Jump to content

hjortefot.com

Members
  • Posts

    2,617
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    30

Everything posted by hjortefot.com

  1. Kjekt å ha på hold under 45meter og over 130meter
  2. Lukter nesten en eigen framtidig tråd som heter "Pasta-Kipp, frå eska til hjortejaget" Er jo eigentleg av den sære oppfatning at ekte kipp kjem frå enten tyskland eller austerrike. Alt anna er berre break-barrel. Men får justere meg inn og inkludere alle børser med jägerlås som kipplaufkategorien verdig. Har ein liten smekker Zeiss Victory Diavari 1,5-6x42 som kan klikkes på ved behov. Liten Aimpoint Acro kan og passe. Cristina hos Sabatti meiner SKL-20 skal være leveringsklar før jul og kjem i både bavarianutgåve og ei utgåve med rett stokk. Trur rett stokk er å foretrekke, sjølv om krum stokk kler disse børsene best. K95 har sjølvsagt vore ein draum, men det får midtlivskrisa og norsk tipping ta seg av ein gong i framtida.
  3. Hei, er det nokon her som har Sabattikombi/enkelskotsrifle i 7x57R og gjort seg erfaring med kva fabrikkammo som pleier å gå bra i disse? Evt nokon heimeladarar som har erfaringar med kva kulevekter disse pipene foretrekker? Ser Sabatti har lansert ei snerta enkelskotsrifle SKL-20 med jägerlås og oppspennar. (Spaghetti-kipp?) Vurderar å teste denne som ei lett "sleng-på-ryggen-og-gå-jaget-børse", med opne sikter og utan dempar. Og då hadde det vore praktisk å kunne bruke fabrikklada Norma Oryx , då den går som ein stråle i Blaserkombien min.
  4. Skjedde med min gamle Brno også. Gikk gjerne en 50-pakning med skudd til presisjonen var tilbake etter grundig puss. Løsning var å pusse sjeldnere.
  5. Har hatt Sako 85 Finnlight, solgte den og kjøpte Blaser R8 Success. Fin til utenlandsturar og drivjakt. Nydelig systemrifle. Superpresis, genial montasje. Men, kall det gjerne ei omvendt midtlivskrise før fylte førti. De to siste riflene eg har kjøpt er Tikka T3X (Roughtec og Wideland), og det er dei som har blitt mest brukt. Både jakt og jaktfelt. Går som ein laser. Nydelig fluta sluttstykke, litt tyngre og tjukkere Sako-S20 pipe med cerakote. Robust optilockmontasje på Picatinny. Når den rettvendte midtlivskrisa kjem er det nok enkeltskuddsrifle som kjem i hus. Og då er det ikkje Tikka som ryk ut av garderoben for å gje plass.
  6. Sunnfjord, landets største hjortekommune
  7. Dei som står høgt til fjells var aktive frå lørdag. Berre halvhjerta i låglandet foreløpig. Dei må fryse på ballane først, sa ein sogning
  8. Skulle hett VI-Ladet og ikkje BI-Load på forpakninger i norge ja På internasjonalt heiter det ifølge emballasjen STEEL+BISMUTH Uansett. Gode skuddbilder under test, og ravnen gikk ned i smellen.
  9. Denne ravnen falt pladask for en RWS BI-Load. Ny blyfri jaktpatron som kombinerer bismuth og stål.
  10. 10. September og det betyr jaktstart i våre storvald i dag. Og det vart ein pangstart. Kolle og kalv vart med heim. Felt med 6,5Creedmoor , Sako Powerhead Blade 120grain. Den kula er ganske hissig i ekspansjonen. Det var knall og fall med bogskot. Stor sårkanal og litt meir blodslege enn normalt med monolitiske prosjektil. Skitt jakt !
  11. @Torfhar nok mye rett i det han skriver. Har selv en 8-kantet pipe i 30-06 på finn.no, HER Har mange som følger den og kanskje venter på en ny dropp i prisen. Men klassisk look og 30-06 med gjenger blir noe kræsj. Ser den. Er jo ei nydelig pipe. Synd å måtte gi bort
  12. hjortefot.com

    fusion

    Mitt tips, selg eska til en rådyrjeger og kjøp deg ny ammo
  13. Går du opp til ca 1500,- får du noe mye bedre, f.eks Zodiac Observer. Godt innvendig display og meeeeget bra bilder.
  14. Mange gode råd her. Viktigast er å unngå å oppbevare våt børse i futteral eller koffert. I allefall kortast mogeleg tid, om du sbsolutt er nødt. Har sett stainless få brune prikkar etter få timars forgløyming i futteral. Det er og lurt å sette inn låskasse, pipe og andre blånerte deler med flunatec med jevne mellomrom. Ein boresnake ellet pusselapp med nokre dråpar flunatec gjennom pipa skader heller ikkje. Den er keramisk og gjev ikkje friksjon som vanleg olje ofte gjer . Om du vil koste på litt, send børsa til cerakote.no for å nesten heilgardere deg mot rust (nesten) Lykke til.
  15. Du er nok verken dum eller gammeldags. Det er ikkje nødvendigvis hurtigheita som er hovedmålet, men fleksibiliteten. Hvis ein har ein bråte rifler/piper er det praktisk å ha same innfesting på alle.
  16. Har brukt A-LOCK helt sidan det kom på marknaden. På alle rifler og ekstrapiper eg har. Både jakt og jaktfeltriflene. Aldri, aldri har det løsna. Vi snakkar ein del skot og seriar. Så eg ville reklamert på adapteret, for slik skal det ikkje være.
  17. Før du bestemmer deg, ta ein kikk på ein A-TEC Optima 50. Den er lett og brutalt effektiv på demping. Enkel på vedlikehold og fleksibel av/påbygging og mogelegheit til å skru på bremsmodul for enda mindre munningsvipp. Dei fleste fagbutikkar har den i hylla. Uansett kva fabrikat du lander på, du vert fornøgd. Alt på markedet i dag er veldig bra. Lykke til.
  18. Fusion 62 grain gjekk også som ein stråle. To revar dukka opp 150 meter unna, begge fekk ein Fusion i slipsknuten. So presisjonen, den er tydeligvis god nok til både jakt og jaktfelt
  19. Takk Var nydelege rammer for debut på råbukk. God vin, ok mat, og gode vennar. Og flytsona var til å ta og føle på. Alle øktene hadde sine moment og endte med fellingar. Gleder meg til neste sommar!
  20. Oi, beklager! fant det ikkje då eg leita i rovviltkategorien , eller søkte. Håper ein moderator kan flytte innlegget til rett plass
  21. Fekk ein doublé for nokre kveldar sidan. Tikka T3X i 223 Rem, Fusion 62grain. Hittil i sommar har det då blitt 3 revar i Norge og 3 stk i Polen.
  22. Ser reisebrev har vore etterspurd. For ein vestlending var det stort å endeleg debutere på råbukk i Polen. Zielena Gora. Dei siste vekene før avreise vart det noko trening på skyting med skytestokk. Rifla vart utstyrt med nye Zeiss V8 1.8-14x50 , og eg fann godfølelsen tvert. To kveldar før avreise var rifla 100% klar, og Norma Bondstrike gjekk som ein laser. Og viktigast av alt, same treffpunkt med og utan dempar. Enkelte jaktklubbar godtek dempar, medan andre ikkje gjer det. Då er det greitt å vite at treffpunktet er identisk. Hurtigfeste er også topp, då kan ein klikke den på ved behov og i rett situasjon. Eit skot utan dempar, og to med dempar. Absolutt godkjend. Tikkaen med 62cm pipe leverer god presisjon. Presis og effektiv. Ankomsten i Polen var varm, og det var ei "Toscansk" stemning på den flotte vingården vi budde. 40 varme og vindruer. Fint var det. Sitte i skyggen og vente på første kveldsøkt. Første kvelden gjekk eg og guiden langs ein åkerkant i enden av ein skogsveg då vi plutselig såg bevegelse rundt 200m unna. Vi sneik inn 40 meter og fekk opp skytestokken. RF'n lyste 158m , og eg tok 4 klikk på ASV, prikken ligg stødig på bogen, venter berre på full breiside Der skjer det, eit dempa smell, etterfulgt av eit klask. Min første råbukk vart ein "killer" ein godt vaksen bukk med berre stenger. Første bukken. Fint augeblikk i den lune Polske kvelden. Men kvelden var endå ung. Og vi var der for å jakte. Guiden forstod ganske kjapt at first buck ikkje betydde first hunt. So eg fekk gå aleine. Eg fann ein bukk på eit gjengrodd jorde, den var der med to geiter. Utfordringa var både vind og mangel på skjul. Det var ca 400m fram til bukken. Og det føltes som ei evigheit før eg endeleg var innpå 113meter, ifølge Zeiss. Fekk opp skytestokken og fann bukken. Geita var synleg og presenterte seg villig, bukken virka skeptisk og hadde feil vinkel eller ureint siktebilde. Virka som ei evigheit der og då. Då tok eg opp lokkefløyta som ein kollega av meg har laga, gav to støt. Og der reagerte bukken, et par byks og haldet var no ca 100m , men framleis gras i siktet. Men so skulle han endeleg gje full breiside. Og då gjekk ei Bondstrike i 6,5 Creedmoor gjennom den Polske kveldslufta og inn i ein liten men vakker sekstaggar. Min første sekstaggar. Kvelden vart avslutta med god lokal raudvin og tradisjonell polsk kveldsmat. Neste morgon var eg ute igjen eg og guiden fann ein lovande bukk, men den var typen "ghost" og berre fordufta. Vi skjønte ingenting. Vinden var god og avstanden stor. Men borte vekk var han. Etter nokre timar med vekslande lokking og gåing langs skogsvegar ser eg ei geit i eit skogholt. Det må være bukk der også. So eg fiska fram kontaktfløyta til Clausen og gav nokre pip. Der kom geita dansande, og rett bak kom ein bjeffande kar. Guiden stod rett bak meg kviskra at det var ein meget spesiell bukk, ein skikkeleg gammal krigar. Haldet var rett over 100m, og bukken datt rett ned. Min tredje bukk, spesiell. Då vi gjekk tilbake til bilen oppdaga eg ein veldig stor bukk, med solid gevir, men bakgrunnen var av den kinkige sorten, so vi avtalte å prøve å finne han på kveldsøkta. Utpå kvelden fann vi fleire bukkar, men no ville eg ha ein med litt størrelse og gjekk difor frå fleire fine situasjonar utan å skyte. Noko guiden hadde full forståelse for. Men so, ein rev kom travande i ein åkerkant, smattelydar fekk han til å stoppe i nokre sekund. Rev er alltid skytbart. Haldet var 117meter. Bondstriken i 6,5 Creedmoor traff perfekt på smalaste punktet på den vakre unge raudreven. Som slått av lynet. Etter ein liten pause ved reven sa guiden at det var ca halvtime att av jaktlyset. So vi sette kursen innover til eit område dei hadde sett ein fin bukk tidlegare. Og etter å ha kikra ei stund finn vi ei geit. Før vi får tenkt meir kjem bukken vaggande frå venstre flanke. Eg ser at han er grovare enn eg har sett før. Og riggar opp viperflexen, minutt føles som kvarter, vil ha breiside, haldet var 120 meter og bukken låg i smellet. Ein kjempefin sekstaggar med korte, men tjukke fine stenger. Etter eit glas raudvin var det lett å sovne etter ein so fin dag. Neste morgon var litt som dei første, mykje kikkertbruk, mykje dyr , og jakta på ein fin situasjon. Det begynte å verte ei vane, finne geit, sjå etter bukk. Det same skjedde denne morningen. Oppdagar to geiter , og finn bukken på ein kolle på god avstand. Utfordringa var vinden og den eine geita. So eg måtte berre gamble, so eg smaug meg nærare og nærare med mål om å støkke geita til mi venstre side og håpe at bukken fulgte etter rett geit. Og den planen lukkast til fulle, på 121 m hald datt han i smellen. Sekstaggaren var ein vakker skapning, omgivelsane var strøkne. Ein fin situasjon. Det vart ikkje meir på morgonøkta, og kveldsøkta var prega av myke små og vanlege bukkar som eg valde å avstå frå. Eg ville ha litt is i magen og ikkje forhaste meg. Turen var jo allereie ein stor suksess. Lokking vart prøvd, og heilt på tampen kom ein rev og berga statistikken. Rev nr 2 var eit faktum. Hengslete og lur. So kom mørket, og etterlengta søvn før siste dagen. Siste morgon i Polen stod for tur. Og eg fekk ein super morgon. Etter noko kikring fann vi ei geit. Og i då er det som regel ein bukk i nærleiken. To støt i lokkefløyta fekk geita til å sprette mot meg og guiden. Og opp av graset steig bukken. Han kom innpå 107 meter, full breiside, kom deretter inn på 94meter, stilte seg fint igjen. Og etter noko vurderingar, braut skotet den kjølige morgonstemninga. Bondstriken slo som lynet igjen. Og for ein stilig bukk, fyttirakkern! Ein pen sjutaggar vart finalebukken på mitt polske eventyr. Men alle eventyr må og skal avsluttast med ein rev. Og vi hadde eigentleg gitt oss med lokkinga då ein mikkel kom ut i enden av ein maisåker. Han såg ikkje stor ut på den avstanden. Guiden gav meg eit skråblikk , mumla : "fucking norwegian sniper" med sneipen i munnen. Zeiss sa 193m , eg justerte 5 klikk på ASV, fann stabilt anlegg på skytestokken og finaleskotet gjekk. Ei veke med gode opplevingar, seks råbukkar og tre revar. 9 tomhylser i bagasjen. Norma Bondstrike la samtlege ned i smellen, også reine bogskot. Ein tur der alt gjekk på skinner. Rett og slett.
  23. Med rett type dempar tek det under eit minutt å vedlikehalde. Snekra ein video i fjor, ser den her : -> Youtube Gjer alltid den prosedyra etter tur på skytebana, eller etter jaktturar der det har vore avfyrt skot. Kjøpt i 2017, har gått sine skot både på bane, jakt og jaktfelt. Men ser uanfekta ut innvendig. Ytre påkjenningar er nok ein større trussel.
×
×
  • Create New...