Jump to content

brisen

Members
  • Posts

    183
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    4

Everything posted by brisen

  1. Den ser jo fin ut, eg vil tru ca 1200.- hvis alt fungerer som det skal og den også er rein innvendig, og når det som her også følger veske med.
  2. Eg ville forvisse meg om at den er sauerein,du får trøbbel hvis det beiter sau i jaktområdet og hunden ikkje er sauerein. Du bør og sjekke ut om den er lydig og at den vil lye deg. Er dette på plass er det duka for at det kan bli ein positiv opplevelse.
  3. Cal .243 vil vel vere eit godt valg til jakt på rype og storfugl?
  4. Nå blir Fellkniven F1pro og F1x også laget i det svenske pulverstålet Elmax Super Clean. Prisen på kniven går opp men det gjer kanskje stålkvaliteten og, eller? Eg har ingenting negativt å sei om det laminerte koboltstålet som dei og blir produset i, men ein god kniv kan jo bli enda bedre.
  5. Eg bruker Peltor Tactical XP. Det er blitt noken år siden eg kjøpte dei så det kan jo hende dei ikkje er heilt opp til dagens standard, men eg har ikkje tenkt tanken at dei ikkje holder mål. Peltor kjem godt ut i tester.
  6. Med liggende våpenskap er det duka for mykje skrik og skrål når døra klapper saman over fingrene.
  7. brisen

    Lim til kikkerter.

    Kanskje du kunne lagt fram problemet for Magne Landrø AS, meiner dei er hovedimpotør for Leica. Når dette er sagt, hadde det vore min kikkert så hadde eg ordna den sjøl. Til liknande reprasjoner har eg brukt Casco Marin&Teknik. Prøv å fjern gammel lim, og påfør ny lim med ein tannpirker e.l., sjølsagt må du holde deg klar bevegelige deler og linser. Etterpå holdes det heile i press nokre dager med maskeringstape. Går det dit høna sparker så får du ta det på deg sjøl. Du må og tenke over om den på sikt skal kunne demonteres igjen.
  8. Ta kontakt med Norsk Kennel Klub eller avlsråd for den aktuelle rase. Styr unna det grå/svarte marked.
  9. Bare styr unna, synes dette lukter svidd. Når eg handler på finn er det forskuddsbetaling og norgespakke med sporing.
  10. Gi mannen din penger så kan han kjøpe den kniven han har lyst på.
  11. @orlogsEg fårstår av ditt innlegg at du har erfaring som pistolskytter, då veit du kva det går i. Kjøp det våpenet du føler for og har lyst på.
  12. Min første finpistol var ein(kjøpt ny) Hammerli SP20. Den passet meg ikkje heilt i grepet, skjeftet skrådde for mykje bakover. Etter eit par tusen skudd fekk eg problem med avtrekkermekanisme og byttet den hjå forhandler i ein ny Benelli MP90S World Cup. Denne passet meg, var behagelig å skyte med og treffprosent gjekk opp. Den var og problemfri. Ønsker deg lykke til.
  13. @Ospa-Du har di meining, eg har mi. -Sauen og også geita er som ein gartner som held alt på stell. Då me dreiv med sau hadde me områder dekt med røsslyng, også bikuber ståande (ikkje våre). Etter at sauehalde vart avvikla er desee områda nå så og sei uframkommelige. Igjengroinga av lende frå fjøre til fjell kan dokumenterast med bilder frå heile distriktet. Når ikkje bakkane blir hausta forsvinn hjorten, den beiter ikkje på forstinde gras. Eg har faktisk ikkje høyrt ein brølebukk på fleire år, noke som var heilt vanligt før om haustane. Å fjerne beitedyra frå utmark/skog og fjell vil på sikt gi store negative fylgjer. Hadde ein fordelt sauen jevnere utover heile landet, kunne ein ha auka antalet betraktelig. Du skriv at du har sett sånn og sånn. Eg har og gjordt mine observasjoner igjøno eit langt liv, der eg har levd tett på naturen, og der gjeremåla går etter været og årstidene både på bruket, i skog, fjell, fjæra og på sjøen.
  14. I mitt distrikt er mykje av sauen borte, følgjene av det er at lende gror til, og jungel og villniss tek over. Oppe på stølane forsvinn grasvollane med gras, urter og villblomar, og med det bier, humler, sommarfuglar og andre innsekt. Hjort og anna vilt er det og blitt mindre av.
  15. Eg som mange andre har morakniver lik den på bilde. Når ein slper dei på stein som går rundt får ein ikkje slipt inn til skaftet og med åra og mange slipinger blir det som ei kvass klo i overgang skaft og knivblad, utrivleg/lett å kome borti når ein t.d. slaktar og er sleip på nevane. På bruket vårt på 70 talet og utover var det desse moraknivene som blei brukt til det meste av arbeid der ein måtte ha kniv. Dei blei slipte oppat og oppat, sjøl om dei var billige hadde ein ikkje råd til å kjøpe nye kniver i hytt og pine, det er noke eg er byrja med i seinere år.
  16. Slettet mitt innlegg, hadde ikkje fått med meg vavlo sitt som går i liknande ordelag.
  17. Kjøp av lærslire til min A1pro er satt på vent. Eg har ordna plastslira slik eg vil ha ho, og kniven held seg i ro og er lydlaus sjøl under kraftig risting. Nylonband med trykknapp (feilplassert frå produsent ,meiner eg)) er skifta ut med ein stropp laga av dekkstrikk for kajak. Dermed har eg løyst det tiligere nevnte problem med nylonbandet så havna i konflikt med taustroppen for vetlefingeren. Slira var vel romslig i opningen, så ei justering/støydemping der gjorde susen, følgene blir at kniven set trangere og ikkje kan kome or slira ved uhell. Når den heng i belte får eg kniven ut av slira og på plass at med bruk av ein neve, men det er enklere med to. Den føles litt tung når den heng i belte, men det kan eg ikkje sutre over då eg kjende til vekta før kjøp. Når me kjem til hogging i rått trevirke og spikking både i rått og tørt/hardt trevirke overrasker den positivt. Pryl på ryggen går den klar hjå meg då den ifølge produsent Ikkje er designet for å vere vedkløyver. Summa summarum så er eg nå fornøgd med kniv så langt og til dels også slire, plast er nå plast .
  18. Har dei tamrein/husdyr på skog/fjellbeite i Latvia sånn som i Norge? Nei, husdyrhalde der er for ein stor del basert på produksjon av svin, som ikkje kjem i kontakt/konflikt med ulv.
  19. Det ender nok med at eg handler inn ei lærslire til min A1pro. Eg blir kvitt mitt problem og får ei solid slire som ikkje minst vil vere fri for støy. Plastslira bråker ein del.
  20. @all trades, master of noneUt frå lengde/fasong på skaft, lengde på messingholk og bladfasong, så ser eg ikkje bort frå at det kan vere ein kniv laget av Abraham Mikkelsen. Om så er ville eg passet godt på den. Når det er sagt så er det ein fin kniv same kven den er laga av. A. Mikkelsen brukte i tillegg til klinkerø også å ha to skruer i endeplata på skaftet, av og til er skruehodene slipt litt ned så hakket for skrujern er borte, kanskje for at det ikkje skal gnage på vetlefingeren ved bruk. Eg har ein fin kniv frå A. Mikkelsen, bladlengd 19.5 cm og laget på 1960 talet. Eit kjennetegn på A.M. sine kniver frå 60 talet er at det er brukt tynnt lær i slirene. Slira til min kniv, og sikkert dei fleste andre og, er merket med A. Mikkelsen, Nyborg, Finnmark. Det som eg er litt i tvil på ang. opphav til din kniv er slira, nå har eg heller ikkje sett bilde av endeplata, så det blir litt spennande dette.
  21. @all trades, master of noneLegge ut bilde,er desverre ikkje datakunnig nok. Me får sjå kva eg får til, og ja, eg set her og er noke flau. I desse opplyste tider går det vel ikkje å skulde på alderen heller. Taustroppen har ikkje så stor opning, og eg trer bare fingeren inn når eg tar grep på skaftet, ganske så enkelt. Ut frå fasong på skaft så ser sameniven din ut til å vere laga hjå I. Strømeng.
  22. @all trades, master of noneEg og held samekniven på det viset når det er hogging på gang. Skaftet er konstruert for å brukes sånn, og det fungerer krute godt. Eg bruker også å halde A1 pro lenger ut på skaftet når eg høgg, og då finn eg ein ekstra sikkerhet med ein taustropp.
  23. @ZeilerboyNå flaug augene opp i hårgarden, litt av ei glipe det der, får håpe det ordner seg. Eg vurderte og A1 X p.g.a. at den har ei bedre slire og feste for stropp heilt i enden av skaftet. Gjekk for A1 pro p.g.a. litt mindre vekt, kniv uten slire veg 352 gram på kjøkkenvekta, og det er tungt nok når den heng i belte. Tenkte og at A1 pro ville ha eit varmare grep i kulden, smak og behag. At eg ville få problem med trykkknapplåsinga avdi eg monterte inn ein taustropp, den tok eg ikkje.
  24. Fallkniven A1 X blir låst fast med ein hendel nede på slira, ser ut til å vere ei god løysing. A1 pro blir låst med eit nylonband med trykkknapp, dette er plasert sånn at det dekker hålet oppe på skaftet. Denne løysinga gjer det vanskeligt å ha ein stropp montert. Eg liker å kunne tre vetlefingeren inn i ein stropp når eg bruker tyngre kniv til hogging, finn ein sikkerhet i det. Synes dette kastar litt skugge over ein ellers så flott og velfungerande allround kniv. Ei løysing kan vere å ta ein ekstra kostnad og kjøpe ei lærslire, litt fortredeligt er det jo. Noken som har eit godt forslag?
  25. Pupill har full opning etter ca. 1 min. i mørke. I mørke byrjar auge å produsere rhodopsin, ein prosess som tek ca. 30 min. og først då er nattsynet på plass. Rhodopsin tåler rødt lys.
×
×
  • Create New...