Jump to content

magnumlars

Members
  • Posts

    298
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by magnumlars

  1. Å skyte for morro gjer vel dei fleste sjølv om ikkje det alltid virkar slik (klara ikkje å sjå føre meg at det kan vere morro med fripistol, men kvar sin smak). Men poenget mitt er like aktuelt om du kun skal skyte for morro og kanskje eit stevne eller 2. Mest mulig våpen for pengane. Det blir akkurat like bortkasta å bruke mykje pengar på noko mindre bra sjølv om du kun skal drepe colaboksar -
  2. Kjenner eg blir nesten provosert. Det er ikkje spøk å komme med vennligsinna tips. Hvis nokon tar seg nær av å få tips til nokon som kanskje har litt meir erfaring enn seg sjølv då har ein etter mitt syn missoppfatta kva dette forumet dreiar seg om. å kjøpe ein ny CZ 75 er akkurat å treffe spikaren på hodet når det gjeld det eg skreiv i ein av mine forrige innlegg. Cz 75 er eit flott våpen. Men du får ein fin brukt for 2000,-.Og den treff du like godt med. Men å betale fleire tusen for eit halvdårlig ombyggingssett (mykje funksjonsproblem)... Når du som nybegynnar velger å kjøpe 22-kit til CZ75 for samme pris som ein brukt Walther GSP, Unique Des 69 etc som har ein nypris (på tilsvarande våpen) på 12-15000,- gjer du eit dårlig og idiotisk valg i mine auge. Dette handlar null og niks om å absolutt skal ha dyre våpen, tøffe våpen, vere med i gutteklubben grei etc. Det handlar enkelt og greitt om å få mest mogleg våpen for pengane!!! (Og det gjer du ikkje ved å kjøpe eit nytt tenestevåpen).. Men det er vel slik det har blitt her på kammeret.no dei siste åra. Mange som veit det meste om mykje. Og det er vel kanskje ikkje anna å vente når kunnskapen om skyting kjem frå www.youtube.com og ikkje frå feltløypa..
  3. Jenny: Eg skjønar tankegangen din med at naturen klarar seg fint utan mennesket, og at vår innblanding i visse tilfeller skapar ei slags ubalanse. Men, når eg tenker meg om; når menneska blandar seg inn for å "hjelpe" frittlevande dyr, altså dyr som utan vår innblanding kanskje som eit resultat av naturens gang hadde dødd, er ikkje dette og feil? Du talar for at naturen har ein "naturleg" balanse. Er ikkje det då ein like stor inngripen i denne balansen å kunstig halde i live dyr som ikkje vil klare seg sjølv, som det er å drepe dei i jakt? Eit eksempel er som du fortel om sjølv, å halde i live ein fugleflokk ved å mate dei.
  4. Eg trur at mine og andres innlegg har blitt litt missforstått Frå mi side er det ikkje snakk om at ein MÅ ha dyre våpen for å bedrive hobbyen. Det eg meinar er sakens kjerne er at alt for mange nybegynnarar begynner med friskt mot, men fell i frå fort mellom anna på grunn av at utstyret gjer at dei alltid vil vere sistemann på lista. Ikkje alle vil konkurrere, men for dei som vil det er det etter mitt syn ikkje noko ulempe at utstyret er tilpassa skyteforma ein bedriv. Slik feltskytinga har utvikla seg idag, med små blinkar og kanskje lengre skytetider vert det verre og verre å treffe blinken med ordinære tjenestevåpen. Dei fleste vil sjå det som ei stor utfordring å treffe 6 stk 20cm store blinkar på 25 meters hold på 10 sekund. Og hvis dette er "normalen" vil dei fleste med litt erfaring sjå at mange tjenestevåpen som f.eks Glock 17 har store vanskeligheter. Det viktigaste av alt er at ein skal skyte for å ha det morro. Forhåpentligvis blir aldri pistolskytinga like "ødelagt" som DFS, der ein blir sett på som tulling om ein ikkje satsar på å bli skyttarkonge. Og for dei som trur eg kun driv høgtidelig pistolskyting med Pardini og Morini, kan eg trøste med at ingen av mine våpen har kosta meg meir enn 3500,-. Eg skyt for å ha det moro, enten det er NSF felt eller NFPS Sivilpistol med ein søt liten Beretta Jetfire i 25 acp
  5. høres ut som et skummelt nabolag, dersom folk går søndagstur bevepnet? Skal du drive med holdningsskapende arbeide, kan du jo heller fortelle disse ungene at måkene er deres venn, og at de bare vill hilse på. http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/hordaland/1.7686854" target="_blank Dette må da vere det minste problem, det er då ikkje verre enn å stenge barnehagen i måsens hekketid slik at denne får fred og ro.
  6. Eg høyrer mange seier det har blitt mindre måse dei siste åra, eller rettare sagt mindre måse på kysten. Eg vart derfor (gledelig) overaska då eg for ei veke sidan såg den største måseflokken eg nokon gang har sett. Det var tydeligvis brisling eller liknande i fjorden her og eit område på 500x500 meter var tettpakka med måse både på sjøen og i lufta. Eg tar nok ikkje hardt i hvis eg seier det var i alle fal 4-siffra anntal fugl. Fint å sjå måsen der den høyrer heime- på sjøen. Eg kan vel vanskeleg tenkje meg at måsebestanden er lav her i området i alle fal, når ein ser på det anntalet som var "mobilisert" på kort tid her. Og her kan ein jo sjå at det er enkelte ildsjeler som ynskjer å støtte opp om bymåsen; http://www.firda.no/nyhende/article5664979.ece
  7. Eg eig sjølv ein Glock 19 og har skote eindel med Glock 17 i praktisk. Eg personlig skyt best (eller rettare sagt minst dårlig) med G19, då denne passar mine mindre hender betre. Eg synest G19 har svært fine proporsjonar og utan følelsen av at det er ein "krympa" versjon (i motsetning til g26). Hvis du tenker å skyte praktisk har g 19 den fordelen at den kan brukast til sivilpistol pga størrelsen. Uansett flotte våpen som stort sett alltid fungerar, og eg stort sett ikkje treff nokon ting med
  8. Presisjonen i Glock kan vere like bra som noko anna. Men saken er den at du skal vere GOD med Glock skal du hevde deg. Eg har ein god del feltløyper på samvittigheten og har kun sett glock 2 ganger. Den eine var ein Glock 17. Eigaren var nybegynnar. Såg verken pistolen eller fyren igjen etter det. Andre gangen var meg sjølv. For moro skuld gjekk eg ei feltløype med min eigen Glock 19 (som eg skyt betre med enn G17). Resultatet var 69 poeng. Til samanlikning skaut eg vel 92 poeng med cz 75 som ikkje kan seiast å vere noko meir presis en glocken. Men ergonomi og ikkje minst avtrekk er forskjellig. Når det gjeld nybegynnar og brukte våpen so er det beste tipset: Kom deg på eit stevne å sjå kva våpen skyttarane i den øvre delen av resultatlista brukar. Mange brukar nok Pardini etc, men du vil finne mange gode skyttarar med rimeligare våpen
  9. Eg kan vel sei meg enig i at det har vore tildels usaklige innlegg, også frå meg. Saken er den at for oss som "kjenner" Jenny er det vanskelig å halde ein seriøs tone når ein veit korleis tankegangen til vedkommande er. Eg og Jenny held til i same region, so eg har høyrt ymse frå den fronten i 2-siffra anntal år. Dyr skal behandlast med respekt uansett art. Men ein må og kunne forvente at ein har ein viss grunnleggande forståelse for korleis naturen fungerar før debatten kan kallast seriøs. Personar som i fullt alvor går ut i media og meinar at bestandsregulering av storvilt skal skje med P-piller har etter mitt syn ikkje ein slik grunnleggande forståelse.
  10. Dyreplageri ja.. Om eg ikkje huksar feil var det ei som heiter Jenny som for nokre år sidan skreiv at bestandsregulering av hjort ikkje burde gjerast med jakt (for då dør jo dyra!!!), men istaden var den ein betre ide å skyte dyra med bedøvelsepil slik at ein kunne gje dei prevansjonsmiddel slik at ein unngjekk at dei formeira seg. Er ikkje dette på kanten tiil dyreplageri? So hvis den Jenny som figurerar her er den same som kvar haust figurerar media for å sverte jegerstanden, so kan ein vel sei at å diskutere naturvern med vedkommande sikkert har mykje til felles med å diskutere verdensfred med Al Qaida.
  11. Ja dette har eg lagt merke til også, so dette har du nok mykje rett i. Folk klagar over dårleg økonomi, dyr bensin etc men betalar gladelig 35kr/ literen for reint vatn på flaske- som dei aller fleste kan tappe gratis i springen. Men problemet her er ikkje unikt. Mange som veks opp idag forstår nok ikkje at vatn på flaske faktisk er det same som landar på toppen av paraplyen. So er det dei som har vokse opp med Walt Disney, Bambi, Nasse Nøff for ikkje å gløyme kanina Trampe. Heldigvis har dei fleste ei naturleg utvikling, der ovanfor nevnte kameratar vert vidd mindre og mindre interesse når ein nærmar seg puberteten. Og ein får eit visst snev av misstanke om at det faktisk ikkje er slik verden fungerar. Mens andre desverre heng fast i hakkebakkeskogen til dei er bortimot 50. Å tillegge dyr menneskelige eigenskapar høyrest for meg underlig ut, for då lurer eg jammen på kven som har hatt oppdragelsen i hakkebakkeskogen. Eg har sett alt for mykje ufin oppførsel av ulike dyreartar til å ta inn over meg at det er min eigen rase, menneska som har lært alle dyra korleis dei skal oppføre seg.
  12. Då skal du ikkje sjå vekk frå at det er "Cold Steel" macheter du har. Desse er produsert i Sør-Afrika. Sist eg var i Durban var eg innom ein friluftsbutikk i Greenacres og der solgte dei fleire av cold steel-machetene, men utan CS-klistermerket. Meinar prisen var rundt 100 rand. Eg har 2 CS macheter, ein Bolo og ein Katana. Bolomacheten er eit fint verktøy til å rydde busker og kratt med. Tar heller den enn øksa når eg skal høgge ned litt lauv og ris til å fore dyra med. Det einaste som trekker litt ned er at boloen har litt for tjukt handtak. Eg personlig kunne tenkt meg eit litt slankare grep.
  13. Pakkar kjøpt på bensinstasjonar, butikkar etc+ privatlaga. Sør-Afrika og Namibia. Har no stått biltong på pakkane
  14. Dette er eg 100% enig med deg i. Dette er solide våpen, laga i ei tid der det var ein viss finish på billigvåpen og. Men, det eg vil fram til er at den typiske kjøparen av ei børse i denne prisklassen ofte er nybegynnar. Og EG trur at den gjennomsnittlige nybegynnar vil skyte betre med ein Vanguard eller T3 kontra 601`en. Men eg vil nok tru at ingen av desse er i nærheta av ein gammal BRNO når det gjeld driftsikkerhet.
  15. Rifla kosta ca 3900,- ny. Kikkerten er billig "rask" utan verdi i dag. Om det står stål kikkertmontasje på rifla vil eg sei at 2500,- er ein fornuftig pris. Om kikkarten er med på kjøpet eller ikkje ville ikkje ha forandra prisen for min del. Dette er solide våpen laga for ein støyt, men dei var og er "billigvåpen" med det det fører med seg (tvilsomt avtrekk, presisjon etc). Ergonomien på desse er vel og ganske typisk 70-80 talls. Ein får idag nye jaktrifler for ned mot 4000,- (Vanguard, Howa, TC etc) som etter mitt syn er meir kurant enn ei gamal 601. Noko som igjen talar for ein bruktpris på ca 2500,-
  16. Har ete ein god del biltong, men har enda ikkje sett sjarmen med desse lause seige spekepølsene utan smak. Er ikkje kjøtet salta i det heile tatt? kun tørka?
  17. Eg vil ikkje sei det er heilt uvesentlig kva EG har betalt for våpena, for prisen eg skisserte over er ganske gjengs pris på dei nevnte våpen (kanskje med unntak av cz`en). "Feilen" mange nybegynnarar gjer er etter å ha klødd i 6 mnd på å få kjøpe våpen er at dei kjøper nye våpen. Korleis kan dette vere feil? Jo hvis du ser på mitt innlegg over ser du at ein kan få 2 konkurransevåpen til 6-7000,- som ein må punge ut ca 25000,- om ein skulle kjøpt tilsvarande nytt. Men nybegynnaren vil ofte ikkje kjøpe brukt, men kjøper istaden ny rimeligaste sort Ruger 22lr pistol og typisk ein Glock 17. Totalpris? Kan tenke meg rundt 10000,- Resultatet; ein har ein 22lr pistol som er ei "ok"utgangspunkt for å koste på masse pengar i anatomisk grep, nytt avtrekk, sikter etc for å få eit våpen som kan oppnå greie resultat i feltløypa. Og når det gjeld Glocken (merkelig at so mange nybegynnarar skal ha Glock, det har nok med at den er "tøff" og at når ein fortel kompisane at ein har kjøpt pistol so har alle høyrt om Glock), so veit alle med meir enn 5 feltstevner bak seg at dette våpenet har ingenting å gjere i nokon av NSF skytegreinene, i alle fal ikkje hos ein nybegynnar. Glock er eit suverent våpen-til krig (og praktisk production ), men ikkje brukbart der ein må treffe små mål på lange hold. Det er eit godt poeng i at ein nybegynnar som kjøper utstyr som i utgangspunktet ikkje er brukbart, so er dette garantert medvirkande til å ta frå vedkommande gleden og interessen for sin nye hobby.Kjøp gjerne billig, men kjøp "riktig"
  18. Det går an å kjøpe billig OG konkurransedyktig våpen. Eg har 2 stk S&W M14 Masterpiece. Betalte 3000,-/stk. Dette er noko av det finare ein får når det gjeld revolver, og det mest populære valget for dei som vil bygge meir customiserte våpen. Kjenner sjølv ein som vant revolverfelt NM med original M14, kun påmontert løpslodd. Her kan du kjøpe brukt våpen av toppklasse for 3000,- og vinne revolverfelt NM. Min 22lr pistol er ein Unique Des 69. Meget populært konkurransevåpen. Passar min anatomi perfekt. Og i motsetning til nymotens Walther etc fungerar den kvar gang den får noko som liknar ei 22lr patron i kammeret. Våpenet var godt brukt når eg kjøpte det, og har nok gått fleire 10-tals tusen skot etter eg fekk det. Eg har ikkje hatt eitt einaste feilslag! Eg betalte 3500,- for dette våpenet av toppklasse. Eit våpen som har vunne MANGE mesterskap i Norge og internasjonalt. Eg kan jo ta med min gamle godt brukte (og ihjeltuna) CZ75 som har gitt meg fleire førsteplassar i Militærfelt Klasse A. Sjølv om eg betalte kun 1700,- for jernet skaut eg mykje betre med denne i konkurranse enn min Colt Gold Cup, som kosta "litt" meir Eg skjønar ikkje folk som seier at ein må kjøpe dyre våpen for å skyte godt. Må då vere mykje betre å kjøpe brukte våpen av toppkvalitet for ein brøkdel av prisen
  19. Når ein får kjøpt Zeiss Diavari Classic 2,5-10x50 til 5990,- på XXL, viser vel dette at optikk kan vere svært rimelig i Norge.
  20. Ja her er det duka for små samlingar på lange hold. Eg stiller med 260 remington fora med scenarkuler. Zeiss 6-24x56 på toppen. Må gje deg litt konkurranse Kva sikte du tenker deg på toppen?
  21. Eg har i 10 år lurt på kvifor ikkje Søilen får seg ein skikkelig butikk og startar litt markedsføring. Dei har kunnskap og ikkje minst serviceinnstilling til å få det til. Fattar ikkje at ein so "stor" forhandlar ikkje finn seg noko anna enn ein forretning på 27 kvadratmeter med plass til 12 rifler og 9 hagler i utstillinga. Det skal jo ikkje meir enn 4 kundar til før det er overfullt der
  22. Det blir jo ikkje "rare" farten med 55 grs kule i 222 rem. Kor høg hastighet bør ein ha for å sikre full fragmentering på V-max?
  23. Opp mot 300 meter. Og på slike hold byrjar vinden å gjere seg til kjenne på små lette kuler
  24. Er ute ettere ein rimelig, men holdbar kikkert til mi Zastava M85 i 222 Rem. Børsa er svært presis, so praktisk rekkevidde på kråke og liknande kan nok strekkast opp mot 300 meter. Men for at dette skal vere gjennomførbart treng ein høg forstørrelse. No skal ein ikkje forvente mykje av rimelige sikter med 20x forstørrelse, men eg har sett at det er fullt mogleg å få "brukbare" sikter med høg forstørrelse og lav pris. Har sjølv ein BSA Sweet 22 6-18, og denne er det faktisk mulig å sjå noko gjennom sjølv på 18x, sjølv om det er eit godt stykke igjen til min Zeiss 6-24x56 . Men saken er den at Weaver har vel eit tålig ok rykte på seg når det gjeld holdbarhet, litt i samme sjangeren som Leupold? Har kikka vel og lenge på denne 6,5-20x44 då den virkar til å vere eit ok sikte til mitt bruk. http://www.midwaynorge.com/apps/eproduc ... mID=918959 Ikkje allverdens å finne av info på nett, noko som nok har samamnheng med at serien ikkje har vore tilgjengelig meir enn vel 2 år. http://www.opticstalk.com/weaver-40-44- ... 19131.html So det store spørsmålet; er det nokon her som har erfaring med denne serien til Weaver?
  25. Eg er ute etter ei mest mogleg "esplosiv" varmintkule til min 222 rem. Kula skal brukast til små og større skadedyr, og ikkje noko som skal på middagsbordet. Eg tenker meg ei kule på 40-50 grs, då dei lettare kulene har vel heller dårlege aerodynamiske egenskapar. Tips og råd til høveleg resept mottas med takksemd
×
×
  • Create New...