Jump to content

hjortefot.com

Members
  • Posts

    2,617
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    30

Everything posted by hjortefot.com

  1. @NordbergStjerna På 3-12x56 kan du velge ASV, og 6-24x50 leveres kun med ASV.
  2. Burde ikkje denne tråden flyttes til off-topic?
  3. Prisar på dei forskjellige modellane ligg på Magne Landrø AS si nettside. Kjente kjapt på denne rifla i fjor, men altfor lite til å konkludere noko som helst.
  4. Då vart det stang inn etter mykje jobb og altfor få timar i teig. Iskald morgon i skogen. Vaksen kolle på 49kg. Sako Blade 120grain i 6,5 Creedmoor. Frost og heftig brøling i området.
  5. Interessant. Deltok på et jaktfeltstevne med 17HMR for gøy. Norma V-MAX. Eine holdet var villsvin ca 168m Det var rikeleg vind frå høgre. So eg tenkte no mitt. Hadde en enkel eldre tysk kikkert 1,5-6x42 uten ASV , og la derfor siktepunktet godt til høgre i villsvinet og ca 10 cm cm over innersirkelen. Hadde aldri testa over 100m med 17HMR. Det som overraska var at kuledroppen var mykje mindre enn oppgitt frå Norma og kulebaneappen. 4-5cm maks. Vart null innertreff
  6. A-TEC Optima40 vart lansert rett før helga. Eg skal teste den på 223 og 22-250 framover. Lett og hendig. Skal ifølge produsenten være effektiv i forhold til størrelse og vekt. Oppgitt reduksjon på 26 db i .308win Kan komme tilbake med brukererfaringar so fort eg får den i hende, og tid til test.
  7. Den kalven vart felt med 6,5x55 Sako Blade 120grain. Skyttar satte skuddet bak bog, la seg ca 15meter fra skotplassen.
  8. Vi åpna med en liten kalv såvidt over 20kg. Labben til brodern fikk gå på sitt første fall. Litt skeptisk til å begynne med, men så var det kjempestas.
  9. Optima45 Front har blitt min favoritt. Om eg berre fekk behalde ein dempar, så hadde valget falt på den.
  10. Vart forøvrig ein hjortekalv på brodern like etter, en kilometer lenger sør i dalen. Så vi hadde god uttelling på premieremorgenen.
  11. I dag starta hjortejakta i mitt distrikt. Såg ingen hjort. Men eg fekk noko mykje betre og meir spennande enn hjort i siktet Prikken i Zeissen fann treffpunktet i reven 100 meter unna. Ei 120 grains Sako Blade i 6,5 Creedmoor la den i smellen. Veldig fin revetispe på 5kg. Nr 7 hittil i sesongen.
  12. Lite reving i det siste. Mykje jobb. Men fekk i dag testa 22-250'en litt. Skal finjustere og skyte på papp når eg får kloa i den nye Optima 40-demparen til veka. Men ser no ut til at denne Tikkaen også leverer god presisjon rett ut av eska. Blir nok ein fin patron til reving framover.
  13. Kort fortalt, Waterproof digital har alle dei testvinnande eigenskapane til forgjengeren og tåler fortsatt ein dukkert. Men den har i tillegg digitale muligheiter. Noko som vil bli meir og meir vanleg om få år.
  14. @Stihl Crazy Ja. Har gått gradene Og endt opp back to basic. Nå er det riktignok 3 forskjellige varianter. Roughtec, Wideland og til sist ei heilt vanlig T3x m/justerbar kinnstøtte. Tipper den skyter klistrelappsamlinger den også
  15. Forarbeid og strategi lukkast endelig. Er deilig når mange timar med reving gjev resultat. Den store hannreven har trekt altfor mange og superlange strå so altfor lenge. Eg inbilte meg at han hadde auge i nakken og kunne lukte medvinds. Og føle at nokon stirra på han. Lurt meg fleire gongar no i seinsommaren. Strategi: 1. Kaste ut litt hundefor i myrkanten, der han har patruljert tidlegare. 2. Ligge godt til rette i ei lita jaktbu og våke over myra. Comfy-reving under tak er nytt for meg men du verden so behageleg. Etter å ha blunda nokre timar våkna eg, kikka ut gluggen, og der, ikkje berre ein, men to revar rota rundt på myra. Knaska Canagan tørrfôr. Framleis mørkt og lett skodde over myra. Ein stor fin rev på kort hald og ein litt lengre unna. Vaksen den og. Tek den nærmaste først, tenkte eg. Det gjekk berre sekunder før skotet gjekk i slipsknuten, og reven låg som slått av lynet. Den andre reven fekk litt hastverk og strauk til skogs utan å stoppe lageleg til. Flott rev det også. Vi sjåast! Sesongens rev nr 6 for meg var eit faktum. Revejaktlaget har no 14 rev hittil. Kjøpte meg ei Tikka T3x i 22-250Rem denne veka, men pga kaos på jobb har eg ikkje fått tid til å montere opp og skyte inn. Men jaktfeltbørsa, Tikkaen i 223Rem satte en 62grain Fusion akkurat der den skulle. Det gjekk bra, sjølv om bua og glugga var tilpassa ei børse halvparten so lang og halvparten so brei No håpar eg å få testa ut 22-250Rem dei næraste dagane. Om sju dagar startar hjortejakta i storvalda våre. Håpar å kneppe ein rev til før det. Etter 10. September vert Tikkaen i 6,5Creedmoor allrounderen. Funker på rev den også. Og rev prioriteres om begge arter dukker opp
  16. Ville prøvd Norma Oryx , kombier har en tendens til å like denne. Ingen regel uten unntak, men vil tru den går bra i din kombi også.
  17. Forrige helg opplevde eg noko som eg vil unngå å gjere igjen. Ein fin rev kom ned i rasrenna under fjellet, rusla roleg ned i skogkanten. Satte seg fint. Vel 70m unna. Trådkorset fann sitt mål, avtrekket kjentes bra. Godt stødig anlegg. Knallet fra 17.HMR bryt den stille seinsommarkvelden, reven bykser og forsvinn mot meg, bak en liten voll. Ute av syne. Venter litt, i tilfelle flere revar, og går til slutt opp for å hente reven. Der var ingen rev. Ingen spor av rev. Det er blitt mørkt. Gjer søk med lykt. Og saumfarar området med ein innlånt termisk spottar. Ingen rev. Burde ligge der. Avslutter, reiser heim. Sover dårleg. Tenker at der ute kan det faktisk gå ein skada rev. Venter på dagslys. Reiser til staden og søker i fullt dagslys. Reknar med at han ligg i nærleiken. Leiter lenge, under gran, oppi ur. Ingen hår, null blod. Traff eg? bomma eg? Den naturlige fluktvegen endar i ei stikkrenne og eit grovt rør som han kan ha gått inn i, vel 50meter frå skotplassen. Eg har skote fem revar med 17HMR hittil i sommar. Den har jo virka. Hissig liten rakkar. Presis og nydeleg å skyte med. Behageleg. Men det her var truleg siste revejakta med 17HMR for min del. Den vert no degradert til ravn og kråkejakt. Eg vil ha betre effekt på reven, og aller helst ingen tvil om treff. Og då må ein erstattar inn. Og den kom i dag. Satsar på å finne att godfølelsen og gjere revejakta great again.
  18. Litt flaks må ein ha. Litt for langt skothald og forsvinnande lys. Farlig mørkt. Men der kom ei hjortekolle og jaga den inn på ca 70meter.
  19. Sjakktrekk Om vinteren blander du 5L vann og hundefor. Fryser det ned og setter ut isklumpen på åteplassen. Eg fiskar makrell i fjorden. Dei høgg på kvart kast akkurat no, og er fint på åteplassen
  20. Då klarte eg endeleg å overliste ein fullvaksen hannrev. Hadde god vind, godt anlegg i liggande stilling. Fekk breiside og sikker bakgrunn på ca 70m hold. Eit par byks og stille vart det. Vekt rett under 10kg. Lang og tynn i kroppen, fluffy hale. Fantastisk vakre dyr dette. Sesongens fjerde med Bergara 17HMR , Norma V-MAX.
  21. Etter ein periode med litt stang ut (les: for lang avstand og vindstøkking) og mange observasjonar utan skotmogelegheit snudde det endeleg. Rett plass, rett tid. Bergara BMR Carbon med Norma V-MAX i 17 HMR.
  22. Flytsona. Først skjøt kompisen en ungrev , på vei tilbake åpenbarte denne seg på en berghammer i siste dagslyset. Og da knalla Bergaraen min igjen. Norma V-MAX i 17HMR fungerer.
  23. Hadde skikkelig stang ut i forgårs. Støkka to rever på ca 150 m hold. Så i går kveld sat eg ca 147 meter nærare staden revane kom luskande. Reven er vanedyr. Fikk denne inn på 3m hold. Og Bergaraen med Norma V-MAX i 17HMR gjorde sin jobb.
  24. Var berre denne bukken som lot seg lure av musepip i dag
×
×
  • Create New...