Jump to content

magnumlars

Members
  • Posts

    298
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by magnumlars

  1. mi erfaring er at med rundt 10 grs N-310 har du eit greit utgangspunkt for subladningar med 180 grs kule både i 308 og 30-06. Mitt tips er å kjøpe ein boks med Lapua subsonic 30-cal som veg 200 grs. Desse er spesielt konstruert for sub og har riller i bereflata ala barnes tsx. Kostar vel rundt 3kr/stk levert frå Landrø
  2. Har i fleire år tenkt på å gjere noko med stokken på mi Remington 700 VLS. Den originale laminatstokken var grei nok som jaktstokk, men kom til kort til det bruket denne rifla var tiltenkt (først og fremst seljakt). Grubla fælt på om eg skulle heller kjøpe ein ny HS-stokk, men fann ut at det kunne jo vore kjekt å pussa litt på den originale og. Om det vart no heilt katastrof var det jo ikkje verre enn å kjøpe ein ny. Fekk desverre ikkje tatt bilder under arbeidet, mest på grunn av at dette var eit ganske langvarig prosjekt. For å forme om stokken vart det enkelt og greit brukt vinkelslipar og flap-disk. For å bygge på vart det brukt glassfibermatter og polyester til grovarbeidet, og polyestersparkel til finforminga.Den justerbare kinnstøtta er laga av eit utskore stykke av ei 25-liters syrekanne. Før ombygging: Etter litt glassfiber og lakk:
  3. Neste våpen på handlelista blir ein eller anna Smith med J-ramme. Eindel av desse er jo kamra i 357mag, og eg lurer på kor heldigt det er å skyte slike ladningar i desse våpena. Har alltid hørt at 357mag og S&W K-ramme ikkje går ihop, men meinar eg har lest ein eller anna plass at den mindre J-ramma faktisk var betre rusta for å takle tunge ladningar på grunn av 5-skudds tønne (låsespora kjem ikkje over kammeret) Noko som har noko formeining om dette?
  4. Er vel ikkje so mange som held kravet med 10 cm lengre løp og 140 grs fabrikkammo heller...
  5. Tidlegare erfaring med 235 grs kuler viser at N-140 funkar bra. Men no begynne eg å bli desperat her, finn ikkje data nokon plass!
  6. Heisann folkens! Afrikaturen nærmar seg med stormskritt og 235 grs Barnes X er kjøpt inn til 375`en. Eg finn ikkje ladedata på denne kula, kanske nokon kan hjelpe meg? Ynskjer først og fremst ladedata med Vithtavouri N-140.
×
×
  • Create New...