Jump to content

Marlinman

Members
  • Posts

    119
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Marlinman

  1. 1 stk. Nikon Monarch Gold 2.5-10 x 50, Tysk #4 Høvelege Butler Creek flip up linsedeksel 1 sett Warne Maxima lave 30 mm ringer. Frå The Optic zone Levert i min postkasse kr. 5135,19, alt inkludert (Frakt og MVA) Leveringstid 8 dagar Tilsvarande frå Midway kr. 7235,- eks. frakt MEN same kikkertsikte har XXL til kr. 5099,- på sin webshop! Konklusjonen vert då at eg fekk ringar og linsedeksel "på kjøpet" og at eg måtte venta 5 dagar lengre enn om eg hadde kjøpt på XXL. Og at XXL har gunstige prisar på Nikon optikk! (Og at Midway er dyrt, men det viste ein vel frå før..) Kikkertsiktet gav i alle fall eit solid fyrsteinntrykk, så får eg heller leva med at eg ikkje sparte tusener på tusener....
  2. Eg har gjort det motsette, sett på eit langt magasin, prinsippet burde bli det same så lenge ein ikkje kortar ned heilt til fortreet. http://kammeret.no/viewtopic.php?f=38&t=1221&start=0&st=0&sk=t&sd=a
  3. Tilbake til trådtema; Kulevalg. Skal ein få noko ut av kaliberet så må ein lada sjølv, punktum. Og ein må lada med gode kuler. Fyrste hjorten eg skaut med kaliberet skaut eg med Sierra 300 grains. Hjorten gjekk rett ned i smellen, men då vi slakta den fant vi faktisk ikkje hol inn i brysthola! Kula hadde splintra fullstendig i bogbladet og kva hjorten daua av er ikkje godt å sei, sjokk kanskje Etter å ha testa mange ulike kuler i kalberet har eg enda opp med Woodleig 405 FN. Om ein vil ha lettare kule så kan ein nytta Woodleigh 350 RN. Er ein nervøs for at den rundnasa kula skal setja av tennhetta på patrona som ligg framom i røyrmagasinet så kan ein fila ned rundnasa til starten på mantelen og dermed har ein ei flatnasa kule. Når det gjeld krutt så er N-135 definitivt førstevalg i dette kaliberet.
  4. Kule: RCBS #82053, 45-405-FN (hjulvekter) Hette: CCI-200 Hylse: WW Patronlengde: 63,8 mm Krutt N-110: 24 grain + 1 grain dacron - 1406 fps Krutt N-120: 35 grain + 1 grain dacron - 1509 fps Desse ladningane har trykkring tilsvarande WW fabrikkammo med 300 grains JHP / 1866 fps Testvåpen: Marlin 1895 SS 22" Microgroove løp Grunnen til at eg brukar N-110 og N-120 er at raskare krutt ofte gjev betre presisjon med støypte blykuler. Når eg starta med å utvikla desse ladningane hadde eg kun blanke ark, dvs INGEN data å gå ut frå. Ut frå vurdering av brennhastighet og sunn fornuft starta eg med 23 grains N-110 og 25 grains N-120, målte trykkring med micrometer og auka med ladninga med eitt grain om gangen. Ladninga med N-110 gav god presisjon, men litt lav hastighet så eg såg for meg at det berre var å fylla på meir krutt. Det var ingen "vanlige" varsel på høgt trykk, men micrometeret synde at eg var på fabrikknivå alt med 24 grain. Dette er ladningar med blykuler. Når Villmannen brukar mantla kuler, som gjev høgare trykk enn blykuler og i tillegg 5 grain meir N-110 og 8 grain meir med N-120 så vil eg ÅTVARA MOT Å BRUKA LADNINGANE HAN OPPGJER. N-110 og N-120 er i utgangspunktet pistolkrutt. Ein skal derfor vera forsiktig og vita kva ein gjer når ein nyttar dei i andre samanhengar. Etter mange, mange rundar med testing så er eg attende til utgangspunktet når det gjeld krutt til mantla kuler i 45-70: N-135 gjev best hastighet og som oftast best presisjon i dette kaliberet.
  5. Etter at eg har fått konstant øyresus på venstre øyre er eg blitt veldig oppteken av å bevara resten av høyrselen så godt som mogeleg. Eg har mellom anna sett litt på formstøypte øyreproppar med dempingsfilter. Earfoon og GN resound leverar dette i Norge. Er det nokon som har røynsle med nokon av desse eller andre? Eg tenkjer då ikkje først og fremst på dei brukt som hørselsvern ved skyting, men til dømes til bruk ved høg musikk (set på sida av slagverksgruppa i musikklaget) eller ved støy på lavare nivå, men av lengre varighet.
  6. Syntest at dette høyrdest ut som vel friske ladningar. Eg har sjølv utvikla ladningar med N-110 og N-120 vha måling av trykkring. Sidan eg er på ferie har eg ikkje data tilgjengeleg no, men eg skal sjekka så snart eg er heime.
  7. Dette kan nok løysast på fleire måtar: I vårt vald vart følgjande prinsipp knesett av "generalen" ein gang på 60 talet: "Dei som er med på skogen når det vert felt dyr deler likt. Dei som set heime får ingenting." Grunnen til at dette har fungert, og framleis fungerar er nok at det berre vert jakta i helgane, slik at alle har høve til å vera med. Det er altså ikkje høve for ein, eller nokre få å jakta åleine. På nabovaldet vårt vert halvparten av kjøtet delt likt mellom jegrane. Den andre halvparten vert delt mellom grunneigarane etter skyldmark. Om jeger og grunneigar er same person får han altså både jegerpart og grunneigarpart. For å unngå å laga hakk av kjøtet vert det ført bok over grunneigardelen slik at alle skal få nokolunde "fine" partar. 1. Jaktretten tilhøyrer i utgangspunktet grunneigar. Dvs at når utmarka vert utskifta har kvar grunneigar jaktrett på den delen av skiftefeltet som han får tildelt ved utskiftinga. Jaktretten gjeld eigar av hovudbruket. Eigar av underbruk / husmannsplass hadde ofte beiterett eller rett til å ta ut ved i felles utmark, men denne retten kan ikkje "overførast" til jaktrett. Utmark til underbruk vil i tilfelle telja med hovudbruket sitt areal. Om det i utskiftningsprotokollen ikkje er sagt noko om fordeling av jaktrett så vil ein anta at denne er å betrakta som utskifta og tilhøyrer kvar grunneigar. 2. Om jaktretten ikkje er med i utskiftinga så skal dette vera spesefisert i protokollen. Då gjerne med ei formulering som "jaktrett er ikkje omfatta av denne utskiftinga og vert som før". "Som før" er vanlegvis ein felles jaktrett for heile skiftefeltet om ikkje andre avtalar finnest. For 1. så er ofte teigane, i alle fall på vestlandet, so små at ingen har areal nok til å få løyve åleine. Grunneigarane har då gått saman om ein felles søknad. Dette er jo blitt meir aktuelt i seinare tid med innføringa av storvald. For at det ikkje skal bli krangel om dette så bør det vera ein avtale i botnen som seier noko om fordeling av inntekter og utgifter. Då er nok arealet som kvar grunneigar går inn med beste utgangspunktet for fordeling. Desse er jo igjen tufta på skyldmark, slik at ein kan sei at det vert skyldmarka som vert utgangspunktet For 2. så vil det og vera naturleg å dela etter skyldmark. Og fordeling etter skyldmark vil etter all sansynlehet bli resultatet om ein går til jordskifteretten med problemstillinga. Men det er ingen ting i vegen for å nytta ein annan fordelingsnøkkel om det er semje mellom alle partar om det. Om du er interessert så send meg ein pm med e-post adresse så kan eg senda reglement for vårt jaktlag og evt. driftsplan for valdet.
  8. Då er vi to som ventar på stokk frå Richards Eg såg lenge på same fargar som deg, men enda opp med litt meir diskrete "Desert sunset".
  9. Det fiksar du fint sjølv. Her er ein artikkel om tuning av ein tyrkisk mauser, mellom anna 3 sider om bedding. Dette er ein militærstokk, men gjev deg ein ide om kva som skal til. http://www272.pair.com/stevewag/turk/turkmain.html
  10. Då var løyva for 2008 klare. Ein auke frå 28 til 46 frie dyr Vi er no faktisk nede i eit arealkrav på under 300 daa pr. løyve. Bakgrunnen er vel kanskje ikkje berre til å smila over. Fallande slaktevekter, fleire skrapdyr og stor beiteskade på innmark tydar nok på at hjortestamme er blitt for stor.
  11. Kammeret bør ha sin eigen hattetråd så den er med dette starta! "Mann med hatt" er dessverre blitt eit negativt uttrykk. Og med Marve Fleksnes fekk hatten sitt definitive banesår. Og det er synd... Etter mitt syn er hatt eit svært undervurdert hovudplagg så lenge kvikksølvet held seg på den raude delen av skalaen. Når det er sol så har ein skugge for augene og dei av oss som er blitt tynne i hyssingen slepp å bli solbrent i skallen. Når det regnar held den regnet vekk frå brillene og hindrar vatn ned i nakken. I samband med jakt, fiske og friluftsliv er det meir akseptert å gå med hatt, men prøver du til kvardags vert du snart stempla som kåbboy. Eg har ikkje hest, likar verken country eller western, men eg går med hatt. Det følest litt rart til å byrja med, men etter ei stund er det noko som manglar når ikkje hatten er på når ein går ut! Så då vert oppfordringa: Fleire må bli mann for sin hatt! For at det skal vera noko stas må hatten ha ein viss stil og kvalitet. Det held ikkje med ein kåbboyhatt til 150 spenn kjøpt i salsbodane som dukkar opp som paddehattar ved sjølv den minste festival (borna mine kallar dei politisk ukorrekt for pakkissjapper) Når det er litt kjølig i veret er ein hatt i tova ull eit godt val. Eg tenkjer ikkje då på det som alle iførte seg rundt 1994 og var kjent som rallarhatt. Desse var ofte uformelege og mista forma nokså snart. Eg har ein tova ullhatt som eg har bruka i sikkert 20 år, den er hardt tova og held framleis fasongen. Den kan og fint brukast når det regnar. Ulla den er tova av er nærast vassavstøytande. Eg kjøpte min på ei husflidsmesse ein eller annan stad. Skal ein ha ein meir klasisk hatt, utan å sjå ut som John Wayne, så har Barmah Hats mange fine modellar (styrer du unna krokodilletennene så vert du ikkje Crocodile Dundee heller) Denne i olja bøffelskinn held regnet ute lenge og skulle sola dukka fram så garanterar produsenten solfaktor 50+ Når sola steiker er denne med canvas brem og netting pull luftig og fin. Eg har kjøpt mine frå http://www.oilskin.com/ . Kjapp levering frå Australia. Skal ei smygjakta hjort kjem ein sjølvsagt ikkje utanom denne: Deerstalker hat i tweed. Det skal kanskje meir mot til å iføra seg ein slik, men klassisk er den... Og er ein mann for sin hatt og det er blått på termometeret så tek ein på ein slik: Eg lyt tilstå at eg enno ikkje har mota meg opp til å gå med denne offentleg...
  12. Treffpunktet endrar seg ofte berre ein demonterar og monterar mekanismen i same stokk. Virkar som om det tek eit par skot før mekanismen "set seg" i stokken. Det treng ikkje vera mykje, men det er råd å sjå det på skiva.
  13. Brownells har mange "how to" om mekking på våpen: Bench talk Her er del 1 av 8 om The Mauser project Skal ein ha stash til våpenmekking så kjem ein etter mi meining ikkje utanom Brownells. Fekk nett siste katalogen i posten og det er allerede sikleflekker på fleire sider
  14. Sidan ventetida på stokken blir lang så vert det til at eg surfar på nettet etter "kjekt å ha" ting. Justerbar kolbekam har vore omtala i fleire trådar, men eg har ikkje sett denne omtala på forumet før: Denne er det Warner Tool Company som lagar. Den kostar USD 135,-. Det går ikkje klart fram om dei sender "overseas".
  15. Fekk nett ei Farrel picatinny skinne frå Brownells. Den var bunnsolid og tillitsvekkande. Hadde egentleg tenkt å bruka Leupold QRW ringar sidan Farell sine kostar det kvite ut av auga, men eg synest at pasninga er dårleg og inngrepet av "kloa" rundt skinna virka pinglete. I ymse forum rundt om hevdast det at Weaver style ringar skal funka fint på picatinny skinne og det stemmer jo for så vidt, men.... Nokon som har erfaring med dette?
  16. Interessant artikkel om hastighet og løpslengde på tactical rifler: http://www.tacticaloperations.com/SWATbarrel/ Dette er eit mykje omtala emne. Googl på "barrel length velocity" så finn ein lesestoff for ei stund
  17. Fekk nett Sordin Supreme Pro-X i posten frå XXL, kr. 1771,- innkl. frakt. Det var rimeligaste eg fann dei til. Både utforingsringar og silikonputer høyrest ut som ein god ide. Men vert ikkje bøylen litt stram når ein forar på? Dempinga bør vel bli betre sidan ein får meir luft i klokkene?
  18. Rewrite: Etter å ha sett kor oversiktleg tråden til Poacher, Prosjekt: Langholdsrifle cal.6,5-284 er, vel eg å samla info om prosjektet i første post. Oppdateringar vert meldt om i nye postar. ----------------------------------- MAUSER LTR Då er prosjekt Mauser LTR (Light Tactical Rifle) i gang. Som alle slike prosjekt så kan eg vel allerede no rekna med at det kjem inn under kategorien "Å sala bukken slik at den vert dyrare enn hesten" Det vil sei at når alt er ferdig så vil sum av bits & pices innkjøpt langt overskrida ein ny Remington 700 LTR, men sidan delene vert kjøpt inn litt etter litt så virkar det som om det vert billigare. Og sjølvgjort er som kjent velgjort. Eg har lenge tenkt å supplera våpengarderoben med ei boltrifle med forholdsvis stutt og tjukt løp. Då eg såg Remington sin 700 LTR vart havesykja merkbar. Det vart ikkje noko kjøp i fyrste omgang, men ein kikk i våpenskapet sette tankane i sving med eit nytt prosjekt: Mauser LTR. Der stod det nemleg ein Kongsberg M67 i kaliber 6,5x55 som har samla støv i mange år. Planen inneheld følgjande moment: - Låskasse / mekanisme - Løp - Stokk - Kikkertsikte og montasjar - Lyddempar - Stash og "kjekt å ha" - Valg av kuler og krutt - Testskyting Låskasse / mekanisme: Utgangspunktet: Kongsberg M67, AKA Skarpskyttarmauser, kjenner vel dei fleste, men eg tek med litt informasjon. Dette er eit våpen som Kongsberg Våpenfabrikk produserte, i hovudsak for å dekka DFS sin trong for ein etterfølgjar til Kragen. Den er basert på tyskproduserte M98 mekanismar som har fått montert KV kaldhamra pipe og KV avtrekk. Det heile er så montert i ein "skarpskyttar" stokk. Både KV løp og avtrekk var av glimrande kvalitet, men sidan mekanismen var M98 så lei den av manglande stivhet og var avhengig av god bedding. Stokken slo seg og ofte og førde til variabel presisjon. Etter at Sauer STR vart approbert av DFS så er det ikkje mange M67 å sjå på stemner i DFS regi lenger... Retting av mekanismen. I all amerikansk litteratur om "custom" rifler er "truing of the action" mykje omtala. Prinsippet er at alle kontaktflater skal vera beine og vinkelrette på løpsaksen: Løpet si brystning mot låskassen og låseklakkane sitt inngrep i låskassen. Det har heilt sikkert noko å sei for presisjonen, spesielt at begge låseklakkane "tek" likt i låskassen, men det er litt skilnad på krav til benkeskyting med spesialrifle og bøjakt med ein M98. Ein kjapp kontroll av låseflatene på klakkane synde tilnærma lik slitasje på begge. Eg reknar derfor med at det i utgangspunktet er godt nok. Boring og gjenging for kikkertmontasjeskinne Ei kurant sak som eg overlet til børsemakaren. Avtrekk KV sitt avtrekk er eit trykkpunktsavtrekk av glimrande kvalitet. Bakdelen med det er at det er stort og beddeflata for tangen vert minimal. Eg har og eit Timney direkte jaktavtrekk på lur. Eg har enno ikkje bestemt meg for kva eg skal bruka. For min del har eg ingen problem med å bruka eit avtrekk med trykkpunkt til jakt. Her ser ein skilnaden i storleik på avtrekka; Det synde seg etter at eg hadde bedda fast søyla for bakre skjefteskrue at det ikkja var plass til KV avtrekket. Bakkant av avtrekket kom i konflikt med søyla. Eg kunne ha hakka i søyla med Dremelen, men då vart liksom litt av vitsen med søyla vekke. Valget vart derfor enkelt: Timney avtrekk. Sikring Den originale fløysikringa kjem i vegen for kikkartsiktet og må derfor erstattast. Det mest elegante er sjølvsagt ei 3-punktssikring av M70 typen, men prisen gjer at eg i fyrste omgang enda opp med denne: Timney M98 Safety, Brownells #883-804-098, USD 37,-. Dette er ei kvartsikring av "Buehler" type. Den var enkel å montera og fungerar heilt fint. Det viste seg at etter at eg bytta til Timney avtrekk så gjekk det ikkje an å vri på sikringa. Etter litt undersøking så syner det seg at avtrekkarhaken på KV avtrekket set litt lenger bak enn på Timney og på den måten spenner opp eit par tidelar meir. Ein liten runde med Dremelen, fyrst med smergelskive og så med polerrondell, på spennhylsa der sikringa går i inngrep fiksa dette. Det er viktig at ein modifiserar hylsa og ikkje sikringa! Løp Originalt er løpslengda 70,4 cm (støtbotn - munning). Munningsdiameteren er 21 mm og i kammerenden er den 26 mm Løpet skal kappast og kronast. Det skal og gjengast for lyddempar. Løpslengd Inspirasjonen er Remington 700 LTR og den har 50 cm løp, men den er i kaliber .308. Eg hadde i utgangspunktet tenkt å kappa til 50 cm, men 6,5x55 treng litt meir løpslengd for å brenna opp nok saktebrennande krut. Eg enda derfor opp på 55 cm i fyrste omgang (støtbunn - munning) Eg sende inn mekanisme / pipe til børsemakar som kappa, krona og gjenga for dempar. Han laga og gjengebeskyttar for dempargjengene. The business end: Stokk Forma på stokken måtte vera litt i "tactical" retning: Kraftig og med høg kinnstøtte. Valg av "plast" eller laminat måtte og avklarast. Mc Millan har ein del stokkar for M98, men prisen er jo nokså høg. Etter mykje googling enda eg opp hjå Richards Microfit Gunstocks. Litt meir googling tyda på at dei hadde OK produkt, litt frynsete rykte på kundebehandling og lang leveringstid. Sidan eg fann ei stokkform eg lika og stilig Dessert sunset laminat enda det opp med at eg bestilte. Sidan det vart litt styr med bestillinga så tek eg med nokre tips til andre som vil handla hjå Richards Microfit Gunstocks: Ha god tid.... Det går ikkje å bestilla direkte pr. e-post! Ring dei på 0018187676097 mellom kl. 18:00 og 02:00 (Norsk sommartid), til seinare ein ringer til lettare er det å koma gjennom. Sei at du vil bestilla ein stokk og betala med kredittkort. Du vil då få oppgitt eit faktura (Invoice) nr. Du må oppgje kredittkortnr. og exp. date (The risky part...) Avtal at du sender bestilling på e-mail til Sales@Rifle-Stocks.com. Emnefeltet må innehalda innvoice nummeret og gjerne namnet på personen du snakka med. I bestillinga skriv du kva du vil ha, med utgangspunkt i prislistene som ein finn under kvar modellgruppe, så som: Stokk modell Mekanisme Laminat type Fortretype og bredde Med eller utan tommelhol og kinnstøtte Løpsprofil Tilbehøyr som kolbekappe, fortreavslutning, pistolgrepsavslutning og reimbøylefeste. Be om at dei brukar USPS Priority Mail International til forsendelse, den er rimeleg og kjapp nok. Dei må gjerast merksame på at fakturakopi må leggast i ei plastlomme utanpå pakken for å vera lett tilgjengeleg ved fortolling. Skriv ikkje kredittkortopplysningar i mailen. Be om ordrebekreftelse pr. e-post. Etter 2-3 dagar så får du det og etter ei veke så får ein faktisk ein ordrebekreftelse i posten! Så er det berre å venta, leveringstida er 12 -14 veker. Eg bestilte med 1" Decelrator kolbekappe installert sidan prisen på dette berre var eit par dalar over prisen på tilsvarande kolbekappe frå Brownells. Eg tok og med reimbøylefester. Det tok 15 veker frå bestilling til stokken var ferdig til sending og kortet vart belasta. Sendinga tok 3 veker, men her var det nesteb 2 veker som gjekk vekk i tollen fordi faktura ikkje låg i plastlomme på utsida av pakken. Kva kosta gildet: Stokk: USD 187,- Decelrator kolbekappe installert: USD: 46,- Uncle Mike reimbøylefester m/reimbøylar installert: USD 21,- Frakt: USD 56,- SUM: USD 310,- Trekt på kredittkort NOK 1 853,- MVA NOK 452,- Fortolling (avgift til Posten) NOK 199,- TOTALT NOK 2 504,- Verdt å vente på? Fyrsteinntrykket er ja. Laminatet er kulare i fargane enn det som kjem fram på bileta på web-sida. Når det er ferdig pussa og olja kjem det til å bli knalltøft. Utvendig finish er rå frå fresen etter det eg kan sjå, det vert derfor nokre rundar med sandpapir. "Microfiten" som i følgje Richards skal vera 99% tilpassa er ikkje dårleg, men ligg vel nærare 90%... Stokken vart bestilt med løpskanal for 3/4" "staight barrel". Dette var det næraste eg kom min løpsprofil. Dette er litt undermåls slik at det vart ein del arbeid med tilpassing av løpskanalen. Når løpskanalen var stor nok passa låskassen fint inn. Underbeslaget var litt trangt, men heller det enn for romslig.. Utfresinga for mekanisme og underbeslag var på rett stad i høve til ein annan slik at stokkskruene passa 100%. Utfresinga var og rett i høve senter- og loddline på stokken. Det var ein ting som eg bruka mykje tid på å bli enig med meg sjølv om: Når mekanismen var på rett plass og underbeslaget stod i flukt med stokken mangla det 4 - 5 mm på at magasinbrunnen hadde kontakt med underkant av låskassen. Det vil sei at stokken er 5 mm for djup i høve til låskassen. Eg valde å fella underbeslaget så mykje inn at magasinbrunnen manglar 1 mm på kontakt med underkant av låskassa. Då sikrar ein at det vert nok press mellom låskasse - stokk - underbeslag, til at mekanismen ikkje slarkar i stokken. Ein opprettheld og geometrien i patronmatinga. Dette ser litt merkeleg ut no, men eg kjem til å ta av stokken i underkant for å få den i flukt med underbeslaget. Fortreet har eg tenkt å behalda like djupt. For å kunna måla dette nytta eg følgjande framgangsmåte: Med mekanismen ute av stokken og med føringsskruene heilt iskrudd tredde eg underbeslaget inn på skruene til det hadde full kontakt med underkant av låskassen. Deretter målde eg kor langt føringsskruene stakk ut frå underbeslaget. Så var det berre å fella underbeslaget inn i stokken til ein hadde same mål, -1 mm, når utkastaropningen låg nøyaktig i plan med stokken. Innlegging av mekanisme i stokken Fyrste tilpassing av underbeslag Brukte Prøyserblått til merking. Dette er noko griseri så derfor teipa eg stokken med maskeringsteip Men det visar godt kor ein må ta av Oppspenning for innlegging av løp og mekanisme Bruk av føringsskruer (guide screws). Desse er uvurderlige. Med underbeslaget på plass styrer dei mekanismen på rett veg etter kvart som ein passar til. Merking av løpskanal Utviding av løpskanal med skylp Fintilpassing med sandpapir korning 40 rundt eit skrutrekkarskaft Dremel er suveren ved finarbeid Utkastaropning i rett nivå Måling av korrekt djupne På plass i stokken Bedding I amerikansk stil så får eg ta åtvaringane fyrst: Beddemasse er noko kliss med fantastisk vedheft. Den klistrar seg fast på alle stader. Derfor: Masker alt treverk som ein ikkje vil grisa til. Smør to strøk med sleppmiddel på alt metall som kan tenkjast å koma i kontakt med beddemasse, det vil sei stort sett heile låskassen m/løp og undrbeslag. Fyll alle hakk og holrom som det kan flyta beddemasse inn i med modellkitt og dekk med sleppmiddel. Pass på "negative" vinklar: Om ein til dømes skulle bedda til over største diameter på låskassen vil den vera effektivt låst fast i stokken og øks er sannsynlegvis einaste hjelpemiddel som vil klara å få låskassen ut av stokken att. Eit lite tips: Raudsprit løyser opp både base, herdar og miksa beddemasse som ikkje er herda. Den fungerar derfor glimrande til reingjering av verktøy og fjerning av beddemasse frå stader der den ikkje skal vera. Les ein litt om bedding i amerikanske kjelder så ser ein snart at det er "pillar bedding" som tel. På norsk kan vi kanskje kalla det for søylebedding. Prinsippet er at ein tilpassar eit mellomstykke, eller søyle mellom låskasse og underbeslag som skjefteskruene går gjennom. På denne måten får ein fast avstand mellom underbeslag og låskasse. Ein unngår spenn som kan oppstå om ein utan søyler stramar skjefteskruene for mykje og komprimerar treverket i stokken. Når ein les om denne måten å bedda på så kan ein få inntrykk av at teknikken er oppfunnen av amerikanske benkskyttarar, men Kongsberg sin skarpskyttarstokk er faktisk utrusta med søyle: Rett nok i litt tynn og pinglete utførelse, men likevel... På mausermekanismen er dete berre naudsynt å laga søyle til bakre skjefteskrue. Underbeslaget har "innebygd" søyle for framre skrue. Eg brukte ein del tid på å finna ut kva som var rett lengde på søyla. Kjelda som eg gjekk ut frå skildra at magasinbrunnen skulle ligga plant med underkant på låskassevangane, slik: Men då stakk skjefteskrua opp slik: Skrua har tysk ørn innstempla og må derfor vera original. Dette må tyda på at det skal vera eit glis mellom toppen på magasinbrunnen og låskassevangane. Med skrua slik: Vart avstanden slik: Måltaking for søyle: Søyla laga eg av ein bit med 12 mm stålrøyr. Innvendig diameter skal vera så stor at skjefteskrua har god klaring. Nokre spor gjer at beddemassen får godt tak. Her er det klart for bedding av søyla. Skjefteskrua er teipa slik at den vert sentrert i søyla. Holet i stokken må borast opp til 13 mm. Ved å først setja i ein bor som går trangt i eksisterande hol kan ein spenna opp stokken heilt nøyaktig. Utan å endra på oppspenninga byter ein så til 13 mm bor. Stor hastighet og forsiktig mating er teknikken som skal til. Indretiar: Søyla på plass: Her er søyla bedda fast i stokken: Utstyr til bedding: Kjøp eit par måleskeier i plast. Eg fann nokre i kjøkkenskuffa som var 1/4, 1/2 og 1/1 "teaspoon". Målet som føl med settet er 1/1 "tablespoon". Ein sparar mykje beddemasse ved å kunna måla opp i mindre mengder. Vask dei i raudsprit etter bruk så varer dei lenge. Med søyla på plass har ein eit fast punkt bak i stokken som mekanismen kviler på. Eg vil ha eit lag på 2-3 mm med beddemasse mellom stål og treverk rundt rekylklakk og kammerende. For at ikkje mekanismen skal siga ned under beddinga så laga eg eit lite anleggspunkt i løpskanalen. Dette fjernar eg når beddinga av mekanismen er ferdig. Guffen på plass. Området rundt er maskert med teip med sleppmiddel på: Løpet på plass og skjefteskruene iskrudd: Ferdig herda: Maskering fjerna: Rekylbolt Ei bit aluminium på 35x15x9mm gjer nytta. Her er stokken frest ut for å gje plass: Eg bedda fyrst fast rekylbolten og har derfor maskert rundt: Utfordringa var korleis ein skulle sikra at rekylbolten kom på rett plass. Løysinga vart å lima den "forsiktig" til låskassen: Limen var ein eller anna monteringslim av sikaflex type. For å sikra at limfuga mellom rekylbolt og låskasse skulle sleppa før rekylbolten slapp i stokken så maskerte eg eit lite område og smurde sleppmiddel over. Så tok eg vekk maskeringa. På den måten vart det bare lim på ein knapp kvadratcentimeter. For å vera heilt sikker på at teorien fungerte så prøvde eg ein gang før bedding å få laus rekylklbolten. Med eit godt kakk så løsna den. Her er rekylbolten klar for bedding. Magasinopninga er fylt med modellkitt for å hindra at det flyt inn beddemasse. Bedemasse på plass for innbedding av rekylbolt: Ferdig herda: Maskering fjerna: Utfrest for bedding av låskasse: Stokk ferdig maskert og med modellkitt for å hindra beddemassen å koma der den ikkje skal: Låskasse med modellkitt og sleppmiddel. Rekylklakken har fått eit lag maskeringstape under og i front for å sikra litt klaring: Guffe lagt i: Skjefteskruer trekt til framme: Og bak: Looking good, men så: Houston we have a problem: Den mest amatørmessige av alle amatørtabbar ved bedding: Framre skjefteskrue set fast! Ikkje litt fast, men heilt j....g fast. Større skrujern, nei... Enno større skrujern med skiftenøkkel på klinga, ikkje f.... Slagskrutrekkar og hammar, s....an, større hammar og bitset knakk. Så var det 5 minutt med ord som ville fått ein nordlending til å rødma. Heldigvis klarte eg å besinna meg før eg fann fram øksa. Ein del googling synde at eg var i godt selskap. Tipsa gjekk på enten kulde eller varme. Epoxy mjuknar ved varme over 200 grader. Eg fann ein miniatyr gassbrennar som går på butan (lightergass) på Biltema. Den har ein tynn flamme og skal kunna koma opp i 1000 grader C. Med vått tørkepapir på treverket rundt underbeslaget byrja eg å varme opp skruehovudet. Eg la inn ein termofølar i utsparringa for låsklakken rett over enden på skjefteskrua for å ha ein viss kontroll med kor varmt det vart. Det tok nokså lang tid med varming før temperaturen på følaren kom opp i 60 grader. Heile tida måtte tørkepair og treverk fuktast for ikkje å ta fyr. Ved 60 grader rekna eg med at temperaturen var så høg i skrueenden at eg kunne prøva på nytt med slagtrekkar. Etter ein god del særdeleds harde slag løsna faktisk skrua. Problemet var no at når skrua endeleg løsna så var skruehovudet så mishandla at det var ikkje råd å skrua meir med skrujern. Løysinga vart å slå opp skrua med ein dor mot det som var att av skruesporet. Dette medførde at underbeslaget vart noko mishandla. Til slutt fekk eg driten i frå kvarandre. Kva gjekk gale? I etterpåklokskapen sitt tegn har eg kome fram til følgjande: I ein artikkel eg las på nettet om bedding anbefalte forfattaren å løysa og skrua til skjefteskruene ein gang i timen medan beddemassen herda. Dette trur eg var eit dårleg råd. Når ein løsnar på skrua vil sleppmiddelet kunna løsna og når ein skruar til att vil beddemasse kunna følgja med inn att. Eg gjorde denne jobben om ettermiddagen og siste gang eg løyste og skrua til skjefteskrua om kvelden var ikkje beddemassen nok herda. Beddemasse har følgt med gjengene inn og herda. I mitt søk etter løysingar på problemet fann eg mellom anna følgjande anbefalingar: Brownell sitt sleppmiddel "sucks". Bruk Kiwi ufarga skokrem! Skru aldri i skjefteskruene når ein beddar. Bruk tvinger, tape eller kirurgisk slange (surgical tubing) til å halda låskassen på plass i stokken. Bruk spesielle skjefteskruer med seks-kant hovud. Desse må vera så lange at hovudet kjem nokre centimeter ut frå underbeslaget. I tillegg er det ein mutter som ein nyttar til å strame underbeslaget opp med. Om ting skulle gå til h...te vil ein då kunna nytta ein nøkkel på sekskanthovudet og få mykje større makt enn med eit skrujern. Når låskasse og stokk endeleg vart skilt så var beddinga egentleg OK: Rifla prøvemontert: Det vart ein lang pause etter problema med beddinga. No er motivasjonen på plass og prosjektet held fram. For at rifla skal fungera både i vanleg bruk og sikkerhetsmessig (visitasjon) så meinar eg at sluttstykket må kunna fjernast på vanleg enkel måte. Kinnstøtta på denne stokkmodellen er så høg at det er naudsynt med ei utsparring for å få plass: Så måtte det lagast til spor for hevarmen: Eg bestemte meg for å laga det som på engelsk heiter "butt hook". Kan ein kalla det kolbekrok på norsk? Her er stokken på vei inn i bandsaga, litt scary.... Her er rifla prøvemontert med ferdig forma stokk: Stokk finish: Som med alt anna arbeid så er det grunnarbeidet som tel. Ein feil i overflata klarar ein ikkje skjula med å legga på finish. Den vert derimot forsterka. Så set av ein kveld og to og masse albogefett til pussing. Kjøp sandpapir av god kvalitet. Eg kjøpte ein rull med 60 korning av hjalla kvalitet. Den hadde fungert fint som dasspapir i nøden. 3M sine produkt er gode. Kjøp og ein skikkeleg pussekloss av kork. Då vert resultatet jamnare og kantar som skal vera skarpe vert skarpe og ikkje avrunda. Finishen på stokken er i utgangspunktet nokså rå så ein kan starta med 60 korning og pussa til alle striper frå fresen er vekke (etter oljing så kom det fram nokre striper så det kan henda eit ein skulle byrja med 40 korning). Så er det berre å arbeida seg oppover: 80, 100, 120, 180 og 220. For kvart skifte pussar ein til stripene frå forrige korning er vekke. Eg gav meg på 220. Etter at pussinga var ferdig tørka eg av støvet med raudsprit. Apropos støv. Bruk støvmaske! Eg pussa utan og etter at eg var ferdig så følte eg meg faktisk litt dårleg. Støvet frå lim og laminat er neppe særleg sundt å pusta inn. Eg brukar Tru-Oil frå Birchwood Casey. Etter mitt skjøn gjer den ein glimrande finish på ein enkel og kjapp måte. Det er berre å tøma litt olje i neven og gni det inn i kolben. Når det er tørt så pussar ein over med fin stålull og legg på eit lag til. Dette gjentek ein til ein er nøgd. Før: Etter: Andre sida: Detalj kolbekrok: Detalj underbeslag: Som ein ser så har eg valt å tilpassa konturane på stokken til magasin og mekanisme i staden for å la underkant av fortreet vera bein. Kikkertsikte og montasjar Kikkertsikte Eg bestemte meg for at eg ville prøva ein av Nikon sine modellar. Dette er kikkersikte i middelklassen og Nikon sin optikk er velkjend frå kamera. Forstørrelse 2,5 - 10 er det området som eg først tenkte på. Kanskje kunne det vera aktuelt å gå opp til 4 - 16 forstørrelse, men eg har til no jakta med max 4x og er egentleg nøgd med det til den jakta eg driv. Lav forstørrelse likar eg å kunna bruka når postane blir litt trange. På papp er det jo gunstig med meir forstørrelse. Retikkel Av retikkel så har Nikon Nikoplex, BDC og MilDot og for Gold modellane også tysk #4 Retikkel med ymse kryss og strek er in for tida, men eg er usikker på om det er nyttig eller berre kult? Eg har etter kvart fått sansen for tysk #4: Dei grove stolpane er lette å sjå i skumring, eller når det skal gå fort. Den fine korsen er god til prikkskyting. Eg enda opp med følgjande kandidatar: Monarch 2,5-10 x 42 (USD 345) Monarch 2,5-10 x 50 (USD 395) Monarch Gold 2,5-10 x 50 (USD 639) Eg enda opp med ein Nikon Monarch Gold 2,5-10 x 50, tysk #4. Den vart bestilt frå The Optic Zone i lag med Warne Maxima 30 mm ringar og Butler Creek linsedeksel. Eg såg lenge på Bushnell Elite 6500 2,5-16, men grunna at den berre leverast med "tynne" retikkel valde eg Nikonen i staden. Pris og leveringstid Sikte, ringar og linsedeksel levert i min postkasse kr. 5135,19, alt inkludert (Frakt og MVA), Leveringstid 8 dagar. MEN same kikkertsikte, eks. ringar og deksel, hadde XXL til kr. 5099,- på sin webshop! Det er ikkje alltid at import har så mykje for seg.. Montasjar Det er mykje snakk om MOA skinner for tida så eg fann ut at det måtte til. Google var nok ein gang hjelpemiddelet til å finna fram til Farell One-Piece 20 MOA Base, Brownells #100-001-149, USD 81,- Denne er i stål og så solid at eg trur den er med å stivar av låskassen. Farell har sjølvsagt ringar og, men dei kostar det kvite ut av auga. Valget vart derfor standard 30 mm ringar frå Warne Med lave Warne ringar er det 8 mm klaring mellom objektiv og løp. Farellskinna bygger mao ein del opp Det er god klaring mellom okular og original M67 hevarm. Ingen omsmiing naudsynt. Stash og "kjekt å ha" Forster Pair Mauser 1/4"-22 Inletting Guide Screws, #319-415-098, USD 5,- Desse er heilt uvurderlige når mekanismen skal leggast inn i stokken ACRAGLAS GEL KIT, Brownells #081-014-007, USD 26,- Til beddejobben. Prøyserblått, Brownells #100-001-581, USD 4,- Eg bruka den til å merka kvar mekanismen tok i stokken ved innlegging, men det var egentleg noko griseri. Denne skal vera betre egna: Innletting Black, Brownells # 457-001-050, USD 9,- Denne kan bli aktuell om økonomien tillet: David Gentry M-98 THREE POSITION SAFETY SHROUD, Brownells #339-500-098, USD 179,- Dei har og ein frå Dakota Arms som er litt rimelegare, USD 150,-, men den er ikkje blånert. Master Class Stocks har ein del fint stash, mellom anna dette beslaget for justerbar kolbekam: Eg har vore i kontakt med dei og dei sender til Norge. Utstyr for stødig skyting Match-reim Alle som har skote i DFS regi kjenner til bruk av match-reim og ser på dette som det mest sjølvsagde utstyr når ein skal driva med presis skyting utan anlegg. Med nye Uncle Mikes 1 1/4 Mil-spec swivels er den originale sjølvstramande match-reima framleis brukbar. Eg supplerte og med ei "Model 1 quick cuff precission sling" (puh) frå http://www.tacticalintervention.com/ I funksjon minnar den om reima som skiskyttarane brukar. Ei løkke som ein har rundt overarmen heile tida og som vert kobla samen med reima når ein skal skyta. På denne måten kan ein bera rifla i reima og på kort tid vera skyteklar. Den vart sjølvsagt montert utan å lesa bruksanvisninga og eg fann ut at det faktisk gjekk an å skyta med "splitta" reim. Etterpå sjekka eg bruksanvisninga og fann ut at eg hadde montert den bak-fram. Det er meininga at reima berre skal gå over handbaken og vera så stram at den dreg rifla inn mot aksla. Medfølgjande reimbøylar vart bytta ut med Uncle Mikes 1 1/4 Mil-spec swivels. Her "feilmontert" for skyting med splitta reim. Tre neven gjennom løkka framom spenne. Og her iht bruksanvisning Reim og 2 sett reimbøylar vart kjøpt frå Brownells og kom på kr. 1 238,-, leveringstid 8 dagar. To-fot Etter å ha forska litt så er eg komen fram til at Versa-pod vert alternativet eg vil gå for. Monteringa vil bli med "pinne" i framkant av forskjeftet. På den måten får ein eit lavare tyngdepunkt på opplagringa. Ein slepp og handstopparen som vil vera i vegen når ein ber rifla i reim over aksla. Montering av pinne Pinnen er 11,0 mm i diameter. Ved prøveboring vart 11,0 mm i trangaste laget, 11,5 var høveleg. Pinnen er lang og eg vurderte det til at det er meir enn solid nok om ein kappar den litt ned. Då kan eg og flytta reimfestet, som eg no tykkjer er litt langt bak, framover utan at det kjem i konflikt med pinnen. I tillegg har pinnen ein tapp som sikkert er noko som heng att frå før Versa-pod fekk låseskrue på kantinga. Den medfølgjande handstopparmontasjen manglar denne tappen. Eg filte derfor vekk tappen på pinnen. Eg brukte lang tid på å spenna opp stokken for å vera sikker på at alt vart beint. Ferdig bora Flensen felt inn Acragel beddemasse smurt på, avfetta først med raudsprit. Og på plass i stokken. Hugs maskering og sleppmiddel! Skrap vekk overskytande beddemasse og tørk av med ei fille fukta med raudsprit. Her ferdig og samanlikna med handstopparversjonen Høgdeskilnaden er 35 mm. Dette gjer at tyngdepunktet kjem lavare. Med settskruen for kanting laus så tippar rifla overende når tofoten er montert på handstopparen. Montert på pinnen så vert den ståande. I tillegg så er pinnen mykje meir solid. Ein har ein 11x60 mm bolt som er limt fast i stokken med epoxy. Handstopparen heng i ei 6x25 mm treskrue ved hjelp av ein 2 mm låsepinne. Tofoten vart ein 7" - 9", altså modell 51. Her montert med handstoppar på reimskrue. Den er rikeleg høg til ligjande skyting på plant underlag. Med tofoten montert på pinnen treng ein faktisk ikkje å fella føtene heilt ut for å få ein komfortabel skytestilling. Pinne og tofot vart bestilt frå Versa-pod sin nettbutikk, http://versapod.com. Det kom på kr. 1268,- alt innkludert og det tok 11 dagar frå bestilling til eg hadde varene. Bønnepose Eller Bean Bag. Når ein skyt med to-fot med ei så tung rifle som dette så er det ikkje nødvendig å halda om fortreet. Ein får ein mykje stødigare skytestilling om ein legg venstrearmen (for recht skyttarar) bak under kolben. Kolbekroken gjer at ein får godt tak og ein pose under kolben gjer at stillingen vert enno stødigare. Ei ankelpølle gjer nytta, men ein får sjølvsagt spesiallaga sniper bean bags i ymse camo variantar. Valg av kuler og krutt Hastighet i 6,5x55 med kort løp har vore diskutert ein del. Her er nokre utgangspunkt med "normal" løpslengd: Frå Ladeboken, like data i #3 og #5 som var dei eg sjekka: Testvåpenet hadde 66 cm pipe. Nosler Partitition 140 grains / 45 grains Norma 204: 801 m/s Nosler Partitition 140 grains / 46,5 grains Norma 204: 831 m/s Norma oppgjev følgjande: Veit ikkje kva løpslengde dette er frå Nosler Partitition 140 grains / 41 grains Norma 204: 765 m/s Nosler Partitition 140 grains / 43,1 grains Norma 204: 813 m/s Eg har brukt mykje tid på å filosofera over kulevalg, men no trur eg konklusjonen er klar: Til jakt: 140 grains Sierra Game King Til trening: 142 grains Sierra Matchking Skyttarlagskrutt som spesefisert på boksen. Vert presisjonen brukande så gidd eg ikkje eksprimentera meir.. Match King / Game King har boattail og manglar delevegg. Den har då mindre bæreflate og er mjukare enn Nosleren. Eg reknar med at Ladeboken sine litt høgare data kan brukast. Anslagsenergi for storviltjakt: I følge forskriftene så skal 9 grams kuler ha ein anslagsenrgi på 100 m på 2700 joule. Det vi sei at 140 grain GK, som har ein BC på 0,49, må ha ein utgangshastighet på 831 m/s for å klara kravet. Om eg ikkje når det, så trur eg ikkje at hjorten kjem til å merka det noko særleg... Testskyting Klar for fyrste test. Ny stokk var ikkje komen så originalstokken fekk gjere nytta: Spaninga var stor då eg rigga meg til med sandsekker i skytebenken. Smilet vart etter kvart breiare og breiare. Sierra 142 grains Matchking / 45 grains 204 / 807 m/s / 15 mm Sierra 142 grains Matchking / 46 grains 204 / 824 m/s / 7 mm Dette er sjølvsagt skrytebileta, men det syner i alle fall at rifla har potensiale og at ein ikkje skal kimsa av Kongsbergløp. Snittsamlinga av dei 9 treskotsseriane eg skaut i dag var 23 mm. Sidan løpslengde og hastighet har vore tema i tråden så tek eg med "tallenes tale". Eg har ingen data med original løpslengd, men med 55 cm (støtbunn - munning) fekk eg følgjande over min Chrony: Norma Elit, 9,0 gram, Vo = 800 m/s: 743 m/s (hadde berre to skot att, snitt av dei...) Norma Elite, 9,1 gram Hornady interlock, Vo = 850 m/s: 817 m/s Sierra 142 grains HPBT / 45 grains Norma 204: 807 m/s Sierra 142 grains HPBT / 46 grains Norma 204: 824 m/s Lapua Scenar 9,0 gram HPBT / 45 grains Norma 204: 812 m/s Lapua Scenar 9,0 gram HPBT / 46 grains Norma 204: 833 m/s Sierra 140 grains GK / 46 grains N-15: 779 m/s Sierra 140 grains GK / 47 grains N-15: 802 m/s (N-15 lot 55026, data på boksen: 47,7 grains / 140 Sierra, 869 m/s i 740 mm Sauerløp) Konklusjon og evaluering Eg er vel i utgangspunktet ganske nøgd. Inspirasjonen var ei Remington 700 LTR, som står for Light Tactical Rifle, Lett Taktisk Rifle. Lett vart den i alle fall ikkje. Med kikkertsikte stoppar kjøkkenvekta på 5,7 kg. LTRen har 50 cm løp i .308. Eg tenkte til å byrja med å kappa løpet til 50 cm, men sidan kaliberet er 6,5x55 så stoppa eg på 55 cm for ikkje å mista meir utgangshastighet. Presisjonspotensialet bør absolutt vera til stades. Eg har ikkje fått testa børsa frå benk med den nye stokken enno, men i M67 stokken var snittet av 9 3-skots grupper 23 mm, med 7 mm som den beste. Eg kjem vel neppe til å klara kravet til anslagsenergi med 9 grams kule, men hverken eg eller hjorten kjem til å kjenna det nokon plass. Bruksområdet kjem til å bli koseskyting og ein tur og to på bøjakt etter hjort. Eg reknar med at eg får vera med på "kjøt og flesk" på nokre DFS feltstemner og såleis få prøva børsa på litt lengre hald. Av meir kjekt å ha ekstrautstyr vurderar eg ei UIT skinne. Lyddempar kjem nok og når økonomien tillet det. Og apropos økonomi, vart bukken sala til den vart dyrare enn hesten? Oppsummert så kom ombygginga på kr. 5150,- + eit Timney avtrekk eg hadde liggande. Kikkertsikte og ringar kom på 5135,-. Vel 10 laken for ei rifle m/ kikkertsikte som ser ut til å ha sub-MOA potensiale kan vel ikkje vera så gale. I tillegg så har eg lært ein del og har ei rifle som det ikkje finnest maken til. Og så må det jo vera bra at den gamle M67en endeleg får lov til å koma ut av våpenskapet. Testskyting og kommentarar Første tur på skytebanen med full rigg vart hygjeleg. Det regna så eg enda opp med å bruka elektronikken, derfor ingen skrytebilete av perforert papp. 10 skot mix av 140 grains Match- og Game King frå ligjande skytestilling variert med tofot, splitta matchreim og Tactical reim haldt seg fint i 10-aren. Eg var litt spent på om treffpunkt med tofot og reim ville vera ulikt, men her var ingen praktisk skilnad å sjå. For ein som aldri har nådd oppover i klassane må eg og inrømma at det var moro å ligga med tofot og prikka inn den eine indretiaren etter den andre Tofoten virkar fint med "pan og tilt" og gjev eit solid inntrykk (utan at eg har nokon av konkurrentane å samanlikna med). Eg må eksprimentera litt meir for å finna høveleg fyll i bean-bagen. "Sakko-sekk" fyll vert litt for lett og luftig. Den gamle sjølvstramande matchreima fungerar fint framleis, men eit handleddsbrot for eit års tid sidan gjer at det snart vert vondt å skyta med splitta reim. Tactical reima, bruka iht bruksanvisninga (usplitta) røyner ikkje sånn på handleddet, men er heller ikkje så stødig som matchreima.
  19. USD 81 frå Brownell, men dei har berre 20 MOA i stål. Dei er faktisk litt dyrare direkte frå Farell ca. USD 87, men då kan du få 0, 15 og 20 MOA både i stål og alu.
  20. Kanskje det er eg som er blind, men eg finn ikkje ut korleis eg kan endre e-postadressa mi i brukekontrollpanelet. Nokon som veit korleis det kan ordnast?
  21. Har funne skinna eg vil ha: frå Ken Farrel Brownell #100-001-149, USD 81 Så får eg sjå kva som må til av tilpassing
  22. Tiltredes! Problemet er at om ein skal starta eit nytt lag som driv med skyteaktivitetar så må ein ha ei tilknytnig til ein overordna organisasjon. I dette tilfellet er vel Jeger og Fisk mest nærliggande. Om tilhøva er slik du skildrar så kjem De neppe nokon veg når De skal prøva å få til ein leigeavtale på DFS-laget sin bane. Når haldninga er at på DFS sine banar skal ein driva med skyting i DFS regi og jegrane er ei plage som ein har fått gjennom avtalen mellom DFS og DN er det vanskeleg å få til samarbeid. Hjå oss byrjar vi å få til eit samarbeid. Jeger og Fisk leiger areal til hagleskyting og det er sett av areal til viltmålbane. Det er bygd ny 200 meters bane og 100m er oppgradert til elektroniske skiver. Vi ser med andre ord byrjinga på eit skyteSENTER. Eg trur det er einaste vegen å gå. Slik støyrestriksjonane er blitt no så er det nesten umogeleg å få etablert nye skytebanar.
  23. Hugs å la børsa bli kald etter skyting før du legg den i kofferten. Ellers vil det kunna danna seg kondens.
  24. Det er ein mulighet, men eg har lyst på ei heil skinne (ikkje to-delt)
×
×
  • Create New...