Jump to content

Marlinman

Members
  • Posts

    119
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Marlinman

  1. Marlinman

    Whisky

    Det er nok ein whisky, whiskey vert laga i Irland og USA.
  2. Mnja, eg trur dette har meir med tilgang på mat å gjera enn at det er genetisk betinga. Det er for mange dyr i høve til beitegrunnlaget. Kvaliteten på utmarksbeite er dei aller fleste stader forringa dei siste åra grunna REDUSERT beiting av småfe. Dette fører til attgroing og dårlegare beite. I tillegg så har vi mykje mildare vintrar med lite snø som gjer at også dei minste og svakaste dyra overlever vinteren.
  3. Frå Mauser LTR tråden: Sidan det vart litt styr med bestillinga så tek eg med nokre tips til andre som vil handla hjå Richards Microfit Gunstocks: Ha god tid.... Det går ikkje å bestilla direkte pr. e-post! Ring dei på 0018187676097 mellom kl. 18:00 og 02:00 (Norsk sommartid), til seinare ein ringer til lettare er det å koma gjennom. Sei at du vil bestilla ein stokk og betala med kredittkort. Du vil då få oppgitt eit faktura (Invoice) nr. Du må oppgje kredittkortnr. og exp. date (The risky part...) Avtal at du sender bestilling på e-mail til Sales@Rifle-Stocks.com. Emnefeltet må innehalda innvoice nummeret og gjerne namnet på personen du snakka med. I bestillinga skriv du kva du vil ha, med utgangspunkt i prislistene som ein finn under kvar modellgruppe, så som: Stokk modell Mekanisme Laminat type Fortretype og bredde Med eller utan tommelhol og kinnstøtte Løpsprofil Tilbehøyr som kolbekappe, fortreavslutning, pistolgrepsavslutning og reimbøylefeste. Be om at dei brukar USPS Priority Mail International til forsendelse, den er rimeleg og kjapp nok. Dei må gjerast merksame på at fakturakopi må leggast i ei plastlomme utanpå pakken for å vera lett tilgjengeleg ved fortolling. Skriv ikkje kredittkortopplysningar i mailen. Be om ordrebekreftelse pr. e-post. Etter 2-3 dagar så får du det og etter ei veke så får ein faktisk ein ordrebekreftelse i posten! Så er det berre å venta, leveringstida er 12 -14 veker. Eg bestilte med 1" Decelrator kolbekappe installert sidan prisen på dette berre var eit par dalar over prisen på tilsvarande kolbekappe frå Brownells. Eg tok og med reimbøylefester. Det tok 15 veker frå bestilling til stokken var ferdig til sending og kortet vart belasta. Sendinga tok 3 veker, men her var det nesteb 2 veker som gjekk vekk i tollen fordi faktura ikkje låg i plastlomme på utsida av pakken. Kva kosta gildet: Stokk: USD 187,- Decelrator kolbekappe installert: USD: 46,- Uncle Mike reimbøylefester m/reimbøylar installert: USD 21,- Frakt: USD 56,- SUM: USD 310,- Trekt på kredittkort NOK 1 853,- MVA NOK 452,- Fortolling (avgift til Posten) NOK 199,- TOTALT NOK 2 504,- Verdt å vente på? Fyrsteinntrykket er ja. Laminatet er kulare i fargane enn det som kjem fram på bileta på web-sida. Når det er ferdig pussa og olja kjem det til å bli knalltøft. Utvendig finish er rå frå fresen etter det eg kan sjå, det vert derfor nokre rundar med sandpapir. "Microfiten" som i følgje Richards skal vera 99% tilpassa er ikkje dårleg, men ligg vel nærare 90%... Stokken vart bestilt med løpskanal for 3/4" "staight barrel". Dette var det næraste eg kom min løpsprofil. Dette er litt undermåls slik at det vart ein del arbeid med tilpassing av løpskanalen. Når løpskanalen var stor nok passa låskassen fint inn. Underbeslaget var litt trangt, men heller det enn for romslig.. Utfresinga for mekanisme og underbeslag var på rett stad i høve til ein annan slik at stokkskruene passa 100%. Utfresinga var og rett i høve senter- og loddline på stokken.
  4. Er 7,62x63 m/trepropp stempla R-A 1952 av interesse?
  5. Ser ut som Kvinnherad kjem til å halda på 1. plassen som Noregs største hjortekommune... Eg har sett omlag 15 dyr i dag, tilsaman i jaktlaget så har vi nok observert over 30 dyr i helga, alle i utmark. Skaut kolle på 60 og kalv på 28 kg i dag.
  6. Det er dessverre alt for vanskeleg å få tak i godt øl i Noreg. Øl får og alt for lite merksemd som følgje til mat i høve til vin. Det verste er å koma på julebord der dei presterar å berre ha "Juleøl" i klasse 2 (4,75%). "Juleøl" i klasse 2, som du får kjøpa i butikken kan vera godt øl, men det er ikkje Juleøl! Juleølet skal vera fyldigare og kraftigare. Det er ikkje råd å få til utan at alkoholprosenten er høgare enn det som er lovleg å selja over kjøpmannen sin disk. Favoritten min er nok heimelaga kornøl. Grunnen til det kan vel vera at det er ekstra høgtid når ein får tak i det sidan eg ikkje meistrar kunsten sjølv. Ægir mikrobryggeri sin Rallar set eg og stor pris på og nyttar høvet til å hamstra litt når eg er på dei kantar, dvs Flåm. Ellers er det få ting som kan måla seg med ein pubrunde i London for å smaka ulike real ales ("beer brewed from traditional ingredients, matured by secondary fermentation in the container from which it is dispensed, and served without the use of extraneous carbon dioxide.”), men no vert vel det OT sidan tråden skal handla om det som står i kjøleskapet
  7. Brukar framleis eit skjema som eg trur står som vedlegg i Ladeboken #1 til analog føring av ladedata. Digitalt så brukar eg robsoft. Skal sjå om eg finn originalen.
  8. OT, men eg klara ikkje å la vera Dette er tullsnakk Alle som har drive litt med baneskyting veit at ein må kle seg for å skyta godt på bane. 99% skyt liggande og standplassen er hard og kald. Ein gensar og ei god jakke hjelper på dette. Eit kleslag dempar og pulsslaga i børsa og tek opp litt rekyl. Til meir komfortabelt ein har det til betre skyt ein. Dei fleste skal ofte skyte minst 20 skudd (dei siste 15 obligatoriske + skyteprøven) Om du tykkjer det er macho å gjennomføre dette i t-skjorte så gjerne for meg, men eg vil gjerne at skyteprøven skal klarast på 1. forsøk, slik at køen går fort og vi funksjonærane når TV2 nyhetene. 20 år som standplassleiar på skyteprøvar har synt meg at dei ferraste som stiller i t-skjorte klarar dette...
  9. Det kan eg gjera, men for å få eit nøyaktig mål må kikkeren av og det vil eg ikkje gjera no. Var på banen i går og koste meg med å skyta innertiarar så eg har ikkje lyst til å røra siktet no i sesongførebuingane.
  10. Du kan jo ta ein kikk her: http://kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=38&t=2336 Har brukt stoffet litt meir og har og brukt våpenet som eg behandla først ei stund og er framleis nøgd.
  11. Oppdatert med meir om reim og tofot
  12. Oppdatert 1. post med montering av Versa-pod "pinne"
  13. Eg har lada ein del med RCBS #82053 /405 FN GC. Denne veg 418 grains ferdig smurt med GC. Eg har ikkje lada med N135 men max med N133 var 49 grains som gav 1742 fps. Dine ladningar med 45-47 grains høyrerest derfor fornuftige ut. Presisjonen med N133 var heller dårleg, 66 - 86 mm for 3 skots grupper. Om ikkje hastighet er det store målet så er ofte reduserte ladningar vegen å gå for lettare å oppnå anstendig presisjon: 23 grains N110 + 1 grain dacron, 1321 fps, 54 mm samling 32 grains N120 + 1 grain dacron, 1404 fps, 38 mm samling Dette er fine plinkeladningar og fiskebolleboksar fylt med vatn er glimrande sjølvanvisarar (Alt i frå ein Marlin 1895 SS med 22" "Micro groove" løp) Edit: Sidan det med desse krutsortane er råd å få plass til dobbel ladning så er det sjølvsagt at ladeprosedyrane må vera nøyaktige
  14. God idé med ein bacalaotråd! Eg var lenge ikkje særleg begeistra for Bacalao, men på eit kystlagsstemne på Sagvåg for ein god del år sidan hadde ein gamal stuert laga ein bacalao som vart reine omvendelsen. Det var utruleg godt og eg bestemte meg for å prøva meg fram for å finna ei god oppskrift. Eg manglar nok mykje enno på å nå opp til stuerten si utgåve, men denne varianten er ikkje så verst: 800 g klippfisk som vatnast ut. 2 boksar hakka tomater 4 ss tomatpuré 2 dl vatn 3 fedd kvitløk, pressa 1 ts tørka oregano Dette rørest saman til ein saus. 10 store mjølne poteter, skjerest på langs i 4-5 skiver 1 paprika og 3 store løk, skjerest i skiver. 2 chilli pepper (styrke 5/10), kløyv og fjern frøa, strimlast. 2 dl god olivenolje Ha litt av olja i gryta og legg fisk, poteter og grønsaker lagvis i 2-3 lag. Hell over sausen. Varm resten av olja i ei panne og hell over i gryta til slutt. Kok opp og la surre på svak varme til potetene er møyre (1 time?) Sett panna på ei rist over plata, som står på lavast effekt, og lat det "kvila" i 1/2 til ein time til. Eg trur hemligheten med god bacalao har samanheng med følgjande: Klippfisk av god kvalitet. Her har eg berre røynsle med det ein finn i disken hjå kjøpmannen. Høveleg vatning av fisken slik at den ikkje vert for salt, men heller ikkje for lite salt. Mjølne poteter som kokar "litt" sund og gjer sausen fyldig. God olivenolje. Og til slutt, "Kvilinga": Eg oppdaga at bacalaoen var minst like god oppvarma dagen etter. Det virka som om smaken vart fyldigare av å stå ei stund. Så derfor ein liten time "kviling" etter at potetene nesten er kokt møyre. Så er det berre å fylla skummande drikke i glasa og nyte. Til bordvers så høver dette: Du Torsk maae vel kaldes vor Næring og Brug, Du skaffer fra Bergen saa mangen Tønd' Rug, Den stakkels Nordfarer til Føde. Barmhiertige Fader oplade din Hand, Velsigne os fattige Folk her i Land Med dine Velsignelser søde! Skuld' Torsken os feyle, hvad havde vi da, Hvad skulle vi føre til Bergen herfra? Da seyled' vist Jægterne tomme. (Petter Dass)
  15. Har ein Timney. Den fungerte utan filing med KV avtrekk montert. Bytta til Timney avtrekk og då måtte det filast (!). Det er tydlegvis litt skilnad i avtrekkarhaken på dei to avtrekka slik at Timney avtrekket ikkje spenner opp like mykje (2-3 tiarar). Om du må fila så IKKJE fil på sikringa, men på spennhylsa!
  16. Ferdig! Oppdatert med bilete.
  17. Oppdatert med meir om bedding og fastbedda skruer
  18. Oppdatert 1. post med fyrste trinn av bedding.
  19. Det var Rafdal som monterte skinna. Ut frå det eg kunne sjå når eg haldt delene saman før montering så passa den i utgangspunktet. Farell anbefalar å "bedda" mellom bakre låskassebru og montasjeskinna for å sikra 100% tilpassing. Montasjen har utfrest spor på undersida for å gje plass til beddemasse. Eg veit ikkje om Rafdal har gjort dette.
  20. Kanskje du finn litt nyttig info her? Mauser LTR
  21. Rewrite og oppdatert med innfelling av mekanisme i stokk.
  22. Eit tips til dei som vil kjøpa kolbe frå Richards Microfit Gunstocks: Ha god tid.... Det går ikkje å bestilla direkte pr. e-post! Ring dei på 0018187676097 mellom kl. 18:00 og 02:00 (Norsk sommartid), til seinare ein ringer til lettare er det å koma gjennom. Sei at du vil bestilla ein stokk og betala med kredittkort. Du vil då få oppgitt eit faktura (Invoice) nr. Du må oppgje kredittkortnr. og exp. date (The risky part...) Avtal at du sender bestilling på e-mail til Sales@Rifle-Stocks.com. Emnefeltet må innehalda innvoice nummeret og gjerne namnet på personen du snakka med. I bestillinga skriv du kva du vil ha, med utgangspunkt i prislistene som ein finn under kvar modellgruppe, så som: Stokk modell Mekanisme Laminat type Fortretype og bredde Med eller utan tommelhol og kinnstøtte Løpsprofil Tilbehøyr som kolbekappe, fortreavslutning, pistolgrepsavslutning og reimbøylefeste. Be om at dei brukar USPS Priority Mail International til forsendelse, den er rimeleg og kjapp nok. Skriv ikkje kredittkortopplysningar i mailen. Be om ordrebekreftelse pr. e-post. Etter 2-3 dagar så får du det Og etter ei veke så får ein faktisk ein ordrebekreftelse i posten! Så er det berre å venta, leveringstida for min del vart som følgjer: 09.06.08 - Bestilt pr. telefon / e-post 16.09.08 - Kredittkort belasta 25.09.08 - Sendt frå California med USPS Priority Mail International 03.10.08 - Lagt til fortolling* 10.10.08 - Videresendt mottaker 14.10.08 - Henta på posten *) Her hadde Richards goofa: Fakturaen låg inni pakken og ikkje i plastlomma på utsida. Posten sende då brev til meg og etterlyste faktura. Eg hadde heldigvis fått ein ordrebekreftelse som eg fann att og saman med utskrift frå kredittkortkontoen var dette dokumentasjon god nok. Fakturaen fann eg inni pakken når eg opna den.... Altså ei leveringstid på vel 4 månadar. Dette var eg for så vidt klar over på førehand slik at det var ikkje noko problem for min del. Kva kosta gildet: Stokk: USD 187,- Decelrator kolbekappe installert: USD: 46,- Uncle Mike reimbøylefester m/reimbøylar installert: USD 21,- Frakt: USD 56,- SUM: USD 310,- Trekt på kredittkort NOK 1 853,- MVA NOK 452,- Fortolling (avgift til Posten) NOK 199,- TOTALT NOK 2 504,-
  23. Her står ein del betraktningar om dette av ein som lever av å selja 45-70 +P ammo: http://www.garrettcartridges.com/420.asp Har vore gjennom desse tankebanane fleire ganger, men har alltid enda opp med 45-70 ladningar på fabrikknivå. For å sitera ladeboka: Om du har bruk for ein .458 Winmag, kjøp ein, ikkje prøv å lada opp ein 45-70 til å bli det. Du vinn uhyre lite med opprocka 45-70 ladningar: Kulebanen vil uansett sjå ut som 2008 kurven frå Oslo Børs, det finnest ikkje det vilt som du ikkje veltar med ei velplasera 400 grains kule av god kvalitet i 1800 fps og ei så lett børse vert direkte ubehageleg å skyta med.
×
×
  • Create New...