tiltrekk seg bukkane. Men det må gjerast for å få rett balanse i avskytinga. Neste hjort var ein kalv. Skoten i det andre terrenget eg jaktar. Rein matauk på innmark, på kveldspost. Ingen jaktpuls, ingen historie, ingen, gode bilete. Berre rein matauk. Det må til det og. Veldig fint kjøt. Høgt skot, knall og fall med seksogeinhalv. Fin mathjort, kalv på innmark. I brunsten bevegde vi ikkje oss i dei høgste og mest avsides områda av terrenget, slik at bukkane fekk då halde på i fred og heldt seg i terrenget. Heilt til 27. Oktober, brunsten virka til å være over. Det var ein vakker dag. Sola stod opp, kroppen kjentes bra. Det var tid for smygjakt i litt høgre terreng. ...to be continued
  20. Vi bikker i dag 15/11 Det er en dato som vi voksne forbinder med slutten på hjortejakta. No for tida skal det jaktas til lukta av pinnekjøt siv opp i lia. Ja, vi er i midten av november. Det må vel bety at nokon bilete er tatt, nokon uforgløymelege minner er skapt og mange har opplevd jaktglede? Eg kastar den første kula. Med forretten til årets sesong, kall det gjerne for tjuvstart og ikkje-tellande, men kjekt var det. For hjortejakta 2020 starta for min del allereie i januar, på ein tur til Inverness. Totalt fekk eg fire flotte fellingar på to dagar. Kult når stalkeren har norskprodusert GRS på rifla Over The Loch etter hjort. Doublé på to ungkoller. Ein flott tur med eit litt morosamt funfact til slutt. Då eg landa i Skottland var Storbritannia ein del av EU. Dagen før heimreise leverte britane den formelle utmeldinga. På ein måte kom eg meg ikkje ut av EU igjen Neste innlegg blir av norsk natur og spenning knytta til smygjakt på draumebukken i lia heime. Versågod neste
  21. Har vi lest samme forslag? Forslaget på ny kulevekt og anslagsenergi er kun for blyfrie kuler om jeg ikke husker feil. Viktig å ikke blande blyfrie kuler med homogene kuler.
  22. CCI Copper gikk overraskende bra i min Brno Mod2. Til å være en hissig patron med høyere hastighet enn Stinger hadde jeg absolutt ikke forventa bruskorksamlinger på 50m hold. RWS har også utvikla en serie av "GREEN" ammunisjon i 22LR. CCI har forøvrig blyfrie alternativer i 17.HMR Utfordringen blir sportsskytterne og prisen for grønt skifte på standplass.
  23. Smygjakt på rev. Ja, kanskje ikkje den mest utbredte jaktforma på rev. Tilfeldigheiter vil noko seie. Flaks vil nokon seie. Begge deler kanskje. No skal du høyre. Uansett vart dagen starta med havregraut teppebomba med rosiner og en kopp nykverna kaffi. Kva og kor skulle eg ta jaktturen i dag? Att og fram, korleis står vinden? Dei siste vekene har hjorten fått mest fokus. Men av ein eller annan grunn ville eg sjå om det kunne være mogeleg å lure den luraste av dei alle. Mikkel rev har dei siste dagane lagt igjen sikre, avlange klissete og spor på at han nyttar skogsvegar og hjortestiane flittig. Men kor tid på døgnet? Min teori var at han er aktiv midt på dagen, og då er eg som regel på jobb. Reven skiter på skogsvegen når alle er på jobb Det vil seie, at hvis eg er i området mellom klokka 11 og 14 ein gong, vil han truleg komme luntande ein eller annan plass. Og då må eg være akkurat på den plassen. I haust kjøpte eg ei riflepipe i kaliber 6XC tiltenkt rev og etter kvart rådyr. Kaliberet proffane brukar. Snill rekyl og presisjon i toppklasse. To 100grains Norma Oryx landa nesten i same holet då eg tok testskot i dag tidleg. Så då var både og og rifla klar til litt foxing. Og taktikken var å smyge mot vinden, finne ein oversiktleg plass, og berre vente, sjå, lytte. Før ein går vidare opp i lia. Etter nokre timar med kun ekorn og grønspett i siktet vende eg nasa nedover mot bygda, og gjekk en liten omvei for å unngå å forstyrre hjorten i dagleie. Vinden hadde tatt til og det låg yr i lufta. Eg stoppa opp på skogsvegen og såg ein bevegelse vel hundre meter unna, joda, der var det en rev. Det er langt nok, og reven går ifrå meg. Eg kryp ned bak ein stor stein. Åpner linsedekselet, måler 131m med PRF'n. Vrir HT-siktet på 12x Reven forsvinner til høgre for vegen. Eg sit bak steinen og jobbar for å få eit godt anlegg i tilfelle reven kjem på rett side igjen. Det går nokre dryge sekund, men der kjem mikkel tilbake, no er han 28 meter nedanfor staden han forsvann. Mikkel er bak ei lita furuklynge og med litt usikker bakgrunn. Men straks er alt klart. Raudpunktet ligg litt høgt, og skuddet runger dempa gjennom dalen. Nr 2 i haust.
×
×
  • Create New...