Jump to content

hjortefot.com

Members
  • Posts

    2,617
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    30

Everything posted by hjortefot.com

  1. Spennande. No gjekk pulsen litt opp
  2. Etter ei jul prega av høg feber og lungetrøbbel, samt lange arbeidsdagar etter nytt år, var det so som so med motivasjonen for å vabbe i djupsnøen for å få spent opp mårfellene etter fredningstida. Men manna meg opp og fekk klargjort nokre av dei som står nærast skogsveg forrige søndag. No slo været over, og då vert det ofte høg aktivitet. So i natt lot ein hannmår på 1,6kg seg friste av bivoks i syningfella.
  3. Då var nedspenningsrunden på fellelinja i det nye fangstområdet unnagjort. Og blir litt gira når det er heilt ferske spor under eller rett forbi samtlige feller. Men julefredning er julefredning Og no kan måren få meske seg i ei veke Gleder meg til neste år God jul !
  4. Fann to nye spor i dag, og to feller er komt på plass. Her ser du mårspora på bakken. Har trua på denne plassen. Det er ei Belisle120 i kassa. Veldig aktivitet for tida. Mykje spor av ekorn, rev, mår og hare i heile dalføret.
  5. Slike trådar er bra for å opplyse om konsekvensane ved å ikkje skru av demparen etter bruk. Krutgassar og fuktige omgivelsar er dårleg mix. Eg gjorde sjølv same tabbe i 2007 , gløymde å skru av etter skyting i fuktig vær. Fekk kjeft av børsemakar Heldigvis hadde ikkje krona på pipa tatt skade. Og Hausken sende nytt ytterrør omgåande, sjølv om det var min feil. No er salg av dempar mitt daglige virke, og det siste kunden får forklart før han/ho forlet butikken er: Demparen skal av når rifla ikkje er i bruk. Lagrast luftig og tørt. Pleier å anbefale å ha litt fett på gjengene med jevne mellomrom. Personleg brukar eg A-lock på alle rifler no. Då vert orket med å skru av, pittelitt mindre Håpar du får av demparen ️
  6. Satsar på at gåva frå mentor og birøktar gjev endå fleire mår i fellene. Åta opp ei fellerunde i dag før snøfallet kjem i natt.
  7. Der sat første måren denne sesongen. Nytt terreng. Har vore mår innom fella kvar natt denne veka. I går kveld lurte eg inn ein klump med bivoks. I dag tidleg hang ein ung hannmår i fella.
  8. Kråke skyt eg sjeldan. Ravn og kråkefugl generelt er ganske harde predatorar på skogsfuglbestanden. Derfor.
  9. Ein ravn som ikkje heilt forstod alvoret før det var for seint. Hadde kombien i sekken, så den følte seg nok trygg. Kom innpå vel 35meter. Satt meg ned i knesnåande, fiska ut børsa fra sekken og 30 gram Sweet Copper #4 gjorde jobben. Har alltid med kombien på fellelinja, for akkurat sånne jaktopplevelsar.
  10. Protrap (syningkopi) og duke er altså helt ute. Ingen bombe. Men at Kania og Haugen er utelatt det overraska faktisk.
  11. Ikkje mår, men fangst er fangst. Perfekt slag. Den blir fin som åte i ei 120 kasse eg har lenger oppi fjellet.
  12. Hadde kjøpt en T1X i 22LR eller 17HMR til mengdetrening. Og brukt T3'n på jakt. 6,5 Creedmoor er ein nydeleg allroundpatron med suverent utval i fabrikkpatronar. Då får du ei treningsbørse med lik stokk som jaktrifla. 22LR-ammo er nesten gratis, og 17 HMR-ammo er rundt 6-7kr smellen. Og finn du ut at du i framtida vil ha en betre stokk, so vil GRS passe på begge. Lykke til.
  13. hjortefot.com

    Bergara

    Rakk litt testing i dag. Min BA13 ser ut til å like Norma Whitetail 150grain best. Den blir revepatron. På matvilt er nok Oryx Silencer og Ecostrike eit langt betre valg
  14. Hei. Dette er lenge sidan. Brukte kontantkort i mitt kamera , datasim fantes ikkje den gongen.. Meiner og at dette kamera gikk på 3G, som er utfasa. Ville heller vurdert et nytt kamera. Mvh Kristian
  15. hjortefot.com

    Bergara

    Spent på korleis disse går i BA13 Vert testa so fort eg får nokre timar med dagslys.
  16. hjortefot.com

    Bergara

    Fekk sovidt testa nokre skot. Norma Ecostrike 150grain. Første skotet (klistrelappen) Justerte, og tok 1 skot. Justerte på nytt og tok 4 skot på rappen. Heilt ok samling. Gjekk nesten på 1 klistrelapp. Litt klatring, kan skuldast ulikt press på forskjeftet. Hadde ikkje med målebånd, og bomma litt med klikk då eg er vande med cm-klikk. Gløymde jaktmatchpakka heime, so det vart med dette. Blir fort dyrt å fyre ei pakke Ecostrike. Skal teste meir framover når tida strekk til og om eg har dagslys. Vil og teste om ulikt press på forskjeftet kan gje avvik, har lese at nokon har opplevd dette. Og då må det testast. Trur og at eg flyttar over ein eldre Zeiss 1,5-6x42 , for å få betre synsfelt. Må rokkere litt i systemet
  17. hjortefot.com

    Bergara

    @Skaubjønn Det skal eg gjere. Rifla er tung i forhold til storleik ja. Hadde mest lyst på ein kipplauf, men det vart ei spansk knekkbørse i staden. Oppdaga behovet for ei kort rifle då eg måtte forsere ørten vindfall og spooky ur. Dei andre riflene mine er relativt lange og har store kikkertsikter. Også litt kjekt ha ha noko som vert ein rein bruksgjenstand og smett lett ned i sekken. Mekanismen med oppspennarhane er difor også eit pluss. Står på ein lett Zeiss Terra 3-9x40 og A-TEC Optima40 med ein modul, lett den og. Eigentleg skulle eg hatt ein Classic / Diavari V 1,5-6x42 på denne rifla. Har jaktmatch og Ecostrike først ut. Men har sett div videoar av at disse spanske frøknane likar Oryx 165 og Whitetail 150grain og superlette Evostrike best. Foretrekker monolitisk kobberkule til matvilt. Så håpar at Ecostrike leverer godt nok.
  18. hjortefot.com

    Bergara

    Bergara er solid og presis Dagens innkjøp. Noko måtte skotpremiepengar brukast på. Garderoben mangla ei kort og presis "sekkerifle" til hjorteura. Gledar meg til å prøve
  19. Nokon her som har testa presisjon i BA13 i 308WIN 51cm med 1:12 riflestigning? Tenker først og fremst på fabrikkpatronar.
  20. Måtte berre sjekke utvalet på eigen arbeidsplass. Er absolutt ikkje meint som snikreklame, men finn det noko relevant for tråden. Resultat: Greit utval i jaktpatronar , no var rett nok Norma Evostrike , Hornady V-Max, Geco Express, Lapua Naturalis, Federal Terminal Ascent, Sako Deerhead, Sierra Tipped Gameking, RWS Speedtip Pro tomt på lager. Men kjem nok inn att neste år. Det fins mange andre typar jaktammo, frå mellom anna Sako, Federal, Hornady, Sierra, RWS og Geco. So, ein fin jaktpatron med godt utval , utan tvil. Norma Ecostrike 120grain er også venta inn til landet om få dagar, den gledar eg meg til å prøve. Det stemmer absolutt at 6,5 Creedmoor ofte ikkje er å få kjøpt på skytebana, men det gjeld også for meir innarbeidde patronar som 223 / 243win/ 8x57IS/ 9,3x62/ 270Win Nok ein gong, lukke til med valget, du vert nøgd uansett
  21. Hadde ein fin tur under foten av fjellet. Uheldigvis kasta vinden forræderisk, og hjorten stoppa på trygg avstand. Det var her dei skulle passere, eigentleg. Finaste årstida. Ein som har bukka under for nokre år sidan, og blitt eit kunstverk. Satsar på ny tur og nye forsøk på søndag
  22. Har begge. Favoritten min av disse til jakt er 6,5Creedmoor. Godt utval i moderne jaktpatronar, herunder rimelege amerikanske. Fint for oss som ikkje har tid/råd til å lade sjølv. Favoritten av disse til elgbane og jaktfelt er 6,5x55 , pga rimeleg skyttarlagsammunisjon. Pr no ligg 6,5x55 litt bakpå på blyfrie alternativ, men det kjem seg nok. Begge gjer jobben meget godt. Den einaste ulempa med den amerikanske 6,5'en er at mange ikkje klarar å skrive Creedmoor korrekt Lykke til med valget.
  23. Forrige søndagen var det tid for litt klatring igjen. I nydeleg terreng. Vi kom kjapt innpå skytbar hjort då vi kom opp i tregrensa etter en times gange. Ein fin kalv rett bak kolla på bildet. Men planen var å bruke dagen og gå høgt i terrenget. Det vart litt for kjapt rett og slett. Kunne jo heller ta med ein hjort på vei ned Og utsikta var meget bra. Børsa kom omsider ut av sekken då vi skulle forsere nokre "hotspots" på veg ned frå fjellet. Hatar eigenleg å gå med sekk, men den her var verkeleg god i bæresystem og komfort. Men knaseføret ned i lia gjorde smygjakta komplisert, for å ikkje sei vanskeleg. Koller og kalvar oppdaga oss først. Gjorde seg med ein kvil under ei furu. Sola varma godt i lia etterkvart. Ein ung og ikkje skytbar titaggar syns at kvistknekk var spennande, og kom på ein snarvisitt på kort hald. Det vart ikkje noko fall, men mange gode opplevelsar.
  24. Forrige laurdag var ein god dag i hjortelia. I ekstrem kastevind valgte vi rett taktikk. Tre skytterar utplassert, og ein som sakte snikjakter seg gjennom terrenget. På få minutter med snikjag låg tre hjort i lyngen. 2 er skote med Sako Blade 6,5x55, og den siste fall for TTSX i 150grain i 308win. Alle på hald under 50m
×
×
  • Create New...