Jump to content

Tomkat

Members
  • Content Count

    74
  • Joined

  • Last visited

Community Reputation

0 Neutral

Recent Profile Visitors

The recent visitors block is disabled and is not being shown to other users.

  1. Tomkat

    speking av harekjøt

    Gutungen har jaktlukka med seg i sin første sesong. 2 harar og 1 rev så langt. No har me lyst å prøva å speka lår av hare. Er dette trygt. Mykje prat om smitte eller er dette overdrive? Evt frysast ned ein runde før salting.
  2. Tomkat

    Fysisk butikk i Trondheim?

    http://www.buesport.no/display.aspx?menuid=-1002 Tustna på Nordmøre. Er vel det nærmaste
  3. Tomkat

    Ladetabellar m.m på nett

    https://www.barnesbullets.com/information/load-data Er litt fersk heimeladar som ikkje tar alt eg finn på nettet for god fisk. Så mitt spørsmål er om den linken over her er påliteleg. Skal prøva 150 gr TTSX i 308.
  4. Tomkat

    Grunneiers hevd på trofe

    No er eg tilfeldigvis grunneigar og har solgt eit og anna løyve .(rein og hjort) Tek gjerne eit bilde, men at jegeren ikkje skal behalda trofeet virkar heilt på trynet. Og om det ikkje er avtalt på førehand er det mildt sagt uhøyrt.
  5. Tomkat

    Buejakt: En splittet jegerstand

    Nei egentlig ikkje . For å ta ein riflemodell som f.eks. Remington seven (har hatt ein sjøl) så er den langt meir krevande å skyta godt med enn ein 700 med tyngre og lengre løp. Skulle 7aren vore forbudt fordi den er vansklegare å skyta med og det krevde atskillig fleire treningsskot for å skyta godt med den?? slik er det med bogen og. Vil ikkje sei at den er så steike vanskelig skyteteknisk, den krev kort og godt berre meir trening for å skyta godt. (mulig eg legg noko anna i ordet skyteteknisk )
  6. Tomkat

    Buejakt: En splittet jegerstand

    At massane skulle begynna å jakta med "suboptimale buer og dårlege jaktpiler" er nok heller lite sannsynleg. Det har vel aldri vore snakk om noko anna enn at ein skal ha ein skyteprøve der lista ligg såpass høgt at dei som kjem gjennom den er absolutt gode nok skyttarar. Og det fordrar såpass med trening når det gjeld boge at ein nok kan definerast som "spesiellt interessert". Når det er sagt så har eg sett plenty dugelege skyttarar som har absolutt ingenting på jakt å gjera.
  7. Tomkat

    Hvordan reiser dere til Sør Afrika

    Hvilken dag/er erfarte du var billigst Flytta heimreisa frå laurdag til fredag denne gongen og det utgjorde ca 1700 pr pers. Så langt eg har sett bør ein unngå avreise ogg heimreise på helgedagar. Fekk forsåvidt tips om dette i forkant av turen og.
  8. Tomkat

    Hvordan reiser dere til Sør Afrika

    Hei Er akkurat heimkomen etter tur til SA. Oppdaga då eg søkte etter billettar på nettet at det gjorde store utslag på prisen kva vekedag ein reiste på. Faktisk så mykje som 1000 - 2000 pr person.
  9. Tomkat

    Vortesvintenner som smuldrer

    Har ein kamerat som fortalte meg om samme problemet. Han har tatt med seg mine og skal fylla dei med parafinvoks trur eg det var . Snakka og om lakkering slik som Bukken nevner
  10. Tomkat

    Speking av hjortekjøtt?

    Har eit hjortelår på 9,4 kilo. Skal ifølge denne tråden ligga vel 7,5døgn i salt. Brukar folket sukker på kjøtet før de legg det i salt?. Gjer det på reinsdyrkjøt ( fuktar det og drysser på så mykje sukker som heng på kjøtet) for at det ikkje skal bli hardt. Har ikkje prøvd hjort før til speking. Korleis virkar evt lavare temp på tida?
  11. Tomkat

    Samme gamle runddansen?

    Samme gamle runddansen??? Har du ikkje fått med deg at 1. NJFF stiller seg bak søknaden om prøvejakt. 2. DN har anbefalt prøvejakt. At Dyrebeskyttelsen seier det samme i dag som for 12 år sidan. noko anna skal ein ikkje forventa. Bruka tid og resursar på å få Dyrebeskyttelsen til å skifta meining vil vera bortkasta. Dei har sitt standpunkt som "står til Dovre faller". Navnet deira er ikkje heilt tilfeldig valgt. Eg synest du skal slutt å kritisera og vera negativ. Eg kjenner dei fleste i Styret og veit at det har blitt og blir gjort ein formidabel jobb. Ta kontakt med dei og hjelp til eller kom med konstruktive forslag. Ta deg ein tur på bogejakt og skaff deg erfaring. Då er det langt enklare å argumentera truverdigt for bogejakt. Eg var sjøl i tvil før eg reiste på min første tur. Er ikkje i tvil lenger.
  12. Tomkat

    Buejakt !

    Vil begynna med å bekrefta at knall og fall skjer med pil og. (Gary Bogner - Passport to Africa 4 og Africas Best Bowhunts Vol.4 og 6 viser fleire) Faktisk vil eg sei at eg er meir skeptisk når det blir knall og fall med kule. Pila må nok ha eit direkte treff i ryggmarg for å forårsaka dette medan kula som avset mykje meir energi i dyrekroppen kan f.eks. ved treff i nærleiken av ryggmargen medføra midlertidig lammelse og dermed knall og fall , før dyret reiser seg at og forsvinn (forhåpentligvis midlertidig det og). Dette blir nok litt hypotetisk og maks uflaks men Murphys lov er no ein gong Murphys lov. Største fordelen med bogejakt slik eg har opplevd det (dette kan og muligens gjelda håndvåpenjakt men det har eg ingen erfaring med) er at bogejakta har lært meg verdien av TRENING. For med bogen finst det ingen snarvegar. Her er det og at argumentet om tjuvjakt mister tyngde. Her må det trenast. Treningskulturen ein opparbeider som bogejeger har utan tvil gjort meg til ein bedre riflejeger og. Skal innrømma at eg var ein av 30 skotsklubben før eg fekk boge
  13. Tomkat

    Heathrow til heimreise

    Sit og søker etter billettar til SA til vinterens jakttur. Eit av alternativa inneber mellomlanding på Heathrow på heimturen. Her er det snakk om bogar og ikkje skytevåpen. Utreise via Munchen. Fristande å ta sjansen pga prisen men blir litt klam under armane ved tanken på Heathrow og alt ein har høyrt om den i forbindelse med jaktturar. Nokon som har ei formeining om det er verdt å ta sjansen? Kva med jaktspissar i kofferten?
  14. Tomkat

    Laber activitet i buejeger milijøet

    Må sei at eg synest slett ikkje det er laber aktivitet i bogejegermiljøet. På første sida på dette forumet ligg det innvitasjon til tre 3D stevner pluss eit par initiativ til å få i gang lokale klubbar. Det kan ikkje vera så verst for eit miljø som er på denne størrelsen. Mitt største irritasjonsmoment oppi dette er at eg ikkje klarar å få tid til så mange av stevnene som eg skulle ynskja. Berre ein måte å øka aktiviteten på. DELTA PÅ DEI STEVNE OG ARRANGEMENT SOM BLIR ANNONSERT.
  15. Tomkat

    Buepresse i Oslo

    Har brukt Nite Hawk på min Vendetta og det fungerer fint. Men ser at ingen foreløpig har nevnt at du bør kanskje ta ein bommulsdott og stryke over lemmane på bogen. Det vil avsløra om det har blitt sprekker i den. Det kan forekomma i slike tilfelle.Bedre føre var.
×