Jump to content

magnum_mauser

Members
  • Posts

    886
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    11

Everything posted by magnum_mauser

  1. Då reiser eg til fjells i morgon og skyter ein hjort på ca 60 meters hold - so kjem eg med tilbakemelding
  2. Gammal tråd som eg blåser liv i. Eg har eit par esker med fusion til 338 win mag. I utgangspunktet har eg barnes ttsx som eg bruker til jakt, men eg får ikkje den presisjonen eg ynskjer. Barnes går godt nok til praktisk jakt, dvs 3 skudd innafor 10'ern på 100 meter, men fusion lager eg ein trekløver med på 3 skudd. Hadde det vert eit standard kaliber, hadde eg ikkje nølt med å bruke den. Men eg er litt betenkt på grunn av kaliberet, korleis kan ein forvente at det ser ut om ein setter ein fusion i bogen på eit dyr på 60 meter med ein 338? Og ikkje for å være hverken frekk eller arrogant, men eg er i utgangspunktet ikkje ute etter svar frå jegere som ikkje har noko som helst erfaring med kula, men som "har høyrt", og som i tillegg trur at det einaste som duger er den absolutt siste kula som er lansert på markedet - og som trur at det er jevngodt med den sikre død og ete dyr skutt med som er skutt med blyholdig ammunisjon (der fekk eg ut litt damp også!).
  3. Eg jakter primært hjort og i hovedsak smygjakt kombinert med posting. Etterkvart som eg har tilbakelagt meir og meir timer i fjellet, so blir tilnærminga meir og meir minimalistisk når det kjem til utstyret. For 10 år siden var det full ryggsekk, fulle lommer, svær handkikkert, stor og tung rifle osv. I dag har eg ingenting i lommane, ein liten ryggsekk eller hoftesekk med det mest nødvendige, ein skytestokk og ein liten kikkert hengande rundt halsen. Det å utstyre seg lett synes eg effektiviserer jakta samtidig som min totalopplevelse blir bedre. Eg har ein 10x44 som eg bruker hvis eg skal ligge på eit høgdedrag og spotte dyr, men til bevegelig og postjakt, føretrekker eg 8x30/32 formatet. Eg opplever forskjellen i størrelsen og vekt på desse som veldig stor, eg kan gå heile dagen med min 8x30 hengande rundt halsen - ikkje merker eg at den er der og den er heller ikkje i veien. Eg har også ein avstandsmåler som eg gjerne har med meg i lommen hvis eg jakter i ukjente områder. Når eg har vert i samme område nokre ganger, blir den igjen heime - for då har eg målt opp dei fleste plassane der eg trenger å vite om det er 190 meter over den myra, eller om det er 250. Eg skyter ikkje på "lange" hold, men innafor ein radius på 300 meter liker eg å ha kontrollen. Derfor er avstandsmåler kjekt å ha, men til mitt bruk er det ikkje nødvendig å ha den med meg heile tida og eg har heller ikkje behov for presise målinger på lange hold. Derfor er eg fornøgd med ein liten og vanntett bushnell som kan bli med om nødvendig. Hvis eg hadde jakta og skutt mykje på sopass lange hold at nøyaktig avstandsbedømming hadde vert nødvendig, ville eg vurdert kikkert med avstandsmåler. Men dei er store, tunge, klumpete og dyre. Men når eg egentlig trenger å måle opp på enkelte plasser der det kan bli "litt langt", klarer eg meg lenge med ein enkel og rimelig måler. Og fordelen med å ha ein liten og hendig kikkert av god kvalitet, overgår behovet for å alltid vite avstanden - det er berre eit fåtall ganger eg har behov for å vite det. Og min 8x30 er sopass hendig at den blir alltid med, og eg gidder til og med å ta den med om eg berre skal ein tur i skauen å lufte hundane - eg tar aldri med meg 10x44'n hvis eg ikkje må.
  4. Desse minner mykje om gamleskapet mitt når eg ser innredning. Eit digert men upraktisk skap som hette,,,, seifuva?
  5. @Bartemannen det var interessant lesing! Eg har bestandig likt setersmør betre enn meierismør. Delvis fordi det er saltare, men også fordi eg opplever det som meir syrlig. Men om det er eksakt samme produkt, men med ørlite meir salt og med den prisdifferansen - kan det hende eg blir gjerring og dropper setersmør, sjølv om eg liker det best.
  6. Eg har 2 typer skinnhansker frå bearskin, knallgode brukshansker, tynt svart skinn inne i hendene og syntetisk ellers. Men blir dei blaute, fører det til at eg kunne brukt hendene mine som "stunt-hender" under innspelinga av filmen Avartar - dvs dei farger av hvis dei blir våte slik at hendene mine er blå i 4 dager. Korleis er desse?
  7. @Jegermeistern Eg støtter den, eg bruker kvitseid eller rørossmør som "godsmør". Men til matlaging og spesielt til ansjossmør, som har ein særs markant og salt sjøsmak - ville eit so godt smør vert litt vekkasta.
  8. Av og til oppdager ein ting som er vanvittig godt og første tanken blir "kvifor viste eg ikkje om dette før". Eg hadde ein slik episode for ei tid tilbake då eg satt og såg på ymse matprogrammer. Ansjossmør, det høyres hverken spennande eller fristande ut, men for ein smaksopplevelse! I ein morter har ein ca 15 italienske ansjos, det er svært viktig at ein bruker den salte italienske ansjosen som ligger i olje, IKKJE den krydra varianten som ligger i lake, som vi er vant til å legge på egg. Deretter moser ein den til ein "paste" - har vi forøvrig eit godt norsk ord på det, utover mos? Deretter rører ein inn omtrent tilsvarende mengde meieri/setersmør og kverner over godt med svart pepper. I videoen eg såg, vart godt brød steikt i litt av den oljen ansjosen ligger i, og so smurte ein brødet med ansjossmør og hadde det til blautkokt egg. Dette forsøkte eg og hadde ein av dei bedre søndagsfrokostane eg har hatt. I tillegg har eg smurt det på steikt/grilla makrell og ørret, og det har løfta middagen mangen hakk.
  9. @HaavardEg ser tankegangen din. I teorien slutta eg med fall ca etter eg bikka 30 - det er litt trist når ein er blitt sopass "gammal" at ein tar seg i å tenke "kva knekker eg no" når ein merker at ein glir Men frå spøk til revolver: Med fall meiner eg å gli for å deretter havne på rumpa. Og i dei områdene eg jakter er det relativt bratt i kombinasjon med at det er svært bløtt. Og det som skjer ved nedstigning i slikt terreng er at ein setter foten ned og har i utgangspunktet grep, men i neste sekund løsner og glir underlaget ein trakker på. Og uansett kor bestemt ein er på at fall er uaktuelt, so blir det ein konsekvens når slikt skjer. Eg har aldri skada meg under slike fall, men spesielt våpenet kan få seg ein stygg smell.
  10. @Bartemannen Eg har brukt primaloft både som vest og jakke som mellomplagg når eg fisker laks. Eg opplever dei som varme, men ikkje heilt på nivå som dun. Men den store fordelen er at dei tåler fukt og vann uten å bli ødlagtog i følge forhandleren eg kjøpte dei av, beholder primaloft omlag 80% av isolasjonsevnen sjølv om det blir vått - derfor har det vore eit godt alternativ når eg fisker. Eg er blitt litt minimalistisk i forhold til volum når eg pakker sekken før jakt og har testa med min primaloft-vest versus ei tynn dunjakke. Den går ned i ein 2 liters pakksekk, men eg klarer ikkje å komprimere den like mykje som dunjakka.
  11. @Hilleberg Nei, men fordi eg i utgangspunktet ikkje er ein "frostpinne". Det handler meir om at eg i utgangspunktet er svært varm og det skal lite aktivitet til før eg svetter og når eg då setter meg ned - blir eg kald. Men dersom eg har eit klesskift med meg, slik at eg er tørr på overkroppen, går det veldig bra. Men ein bekjent av meg som fryser lett, har ein slik vest - og er veldig fornøgd med den.
  12. @Oryxhunter Eg kjøpte budor nylig som eit alternativ til ein 5 liters sekk eg har brukt på korte turer tidligare - for å få plass til eit skikkelig klesskift i tillegg til niste, kaffi osv - solangt veldig fornøgd!
  13. Eg var innom ein butikk i dag som er tilknytta Magasinet og dei hadde nokre tynne og lette olivenfarga dunjakker til ein svært sympatisk pris (600kr). Eg kjøpte ei slik og ein skikkelig kompresjonspose på 2 liter. Eg vil tru at ved å skifte til tørr ulltrøye og deretter denne jakka før eg tar på meg ytterjakka, har eg forutsetninger til å kunne sitte på post til fjells i mange timer uten å fryse. No har været omsider snudd og det er temperaturer som minner om oktober og ikkje tidlig september - so eg får forhåpentligvis testa det innan kort tid.
  14. Til bevegelig jakt i plaskevær synes eg hanskane frå seeland eg linka til, fungerer bra - er eg i bevegelse blir eg aldri skikkelig kald på hendene. Til postjakt i skikkelig regnvær har eg vantette votter tiltenkt skibruk, i kombinasjon med tynne innerhansker i ull. Når det er beinkaldt og relativt tørt, har eg dunvotter i kombinasjon med tynne innerhansker.
  15. Velkommen til mine områder @Bartemannen, då skal eg love deg at du får friska opp hukommelsen din når det gjelder fall
  16. Eg fekk denne sekken via ettersøksringen eg er med i. I utgangspunktet er den veldig grei og praktisk. Men eg har likevell vert litt skeptisk til å bruke den fordi eg bur og jakter på vestlandet og her er relativt kupert terreng - det er bratt, bløtt og glatt. Knall og fall skjer jevlig for min del, seinast på fredag hadde eg eit salig svalestup då eg forsøkte å ta ein snarveg ned eit svaberg, eg fant nokre "trinn" i berget som eg trudde skulle gå greit å gå ned. Men i første "trinnet" satte eg foten fast og ramla i utgangspunktet framover. Det var ca 2,5 meter ned til myra og det frista ikkje å stupe ned i den med hode først, derfor satsa eg alt på eit kjempehopp og landa på rumpa i myra med eit plask. Eg har rifla på skuldra og går alltid med handa rundt pistolgrepet, slik at ved fall kan eg løfte rifla opp og unngå at den blir skada - og den metoden har redda våpena mine mange ganger. Og som regel når eg faller på jakt, er det når eg går nedover og eg lander som regel alltid på baken. Slik desse sekkane eg konstruert, ser eg føre meg at det er ei glimrande oppskrift på å knekke kolben. Hvis ein f.ex glir på eit berg eller likande og havner på rumpa/ryggen, vil eg tru at det vil gå hardt utover våpenet, då kolben stikker ned ved rumpa. Er her jegere som har brukt sekken til vorn med våpenet i sekken i kombinasjon med eit klassisk fall der ein lander på rumpa? Og dersom, korleis har det gått med børsa?
  17. Godt å sjå at fox på eit tidspunkt kan ekspanderer i stykker også. Eg testa 220 grns i 9.3x62 på vannkanner med 1" plankebiter mellom - den ekspanderte, men ikkje meir enn kva den burde. Fox til høgre, barnes ttsx i 338 win mag til venstre, skutt gjennom tilsvarende masse.
  18. Eg har slitt ut fleire par av desse hanskane og synes dei fungerer godt til vått og surt klima her på Vestlandet. Eg sprayer dei jevnlig med impregnering for goretex slik at ytterstoffet ikkje trekker so mykje vann, og då fungerer desse godt. https://no.seeland.com/nb-no/shop/jaktklaer-til-herre/jakthansker/seeland-hansker-190200631?gclid=CjwKCAjw2P-KBhByEiwADBYWCkzz9MIQ3QhoPDw8HMHhcjIi-5yqPVuPXLh5BvKOAuDNE8rrpM9MbhoC_scQAvD_BwE
  19. Eg har metso jakka, og eg har ein del vadmelsbekledning frå andre produsenter, og av alt eg har, er metso det dårligaste. Dvs den er ikkje ubrukelig, men det er "utvatna" vadmel, eg hugsar ikkje blandingsforholdet, men ca 50% vadmel. Og det merker eg i den forstand at metso'n er merkbart tettare og mindre luftig enn min øvrige vadmel. Men som jaktplagg til smygjakt eller jaktformer der ein ikkje nødvendigvis går beinhardt og svetter mykje, er den super. Men som hundefører vil eg ha vadmel som fungerer slik som vadmel skal, dvs eit luftig plagg som holder deg relativt tørr og varm sjølv om ein har svetta mykje, slik at ein kan sette seg ned og ta ein pause uten å fryse.
  20. @Bartemannen og @Oryxhunter dykk har praktisk erfaring med denne, er den vanntett? Det sto i spesifikasjonane at den var laga i vanntett polyester, men det står ingen plass spesifikt at den er vanntett.
  21. @Bygda Eg brukte 6,5x55 til hjort i mange år, eit supert kaliber. Eg valgte det bort fordi eg opplevde litt mangen "lange" utras når eg jakta på dyrka mark - då er min erfaring at dyra er litt ekstra stressa i utgangspunktet og løper lenger. Men samtlige av hjortane eg skaut med 6,5x55 daua som dei skulle. Fritt etter hukommelsen er det lengste holdet eg skaut på, 230 meter. Det var eit stort dyr, kula var interlock og eg hadde gjennomskyting og dyret sjangla 20 meter før det var stopp.
  22. @matsbDet er enda godt vi ikkje stigmatiserer eller plasserer folk i bås i dette forumet Men berre for at vi får fasiten på det reine her: dersom ein fråviker frå normalen og f.ex har ein "magnum", so handler det enten om liten penis, eit behov for å skille seg ut eller vranglære, dvs ein gjere det fordi ein er blitt fortalt at ein må ha det? Eg som har ein slik "magnum", eg får bruke kvelden til å finne ut kva bås eg høyrer heime i
  23. Eg enda opp med noko eg aldri trudde eg ville eige, ei "rumpetaske". Bergans budor hoftesekk, 11 liter og tilsynelatende ser den veldig grei ut. Eg har mobba ein kompis i alle år, fordi han sitter fast i 80/90-talet og fortsatt sverger til rumpetaske - so det blir litt kameler å svelge der
×
×
  • Create New...