Jump to content

magnumlars

Members
  • Posts

    298
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by magnumlars

  1. Sierra Gameking + N140 går svært bra i mi lee enfield. Har vore ned mot 15mm samling på 3 skudd/100 meter med originale sikter (tippopp diopter)
  2. Har prøvd vertebrae, men dei svarar ikkje på mail
  3. Har tenkt å gå til innkjøp av ein aics 1.5 til Rem 700SA. Nokon som kan tipse meg om kvar ein kan kjøpe ein slik utan 3 måneds ventetid? Både inn og utland er aktuelt
  4. Kvifor ikkje reise med SAA frå Frankfurt hvis du er redd for Engelskmenna? Eg har reist med SAA fleire ganger Frankfurt-Joburg og det har funka fint. Luftwaffe prøver eg å holde meg langt unda, då ein må ha businessklasse for å få same beinplassen som på SAA økonomiklasse. Forøvrig er Frankfurt den flyplassen som har forårsaka mest krøll med bagasje på avveie, men dette har alltid vore på veg heim
  5. Og det er mange på internettforum som høyrest ut som erfarne skumringsjegerar utan å ha skote eit einaste levande vilt etter sola gjekk ned...
  6. Då vil eg herved invitere deg med på skumringsjakt på hjort. I år skal du bruke Burris, og neste år kan du få låne min Zeiss Victory. Du får 10 dagar på deg til å felle 14 dyr. 23.12.2014 skal eg prøve å forklare deg kvifor so mange skumringsjegerar vel Zeiss.
  7. Har hatt mange kikkertsikter av ulike fabrikantar av kvalitetsoptikk. Det beste eg kan samanlikne ein Meopta Meostar med er Schmidt&Bender classic, eg synest desse er veldig like optisk. Begge er like klare i dagslys, men i skumring vil eg sei Meostar er håret bedre. Ja eg har/har hatt fleire kikkertar av begge typane.
  8. Frå tid til anna har XXL Zeiss Classic 2,5-10x50 til 6000,- Folk kan meine mykje om mangt når det gjeld optikk, men eg er ganske klar på at dette et utvilsomt det beste kjøpet ein kan gjere i Norges land! Ja,Meopta Meostar er ein svært bra kikkert i forhold til pris, Men Zeiss Classic har det vetle ekstra i skarphet som kjem til sin rett dei siste minuttane før skumringa tek overhand. Eg har hatt begge, og det er ein forskjell i skarphet i skumring. Begge er like lyse, men Zeiss er bedre på skarphet. Hvis du ikkje vil ha Zeiss Classic hadde eg personlig valgt Meostar. Like klar som Zeiss i dagslys, og bedre enn S&B Classic i skumring.
  9. Kan ikke være mer enig. Som sagt før, bruk penger på gode linser/mekanisk kvalitet før du vurderer lys. Lys i retikkelet har blitt et internettfenomen som caféjegeren må ha, men som ikke har så mye å si i praktisk jakt. Med all respekt so trur eg din erfaring med skumringsjakt må vere heller begrensa i og med du hevdar lys i retikkelet ikkje har mykje å sei i praktisk jakt. Mi erfaring med hjortejakt i skumring (2-siffra antall hjort årleg) er at i kun 30-40% av tilfella der dyr har blitt skotne hadde dei blitt skotne om kikkertsiktet ikkje hadde hatt opplyst retikkel. So for min del, 3x antall felt vilt med opplyst retikkel kontra ubelyst. Sikta som har blitt brukt: Meopta Meostar 3-12x56, S&B 2,5-10x56, Zeiss 8x56, Zeiss 2,5-10x50, Zeiss 3-12x56, Zeiss 6-24x56. Helsing Cafejeger
  10. Nei, men har lada eindel til 30-06 med 200 grs kula. 10grs VV N-310 burde vere eit bra utgangspunkt med liknande kulevekt i 35 Whelen. Mulig du må gå litt ned pga større areal på kule. I desse ladevektene er ein ikkje i nærheten av å nærme seg rødstreken, i alle fal ikkje i 30-06. Meinar trykket var godt under halvparten av maks med 10 grs N-310
  11. Betalte 3000 for begge mine. Ein 14-3, og ein 14-6. Begge i ny-stand
  12. Bana i Hildredalen framstår for meg som eit perfekt eksempel på plassering av ei skytebane. Vekk frå bebyggelse og med sikker bakgrunn. Ein skal vere ganske spesielt interresert for å føle seg plaga av den
  13. Dette er jo for enkelte av oss sogningar gamalt nytt. Eg var vel ein av eit par få dristige som for eit par år sidan hadde eit par førstahandsberetningar om mannens villmannsliv på Frønningen i Sogn. Men eg har friskt i minne kor dum eg måtte vere som kom å fortalte slik reinspikka løgn
  14. Eg har ikkje sjølv brukt 72`en under skumringsjakt. Men eg skyt årlig 10-12 hjort på skumringsjakt, so litt erfaring har eg med temaet. Mi erfaring er at sjølv tilsynelatande svært små forskjellar i optikk kan gjere merkbare utslag i anntal felte vilt. Kanskje ikkje på tradisjonell måneskinnsjakt, men heller ved kvelds- og morgonjakt. Svært ofte vil ein oppleve at dyra kjem "akkurat" for seint på bøen om kvelden og stikk "akkurat" for tidlig om morgonen for at eit sikkert skot kan avfyrast. Dette kan vere so små forskjellar at om ein kan skyte 3 minutt seinare på kvelden/tidlegare på morgonen er forskjellen på fellt dyr eller ikkje. Som eit eksempel: Når Meopta Meostar serien kom (huksar ikkje nøyaktig når) jakta eg eindel med ein 3-12x56 av nevnte fabrikat. Eit sikte eg likar svært godt, med god optisk kvalitet. Eg brukte samtidig eit Zeiss Classic 3-12x56. Dette var før XXL sine kampanjar på zeiss classic so zeissen var ein god del dyrare, men i dag er dei nesten jevnt prisa. Men til saken; sjølv med tilsynelatande små forskjellar var det merkbare forskjellar når det nærma seg grensa for forsvarlig jakt. Eg kunne med zeissen strekke kvelden 10 minutt, og det var oftast nok til å klare forsvarlige skot før hjorten stakk frå bøen. So mi erfaring og persjonlige meining er at om ein skal drive seriøs skumringsjakt treng ein kvar fordel ein kan få, og god optikk er ein av dei viktigaste faktorane. Og god optikk kostar mykje pengar, eller sagt på ein anna måte; dess dyrare dess betre
  15. Har skote 15 storvilt med 235grs TSX i 375 H&H med V0 860m/sek. Alle dyr hadde liten kjøtøydeleggelse. Skotreaksjonen kunne vore betre, ein forventar ikkje at eit dyr med slaktevekt på 40 kg spring 100 meter med hjerteskot med 375`en Eg har stikk i strid med eindel andre inntrykk av at TSX har litt jatakk-begge deler; den held godt saman i høge hastigheter, samtidig som den ekspanderar ved forholdsvis lave hastigheter. Alf M Braathen hadde ein ganske utfyllande test av ekspansjon i forhold til hastighet(skyteavstand) av 9,3 kuler for eit par år sidan. Om eg ikkje huksar feil var resultatet at tsx ekspanderte i like lav hastighet som Ballistic tip.
  16. Har skote ca 25 hjortar med accubond i 260 rem (V0 850m/sek). Mi erfaring er vanvittig bra presisjon. Men eg opplever kula som langt frå like "trygg" som eindel andre premiumkuler. Eg har og skote ca 25 hjort med hornady interlock i samme kaliber og vekt. Av 50 fellte dyr har eg følgande meiningar: Kula er ikkje meir solid enn ei god konvensjonell kule (Interlock, Mega etc) Kula gir meir blodslått kjøt enn Hornady interlock av lik vekt,hastighet og skuddplassering. Mesteparten av desse dyra (47 stk) er skote med reine sideskot på stilleståande dyr, slik at samanlikningsgrunnlaget skulle vere bra. Forøvrig har eg hatt ein svært stygg episode med accubonden. Reint sideskot på 80kg hjortebukk, avstand 90 meter. Kula penetrerte ikkje bogen noko som resulterte i skadeskyting. Eg brukar accubond utelukkande pga presisjonen (ei ladning til alt vilt), men ville valgt ei anna kule om eg er ute etter minst mogleg blodslått kjøtt og god penetrering. Ein bekjent har gått frå accubond til gameking i sin 338RUM og opplever gamekingen som ei betre storviltkule.
  17. Har sjølv ein No4 Mk1 SMLE i 303Brit. Den er fantastisk presis med Sierras 180grs Gameking blyspisskule. For dei som les Jeger,Hund&Våpen hadde eg ein artikkel på 4 sider om Lee-Enfield for eit par år sidan.
  18. 36grs N-140 180grs Sierra Gameking SMLE No4 mk1 Samlar under 30mm/3 skudd/ 100 meter.
  19. Ja det vil eg sei. Har lada nokre tusen skot med MRP/ N165 osv på Lee plastic fantastic kruttmål. Dette fungerar heilt ypperlig og omtrent heilt utan lugging. Kjøpte meg nettopp ein Redding BR kruttmål, og dette kan ikkje samanliknast med Lee-målet. Her luggar det omtrent for kvar ladning med MRP, og ikkje er ladningane meir nøyaktige heller..
  20. Masse gode tips, men då må ein først vite prisramma
  21. magnumlars

    Walter GSP

    Eg har skote ein god del med ulike GSP i 22lr, men ingen i 32. Mi erfaring er at GSP`en er ein solid og driftsikker pistol som i motsetning til meir moderne variantar frå samme fabrikant stort sett smell kvar gang ein trekker av. Eg likar personlig best eldre GSP som ikkje har lodd i nasa, då desse vert litt for framtunge for meg, i alle fal til baneskyting. 6-skots magasin lar seg vel skaffe til GSP i 22lr i alle fal. Eg vil også tipse deg om å vurdere Unique Des 69/96. Denne har ein ganske forskjellig balanse frå GSP`en. Samme topp kvalitet og funksjonssikkerhet.
  22. Eg har ikkje ladedata, men vil bere gje deg eit tips om at den kula kan oppføre seg ikkje heilt optimalt i høg hastighet hvis storvilt er på menyen. Har skote ca 25 hjort med 140 grs accubond i V0 850m/sek og dybdevirkning er langt frå bra. Eg har opplevd totalhavari på ei av kulene (reint sideskot på hjortebukk, 90 meter). Kjem i haust til å gå over til 140 grs interlock (som er har skote ca 25 dyr med og), då denne er meir forutsigbar enn accubonden (tru det eller ei). Litt avsporing, men eit godt tips
  23. Er det nokon god ide i utgangspunktet a la NV "kjøre ei sak" for seg? Med det manglande forståelse for medietekke denne organisasjonen har (eller meir rettferdig sagt- leiaren) vil i alle fal ikkje eg ha nevnt mitt navn i samme strofa som denne organisasjonen. Når eg tenker på NV tenker eg på eit TV-innslag for nokre år sidan med Are Fosjord utkledd i full cowboy-utrustning skytande med ein 1873 med eit sørstatsflagg i bakgrunnen, med påfølgande diskusjon om norsk våpenlovverk. Den kvelden trur eg det var svært få i Norges befolkning som satt igjen med inntrykket av at NV var ein seriøs organisasjon. Eg har hatt kontroll av våpenoppbevaring, av politi i uniform og med uniformert politibil strategisk plassert slik at i alle fal 200 pers fekk med seg at den var der. For min del var forøvrig det interresante grunne til denne inspeksjonen- som vart eit pressmiddel/trussel frå vedkommande på våpenkontoret om at eg måtte "passe meg" då eg hadde trakka vedkommande litt på tærne ved å kreve at dei fulgte forvaltningslovens §11a. Fint at folk vil ta tak i dette. Eg kunne godt tenkt meg å fortelle Per Sandberg & Co korleis verden fungerar, men ikkje i regi av NV.
  24. Kor mykje hastighet får folket ut av 6,5x47 fora med 140 grs kuler frå 26" løp?
×
×
  • Create New...