Jump to content

Marlinman

Members
  • Posts

    119
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Marlinman

  1. Ahhhh... Set og siklar no. Muskwa: Kven har utført custom jobben?
  2. Sjekk denne: http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=38&t=1221
  3. Får koma med eit bidrag eg og då: Den er no modifisert med magasin i full lengde og har då kapasitet på 7+1
  4. Har ikkje pakka opp enno, men under treet ligg det nok ein slik frå fruen:
  5. Mnja.. Ok og Ok. Eg har skote eit par tusen skot i min 1895 SS, av dei så er 40 stk. kjøpeammo, 20 stk Winchester 300 grains og 20 stk Remington 405 grains.... Det vil mao sei at eg ikkje er heilt oppdatert på kva som finnest i hyllene i dag, men eg trur at om ein ser vekk frå Leverrevelution frå Hornady så er det berre fabrikkammo med 300 grains kule som held kravet til anslagsenergi til storviltjakt. Ei 300 grains kule i .45 kaliber er egentleg for lett (lav SD), 400 grains er betre medisin. I tillegg er kulene i fabrikkammoen av enklaste slag, dvs tynnvegga mantel. Ladar ein sjølv så er kuleutvalet i kaliberet bra og ein kan få så mykje omphh som anledningen krev. (Favorittplinkaren min er ikkje ei salongrifle, men 45-70 med 300 grains blykuler og redusert ladning med N-110 ) Så kjøp deg ei rifle i 45-70 OG start med lading
  6. Kanskje litt OT, men ein del av argumentasjonen min i dette lesarinnlegget i lokalavisa gjeld og for dette temaet. For dei som ikkje gidd å lesa heile innlegget så er konklusjonen: Kutt ut retta avskyting så er kvoten full til 15. November! Er forvaltninga av hjorteviltet på villspor? I ein artikkel i bladet ”Jeger, hund og våpen”, nr. 5 2007, kjem veterinær og hjortejeger Halvard Dahle med kraftig kritikk mot forvaltinga av hjorteviltet, slik den har vorte gjennomført dei siste 20 åra. Ut får sine kunnskapar som veterinær går han hardt ut mot mange av dei sentrale punkta for den forvaltningspolitikken som har vorte ført, etter at ein gjekk ovet til såkalla retta avskyting. Det er ikkje mulig å nøyaktig berekna talet på og samansetjinga av ei vill hjortestamme. Ei engelsk undersøking har funne feilmarginar på opp til 380%. Desse meir eller mindre nøyaktige tala er utgangspunktet for tildeling av antal og fordeling (han / ho / kalv / ungdyr / vakse dyr) til valda. Når så berre knapt 70 % av tildelte dyr vert felt seier det seg sjølv at tilfeldigheitane vil spela ein stor rolle og retta avskyting vert nærast ein illusjon. Ulempene med retta avskyting er at ein må jakta over ein lengre periode for å fylla kvoten. Ein ”slepper forbi” dyr som ein har gode skotmogelegheiter på fordi dei har ”feil” kjønn eller alder. Og kor mange klarar å sjå skilnad på ei fjorårskolle og ei lita eldre kolle? Så nyttar ein meir tid og kanskje meir marginale skotsjangsar, med tilhøyrande auka mogelegheit for skadeskyting, på fella ”rett” dyr. Hjorten lever hjå oss mot nordgrensa for sitt leveområde. Hjorten har små fettreservar og relativt høgt stoffskifte. Den kjem seg gjennom seinhausten og vinteren ved å setja ned stoffskiftet. Hausten er ei kritisk tid der hjorten skal leggja opp fettreservar i ei tid med fallande næringsinnhald i vegetasjonen. Det er neppe gunstig å stressa hjorten ved å tråla terrenget dag etter dag like til 15. November for å fella det ”rette” dyret. No har ein i kommunen drive retta avskyting i 20 år. Har ein oppnådd noko med det? Hjortestamma har auka heile tida, men ein ser ein klar tendens til mindre og lettare dyr. Samtidig har vi hatt milde og snøfattige vintrar som skulle høva hjorten godt. Kvaliteten på, og tilgang til, mat er sannsynlegvis blitt dårlegare i takt med minkande tal på beitedyr i utmarka. Når det ikkje lenger beitar småfe i utmarka så gror beita att. Jaktpresset er blitt større og dei kommersielle aktørane som har dukka opp er sjølvsagt interessert i å nytta jaktperioden maksimalt. I sum har vi då ei hjortestamme som veks, med eit minkande beitegrunnlag og som er utsett for eit aukande jaktpress i ein periode då hjorten skal feita seg opp for vinteren. Kan det vera på tide å gå vekk frå den retta avskytinga? Målet for den retta avskytinga er mellom anna å skyta ”gjennom stamma”. At ein prosentvis skyt tilsvarande med hensyn til alder og kjønn som stamma er samansett. Når både anslag av bestand og lav fellingsprosent gjer at tilfeldighetane rår er det kanskje like godt å la tilfeldighetane rå fult ut ved at ein deler ut berre ”frie dyr” og at ein i stor grad skyt det som kjem til kvoten er fylt. (Enkelte reglar må sjølvsagt gjelda framleis: Ein skyt ikkje kolle frå kalv og tolvtakkaren gjer seg betre i avlen enn heime på veggen). Dette vil gje ei meir effektiv jakt, fellingsprosenten vil gå opp, talet på skadeskytingar vil gå ned og ein vil kunna korta ned jakttida slik at hjorten får fred før vinteren set inn.
  7. Marlinman

    45-70

    Eit par bilete kanskje Sidan den er såpass ny bør den vel tåla ladningar på standard fabrikknivå.
  8. Tja... Lerk har ofte fantastisk fine fargevariansar i veden. Eg har lerkepanel frå eigen skog i kjellarstova og den er flott. Problemet om ein skal nytta lerk til ein riflestokk vert sannsynlegvis kvist. Den er enten knallhard, eller "laus" dvs. at den losnar frå planken og etterlet seg eit hol. Skal du tørka plank så stabl den opp med strø mellom kvar planke og avslutt med noko tungt på toppen for å hindra at planken vrir seg alt for mykje når den tørkar. Den vil sansynlegvis uansett vri seg ein del så skjer med godt overmål slik at du har litt å gå på når den skal høvlast / rettast. Den bør i alle fall tørka slik at den får med seg 2 "vårheser". Dette er den beste turkeperioden i året: Frå byrjinga av Mai og fram til jonsok.
  9. Takk for bekrefting av teorien min om svipenn. Har tilgang til ein av den gamle sorten med stor trafo og trådspiss. Skal oppdatera her når det er testa.
  10. I samband med Mauser LTR prosjektet funderar eg på noko som kan betra friksjonen på pistolgrepet. Det er ikkje aktuelt med nettskjæring. Eg har eit Morini skjefte til ein .22 pistol som har ei overflate med ein grov struktur som gjev god friksjon. Er det nokon som skjønar kva eg er ute etter og har tips til korleis dette kan lagast? Kanskje det er mogeleg å "prikka" med ein svipenn? Tips vert mottekne med takk.
  11. Dette er beste rådet til no i denne tråden. Lag ei eiga loggbok der du noterar alt som har med konserveringa å gjera, mellom anna: Vekt på kjøtstykket Blandingsforhold på evt. saltlake Saltetid Røyking Speketid og ikkje minst korleis smaka det når det var ferdig. Etter nokre år så har ein samla seg opp masse erfaring som ein slepp å hugsa på. Det er viktig for oss med Ahlsheimer LT
  12. Om du les kva eg skriv så har eg ikkje testa Nosler i det heile.... Eg refererar til ladedata frå Ladeboken og Norma. Og om mine jaktladningar skulle koma litt under det formelle kravet til anslagsenergi så kjem ikkje det til å plaga meg nemneverdig.
  13. Sierra 142 grains HPBT - Match King / 46 grains 204 7 mm cc @100m (edit: I ein M67)
  14. Der er vi faktisk enige, eg formulerte meg ikkje klart nok i trådstarten. MEN om VI meiner det er sprøyt så fører tildragelsar som dette til at vi som (måneskins) jegrar får eit forklaringsproblem ovanfor ikkje jaktande medborgarar, onkel blå, presse, grunneigarar osb. 2. veka i oktober er det fullmåne att. Den kjem eg til å nytta meg av....
  15. Ghost diopter frå XS Sights med fiberoptisk korn frå Williams er mitt oppsett. Dette er kjapt og noko nøyaktigare enn skur / korn. Eg veit ikkje korleis Blaser sine sikter ser ut, men er det ei form for "griseskinne", altså ei kvartskinne med skur i ? Denne type sikter er mykje bruka på børser til villsvinjakt, derav namnet. Her er eit bilete av ein Browning med denne siktetypen som dei kallar "battue". Eg har ikkje sett slike sikter for 1895, men ein dyktig smed hadde sikkert kunna laga noko. Med mulighet for feste av scout kikkertsikte så hadde det faktisk vore ei elegant løysing.
  16. http://www.tysnesbladet.no/nyhende/1/411 Det skal mange gode argument til for å forsvara måneskinsjakt etter noko som dette....
  17. "Been there, done that, got the T-shirt..." Overtok 5-600 30 (?) år gamle Raufoss 6,5 x 55. Dei hadde stått tørt og fint i eit kott, men noko må ha skjedd med kruttet: Måtte slå opp sluttstykket på mauseren.
  18. Tiltredes! Brukar mi til alt frå plinking på blikkboksar (300 grains støypte blykuler med redusert ladning) til hjort. Men skal det bli moro må du lada sjølv! Med 336 (30-30) eller 1894 (.357 eller .44) så stoppar bruksområdet til jakt på rådyr. 45-70 er og fin til rådyr i tillegg til at den kan brukast på alt storvilt (Big five er skoten med 45-70) Du har og Guide Gun utgåva med 18,5" løp. Om du kjøper brukt så unngå utgåvene med porta løp (smellforsterkar). Så vidt eg kan finna ut så har Marlin slutta med porting på nye våpen. M utgåva i .450 Marlin ville eg og styrt unna; Ladar ein sjølv så får ein det same ut av 45-70 og slepp å vera avhengig av hylser frå berre ein (?) fabrikant.
  19. Ser du her: Optikk frå USA - Priseksempel så er konklusjonen egentleg at du kan handla hjå xxl.
  20. På jaktfeltopplegget vårt, med 6 standplassar på rekke innover ein dal har eg teikna inn standplassane på kart med skyteretning og avstand. Har så teikna inn sikkerhetsvinkel på 45 grader på kvar side av skyteretning. Så lenge figurane på eit hald ikkje kjem innanfor sikkerhetsvinkelen til nabohalda så reknar eg opplegget for sikkert. Dette må planleggast på kart. Mi erfaring er at det er lett å feilvurdera vinkel og avstand i felten.
  21. Min variant, som og låg på SL: 1. Plukk ei bøtte (10l) med bær. La stilkane henga på så går det kjappare. 2. Sett bøtta i frysaren natta over. Frå gamalt av skulle rognebæra plukkast etter fyrste frostnatta, frosten skulle ta litt av bitterheta frå bæra. Sidan ein skal laga gele er det viktig at det er nok stivelse i bæra. Det er meir stivelse i bæra før dei vert heilt modne, så derfor, plukk i slutten av august og frys bæra. 3. Finn fram ei stor panne og fyll i 6 dl vatn. Når bæra er frosne er det enkelt å renska av dei grovaste stilkane og sidan stilkane kan gjera geleen bitrare så ta jobben med å renska dei når ein puttar bæra i gryta. Om ein har tilgang til det så putt oppi 2l rips også. Dei gjer at fargen på sluttproduktet vert raud og fin. 4. Kok opp under omrøring og la det koka på svak varme i omlag 20 minuttar, til alle bæra har safta seg. 5. Sil av safta frå bærmassen. Eg knytta eit kjøkkenhandkle over ei 10l bytte og slo massen over. La det stå eit par timar så ein får med all safta. 6. Gjer klar glas til å fylla geleen på. Små glas på 2-3 dl m/tilhøyrande lokk er fine, td glas som det har vore tomatpuré eller appetittsild på. Kjør dei gjennom oppvaskmaskinen og tima det slik at den er akkurat ferdig når du er klar med geleen. 7. Mål opp den avsilte safta og ha den i panna att. Kok opp og tilsett 1 kg sukker pr. liter saft. (Eg fekk 2 liter saft av 1 bøtte rognebær og 2l rips.) 8. Ta ein geleprøve. Ta opp nokre spiseskeier saft på ein tallerk og sett den inn i kjøleskapet nokre minuttar. Når ein skubbar på geleen med ei skei og den "rukkar" seg så vert det stiv gele. Om ikkje så kan ein berga resultatet med å tilsetja Certo eller Jam syltepulver. 9. Skum av det kvite skummet på toppen safta. Ta ut varme glas frå oppvaskmaskinen og fyll dei med saft. Sett på tette lokk før safta har kolna. Dette er varmt så ver forsiktig! Under føresetnad av at lokka er tette så bør geleen halda seg minst eitt år om den vert lagra mørkt og ikkje for varmt. Dette vert minst like godt som Brimien sin gele og er glimrande tilbehøyr til alt vilt! Lukke til!
  22. Asterix har sjølvsagt eit poeng her om den norske forhandlaren hadde levert meg eit nytt sikte omgåande utan å nytta seg av retten sin til først prøva å reparera feilen. Då må den norske leverandøren pakka ned siktet og senda det til autorisert serviceverkstad, som eg tvilar på at finnest i Norge. Siktet vil bli liggande leeeenge på bakrommet til forhandlaren før han sender det og verkstaden har ventetid..... Eg har hatt eit par tilfelle av garantireparasjonar på produkt produsert og kjøpt i USA. Det har utan unntak vore speed & service og "no question asked". Dessverre har eg ikkje hatt same erfaring med garantireparasjonar i Norge. Dette gjer at eg tek nett dette problemet med stor ro.
×
×
  • Create New...