Jump to content

magnumlars

Members
  • Posts

    298
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by magnumlars

  1. magnumlars

    BSA Sweet

    Har denne i 6-18x på min CZ 452 varmint. Bra optikk for prisen, og justeringa er til å lite på. Eg skyt mykje på varierande hold 20-250 meter og har ikkje opplevd at høgde/sidejustering ikkje returnerar til null. Bra kjøp for ein billig penge. AO betyr justerbart objektiv som vil sei at du kan få skarpt bilde i kikkerten heilt ned til 10 meter, men du må justere sånn ca etter avstanden du skyt på
  2. Ikkje 225, men 250 grs. Har skote hjort med denne kombinasjonen og kunne ikkje sjå noko meir ødelagt kjøtt her enn med dei som vart skotne med 200 grs barnes-x
  3. Eg vil i alle fal ikkje anbefale Accubond. Om ikkje holda er lenger enn 150 meter ville eg vurdert Norma Oryx eller Lapua Mega
  4. Har skote eit 50-tals hjort med 6,5. Ca 25 av desse med accubond som gir fantastisk fin presisjon. Men, eg har skote like mange dyr med hornady interlock og denne kula gir finare slakt og sikrare gjennomtrenging etter mi erfaring. Hadde ein skummel opplevelse med accubond i haust der kula totalhavarerte på eit reint sideskot på 100 meter. I haust blir det tilbake til interlock på hjort i alle fal.
  5. Nokon som har erfaring med denne kniven som ein "universal" jaktkniv?
  6. Eg er klar over problematikken med hylsevolum, men eg nyttar remington hylser og går vel då i "sikker retning" i forhold til dei data oppgitt i ladeboken med federalhylser. Eg testa og nokre 160 grs Noslert part. Med minimumsladning på 64 grs MRP fekk eg 920 m/sek. Friske greier til å vere ei minimumsladning. Eg turte ikkje auke ladninga her heller. Ladeboka oppgir ca 960 m/sek som max for 150 grs kule i remington hylser. Kan det vere at Blaserløpet mitt gir eksepsjonelt gode hastigheter?
  7. Eg har litt erfaring med desse sikta det vert snakka om. Eg har jakta i skuring med både Meostar 3-12x56 uten lys og Zeiss Classic 3-12x56 med lys. No er det ikkje so mange dyr eg har skote med desse to sikta (ca 50 hjort) so den praktiske erfaringa er begrensa. Eg har som dei fleste andre byrja rimelig og havna på noko dyrt til slutt når det gjeld optikk. Byrja med Bushnell 3-9x40 og brukar idag Zeiss Victory 6-24x56 med opplyst retikkel. Når det gjeld Meopta meostar er dette ein kikkart eg likar veldig godt. Når eg kjøpte min for 4-5 år sidan var det ingenting som kom i nærheten av kombinasjonen pris/kvalitet. Eg jakta med denne eit års tid. Eg kjøpte so ein Zeiss Classic som då var ein kikkert som kosta dobbelt so mykje. Eg personleg hadde større utbytte av Zeissen til skumringsjakt. Kvifor? Meoptaen var like lys i bildet som Zeissen, men Zeissen var ørlite skarpare i kontrasten noko som gjorde at ein kunne skyte nokre minutt seinare på kvelden med den. So hadde Zeissen opplyst retikkel, noko som forandra livet for ein skumringsjeger drastisk. Ikkje det at bildet blir noko lysare, men eg trur det har mykje med psyken å gjere. Når det virkelig byrjar å bli mørkt er det lettare å plasere ein lys prikk på ein mørk hjort enn eit svart trådkors på ein mørk hjort. Summa sumarum fant eg med mykje testing ut at eg kunne strekke dagen opp til 20 minutt med å gå frå ubelyst meopta til belyst zeiss. Nokre få minutt høyrest lite ut, men på mitt terreng er det verdifulle minutt. Hjorten kjem som oftast akkurat når det er so mørkt at han veit han er trygg for alle som ikkje har topp europeisk kvalitetsoptikk:) Slik prisane er blitt på Zeiss Classic idag (XXL) med 6990,- for ein 2,5-10x50 med lys er eg ikkje i tvil om at dette må vere markedets beste kikkertkjøp på noverande tidspunkt. Mi erfaring tilseier i alle fal at om eg har valget mellom zeiss og meopta til same pris, då velger eg zeissen.
  8. Testa ut idag. Byrja på 67 grs MRP, men denne ladninga virka til å vere i maksområdet. Fekk snitthastighet på 970 m/sek frå mitt Blaserløp på 66cm. Remington Fabrikkammo med core lockt blyspiss i samme vekt var 930 m/sek. Diameter på trykkring med ladninga med 67 grs MRP identisk med fabrikkammo dvs. 13,06mm. Antydning til ein liten kant rundt tennstempelannslaget, men vil ikkje kalle det krater. Federal 210 hetter, og federal hetter er vel noko mjuke. Noko synspunkt på om eg bør redusere denne ladninga?
  9. Nokon som veit kvar eg kan finne ladedata til ovanfor nevnte kule og kaliber i kombinasjon med MRP?
  10. Her er eg heilt enig med deg! Men ryktet vil ha det til at minst ein av dei to nevnte i POD er våpeneigar sjølv..
  11. Siste forskrift? (som er ganske fersk) Betyr dette at store S leikar med fy-begrepet "tilbakevirkande kraft"?
  12. Eg har haldt denne børsa i hendene, og hadde aldri drømt om at det gjekk an å få ei so lett (og smekker) rifle som heiter mauser, den er heilt rå! Men det skal vel strengt tatt gå an å nærme seg med ein standard M98 og? Det er no ikkje so mykje forskjell i vekt på G33/40 og standard M98..
  13. Ser ut for at du har kosa deg. Brukte du 6,5x55 på Oryx`en og?
  14. PP= Polizei Pistol = Politi Pistol PPK = Polizei Pistol Kurtz = Politi Pistol Kort
  15. Eg betalte 1800,- for mi for 5-6 år sidan. Men den er i nesten nystand utvendig og innvendig
  16. Eg har litt erfaring med denne kula. Ikkje i 900 m/sek, men i 850 m/sek. Eg har skote 24 hjortar med denne kula, og det største argumentet mitt for å bruke denne kula er den fantastiske presisjonen. Når det gjeld kjøtøydeleggelsar er mi erfaring at den fører til meir blodsprengte slakt enn Hornady Interlock i samme kulevekt/kaliber/hastighet. Men det er sikkert personar med meir felterfaring som har andre erfaringar. Mi erfaring bygger kun på ca 50 felte hjort med desse to kulene.
  17. magnumlars

    260rem

    Testa for nokre år sidan kor langt eg kunne gå med kombinasjonen MRP og 140 grs Gameking. Eg enda opp på 48 grs, då hadde eg samme hylseekspansjon som ved 44 grs. Men ved 48,5 grs var det tydelig økning i trykkringen. Denne ladningen gav 885 m/sek frå 66cm løp. 48 grs MRP/140 grs kule var og maks i ein artikkel Jørund Lien hadde i Jakt for mange år sidan (6,5-308). Til Gameking kula la eg meg på 45 grs MRP som gav utgangshastighet på 845 m/sek og fin presisjon.
  18. Eg har det siste året skrive nokre artiklar om våpen og kuler for eit norsk jakttidsskrift. Eg meinar norske jegerar og våpeninsterresserte går seg lei av dei samme tema opp og opp igjen, men eg trur ikkje forlaga er av samme oppfattning. Der er det elgjakt med grå elghund, kaffikoking og mauser i 7,62 lang som selger kan det virke som. Eg synest vi treng fleire reine våpen og utstyrsartikklar ala dei vapentidningen har.
  19. Kan du fortelle meir om denne kommande konstruksjonen? Fint med ein garanti mot sekundærprosjektil, for her i bygda plukkar vi frå tid til anna opp a-tec demparar i myra framfor standplass
  20. Eg tykkjer tittelen på tråden er misvisande. Mykje av det du ramsar opp her har ikkje direkte med presisjon å gjere etter mitt syn. Det eg ville ha gjort hvis eg skulle holdt kostnadane på eit fornuftig nivå er å gjere som eg sjølv gjorde Kjøpte ny Remington VLS i 260 rem som ut av boksen gav drømmepresisjon.Ikkje gjorde det noko at Jakt&Friluft meinte 4900,- var ein passelig pris heller. I ettertid har eg modifisert stokken til det ugjenkjennelige med biltema glassfiber og polyester. Tungt som fy, men det virkar etter intensjonen. Om ein får ein god pris er det etter mitt syn få rifler som gjev meir for pengane enn ei Remington 700 varmint i ei eller anna form når det gjeld pris/presisjon rett ut av eska om ein tenker på litt tyngre våpen. Er nok ikkje uten grunn desse er so populære som dei er-
  21. Superpresis ladning i mi Remington 700: 130 grs Norsler Accubond 43 grs N-160 V0=850 m/sek
  22. Om du vil ha ei lett og hendig børse kan du kikke på Zastava M85. Har ei slik i 222 og denne er meget presis, bra avtrekk har den og. Ellers er vel Howa og Vanguard greie børser, men blir jo litt merkelig med 223 i so stor låskasse etter mitt syn. Men er en gnien på pengane kan ein ikkje bry seg so mykje om korleis det ser ut
  23. Var ikkje den originale M89 lada av Norma betegna som ganske "frisk" i RB og Dansk Krag? Når det gjeld kor kraftig ladninga ein brukar er, er vel chronograf det einsaste som er å lite på. Mykje rart ein kan komme fram til med å tru at treffpunkt seier noko om hastigheten. For samanlikninga si skuld har eg ei rifle der treffpunk på 100 meter er lavare med lett kule i høg hastighet enn tung kule i moderat hastighet.
  24. Eg må sei meg enig at eg synest det virkar litt feil/ risikabelt å måtte lade denne patronen opp på 8x57IS nivå for i det heile tatt vere sikra mot gasslekkasje. Foretrekker heller å få gass i trynet enn halve mekanismen Meinar eg har lest her ein plass om nokon som hadde gode erfaringar med lettare ladningar med N-110 krutt?? Brukar ein kjapt nok krutt i passelege dosar er vel det ein måte å sikre at trykket stig so raskt at hylsa får ekspandert i kammeret? Eg har i alle fal aldri opplevd gasslekkasje eller sota hylser når eg ladar 30-06 med ynkelege 10 grs N-310 for subsonic ladningar.. Eg kan jo opplyse om at når eg skaut med svartkrutt (full hylse) hadde eg ikkje problem med gasslekkasje.
×
×
  • Create New...