Jump to content

Tomkat

Members
  • Posts

    74
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Tomkat

  1. http://www.archeryelements.com/" target="_blank Kjøpte min X-Force Vendetta her. Tar betaling via Pay pal .Gode prisar og grei å kommunisera med via mail.
  2. Hallo Kriegh. Syns ikkje du skal ha det minste vondt av verken "feilskytinga" eller dei tross alt få bødlane (eller var det bodlane) her som likar å hengja folk for den minste ting. Ut frå bildet ditt vil eg påstå at den som seier dette ikkje kunne hendt han eller ho er løgnar eller ikkje jeger.Dette har hendt meg sjøl og , men har vore heldig og hatt løyver ledige slik at det ikkje har blitt feilskyting av det. Men det har ramla to slike knollabukkar i løpet av dei åra (25) som eg har jakta i den tru at det var koller. Ein skal ikkje dømma ein mann for ein feil han gjer men korleis han taklar feilen etterpå. Og det ser det ut for at du har gjort bra.
  3. Litt spesiell reinsjakt i år. Har sjeldan gått så lange og mange turar for å komma i mål og når det først klaffar får kona og eg tre dyr på to dagar innanfor eit område som ikkje er større enn ein halv kilometer i diameter. Og me ser nesten heim.
  4. I Danmark kan du jakta dyr opp til og med rådyr som største vilt. På Åland kan du jakta alt vilt utanom elg. Kva du kan jakta i Finland veit eg ikkje men det vert arbeidt for å få jakta større vilt der. Veit at skogsrein som dei har der borte står på ønskjelista. I Sverige er det vel ikkje heilt avklara korleis det blir men me får forhåpentligvis svaret snart.
  5. http://www.huntersfriend.com/drawlength.htm Hvis eg var riktig flink no så vart dette kanskje ein link du kan klikka på Hvis ikkje så finn du den under teknikk på NBJF.net
  6. Brukar du berre loopen må den nok sikkrast med lim ja. Når eg kjøpte bogen min var den sett opp slik som bildet til Skaumann viser. Fekk problem med at pila løfta seg frå pilhylla under opptrekk. Sannsynlegvis var den litt for trang . Har no fjerna den nederste ringen og det fungerer fint.
  7. Tok IBEP prøven i Ulvik og kan skriva under på at den "nye" skyteprøven tek ein ikkje sånn utan vidare. Og dei kortaste holda var definitivt dei vansklegaste. Med så liten treffsone som på and skal du ikkje blingsa mykje før det blir bom. Og oss som slit litt i "må prestera situasjonar" må faktisk ta seg sjøl i nakken og fokusera for å komma gjennom nålauga. Utan seriøs trening og forberedelsar trur eg dei aller fleste kan gløyma å få godkjent. Men ein lærer iallefall ein del om verdien av målretta trening. Og det er lærdom ein med fordel kan ta med seg over til riflejakta og.
  8. Tomkat

    Langbue

    Såg eit program på Discovery om desse langbueskyttarane. Dei hadde åpna ei grav der dei visste at det låg levningane av bogeskyttarar frå eit eller anna slag. Det viste seg at skjeletta var deformerte av belastninga frå skytinga.
  9. Dersom du er ute etter compoundbue er nok ikkje Tradbow beste plassen. Ola driv helst med lang og recurvebogar. Gå inn på www.nbjf.net Buejegerforbundet si heimeside. Under lenker her finn du forhandlere av bueutstyr. Prøv Arve O Vestgård, Cato's buesport. Midtnorsk buesport, eller Humlekjær Archery. Vil tru at ein av dei kan hjelpa deg.Men ikkje dropp releasen. Den treng ikkje vera så dyr. Lykke til.
  10. Her finn du bilder av mitt første prosjekt. Kjøpte deler til lamineringspresse og tegningar frå Bingam projects. http://www.nbjf.net/Tomkat/
  11. Eg har holdt meg utanfor desse ulvetrådane hittil fordi eg ser tydleg at her er meir følelsar enn fornuft i sving. Spørsmålet er vel kven ein skal gi mest rett, dei som vil ha ulven eller dei som må ta ulempene med å ha den. Norge har (trur eg ) rett og slett ikkje store nok villmarksområde igjen til at me kan ha ei stor nok ulvestamme til at den er levedyktig, utan at det blir konflikt med menneske. Grunnen til at mange er ivrige forkjemparar for ulven er (igjen, trur eg) symbolverdi og at det ligg eit lite sus av villmark over den og at me har ein hang til dei som er høgt oppe på næringskjeda. Ikkje at den er spesielt imponerande. Hjort og rein er vel ikkje nett mindre imponerande dyr. No har ikkje eg noko problem med ulv her eg bur så eg klarer vel å forholda meg sånn nokonlunde nøytral, men min sympati går nok til dei som må bera ulempene med å ha den her.
  12. Ser at det er eit eige underforum for foto så at ikkje bogejakt skulle vera kvalifisert for eit eige underforum kan eg ikkje sjå. At det blir meir rotete med mange underkammer er eg ikkje einig i. Det blir faktisk enklare å finna det du spesifikt er ute etter. Har stemt for.
  13. Det var ein som budde i jordgamme eit år i fjellet i området rundt Kvitanosi i Voss for ein del år sidan. Kjell Herheim. Vi Menn hadde ein artikkel om han. der hadde det sikkert vore mulig å få ein del tips.
  14. I dette innlegget fann eg ein del moment som gjer at eg vågar meg frampå med eit forslag. Har sjøl vert på buejakt med Hamish Skead frå Lowlands Hunting Safaris Desse karane er vant med å smyga seg svært nær viltet om det er nødvendig. Her treng du ikkje bekymra deg for lange skot om du ikkje ynskjer det. Når det kjem til jaktmoral og etikk treng du heller ikkje bekymra deg. Her finst ikkje noko press på å skyta. Skal sjøl ned att til dei i august. Kan formidla kontakt.
  15. Ja, T/C Contender er jo et hyppig brukt våpen til kriminelle handlinger... Dårleg formulert frå mi side. Bytt ut "den typen våpen" med pistol eller revolver Spør nokon utan kunnskap om håndvåpen om forskjellen på ein revolver og ein contender så blir svært mange om ikkje dei fleste svar skyldig.
  16. Det må i tilfelle vera den minst resultatorienterte tjuvjegeren eg har høyrt om. Rifle med lyddempar er eit mykje meir effektivt redskap for dei som måtte driva i den geskjeften. Vart faktisk overraska over kor effektiv ein lyddempar er då ein nabo stilte med det på reinsjakt. Synest eg ser ein som skyt f.eks. frå bil med langboge eller annan boge for den saks skuld. Problemet for dei som ynskjer å jakta med håndvåpen er vel at den typen våpen ofte er i bruk i forbindelse med kriminelle handlingar. Og desverre er det altfor ofte slik i dette landet at det er dei lovlydige som får svi kvar gong myndigheitene skal laga ei lov som er mynta på dei kriminelle. Trur neppe at den som skal rana ein bank tek seg bryet med å søka våpentilatelse.
  17. Flott Det beste og enklaste du då skal gjera er å melda deg inn i Buejegerforbundet.Det begynner etter kvart å bli ein heil del lokale avdelingar slik at det er lettare å få kontakt med miljøet. Du finn det meste på www.nbjf.net
  18. Desse trådane med bilder frå Afrika er vel dei eg er oftast inn og kikkar på. Skrytebilder blir for meg litt feil betegnelse. Det er vel etter kvart såpass mange Ola Jeger som har hatt seg ein eller fleire turar at det ikkje lenger er så spesielt.Det viktigaste er vel at ein har ofra mykje og venta lenge for å få oppleva dette. Derav og eit ønske om å dela det med andre. Og for å sei det slik, eg har enno større glede av å sjå andre sine bilder no etter at eg har fått gjennomført to turar sjøl. Kanskje eg var litt misunleg eg og
  19. Kan ikkje sjå at det er noko gale i å ta bilder av vilt ein har felt enten det er lite eller stort, så lenge ein ikkje står eller sit på dyret eller på annan måte nedverdigar dyret. Har sjøl både bilder og trofe på veggen heime.Har heller ingenting imot å fortelja historien bak hvis folk er interesserte vel og merka. Skyt du f.eks. ein flott kronhjort kan eg ikkje sjå at det er bedre å slengja geviret i ein krok på låven eller i garasjen enn å få det stoppa ut og plassera det på veggen. Heller tvert imot. Og dei få afrikanske dyra eg har på veggen er for meg viktige minne om storslåtte opplevelsar som ein faktisk har ofra mykje for gjennomføra. Ville ikkje vore dei forutan. Det er imidlertid eit must at kjøtet blir brukt.
  20. Har i fleire år stramma kraftig inn antall jegrar i vårt område. Vårt terreng er delt i to. område 1 er adskilt frå andre terreng av nærøyfjorden og dalføre med bebyggelse. Den andre ligg inntil nabovald som ikkje har tatt grep før no i år. Her er me no einige om totalfreding med det eine området.Tilbakemeldingane me får frå jegrar som var i område 1 for 7-8 år sidan er at bestanden virkar å vera stabil. Nabovald som har vore meir ukritisk til antal jegrar er så å sei tomme for fugl. Tolkar dette som at resultatet av at me tok grep tidsnok er at me idag fortsatt kan henta nokre kroner ut av dette, og jegrane virkar og fornøyde. Meg bekjent har ingen reist heim utan fugl. Har og fått tilbake ein bestand av orrfugl ved hjelp av freding, så det er ei form for tiltak som ser ut til å fungera. På lang sikt vil dette og gi jevnare inntekt for oss grunneigarar. I samtale med vetrinær kom me innpå eit prosjekt som vistnok har sitt opphav i Skottland. toksoplasmose som me kjenner til frå sauehald skal vistnok og ta livet av ein heil del rypekylling og . Dette har vore forsøkt motvirka med å legga ut grus som rypene plukkar for å ha i kråsen. Grusen er tilsett preparat for å ta knekken på toksoplasmosen. Problemet så langt eg kan sjå er utlegging av medikament i terrenget. Dersom nokon veit meir om dette hadde det vore veldig fint med tilbakemeldingar
  21. Hallo Sleit sjøl med det samme problemet tidligare før eg fekk kontaktlinser. Løysninga når det gjaldt hagleskyting vart rett og slett å legga om til links. Venstreauga var nemelig ok. Det krevde ein del trening men gjekk egentlig enklare enn eg trudde. Skyt fortsatt links med hagla sjøl om eg no har kontaktlinser som gir 100% syn på høgre auga og. Ellers vil eg anbefala deg å sjekka litt forskjellige optikarar eller kontaktlinseinstitutt. Har sjølv brukt 4 forskjellige opp gjennom åra. Berre så det er sagt. Det er stor forskjell på både kunnskap og kor mykje dei legg i jobben. Dei eg brukar no er litt dyrare men har fått veldig bra resultat.Frå eg begynte med eindagslinser har det og vore store framskritt når det gjeld å korrigera skeive hornhinner. Lykke til
  22. 30. sptember til 13. oktober får x-force og eg besøk av Hamish Skead og Sean Bosse frå Lowlands Huntung safaris i Kwa Zulu Natal. Me hadde med film av reins og hjortejakt ned til dei og dette var tydlegvis like eksotisk for dei som SA er for oss. Det enda med at det vart ordna ei hjortejakt og karane kjem på sitt forhåpentligvis første av fleire Norgesbesøk. I denne forbindelse vil me og prøva å få til to arrangement der folk som er interesserte kan få sjansen til å møta dei. Eit i Ulvik der me håpar å kunna arrangera eit 3D bogeskytingstevne pluss ein sosial (Safari) kveld. Prøver og å få til ein kveld på Voss med litt video og bilder og litt uformelt samvære og prat. Her burde kunna bli litt for alle då Lowlands har både boge ,rifle og håndvåpen jakt. Kjem tilbake med meir når opplegget har fått litt meir kjøtt på beina. http://www.lowlands.co.za/ Her er og ein link til ein historie frå vår tur i februar som Hamish har lagt ut på si heimeside http://lowlands.co.za/blogcms/
  23. Må faktisk innrømma at eg er ein av dei som blir stressa dersom ikkje prøven sit i første forsøk. Faktisk såpass at eg ikkje bryr meg med å prøva ein gong til den dagen. Har skjedd to tre gonger. Veit om mange dyktige jegrar som lar seg stressa av prøveskytinga men stødige og rolige under jakt. Ser og folk som skyt glimrande på prøven men som klikkar totalt i ein jaktsituasjon. Ingenting av dette kan direkte relaterast til antal treningskot. Men med tanke på prøveskytinga vil eg tru at det må hjelpa å skyta ein del skot på bana saman andre for å bli van med å skyta i andre sitt påsyn.Trur at ein heil del av problemet for mange ligg nettopp der. Den perfekte jaktprøven er det nok ei stund til me ser enno. Med dagens opplegg dokumenterer ein berre skyteferdigheit og ikkje "jegerferdigheit" som omfattar langt meir enn berre skyting.
  24. Når det vart søkt om skadedyr her i området fungerte det slik at du fekk jakta f.eks i juli eller august men det du skaut gjekk av den ordinere kvoten. dermed disponerte rettigheitshavaren kjøtet.
  25. http://www.lowlands.co.za/ Denne er absolutt verdt å vurdera. Var der i februar. Dette er ikkje den mest luksuriøse plassen du kan reisa, men standarden er god i massevis. Store varierte jaktområde. 3,5 timar køyring frå Johannesburg. Ligg i Kwa Zulu Natal ca ein time nordvest for Durban. Prismessig sånn midt på treet vil eg tru.Iallefall ikkje over. Men du får garantert valuta for pengane.
×
×
  • Create New...