Jump to content

magnumlars

Members
  • Posts

    298
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by magnumlars

  1. Eg har eit par svenske rolling block rifler i 8x58rd i bortimot perfekt stand. Eg synest det er artig å lufte slike gamle børser ein gang iblandt og tenkte det kunne vore greit med nokre snille ladningar for litt uformell skyting i tillegg til at eg synest ikkje 135 år gamalt stål treng fulle ladningar for å spre litt glede Eg har frå før skote kraftigare ladningar med 43 grs N-140 bak 185 grs remington cl. Presisjonen har vore meget god, men eg har hatt enkelte tilfeller der kruttgass har lekka bakover for å gje meg eit pust midt i trynet. Ikkje noko særlig artig! Tenkte eg ville prøve nokre lette ladningar med 150 grs hornady kule og 20 grs N-120. Dette vart skikkelig dårlege greier! Første skot, ein solid etterbrennar. Andre skot, ein skikkelig gasslekkasje bakover som traff meg midt i augene. Tredje skot (frå hofta ), ingen anntenning av krutet i det heile, tennhetta gjekk av og skubba kula so vidt inn i riflinga. Etter tredje skotet tok eg kveld! På førehand var alle tomhylser gløda i halsen nettopp for å sikre at denne utvida seg nok til å tette for kruttgassane. Kun 3/4 av halsen pressa for å unngå pressing av hylsekroppen. No skal det seiast at diesettet eg har, produsert av ein viss Sture Schølin knapt nok er verdt portoen. Einaste bruken der det fungerar sånn nokolunde er til omforming av 45/70 til 8x58 rd hylser (hylser brukt i episoden over var Bertram 8x58rd). Kva har folket her av erfaring med problematikken eg møter her? Når ein tenker seg om er RB-mekanismen litt "skummel" om ein ikkje får full tettning av hylsa i kammeret då ein vil få (som meg) gasslekkasjen midt i fleisen. Reduserte ladningar er vel nettopp ein typisk utløysande årsak for mangel på utvidelse av hylsekroppen som fører til sota hylser og gasslekkasjar. I boltrifler merkar ein som oftast ikkje noko til dette då ein er meir eller mindre beskytta mot slike fenomen. Er det slik at ein faktisk må lade dei gamle RB i 8x58rd ganske tett opp til standard ladningsnivå for å unngå gasslekkasje (hmm.. eg fekk jo og gasslekkasje ved full ladning..)? Eller har nokon her positive og ikkje minst trygge erfaringar med lette koseladningar til 8x58rd? Eg ser jo at necksizing er ein nødvendighet når ein opererar med romme kammer som ein ofte finn i RB i 8x58, men RCBS diesett kostar jo eindel tatt i betraktning at ein fyrer av 20-30 skot annankvart år. Derfor har eg sett meg om etter økonomiløysingar. Det eg muligens har komme fram til er at eit diesett til 325 WSM skulle duge til å presse halsen, få ut tennhetta og seatingdia til å presse i ny kule. Etter som eg har funne ut har 325 WSM eksakt samme mål som 8x58rd hylsehalsdiameter (i motsetning til eindel andre 8mm patronar).Eit Lee 325 WSM die-sett skaffast for eit par hundrelappar og vil vere betraktelig billigare enn å kjøre fullt løp å kjøpe RCBS 8x58RD die-sett. No er eg gladelig mottakeleg for fornuftige synspunkt og erfaringar
  2. Ei interlockkule som ikkje held saman i 2000 fps høyrest for meg meget merkelig ut! Nesten så eg ville minstenkt at det var produksjonsfeil på kulene! Eg sette Hornady interlock kula på ei skikkelig "prøve" i 338 winmag (200grs 900m/sek). Skaut i nokre kapp av tjukke trestokkar eg hadde liggande på 10 meters avstand. Og treverk skulle ein tru ikkje var direkte snill med ei blyspisskule! Resultatet var at kulene såg heilt perfekte ut, omtrent ikkje tap av restvekt i det heile! For samalikninga sin del skaut eg 200 grs Barnes-X (frå 338 winmag) og 180 grs Oryx frå 30-06 i dei samme trestokkane. Barnes-X kulene såg perfekte ut, men Oryxkulene derimot var heilt smadra. Dette, i tillegg til ca 60 dyr felt med Hornady interlock i ulike kaliber får meg til å meine at den aversjonen enkelte har mot denne kulekonstruksjonen bygger på uvitenhet/ innbillningar/mangel på praktisk erfaring, for høg utgangshastighet eller rett og slett uflaks med kuleplassering. Eg har sagt det før, og seier det gjerne igjen; den mest "sprengte" hjorten eg nokon sinne har sett var felt med ei Barnes-X kule, kula som ikkje øydelegger kjøtt. Dei to siste åra har eg testa ut Nosler Accubond på hjort og felt 24 dyr med denne kula. Nok til at eg føler eg kan meine noko. Eg ser ein klar tendens med meir blodslått kjøtt og kjøttskader med denne kula enn med lik kulevekt/utgangshastighet/kaliber og Interlock kule, men få kuler slår accubond på presisjon i mine børser. Men eg trur fortsatt eg held på det eg nevnte tidlegare;kjøp inn ulike kuler og test i vei! Prisen på desse kulene er uansett ein bagatell i forhold til resten av kostnaden med Afrikajakta di
  3. Bere for å sei det først som sist, eg har ikkje erfaring med 375 JDJ. Men det eg kom til å tenke på er at Alf Martin Braathen hadde for nokre år sidan ein ganske utfyllande ekspansjonstest på 9,3mm kuler. Formålet med testen var å finne maks hold med akseptabel ekspansjon for 9,3x57 og 9,3x62. Det eg minnast var at det var fleire overaskande moment med resultata. For det første hadde ikkje alle typiske lettekspanderande kuler stabil ekspansjon på lange hold (Nosler Ballistic Tip etc.) Om eg ikkje huksar feil var det vel faktisk Barnes-X som hadde den mest stabile ekspansjonen på lengre hold. Dette har eg sett i fleire andre testar og; sjølv om Barnes-X kula er å betegne som meget solid har den eit forholdsvis stort spekter i hastighet der den gir tilnærma lik ekspansjon. Eg har sjølv brukt 235 grs TSX i 375H&H i 850 m/sek på Blue Wildebeest med godt resultat, men her er jo hastigheten ein god del over JDJ`en vil eg tru Eg trur i alle fal det kan vere lett "å gå i fella" å tru at alle konvensjonelle blyspisskuler vil vere lettakspanderande på lange hold. Eg har mellom anna skote ca 40 hjort med Hornady interlock, og mi erfaring er at denne faktisk held meget godt saman om ikkje farten er for høg. Eg har og skote Oryx med denne kula, men i for høg fart og det gav dårlig inntrenging. Hadde eg vore deg hadde eg kanskje kikka nærmare på 250 grs Sierra Gameking, som kanskje vil passe dei hastighetene du opererar med. 235 grs TSX er bombesikker om du får nok ekspansjon. Kjøp inn kuler og test ekspansjonen på dei holda du tenker deg å jakte på so finn du ut kva som duger
  4. Eg er langt frå nokon erfaren afrikajeger med mine 27 felte plainsgame, men har no fått eit lite snev av erfaring. Det som er enda viktigare er å høyre på dei som skyter virkelig mange dyr. Eg har ein venn som er PH i RSA og han legg ned 2-3000 dyr for året og vi har hatt nokre diskusjonar angåande kaliber. Etter hans syn var 7x57 eller liknande (som vil vere temmelig lik 6,5x55 i praktisk bruk) vere ideelt på medium størrelse plainsgame dvs opp til Kudus størrelse. Som eit "universalkaliber" meinte han at ein 300 Win Mag eller liknande var det ideelle. Brukbart på alt av plainsgame og i eit knipetak også på bøffel (med ein erfaren jeger bak børsa). Dei einaste artane av plainsgame han meinte kunne "forsvare" eit kalibervalg over 30-06/300 magnum var Blue Wildebeest og Oryx. Han hadde fleire gonger vore ute for at skada Oryx gjekk til angrep sjølv etter gode treff. Eland ansåg han ikkje som særleg hardskoten, han hadde lagt ned temmelig mange med 308 win. Eg har sjølv skote 2 Blue wildebeest med 375H&H, 2 kudu med 30-06 og 1 Oryx med 30-06. På desse dyra å dømme fristar det ikkje so veldig å prøve seg på slike artar med 6,5x55. Begge Blue wildebeest hadde 100m + utras etter "perfekte" treff. 1 kudu falt etter 1 skot, den andre trengte 4 skot i bogen for å ta kveld. Oryxen meinar eg å hukse trengte 3 skot for å ta kveld. Ein ting har eg lagt merke til, folk som skyt virkelig mange dyr er ofte ikkje so veldig opptatt av kaliber. Ikkje noko med at dei ikkje er interressert i det, men rett og slett at dei har funne ut at med eit velplasert skot tar du livet av det meste. Sjølv lurer eg sterkt på å ta med min Blaser i 6,5x55 neste gang eg reiser til Afrika, men då blir det i tilfelle kun ved jakt på Springbok, Impala, Blesbok osv. Skal eg ta større dyr plukkar eg fram noko grovare i skapet
  5. Min første tanke var at det kunne vere ei Champlin børse,men det er vel kanskje tvilsomt om fyren har høyrt om Champlinrifler http://www.gunsinternational.com/Champl ... ?cat_id=64
  6. Villreinjegeren: Den jakta eg snakka om på bøffel og snabeldyr er nok uten trofe ja. For meg betyr det svært lite då eg ikkje er int i å betale for eit trofe. Når det gjeld wildebeestjakt etc er det nok ikkje heilt slik du nevner. Det er riktig som du skriv at dette er kjøttjakt, men ikkje slik at det er kun dyr uten trofe som skal skytast. Her vert dyra skote uavhengig av trofestørrelse, og det er ingen garanti for eit stort trofe. Samtidig betalar eg heller ikkje ekstra om ein skyt store trofedyr. Når eg var med på jakt I Namibia betalte eg ein fast pris uansett størrelse på trofe. Egentlig veldig avslappande. Betal nokre slantar for nokre kudu, oryx og springbook og reis ut og skyt kva du vil og so mykje du vil. Eg skaut 1 oryx, 2 kudu og eindel springbok (huksar ikkje kor mange).Nokre av dyra var av trofestørrelse. For dette betalte eg ca det samme som det kostar for eit bukkeløyve på hjort mange plassar her i landet og då var alt inkludert (mat,opphold transport etc)
  7. Melder deg på kva for noko? Har eg nevnt noko om at eg skal arrangere tur?Som eg skreiv i mitt første innlegg tar eg gjerne med ein kamerat eller 2. For meg er ikkje definisjonen på kamerat ein person som skriv på eit diskusjonsforum og som eg aldri har møtt i virkeligheta Kanskje egoistisk, men eg føler det ikkje som ei plikt å måtte ta med meg "gud og kvarmann" på min private ferie(jakttur) bere fordi denne er rimelig. Innlegget mitt var meint som eit innspel i diskusjonen om rimelig Big 5-jakt.
  8. Med turistjakt meinar eg komersiell jakt gjennom reiseoperatør slik dei fleste får sine jaktopplevelsar i Afrika. No har eg vel ikkje brukt uttrykket "ekte afrikajakt" men det eg meinte var som eg skreiv å oppleve jakta slik lokalbefolkninga her nede opplever den. Meget mulig at prisane eg refererte til ikkje er spesielt rimelig, men når det snakkast om prisar på 50-100000,- for å ta livet av ein bøffel eller elefant synest i alle fal eg det virkar rimelig om ein får skyte det samme dyret for 10-15000,-. Men det er no bere mitt syn
  9. Eg trur nok det er mulig å få storviltjakt i Afrika til "billigpris". Men dette avhenger av mange ting. Eg hadde aldri i verden reist til afrika for å jakte til ein pris som virkar for god til å vere sann om eg ikkje personlig kjente Outfitter/PH eller denne hadde meget gode referansar. Sjølv ei "billigjakt" kostar mykje pengar og ikkje minst kan skuffelsen bli stor om ikkje alt går etter planen. Skulle eg reist på mi første jakt i Afrika hadde eg ikkje tatt sjangsen på anna enn eit 100% seriøst opplegg. Min første tur til Afrika på jakt gjekk med Shadob, og her fridde alt til forventningane (og meir til) frå planlegging her heime i Norge til gjennomføring av jakta og til slutt heimsendelse av trofe. Litt snikreklame for Shadob dette kanskje, men synest det er viktig å dele gode erfaringar med Afrikajakt då ein desverre ser frå tid til anna at enkelte føler seg meir eller mindre "lurt"! No har det seg slik at eg har ein venn som er PH i RSA og som i tillegg jaktar eindel i Namibia og Botswana. Han driv kun med jakt sjølv og guidar normalt sett ikkje andre jegerar. Eg hadde sjølv ei fin veke på jakt med han i fjor i Namibia der eg fekk sjå og oppleve jakta slik lokalbefolkinga bedriver den, og ikkje som typisk "turistjakt". Denne jakta kosta meg svært lite i forhold til typisk "turistjakt" men gav meg minst like gode opplevingar. Eg har jevnlig kontakt med denne karen då vi prøver å få til ein jakttur på nyåret, og som den nordmannen eg er er selvfølgelig pris ein gjengangar som samtaleemne. Det er til tider eit stort sprik mellom prisen på ein lisens kostar og det ein må belage seg på å betale som "turistjeger". Dette er jo og bere rett og rimelig, dei som driv med dette skal tross alt leve av det og. Men om ein som i mitt tilfelle har kontaktar heilt ned på "bakkeplan" dvs utan fordyrande mellomledd som outfitter, reisebyrå osv kan ein få jakt i Afrika til reine fantasiprisar i forhold til det ein må betale på organiserte turar. Eg har fått fleire tilbod om jakt på problemdyr (elefant, bøffel og løve) og prisane her ligg på 15-20000 Rand pr. Dyr. Då min venn stort sett kjøper dyr "på rot" for so å skyte desse og selge kjøtet har han til tider ganske store mengder dyr å ta av. Sist vi snakkast hadde han 45 Blue/Black wildebeest, 70 Blesbok og eit ganske høgt anntal impala som skulle skytast. Prisen på å skyte alle 45 Wildebeest var den samme for meg som for han, mao meget rimelig. Slik han ser det er det det samme om eg eller han skyt dyra, det er uansett kjøtet han tenar pengar på. Prisen på denne jakta hadde for meg blitt omlag det samme som det eg ser turoperatørar opererar med for ei vekes typisk jakt på div plainsgame. Mat/ losji utgjer ikkje rare utgifta med ein hundrelapp eller 2 for dag. Flybillett kjem i tillegg, men for oss som reiser mykje i jobben passar ein selvfølgelig på å alltid ha nok bonuspoeng på kontoen hos Star Alliance og Skyteam til ein gratistur eller 2 til Afrika No er dette jakt som vert arrangert 100% i privat regi, og eg har heller ikkje ambisjonar om å lokke med meg folk eg ikkje kjenner for å tene pengar på dette. Men eg tar gjerne med ein kamerat eller 2 for ein uhøgtideleg og ikkje minst rimelig jakttur
  10. Har ikkje skote so mykje med svartkrutt, men har inntrykk frå enkelte hold at ein må belage seg på å nærast demontere heile våpenet å vaske det i varmt grønsåpevatn kvar gang det vert brukt. Held det å ta varmtvatn/oljeprosedyren med kun løpet og tørke/ olje det ein kjem til på mekanismen?
  11. Har nokre kilo med FFF ståande. Er dette kurant til 45-70?
  12. NEI! Merk deg at eg sa i teorien. Dei fysiske lover skulle tilsei dette, men slik er det ikkje i praksis. Eg såg i ei gamal ladebok eingang der det var oppgitt kammertrykk med dei ulike ladningane som var oppgitt. Her var det oppgitt trykk med svartkrutt og samtidig trykk med ulike reduserte røyksvake ladningar. Meinar å hukse at kammertrykka som var oppgitt her var temmelig like om det var svartkrutt eller røyksvakt når utgangshastigheten var lik. Huksar det var mange ladningar med blykule og 10-15 grs av ein gitt kruttype som gav kammertrykk i størrelseorden 1000-1300 bar, som jo er temmelig slakke greier for ein riflepatron. Hadde eg bere huksa kva bok det var! Meina den var amerikansk...
  13. Ei ladning som gir ein gitt hastighet med ei gitt kule skal vel i teorien operere med samme trykk uansett om krutet er svart eller ikkje? No kan ein vel strengt tatt skyte det meste av fabrikkammo i 45-70 i desse børsene. Er vel nettopp med hensyn til Trapdoor og Rolling-Block at ladningane er holdt på eit moderat nivå i fabrikkammoen. Børsa var ikkje konstruert for å skyte røykfritt krutt, men det er ikkje det samme som å sei at den ikkje tåler det. Eit anna eksempel er jo både dansk Krag og Rolling-Block i 8x58. Når patronen og våpena vart konstruert var det med svartkruttladningar som bakgrunn. Eit par år seinare kom det røyksvake krutet i bruk og vart brukt i dei samme børsene heilt til den dag i dag. Og ladningane med røyksvakt som er oppgitt i ladeboka til 8x58RD er vel langt frå noko reduserte ladningar, faktisk bere eit ørlite hakk under 8x57! Eg er heilt med på sjarmen med svartkrut, men det blir slikt eit griseri
  14. Hei, Er det nokon som sitter på ladedata over reduserte ladningar med blykuler til dette kaliberet med Vihtavouri krutt? Kunne tenke med å finne nokre koseladningar som ikkje sliter ut denne gamle travaren og som er trygt å skyte med. Tips vert mottatt med takksemd!
  15. Om bruksområdet er hjortejakt ville eg i 300 winmag brukt 200 grs Nosler part, evt 200/220 grs Interlock. Ein kamerat jaktar no på 4 året med 300 weatherby og hornady interlock etter mange år med kun barnes-x. Fleire og fleire innser tydeligvis bakdelane med superkulene. Forøvrig er det ein artikkel om kulevalg til storvilt i siste utgave av bladet Elg,Hjort& Rådyr.
  16. Når ein snakkar om demparar som går til "helvete" so har eg faktisk vore borti dette ein gang! På bakgrunn av mykje positiv omtale på kammeret anbefalte eg ein kamerat å gå til innkjøp av denne demparen. Som sagt så gjort. Eg skaffa demparen, børsa vart sendt til børsemakar for gjenging og alt var bere fryd og gammen. So bar det på skytebana. Første skot traff midt i skiva på 100-meteren, andre skotet ein halvmeter til sida. Siste skotet rakk nok ikkje fram til skiva eingang, for den hadde med seg passasjer på veien! Jau på tredje skotet løsna heile demparen og vart "skoten" av børsa, mykje likt slike granatar som vert sett ned på løpet for å skytast ut med drivpatron. Og ja, demparen var godt tilskrudd. Resultatet var at gjengepartiet inni demparen fortsatt satt fast på løpet, men det måtte iverksettast leiteaksjon mellom standplass og skiver for å finne igjen demparen. Når produkt som dette får sleppe ut på markedet meinar eg det fortenar å bli kalla "dritt"! Eg gløymte nesten å sei at denne demparen ikkje bar navnet Viking, men eit navn som begynner med A og sluttar med Tec, so vær gjerne litt forsiktig i å svartmale andre når produktet til din gode venn ikkje held mål Men eg har sjølv liggande ein ny og ubrukt TMM-dempar her, men har berre ikkje turt å testa den enda
  17. Kan du forklare kva "viker" betyr? Her på vestlandet er begrepet vik noko som blir brukt til å beskrive ei spesiell form for strandlinje, gjerne i konveks form. På østlandet blir ordet "bukt" brukt for å beskrive det samme geografiske fenomenet. Når du spør om kula si evne til "viking" betyr dette då kula si evne til å følge terrenget, dvs ikkje gå rett fram men følge viker, nes og sund på sin vei mot viltet eller blinken? Eg har erfaring med denne kula, men desverre har eg ikkje testa kula si evne til viking, kun presisjon.
  18. Eg har ein M85 Lux i 222 rem. Eg er meget fornøgd med børsa. Avtrekket er justert og polert og eg synest det er meget bra. Presisjonen er upåklagelig, best går den faktisk med billige Remington Sp 45grs bulkkuler. Her skyt ein samlingar på 15-20mm. Eg har montert på ein Leupold 2-7x33 i Warne montasjar som passar børsa utmerka. Det einaste eg har å utsette er sikringa som ikkje akkurat kan kallast presis.
  19. Eg har prøvd mykje slags kulekonstruksjonar på storvilt. Til dags dato er det ingen som har slått Nosler Accubond på presisjon. Om dei vert levert til 7mm veit eg ikkje, men om det er tilfellet er det nok eit godt valg. Ellers er det mange "konvensjonelle" kuletypar som gjer jobben som f.eks Lapua mega, Hornady interlock osv. Med tanke på hastighetsområdet til di patron vil eg tru at det er mange ulike kuler som vil gjere ein god jobb med tanke på at hastigheten er forholdsvis låg.
  20. Hadde eg vore deg ville eg tatt meg ei ringerunde rundt til dei store våpenforhandlarane å høyrt. Har inntrykk av at det står mange slike børser å støvar ned rundtom etter at fleire enn meg fann ut at dette er farlige saker. Eg kjøpte slik ny, men den var raskt returnert til forhandlar då det viste seg at sikringa ikkje fungerte (kunne ta avtrekk med sikring på). Når eg tenker meg om meinar eg å ha sett at Winge våpen har annonserte slike på tilbud i fleire år
  21. Då endelig fant eg artikkelen: http://www.gunsandammomag.com/cs/Satell ... agenum%3D3 Om eg ikkje er heilt på vide veier her er ladninga som er oppgitt til 225 grs Hornady noko som vil tilsvare ca 45grs N140 for å oppnå 500 m/sek. Minimumsladningane i tabellane oppgir 65-70grs N140 på 235grs kule. Er det uproblematisk å gå heilt ned til 50 grs med N140?
  22. I eit eller anna amerikansk våpenblad eg las i her for eit par mnd sidan var den oppgitt ein del reduserte ladningar til 375 H&H (mest sannsynleg G&A). Her meinar eg å hukse at det var oppgitt ladningar på 40-45grs av eit eller anna amerikansk krutt til 225 grs hornady. Kan dette vere noko som ligg i området N120?
  23. Har handla nokre våpen + div utstyr frå Våpensøilen opp gjennom åra. Har kun positive erfaringar. Dei er stort sett meget konkurransedyktige på pris. Må sei eg vart litt overaska når Våpensøilen låg 20% under hjemmelading.no på Nosler kuler
  24. Heisann, Er det nokon som sitter på nokre ladedata til denne kula? Tenker spesielt på litt reduserte ladningar som sender ut ei slik kule i 650-750m/sek. Innbiller meg at denne kula vil gjere ein heilt grei jobb i denne farten på ein hjort eller fem. Ser ingen grunn til å bruke bøffel-ladning på 50-meters avstand i hjorteskogen. Skal eg skyte langt har eg betre børser til det formålet.
×
×
  • Create New...