Jump to content

Tomkat

Members
  • Posts

    74
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Tomkat

  1. Gutungen har jaktlukka med seg i sin første sesong. 2 harar og 1 rev så langt. No har me lyst å prøva å speka lår av hare. Er dette trygt. Mykje prat om smitte eller er dette overdrive? Evt frysast ned ein runde før salting.
  2. http://www.buesport.no/display.aspx?menuid=-1002 Tustna på Nordmøre. Er vel det nærmaste
  3. https://www.barnesbullets.com/information/load-data Er litt fersk heimeladar som ikkje tar alt eg finn på nettet for god fisk. Så mitt spørsmål er om den linken over her er påliteleg. Skal prøva 150 gr TTSX i 308.
  4. No er eg tilfeldigvis grunneigar og har solgt eit og anna løyve .(rein og hjort) Tek gjerne eit bilde, men at jegeren ikkje skal behalda trofeet virkar heilt på trynet. Og om det ikkje er avtalt på førehand er det mildt sagt uhøyrt.
  5. Nei egentlig ikkje . For å ta ein riflemodell som f.eks. Remington seven (har hatt ein sjøl) så er den langt meir krevande å skyta godt med enn ein 700 med tyngre og lengre løp. Skulle 7aren vore forbudt fordi den er vansklegare å skyta med og det krevde atskillig fleire treningsskot for å skyta godt med den?? slik er det med bogen og. Vil ikkje sei at den er så steike vanskelig skyteteknisk, den krev kort og godt berre meir trening for å skyta godt. (mulig eg legg noko anna i ordet skyteteknisk )
  6. At massane skulle begynna å jakta med "suboptimale buer og dårlege jaktpiler" er nok heller lite sannsynleg. Det har vel aldri vore snakk om noko anna enn at ein skal ha ein skyteprøve der lista ligg såpass høgt at dei som kjem gjennom den er absolutt gode nok skyttarar. Og det fordrar såpass med trening når det gjeld boge at ein nok kan definerast som "spesiellt interessert". Når det er sagt så har eg sett plenty dugelege skyttarar som har absolutt ingenting på jakt å gjera.
  7. Hvilken dag/er erfarte du var billigst Flytta heimreisa frå laurdag til fredag denne gongen og det utgjorde ca 1700 pr pers. Så langt eg har sett bør ein unngå avreise ogg heimreise på helgedagar. Fekk forsåvidt tips om dette i forkant av turen og.
  8. Hei Er akkurat heimkomen etter tur til SA. Oppdaga då eg søkte etter billettar på nettet at det gjorde store utslag på prisen kva vekedag ein reiste på. Faktisk så mykje som 1000 - 2000 pr person.
  9. Har ein kamerat som fortalte meg om samme problemet. Han har tatt med seg mine og skal fylla dei med parafinvoks trur eg det var . Snakka og om lakkering slik som Bukken nevner
  10. Har eit hjortelår på 9,4 kilo. Skal ifølge denne tråden ligga vel 7,5døgn i salt. Brukar folket sukker på kjøtet før de legg det i salt?. Gjer det på reinsdyrkjøt ( fuktar det og drysser på så mykje sukker som heng på kjøtet) for at det ikkje skal bli hardt. Har ikkje prøvd hjort før til speking. Korleis virkar evt lavare temp på tida?
  11. Samme gamle runddansen??? Har du ikkje fått med deg at 1. NJFF stiller seg bak søknaden om prøvejakt. 2. DN har anbefalt prøvejakt. At Dyrebeskyttelsen seier det samme i dag som for 12 år sidan. noko anna skal ein ikkje forventa. Bruka tid og resursar på å få Dyrebeskyttelsen til å skifta meining vil vera bortkasta. Dei har sitt standpunkt som "står til Dovre faller". Navnet deira er ikkje heilt tilfeldig valgt. Eg synest du skal slutt å kritisera og vera negativ. Eg kjenner dei fleste i Styret og veit at det har blitt og blir gjort ein formidabel jobb. Ta kontakt med dei og hjelp til eller kom med konstruktive forslag. Ta deg ein tur på bogejakt og skaff deg erfaring. Då er det langt enklare å argumentera truverdigt for bogejakt. Eg var sjøl i tvil før eg reiste på min første tur. Er ikkje i tvil lenger.
  12. Tomkat

    Buejakt !

    Vil begynna med å bekrefta at knall og fall skjer med pil og. (Gary Bogner - Passport to Africa 4 og Africas Best Bowhunts Vol.4 og 6 viser fleire) Faktisk vil eg sei at eg er meir skeptisk når det blir knall og fall med kule. Pila må nok ha eit direkte treff i ryggmarg for å forårsaka dette medan kula som avset mykje meir energi i dyrekroppen kan f.eks. ved treff i nærleiken av ryggmargen medføra midlertidig lammelse og dermed knall og fall , før dyret reiser seg at og forsvinn (forhåpentligvis midlertidig det og). Dette blir nok litt hypotetisk og maks uflaks men Murphys lov er no ein gong Murphys lov. Største fordelen med bogejakt slik eg har opplevd det (dette kan og muligens gjelda håndvåpenjakt men det har eg ingen erfaring med) er at bogejakta har lært meg verdien av TRENING. For med bogen finst det ingen snarvegar. Her er det og at argumentet om tjuvjakt mister tyngde. Her må det trenast. Treningskulturen ein opparbeider som bogejeger har utan tvil gjort meg til ein bedre riflejeger og. Skal innrømma at eg var ein av 30 skotsklubben før eg fekk boge
  13. Sit og søker etter billettar til SA til vinterens jakttur. Eit av alternativa inneber mellomlanding på Heathrow på heimturen. Her er det snakk om bogar og ikkje skytevåpen. Utreise via Munchen. Fristande å ta sjansen pga prisen men blir litt klam under armane ved tanken på Heathrow og alt ein har høyrt om den i forbindelse med jaktturar. Nokon som har ei formeining om det er verdt å ta sjansen? Kva med jaktspissar i kofferten?
  14. Må sei at eg synest slett ikkje det er laber aktivitet i bogejegermiljøet. På første sida på dette forumet ligg det innvitasjon til tre 3D stevner pluss eit par initiativ til å få i gang lokale klubbar. Det kan ikkje vera så verst for eit miljø som er på denne størrelsen. Mitt største irritasjonsmoment oppi dette er at eg ikkje klarar å få tid til så mange av stevnene som eg skulle ynskja. Berre ein måte å øka aktiviteten på. DELTA PÅ DEI STEVNE OG ARRANGEMENT SOM BLIR ANNONSERT.
  15. Har brukt Nite Hawk på min Vendetta og det fungerer fint. Men ser at ingen foreløpig har nevnt at du bør kanskje ta ein bommulsdott og stryke over lemmane på bogen. Det vil avsløra om det har blitt sprekker i den. Det kan forekomma i slike tilfelle.Bedre føre var.
  16. Veit ikkje om Wolverine67 er medlem i NBJF men om du har Buejegeren nr3 for 2010 er der eit bilde av ein NAP razorbak spiss som seier det meste om kvaliteten. Den er regelrett gått i filler etter treff i bein i ein blesbuck.
  17. http://www.merrell.com/SE/sv/Men-Footwear-Boots-Hiking" target="_blank Eg har brukt sko i denne kategorien på tre turar og er veldig godt fornøyd. Den som eg har brukt er ein eldre modell av den som heiter Refuge Core Mid Ventilator. Kikka nett på den du hadde link til i første innlegget og det vert jo i samme gata
  18. Må vera meir indianarar her i landet enn eg trudde. Kan vera ei forklaring på at det vert slik ballade fordi ein luring skaut eit kvitt dyr.
  19. Måsabjønn ta deg ein tur på eit 3D stevne. Trur du vil endra meining etterpå.
  20. https://www.facebook.com/#!/photo.php?fbid=275366779147458&set=a.102302279787243.5530.100000224156135&type=1&theater Tobie Van Der Westhuizen frå Sør Afrika med bukk skoten på Vikafjellet 21 aug.
  21. Må nok bytta heile bogen om det ikkje er ein take down modell. Ein TD kan du bytta lemmer på. Om dei sel lause lemmar til modellane som er laminert i tre og glassfiber veit eg ikkje men det kan du heilt sikkert få svar på hjå Tradbow http://www.tradbow.no/
  22. Litt forsiktig no. Dei X-force modellane som har damper Limbpockets (ikkje heilt sikker på rettskrivinga her), skal IKKJE skruast heilt i bånn. Anbefalar at du sender ein pm til karen som kallar seg x-force på kammeret og får han til å gi råd. Han kan x-force .
  23. Er det mulig å få sånn liker knapp her slik som på facebook Trur dette er det beste innlegget eg nokon gong har lest her
  24. Ikkje den største kuduen men den er tatt på smygjakt med pil og boge i august 2010. Jakta hos Lowlands ved Estecourt. Ligg vel ikkje så veldig langt frå Driefontein Rhino? Ligg ikkje den ved Ladysmith?
×
×
  • Create New...