Jump to content

Tomkat

Members
  • Posts

    74
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Tomkat

  1. http://www.njff.no/portal/page/portal/n ... ypage=TRUE Aldri sei aldri Ole-Johan. Når folk får sjå og blir forklart kva dette dreiar seg om så er det tydeleg at vi (les:buejegerstanden)kan få støtte dei fleste plassar.
  2. Det danske miljøministeriet Skov og Naturstyrelsen har laga ein statestikk over tidsrommet 1999-2007. Denne er laga på bakgrunn av opplysningar frå både jegrar og ettersøkspersonell. Den viser at rifle og bue kan sidetillast når det gjeld skadeskytingsfrekvens, mens hagle ligg vesentleg høgare. Prøvde å finna ein link til denne undersøkelsen. Kanskje nokon har den linken. Hugs og at når du finn pila vil du med ein gong kunna konstatera om det var ein rein bom eller om du har vore borti dyret.
  3. Den ammunisonen du snakkar om her er eit resultat av folk sin opptreden med våpen og ikkje våpenet som sådan. Det er diverse trådar inne på dette forumet om "uheldige episodar " med skytevåpen under jakt. Elg som vart skoten i nærleiken av bustadfelt. Folk reagerte på smellen så nært hus. Ville ikkje ha skjedd med buejakt. Hjortejegeren som skaut var det 5 eller 6 hjortar på nokre minuttar og skapte overskrifter og diskusjon. Ville ikkje skjedd med buejakt. Vil berre presisera at dette ikkje er meint som kritikk av jegrane i dei to nevnte sakene
  4. Du "trur " me kan skyta oss i foten . Har så langt ikkje sett undersøkelsar som viser at jaktmotstanden har øka i Danmark, Finland eller Åland etter at dei innførte buejakt. Har heller ikkje høyrt at jaktmotstanden i Sverige er på veg opp fordi dei er i ferd med å innføra buejakt. "Våpen som den jevne velger ikke liker". Veit du at det er slik? Har du dokumentasjon på dette? Det er heilt sikkert ikkje problem å få til ei avstemming som vil visa ein massiv motstand. Men det er eit like lite problem å få til ei avstemming som viser det stikk motsatte. Uansett kva ein vil gjera eller få til vil det alltid vera motstand frå enkelte miljø. Det må ein berre akseptera. Så hvis du har gjort deg opp ei meining om at du er i mot buejakt er det ei fair sak. Men hvis du er imot buejakt fordi du trur det kan vera til skade for deg i annan jaktsamanheng blir det for tynt. Du baserer deg på meiningar som du tillegg folk utan å eigentleg vite at det er slik. Det blir heilt feil slik eg ser det. Mi oppfatning av folk flest er at det er stor aksept for buejakta berre dei får sett kva dette dreiar seg om og gjerne sett og prøvd utstyret som blir brukt. Så for dei som har aksept for jakt med kruttvåpen men ikkje med bue handlar det rett og slett om mangel på kunnskap. Når dei får denne kunnskapen snur dei i dei aller fleste tilfelle om. Får me berre spreidd nok kunnskap så inneber dette at det er dei samme som er i mot all jakt som vil vera mot buejakt og. Desse folka vil vera der uansett. Når jegrar er i mot buejakt viser det seg at det som oftast er basert på mangel på kunnskap og litt frykt for det ukjente.
  5. Tomkat

    Riflevalg i .223

    slenger meg med her eg og. Er i markedet for ei .223 rifle. Har kikka litt på Weatherby Vanguard som XXL sel. Har nokon erfaringar med denne rifla som dei kunne tenka seg å dela med meg. Billig men ok ammunisjon med tanke på litt mengdetrening for meg og min bedre halvdel? Kva type og kor får ein beste tilbuda?
  6. Har ikkje kjøpt ghillie men løvkamo frå Nor Team Engros. Skal på smygjakt med boge etter bl.a. oryx. Han me skal jakta hos anbefalte å ta med Leaf suit til denne jakta. Reknar med at han har ein grunn. Brukte den under hjortejakta i haust og. Det fine med den er at den er laga av netting påsydd "løv" og er nokså luftig og elastisk. Den kan fint brukast i varmare strøk pluss at elastisiteten gjer at du bruka den utanpå tjukkare og varme klær under jakt her heime.Bryt godt konturane og har ein overkommeleg pris.
  7. Dersom du ikkje er medlem i NBJF, får du prøva å få kontakt med ein som er (eller bli medlem) . I buejegeren nr 2-2007 er det ein lang artikkel om bjørnejakt med pil og boge. Står og eit par boktips. www.bearhuntingmagazine.com www.bear-hunting.com
  8. Fekk eit tips om at eg hadde tatt feil når det gjaldt "åpninga" av bøffelen. Skal starta med blyspiss og følgja opp med heilmantel om eg forstod rett. I artikkelen eg refererer til står det rett nok heilmantel først. Kanskje her er litt ulike syn . Trur ikkje eg skal ha for sterk meining om kva som er rett eller gale. Som eg skriv er ikkje dette mitt felt. Vil tru at både artikkelforfattaren og "tipsaren" kan vesentleg meir om bøffeljakt enn meg. Poenget mitt var at det er pårekna med meir enn eit skot.Men takk for tipset
  9. Blir mykje snakk om kor effektivt pila avlivar eit dyr. Har sjøl skote 3 antiloper med pil. Impala blesbuck og gnu .Ingen av dei sprang lenger frå skotplassen enn 39 meter. Målt opp. Då er det ikkje snakk om mange sekund. Har skote reinsdyr og hjort med rifle der hjarte /lunger har vore blåst i filler og dei har gått vesentleg lenger. Er ikkje mi meining å sei at det eine er bedre enn det andre. Vil berre fram til at begge deler fungerer i massevis så lenge skyttaren er i stand til å treffa der han skal. I filmen Norske elgjegere i Afrika blir det uttalt følgende: "en kule stopper sjelden en bøffel" Eit anna uttrykk frå bladet Safari er: "det er vanlig å åpne bøffelen med Helmantel og følge opp med ekspanderende... dette er berre sitat . eg har ikkje peiling på bøffeljakt med rifle så eg går ikkje god for påstandane men eg veit at EI rett plassert pil feller ein bøffel.
  10. emonsen skriv: For min del forsøker jeg å få informasjon hvorfor buejakt er så bra. Og da ønsker jeg saklige, etterettelige argumenter, ikke "føleri" om at man er nødt å snike innpå o.l Her er iallefall litt: Null forurensing. pila blir i dei aller fleste tilfelle funnen og tatt med. Ok det er ikkje mykje bly i kulene men det blir sjeldan plukka opp. Minimum av støy. Andre dyr i området blir minimalt forstyrra. Vådeskudd er ikkje tema. Bogen blir ikkje "ladd" før du er klar til å skyta. Mindre problem med sikker bakgrunn fordi pila ikkje går så langt som ei kule kan. Ved skadeskyting (kjøtsår) vil sår etter pil gro både raskare og bedre enn med kule fordi vevet rundt ikkje er "sprengt" pga sjokket eit kuleinnslag skapar. Større sjanse for infeksjon i eit kulesår. Fordi du må så nært blir sjansen for forveksling av dyr ved retta avskyting mykje mindre. Ikkje det tyngste argumentet kanskje men mindre kjøt blir "ødelagt".
  11. Dette er første avsnitt av ein artikkel som stod i Aftenposten 14. juni 1982. Norges Bueskytterforbunds reaksjon på at den nye viltloven utelukker pil og bue som jaktvåpen her i landet, vil sannsynligvis føre til en revisjon av lovparagrafen. Etter en demonstrasjon i Norges Jeger og Fiskerforbund innrømmer generalsekretær Per Søilen at de som høringsorgan for Miljøverndepartementet ikke har vert klar over hvilket treffsikkert og effektivt jaktutstyr av pil og bue som finnes på markedet og hvilken trygg forankring denne sport har i Norges Bueskytterforbund rent sikkerhetsmessig. Etter demonstrasjonen uttalte Søilen : ...har jeg ingen særlige betenkeligheter med å gå inn for at det kan tillates å drive jakt med dette utstyret på spesielle viltarter
  12. Trur ikkje at du er vrien.Kva for måleeinheit ein skal bruka er eit godt spørsmål. Men hugs at dei aller fleste buejegrane er eller har vore riflejegrar og. Slik at me har eit samanlikningsgrunnlag. Men det er ikkje lett å beskriva det . Det går på følelsar. Men folk er som kjent forskjellige.
  13. Har ei Baikal o/u med to avtrekkarar. denne blir ikkje levert med lause chokar. Kan nokon sei meg om det er mulig å kjøpa løp med lause chokar til denne . Veit at baikal med ein avtrekkar kan leverst med lause. Kan dette løpet brukast på modellen med to avtrekkarar?
  14. Blir vel rivd litt med , og då er det ikkje alltid like lett å få fram dei rette orda Men M67 har klart det. Sluttar meg heilt til det han skriv.
  15. Kanskje eg formulerte det litt dårleg når eg beskreiv stillinga som ein opplevelse og skotet som ein . Så lat meg seia det slik at stillinga er ein like stor del av den opplevelsen me kallar jakt som skotet er. Eg ser på jakt som hausting av det naturen har å gi. At det samtidig er spennande og utfordrande ser eg ingenting gale med så lenge avlivinga av dyret er så human som mulig. Og utfrå det eg har erfart er den like human med pil som med kule. Meiner du (emonsen og alias)at ein jeger som ikkje føler meir ved å skyta mot eit dyr enn han gjer når han skyt på papp driv jakt medan han som opplever jakta som spennande og utfordrande og inrømmer at det er eit moment, driv sport. Då forstår eg synspunktet om at jakt er slakt. Og dersom du verkeleg meinere det då har du rett og slett ikkje slakta nok. Jakt og slakt er IKKJE det samme uansett kva nokon måtte meine. Ellers synest eg og at det er moro å laga eit skikkeleg viltmåltid og invitera venner. Det er faktisk eit viktig moment for meg at kjøtet blir nytta til mat. Og det smakar slett ikkje dårlegare om viltet er felt med pil og boge
  16. K For det første, viltet skal ikke ha en sjanse! Eller, så liten "sjanse" som mulig. Kjære emonsen Meiner du verkelig at viltet ikkje skal ha ein sjanse. Er du jeger eller slaktar Når du hevar våpenet vere seg rifle eller boge og trekkje av eller slepp pila Skal /bør ikkje viltet ha ein sjanse. Skriv bør fordi i ein jaktsituasjon er ingenting 100% sikkert før dyret ligg dødt. På det punktet skil ikkje bogen seg frå rifla. Men når det gjeld det som skjer frå du oppdagar eit dyr og til du har komme deg inn på skothald er det ein vesentleg forskjell fordi du må nærmare. Og under stillinga på dyret er det at dyret har sin sjanse til å oppdaga deg og rømma slik det skal vera. Her ligg og forskjellen på rifle og bogejakt. Ikkje at sjølve skotet er meir krevande, men at det å komme seg i skotposisjon er meir krevande og ikkje minst meir fascinerande fordi du må så nært. Og for meg er det å stilla innpå dyret ein like stor opplevelse om ikkje større enn sjølve skotet. Og når pila treff der den skal er dyret dødt. berre for å presisera så er den påstanden basert på eigen erfaring frå SA.
  17. Det hender at det er rettigheitshavarar som ikkje jaktar sjøl er ute etter folk til å jakte for seg fordi dei er interessert i kjøtet.Dersom du primert er ute etter jakt og ikkje kjøt er dette ei muligheit. Det blir praktisert litt forskjellig rundt om men du kan kanskje få betalt i pengar eller kjøt for arbeidet dersom du ynskjer dette. Det blir litt som å reisa på sjansebilett. Ein må kunna gripa sjansen når den byr seg. Du må nok og rekna med å måtte driva litt oppsøkande virksomheit. Men det er iallefall ei muligheit.
  18. Tomkat

    Blodslått bog

    Klarer ikkje å motstå fristelsen. Løysinga er enkel. F.eks beman ICS Hunter Camo med 125 gr Thunderhead eller ein annan spiss etter fritt valg. Men , men, det må vel venta til øvrigheita finn ut at det faktisk funkar.
  19. Har sett i ein katalog, trur det var Seeland sin, at det finst jiggar å spenne fast kraniet i for saging. Har ikkje prøvd sjøl , så eg går ikkje god for at den fungerer. Katalogen fekk eg hjå lokal G-sport forhandlar.
  20. Skuddvinkel og innslag tatt i betraktning så skal den definitivt ha eit skot i nakken. Har sett dyr reisa seg igjen med tilsvarande treff.
  21. Kva med norsk hjort?
  22. Gjeld dette berre kudu? Ventar mine første trofe om ca 1 måned. Impala, blesbuck og blue wildebeest. Må desse og smørast. Var nytt for meg dette
  23. Såg ikkje denne før no. Der me var i Sør Afrika var det ikkje ein skyteprøve med eit definert krav til treff. Me måtte prøveskyta når me kom ned og guiden fulgte nok med på kva me kunne prestera. Er ikkje sikker på kva som ville skjedd dersom me ikkje hadde vore istand til å treffa . Men ein del statar i USA og Canada har krav om buejakt kurs (som regel IBEP) som består av både teori og skyteprøve.Danmark har sin eigen både teori og skyteprøve. Finland og Åland har så vidt eg har forstått krav om IBEP kurs i tillegg til eigen skyteprøve.Så det varierer litt frå land til land.
  24. Hvis me har god aksept for jakt samanlikna med andre land, korleis kan det ha seg at det er me som ikkje har buejakt ? Skadeskotne dyr på fjernsyn er dårleg reklame uansett kva våpen som er brukt. Eg trur ikkje at folk forøvrig gjer forskjell på rifle eller buejegrar i slike tilfelle. Hvis du plasserer buejegrane i bås med kåbbåyen din, då viser du igrunnen berre kor lite du veit om buejakt.Det er ikkje berre å "brenna av " med ein bue. Eg er ikkje det minste redd for at norske buejegrar skal skada omdømet til norske jegrar. Det handlar ikkje om kva våpen som vert brukt, men om korleis kvar enkelt jeger oppfører seg når han/ho er på jakt. Det er det som er avgjerande for omdømet til norske jegrar. Alle dei som kunne tenkt seg å prøva buejakt vil eg oppmoda om å melda seg inn i Buejegerforbundet. Ta ein kikk på nettsida: http://www.nbjf.net For ordens skuld så er eg buejeger sjøl.
×
×
  • Create New...