Jump to content

Marlinman

Members
  • Posts

    119
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Marlinman

  1. Som mangeårig tillitsvald i DFS, men ikkje konkuranseskyttar så få du følgjade råd frå meg: Jobb frå innsida. Still opp på årsmøtet, sei ja til å vera med i jegerutvalet, ver med å lag eit opplegg slik jegrane vil ha det. Eg vil tru du vert teken i mot med opne armar...
  2. Kanskje så svettar du like mykje som meg i handflatene? Saltet i svetten set seg på børsa og fører veldig snart til rustprikkar slik du beskriv. Eg har fast rutine på å tørka av både våpen og verktøy som eg har teke i med ei fille dynka med litt våpenolje før eg set det vekk. Dette må gjerast kvar gang eg har handtert børsa, ellers kjem rustprikkane.
  3. Har ein M67 som neppe kjem i DFS aktivitet meir. Har tenkt ut ei ombygging og har funne det meste som skal til av komponentar, MEEEN: Då eg plukka rifla i deler i dag oppdaga eg at bakre låskassebru er maskinert for montering av Busk diopter. Den har ikkje rund profil, men er kanta. Dermed vil vel ikkje ein standard base passa utan shimsing eller liknande. Er det nokon som har montert base for kikkertsikte på ei slik låskasse og som kan koma med eit godt tips?
  4. Marlinman

    Tinnitus

    Etter konstant piping/summing i venstre øyret dei siste 3 vekene byrjar konklusjonen å bli klar: Tinitus. Det som skjedde var følgjande: Eg var standplassledar under skyteprøven og ein skyttar sa noko til meg som eg ikkje oppfatta. Utan å tenkja meg meir om letta eg på øyreklokka over venstre øyret og akkurat i same sekund small det frå skyttaren på nabostandplassen. Eg kjende med ein gang at dette "slo", men rekna med at det skulle gå over etter nokre timar. Etter 3 veker har det framleis ikkje gått over. Det er omtrent same lyden som når du har fått ein mygg, eller knott inn i øyra, konstant... Det vert verre etter at eg har vore utsett for høg lyd over ein periode som til dømes ein fest med litt høg musikk, men går attende til normalen etter ei stund. Eg merkar ikkje så mykje til det i "normal" støy, men når stillheten senkar seg i huset så dukkar Hr. Tinitus opp... Når ein veit at det er store sjangsar for at eg må leva med dette resten av livet så er det utruleg iriterande å veta at blant alle duppedittar som havesykja har ført med seg, så var ikkje elektoniske hørselsvern blant dei. Sordin Supreme Pro-X er no bestilt, men det følest litt som å lata att stalldøra etter at hesten har stukke av. SÅ TA VARE PÅ HØRSELEN DIN, DU HAR BERRE EIN: BRUK HØRSELSVERN NÅR DU UTSET DEG FOR STØY, ALLTID!
  5. Har vore ein tur på skytebanen. Presisjonen ser ikkje ut til å ha blitt noko dårlegare med langt magasin. Men jaktladning og treningsladning, som tidlegare hadde same treffpunkt på 100 m, har ikkje det lenger. No gjekk jaktladninga ca 15 cm høgare enn treningsladninga. Så då lyt det ekprimenterast med ny treningsladning, sukk.. Livet er tøft...
  6. Har lenge vore på utkikk etter kaldblånering til å blånera småskadar på børsa med. Kom over Blue Wonder når eg leita på nettet http://www.bluewonder.us/. På sida deira ligg det og ein link til ein demovideo, som viste seg å vera "broken". Fann litt seinare videoen på youtube . Her vert produktet på klasisk amerikansk vis framheva som overlegent alt anna innan blånering. Slår ein litt av for kjennsfolk så ser alikevel produktet interessant ut. Fann og ein positiv omtale av produktet her http://www.surplusrifle.com/reviews/bluewonderblue/index.asp. Neste hopp vart derfor å finna ut om nokon forhandla det i Norge, sidan det å importera kjemikaliar frå Junaiten kan vera litt problematisk. Det viste seg at Våpenloftet hadde det i hyllene http://www.vapenloftet.no/uc.php?ucat=43. Prisen var heller stiv, kr. 395,- men luriumet skal jo innhalda både "24 carat gold and stirling silver", så då så. Ein får då eit sett med 1 oz med "Gun Cleaner", 2 oz med "Gun Blue" og 1/2 oz med "Developer". Eg las gjennom bruksanvisningen og såg videoen ein gang til før eg sette i gang. Eg bruka ein varmluftspistol i staden for propanbrennar og det fungerte fint. Det er faktisk ikkje mykje å legga til det som vert synt på videoen. Det var enkelt å påføra luriumet og resultatet vart faktisk rimeleg bra. Sikkert ikkje noko som vil få Fossdal og kollegane hans til å ta bølgen, men heilt OK på eit bruksvåpen. Som med all finish så er det jo kvaliteten på forarbeidet som gjer utslaget. Problemet er at skal ein til med smergel og Scotchbrite så har ein brått ikkje berre ei lita ripe som skal blånerast, men "halve" løpet. Eg slipte og polerte nokre djupe hakk og riper forsiktig med Dremelen og det vart sånn nokonlunde. Har dessverre ingen før og etter foto sidan det er vanskeleg å få gode bilete av blanke flater grunna refleksar frå blitzen. I høve til tradisjonelle kaldblåneringsvesker så er Blue Wonder enkelt å bruka, ingen stålullpussing mellom "strøka" og ingen svovellukt. Du ser med ein gang om resultatet vert bra og er ikkje fargen mørk nok er det berre å gå på med fleire "strøk". Prisen tilsvarar ein Pizza og to - tre Pils på Peppes og er etter mi meing vert det.
  7. Då var kikkertsikta på tunet att. Det heile har teke nokså nøyaktig ein månad, påske innkludert. Kostnaden vart totalt kr. 1011,- for retikkelbyte i to kikkertsikter (frakt medrekna). Leupold hadde forsynt forsendelsen med mange "Warranty Repair" klistremerker og dermed slapp eg unna MVA, bra service! Tysk #4 retikkelet i Scout siktet var glimrande og gjer siktet mykje betre egna enn den originale duplexen. Synd at det ikkje var råd å få dette retikkelet i den andre kikkerten også. Post og duplex var berre marginalt grovare enn den originale duplexen. PS! Svenskane har ikkje svara på e-posten eg sende dei enno....
  8. Tenkte eg skulle senda ein førespurnad til svenskane for å sjekka kva dei tek betalt for eit retikkelbytte, men dei har ikkje eingang ei e-postadresse eller kontaktskjema på sidene sine. Snail-mail er defintivt ute, så so-long søta bror. Edit: Men på Leupold si side fann eg denne: optikservice@hdf-gyttorp.se, så då får vi høyre med dei...
  9. E-post frå Leupold, med ordrebekreftelse. Dessverre kan dei ikkje installera tysk #4 på den eine kikkerten, ein VX-II. Satsar derfor på "Post and Duplex" på denne. Dei estimerar 13 dagar leveringstid.
  10. Då var pakken framme hjå Leupold, det tok 9 dagar.
  11. Spurte Leupold om dette ved eit tidlegare høve og fekk då til svar at eg kunne handla direkte med Leupold i USA. Men portoen til Sverige hadde kanskje blitt litt lavaren enn til USA Her er link til Leupold si side om service: http://leupold.com/corporate/resources/product-service/ og her er link til Gyttorp sin serviceavdeling i Sverige som har Leupold service: http://www.hdf-gyttorp.se/main.aspx?ID=076F809C-5997-4470-B094-273B478E4D00
  12. Då er to kikkertsikter på veg til Leupold Custom Shop for bytte av retikkel. Leupold sin standard Duplex vart for tynn, så no skal den byttast til tysk #4. Eg skal prøva å oppdatera denne posten med aktuell info etter kvart som det er framdrift. Eg starta med ein førespurnad via nettsida til Leupold. Etter eit par dagar fekk eg følgjande klare svar: The cost to replace the reticle in your scope is $59.99 plus $25.00 shipping and handling. Service time is now running about seven to ten working days, not including shipping time. When shipping product for warranty or service, please include a note of instruction, return address, phone number and e-mail address. Please record the model and serial number of your product and ship the optic only. Remove any mounts, rings, sunshades or lens covers. It is recommended that you purchase insurance and retain a tracking number to document the arrival of your product. If you need any further assistance please call our technical service department at (503) 526-1400 or (503) 646-9171. For shipment by UPS: Leupold Product Services 14400 NW Greenbrier Parkway Beaverton, OR 97006 For shipment by mail: Leupold Product Services PO Box 688 Beaverton, OR 97075 På "Note of Instruction" kryssa eg fingrane og la og ved naudsynte VISA opplysningar for betaling. Så kontakta eg Tollvesenet for å få korrekt framgangsmåte for å unngå å betala MVA på heile verdien av kikkertsiktet når det kjem attende. Den finn du her: http://kammeret.no/viewtopic.php?f=35&t=1756. Nødvendige tollpapir kom i posten i løpet av eit par dagar. Då var det lokale postkontoret neste stopp. For kr. 380.- i porto stempla postdama tolldokumenta og la dei ved i plastmappe på utsida av pakken, eg behald også eit stempla eksemplar sjølv. Pakken er sporbar slik at den kan følgjast på sin veg.
  13. Det er mange som handlar på nettet og importerar verer /utstyr sjølv. Av og til kan det vera aktuellt å senda dette attende til leverandør eller fabrikk for service og oppgradering. Då er det viktig at papirmølla er i orden, ellers kan ein risikera å betala MVA på nytt for heile verdien av vara. Det som må til er ein "Utførselsdeklarasjon for midlertidig utførsel" Etter ein del e-postar att og fram til tollarane så har eg kome fram til følgjande: Finn fram: Kopi av innførselsdeklarasjonen som ble utstedt ved import Kopi av faktura som viser verdien på vara Unik ID på vara(Serienr. el.) Kontaktopplysingar på avsendar (deg sjølv, Namn, personnummer, Adresse, telefon, e-post. Adresse til mottakar. Om du bur i nærleiken av ein tollstad så tek du med deg dokumentasjonen og ber om å få utsteda ein "Utførselsdeklarasjon for midlertidig utførsel" Om du har lang vei til tollstaden så kan ein senda dokumentasjonen i lag med eit brev til næraste tollstad der ein ber om å få utsteda ein "Utførselsdeklarasjon for midlertidig utførsel". Du vil få denne attende pr. post. Når du så skal senda vara ut av landet er det VIKTIG at transportøren (for dei fleste av oss, Posten) stemplar deklarasjonen. Ta ein kopi av deklarasjonen og legg ved vara. Instruer mottakar om at den må følgja vara når den returnerast. Når utstyret så kjem attende syner ein til deklarasjonen at det er same vare som kjem attende. Om det då er snakk om gratis service / garanti slepp ein å betala noko meir. Er det ein reparasjon / oppgradering så må ein betala 25% MVA på kostnaden med dette.
  14. Eg har nytta magasinfjøra frå det korte magasinet. Den virkar å vera litt i kortaste(!) laget, men eg har ikkje fått funksjoneringsfeil. Har testa med børsa i alle mulige og umulige vinklar og matinga fungerar. MEEN for å få ro i sjela så kjem eg til å ta med ei lang magasinfjør på neste bestilling til Brownells. #550-401-395, USD 6,30 (Marlin #401395)
  15. Av ein eller annan grunn kom denne Marlin rifla med såkalla halvlangt magasin: Magasinet endar om lag midt mellom enden på fortreet og løpsmunningen. Løpet er 22” (560 mm) langt, magasinrøyret er 350 mm langt og har plass til 4 patroner. Den klassiske ”kåbbåygunnaren” har jo røyrmagasin som er like langt som løpet: Alternativet hadde vore at magasinet slutta jamnt med fortreet: Begge desse alternativa ser etter mi meining betre ut enn det halvlange magasinet. Det stiligaste er nok kanskje at magasinet endar jamnt med forteet, men då misser ein magasinkapasitet. Magasin i full lengde er nesten like fint og då får ein i tillegg plass til tre patroner ekstra. Til vanleg jakt betyr vel ikkje nett det så mykje, det ein ikkje har fått i bakken med fem skot klarar ein vel ikkje med åtte heller… Nokre amerikanske børsemakarar har hatt langt magasin som ein av opsjonane på sine custom rifler basert på Marlin 1895 mekanismar, men det har ikkje vore lett å få tak i deler ”in the withe”. Marlin fabrikken løyste sjølv dette problemet for nokre år sidan med introduksjonen av 1895 CB. Dette er ei rifle laga for CAS med 26” (660 mm) langt løp og magasin i full lengde. Magasinet til 1895 CB kan ein kjøpa mellom andre frå Brownells ( http://www.brownells.com ). Då har ein utgangspunktet for eit prosjekt som dei aller fleste kan fiksa sjølv. Arbeidsoppgåvene vert då: 1. Fres, eller fil nytt svalehalespor for framre magasinfeste. 2. Flytt fram magasinfestet 3. Kapp magasinet til rett lengde. 4. Bor hol i magasinet for feste og festeskrue. 5. Sett inn blidplugg i det gamle svalehalesporet. 6. Blånering av kuttflater. Til dette treng ein: Materiell: (# = Brownells varenr.) #550-000-664....101125 MAGAZINE TUBE..........................USD 26,44 #579-087-100....001187 MARBLE #87 DOVETAIL SLOT BLANK...USD 5,00 #080-621-359....STD. SIGHT BASE CUTTER 60 x .359............USD 30,67 eller om ein ikkje har tilgang til fres, denne frå Midway #720537..........Wheeler Engineering Dovetail Cutting Fixture..USD 20,99 I tillegg kjem frakt, i mitt tilfelle på.................................USD 47,50 Ein treng og Kaldblåneringsveske Ein 5mm o-ring Sjølvsagt var det meir med i pakken når ein først bestilte, så dermed vert det ikkje heilt rett å rekna all frakta på dette prosjektet, men gjer ein det så kjem det heile på USD 109,61. Med ein dollar på om lag NOK 5,50 vert dette NOK 603,- og på toppen av dette kjem 25% MVA. Då vert sluttsummen kr. 754,-. Pakken vart sendt med PP – Express, kva no det måtte vera. Bestillinga gjorde eg på web 18.12, den vart sendt 20.12 og eg hadde den på min lokale post i butikk 02.01. Heile tida sporbar via Posten si sporingsteneste. Veldig bra når ein tek med at dette var midt i jule- og nyttårshelga. Verktøy: • Drill m/ stativ / søyle • 6 mm metallbor • 7,5 mm metallbor • Skrustikke med mjuk foring på kjeftane • Baufil m/ metallblad • Flatfil for metall • Rundfil for metall • Hammar • Messingdor • Kjørnar • Skyvelær • Vinkel Og ideelt sett dreiebenk og fres, eller som eg, ein god kompis som er oppsett med slikt utstyr. Men det bør gå fint utan og om ein er nøyaktig. Førebuing: Demonter rifla som vist her: http://www.kammeret.no/viewtopic.php?f=38&t=1111 Kor langt skal magasinet vera? Det skal i alle fall ikkje stikka framom løpet. Om det er akkurat like langt som løpet så kan det likevel sjå ut som om det er litt lenger. Derfor vert det vakraste at det er litt kortare. Etter lange diskusjonar med meg sjølv kom eg fram til at 3 mm ville vera høveleg. For å koma fram til rett plassering av svalehalesporet tek ein mål av magasinpluggen, frå framkant til center hol, og legg til 3mm. 1. Nytt svalehalespor For dei som har fres så spenner ein opp løpet med løpsaksen 90 grader på freseaksen (hugs at løpet er kona). Kompisen brukte 2 v-blokker og shimsa opp den eine. Så stiller ein inn rett djupne på fresen. Om ein ikkje driv med dette til dagleg så kan ein spara seg eit løpsbyte ved å gjera ein test på ein bite med 18 eller 20 mm rundstål først. Resultatet vert slik: Dei som nyttar fil og albogefett i staden kan lesa seg opp her: http://www.midwayusa.com/midwayusa/StaticPages/pdf/Instructions/Dovetail%20Cutting%20Fixture%20Instr.pdf 2. Flytt magasinfestet Slå ut magasinfestet av svalehalesporet med hammar og ein messingdor. Prøv det i det nyfreste / filte sporet og gjer eventuelle finjusteringar. Slå det inn til det er nøyaktig i senter på løpet. 3. Kapp magasinet Fest magasinpluggen i magasinfestet og ta nøyaktig mål av magasinlengda. Sett av målet på magasinet. NB: ”BULKEN” I MAGASINET SKAL IKKJE KAPPAST AV, KAPP I MOTSETT ENDE! Bulken er der for å sikra problemfri lading av magasinet. Spenn opp magasinet i skrustikka og kapp med baufil slik at ”streken står att”. Finjuster med fil slik at lengda vert rett og det ikkje er glis mellom magasinet og flensen på pluggen. For dei som har dreiebenk tilgjengeleg går det fint å stikka av magasinet i denne. 4. Bor hol i magasinet Merk opp for holet på oppsida av magasinet. Det er viktig at bulken i magasinet kjem på rett plass! Når ein ser magasinet ovanfrå skal bulken stikka ut på venstre sida av magasinet, 90 grader på den vertikale senterlinja til våpenet. Sett i magasinpluggen og marker senter for holet med eit kjørnarslag, sjekk at ikkje skrueholet i pluggen kjem under der du kjørnar. Hugs å ta ut pluggen før du borar! Spenn opp magasinet i borsøyla og bor først eit 3,5 mm hol på oversida av magasinet. Set i blindpluggen og med den som styring borar du, frå oversida, holet på undersida, framleis med 3,5 mm bor. Til slutt borar du opp holet på oversida til 7,5 mm og holet på undersida til 6 mm. Fjern eventuelle grader. 5. Blindplugg Fil til blindpluggen slik at ein får klaring til magasinet. Bruk ei rundfil og fil eit halvmåneforma spor på tvers av blindpluggen. Eg måtte og fila litt på undersida av blindpluggen for å få den til å entra svalehalesporet. Ikkje prøv å fila på blindpluggen når den står i svalehalesporet. Då får du nokså sikkert ein blåneringsjobb på løpet i tillegg (been there, done that) Slå til slutt i blindpluggen i det gamle svalehalesporet 6. Blånering Då står det berre att å kaldblånera dei blanke metallflatene og montera. Følg anvisningane her: http://www.kammeret.no/viewtopic.php?f=38&t=1111 med ein liten vri: Legg ein 5 mm o-ring mellom løpet og magasinet på magasinfestebolten. Skru til skrua slik at magasinet legg seg paralelt med løpet. Det som no vert spanande å sjå er korleis presisjonen vert. Med denne modefisering flyttar ein magasinet sitt presspunkt mot løpet. Treffpunktet vil nok garantert endra seg, men korleis vert samlingane? Når dagane ljosnar litt til, slik at det går an å ta seg ein tur på skytebanen, så får De svaret. Credits: Salvo http://marlinowners.com/board/viewtopic.php?t=18413
  16. I og med at ei bøylerifle har ein annan mekanisme og inneheld ein del flerre deler enn ei vanleg boltrifle så kan det vera greitt med ein HowTo på koleis ein demonterar ein slik mekanisme. Einaste verktøy som er naudsynt er flate skrujern i ymse storleikar. Det beste er sjølvsagt holslipte skrujern i akkurat rett storleik. Eg brukar i nøden ein Leatherman med tilhørande bits og det fungerar fint. Eit gamalt laken e.l. oppå arbeidsbenken hindrar striper i våpenet og at skruer og andre smådeler rullar på golvet. 1. Sjekk at kammer og magasin er tomt. 2. Sjekk at kammer og magasin er tomt ein gang til. 3. Spenn hanen (33) og opne mekanismen om lag 1/3. 4. Skru ut bøyleskrua (24) og trekk ut bøylen (20): 5. Trekk sluttstykket (6) bak og heilt ut av låskassen. Plukk ut utkastaren (18): No er rifla klar for løpspuss frå kammerenden. Krav til at vital del (sluttstykke) er fjerna er også oppfylt. Om ein skal transportra rifla med sluttstykket fjerna så kan det vera lurt å setja bøylen på plass att for å verna avtrekkaren. Sett på kryssboltsikringa og spenn ned hanen slik at den kviler på kryssbolten. Vidare demontering for grundig puss og vedlikehald: 6. Skru ut skjefteskrua (68): 7. Trekk bak skjeftet (10): 8. Spenn ned hanen (33). Dette er litt komplisert. Avtrekkarsperra (74) må trykkast inn samtidig som ein tek avtrekk og slepp ned hanen. Med eit grep som vist på biletet let det seg gjera: 9. Demonter slagfjøra (35). Skubb mothaldet for slagfjøra (36) sidevegs ut av inngrep med sporet i underbeslaget (92): 10. Skru ut haneskrua (34): 11. Skru ut underbeslagsskrua (73) på venstre side av låskassen, rett over bøyleskrua. 12. Skru ut framre underbeslagsskrue (72): 13. Trekk ned undebeslaget (92): 14. Plukk ut låseblokka (44): 15. Plukk ut hanen (33): 16. Skru ut skrua for patronheisen (15), på høgre sida av låskassen, rett ved sida av sikringa: 17. Plukk ut patronheisen (11): 18. Skru ut skrua (43) for ladeportdekselet (42) og plukk det ut: 19. Skru ut skruene i fortrebeslaget (32), lat beslaget (30) stå som det gjer til ein har fått løyst magasinet: 20. Skru ut magasinskrua (48): 21. Plukk ut magasinskrua (48) utan å trekkja ut magasinet: 22. Lirk magasinet ut frå løpet samstundes som ein hald magasinpluggen (47) på plass: 23. Ta ut magasinpluggen (47) samtidig som ein prøver å unngå at både magasinplugg og magasinfjør(49) går ut i bane. Ta ut pluggen med høgre handa og lat venstre hand bremsa på fjøra: 24. Trekk fortrebeslaget (30) litt fram på magasinet (45) og trekk fortreet ut og fram frå løpet (81): 25. Ta vekk fortre (29) og magasin (45) og plukk ut tilbringaren (46): 26. Vri magasinet med bulken opp og trekk ut magasinet. Då er alt klart for grundig reingjering og smørjing. Ytterlegare demontering er eigentleg svært sjeldan naudsynt og krev ein del meir verktøy. Som den klåfingra personen eg er har eg sjølvsagt gjort det og, men meir om det ved eit seinare høve. MONTERING: 1. Hald ladeportdekselet (42) på plass med venstrehanda og skru inn skruen (43) med høgre. Denne skruen kan det vera lurt å låsa med litt locktite. Løsnar den litt kan dekselet koma i ulage og føra til matefeil og forkiling. Einaste måten å løysa det på er å demontera mekanismen. Det er litt kjipt å oppdaga når ein skal setja seg ned på post... 2. Sett inn patronheis (11) og skru inn patronheisskruen (15): 3. Sett inn låseblokka (44): 4. Sett på plass underbeslaget (92) og skru inn framre (72) (under) og mitterste (73) (venstre side over bøyleskrua) skrue. 5. Tre hanen (33) inn frå oversida: 6. Sett den på plass og skru i haneskrua (34): 7. Tre slagfjøra (35) på styrepinnen (40) og sett på plass mothaldet (36). Dette gjer ein ved å bruka mothaldet som ei vektstang: Sjekk at hanen er nedspent. Set mothaldet ned i sporet i underbeslaget og sjå til at fjørstyringa treffer holet i mothaldet. Spenn opp fjøra ved å pressa mothaldet framover / nedover: 8. Set på plass skjefte (10) og skru inn skjefteskrua (68). 9. Sett magasinet (45) på plass i fortreet (29) og tre fortrebeslaget (30) inn på magasinet. Set bakkant av magasinet /fortreet litt på skrå mot låskassen og før magasin / fortre på plass mot løpet. Når framkant av magasinet byrjar å entra på magasinfestet (50) puttar ein inn tilbringaren (46) (holet fram) og magasinfjøra (49) inn i magasinet. Press fjøra inn i magasinet med høgre neven samstundes som ein styrer med venstre. Når fjøra er heilt inne held ein den der med venstre handa og set magasinpluggen (47) på plass med høgre. (Det er omlag her operasjonen pleier å verta avbroten av eit "spjoing" etterfølgd av heftige ukvemsord...) Så er det berre å lirka magasinet inn på festet og skrua magasinskrua (48) lausleg til. Så set ein fortrebeslaget (30) nøyaktig på plass og skruar inn beslagskruene (32). Til slutt skruar ein magasinskrua (48) heilt til. 10. Sett inn utkastar (18) og sluttstykke (6). Sett inn bøylen (20) og skru inn bøyleskrua (24). Då skulle alt vera på plass att. NB Kvalitetssikring av framgangsmåte gjenstår. Dvs at eg skal demontera og montera etter anvisinga, så får eg sjå om det vert deler til overs.
×
×
  • Create New...