Jump to content

brisen

Members
  • Posts

    183
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    4

Everything posted by brisen

  1. brisen

    Håndkikkert

    Når eg ferdes i skogen har eg som oftest med meg ein 7x42 med stort synsfelt. 7x gir eit roligt bilde med meir dybde enn t.d. 10x. Meir dybde i bilde gjer og sitt til at det blir enklere å lese/forstå terrenget. Ein 7x42 av prima kvalitet er også super skumringskikkert. Eg vil anbefale å kjøpe brukt Zeiss Dialyt 7x42B T*P*. I god stand vil den koste ca. fem tusen.
  2. Ganske så sikkert Made in Japan, 1960 talet.
  3. Nylig handla eg èin ny/brukt stor og kvass kniv,den måtte ha seg ei slire og då eg ikkje hadde lyst å sende den frå meg valgte eg å ordne opp sjøl. Eg tok tilpassingen mellom kniv og slire seriøst og der finnes ikkje antydning til rakkling. Kniven blir holdt på plass i slira med solid kajakstrikk. Sjøl om det ikkje kan kalles ei stasslire så fungerer den som forventet.
  4. brisen

    Cold Steel SRK

    På ESEE sine slirer av kydex kan èin sjøl bestemme kor hardt kniven skal sitte i slira ved å skyve ei skrue opp eller ned i eit langsgående spor. Fungerer meget godt.
  5. Det er bare det at må T.S. oppsøke ei bedrift for å få jobben utført (som antydet i første i innleg) kan det fort koste minst like mykje som å kjøpe ny kniv. Å bore hol i herda knivstål er ingen enkel jobb. Moro er det heller ikkje.
  6. Med fare for å bli stempla som gledesdreper og pessimist, eg trur det enklaste og billigaste er å kjøpe ny kniv.
  7. Ei formstøypt plastslire er som oftast lite fin å sjå til, men den er saumlaus og dermed lett å vaske rein, kjekt når kniven er brukt på fisk og kjøt. Eg synes det går heilt greit å gjere rein ei slire i kydex og, men den har èin fals der det kan kile seg fast forskjellig rusk. Ikkje eit stort problem, men eg har avogtil litt plunder med å få rein kydexslirene på dei større knivene mine eg bruker på skogen. Etter èin dag på skogen der eg kvister brake så er det kome noke skogarusk i slira og. Eg vil ha det reint for neste dag skal kniven kanskje i bruk på kjøkenet. Legg ved bilde av Busse Combat Basic 11 og 9. Til kvisting bruker eg helst den største, den har ei bladlengd på 28.3 cm og er perfekt til dette bruk. Den ber preg av at tidligere eiger også har likt den. Basic 9 har ei knivlengd på25cm, den er slipt asymmetrisk. Bilde blei desverre lagt inn oppned.
  8. Eg må innrømme at eg bevisst har skygga unna knivene i Northern Lights serien, ein av grunnene er p.g.a. negativ omtale av slirene.
  9. Læret t.d. i slira til min A1pro har ein tykkelse på 3.85mm, og det er meir enn godt nok til meg. Eg vil ikkje ha den kraftigere og dermed tyngre, den veg 166gram. Eg har bare uttala meg om mine lærslirer og dei er solide og gode. Synes det blir feil å dømme alle lærslirene til Fallkniven nord og ned fordi om du har vore uheldig med dine.
  10. Lærslirene mine frå Fallkniven er av god kvalitet, solide, flotte og du risikerer ikkje at kniven ramler ut av slira. Dei lærslirene der eg har noke å kikke på, finn eg mellom kniver produsert av store norske produsenter.
  11. Eg synes heller ikkje at Fallkniven sine slirer i zytel er fine å sjå til, men dei veg lite, ingen trange plasser der drit fester seg og dei er dermed enkle å vaske å halde reine. Eg har kjøpt ekstra lærslire til fleire av mine kniver, så kan eg velge kva eg vil bruke.
  12. Ofte er èin mindre kniv det rette verktøy for jobben som skal gjerast. Den minste kniven på bilde er èin Fredrik Haakonsen KOMPAKT. Èin solid fulltange kniv med skaft i grøn micarta, bladlengd 82mm, bladtykkelse 5mm og vekt 187gram, stål i A8-mod og slire i svart kydex. Den større kniven i slira er den før omtala Fredrik Haakonsen SEAL.
  13. Kanskje eg ikkje har fått med meg alt, men nå er det vel ikkje utsjånad og størrelse på knivene du og Metallurgen har vore usamde om. Bilde av slira kjem.
  14. Det som høver best til jakt er sjølvsagt ein rase som høyrer til i gruppen jakthunder, og ikkje husky og andre polare trekkhunder. Det blir å be om problem. Det er som han/ho i innlegget ovenfor seier at dei liker å jakte på egenhånd og det hender at det ender på eit tragisk vis.
  15. Er GPO Rangeguide 10x32merket med Made in Germany? Enig i at den ser spennende ut, men eg tenker at det eineste som er tysk med den er navnet. Tar høgde for at eg kan ta feil. Kor lang garanti er det på elektronikken?
  16. @Jambi Min Fredrik Haakonsen SEAL har ei bladlengd på 155mm, bladtykkelse 6.7mm og har ei bladbredde på 35mm, stål i A8-mod og vekt er 376 gram. Skaftet er i svart G-10, og slire i svart kydex. Å påstå at den ligner på Fallkniven F1pro er nesten ein straffbar uttalelse. Det fulgte med ein del info saman med bilde eg la ut tidligere.
  17. @Jambi Å bruke kniven til å skjere eller å hogge i bein, meiner eg er å be om problem, altså ikkje normal knivbruk. Til å kappe bein bruker eg ei sag. Knivskaftet du lurte på er laget av svart G-10. Slira er i kydex og stålet er A8-mod. Det er ein kraftig og robust kniv med ei vekt (uten slire) på 376 gram.
  18. Her er eit bilde av fire litt større, kraftige og gode kniver. Frå venstre, A1 pro i lam CoS, bladlengd 16cm og bladtykkelse 6.85mm A2 i lam VG10, bladlengd ca. 20 cm og bladtykkelse 6mm Busse Combat Team Gemini Light Brigade, stål er INFI, bladlengd ca. 19cm og bladtykkelse 6.7 mm Fredrik Haakonsen SEAL i A8-mod, bladlengd 15.5 cm. Dette er èin kraftigere utgave av SEAL og den har èin bladtykkelse på 6.7mm
  19. A1 og A2 har gripende og gode skaft i kraton. Målt med digital skyvelære så er skaftene heilt like. A1 har eg kun prøvd litt. A2 har eg brukt ein del og eg liker den meget godt.
  20. Sist haust prøvde eg ein Vortex Diamondback HD 10x32 og ein Nikon Monarch M7+ 8x30. Brukte dei mykje i løpet av dagen og kort fortalt, for mine auger var Nikon kikkerten bedre på alt, den var og lettere og meir behagelig å ha hengede rundt nakken. Nå er Nikon Monarch M7+ ein god del dyrere men det er vel anvende penger.
  21. Eg påsto i eit tidlegere innlegg i denne tråden at INFI, M-INFI, A8- mod og CPM 3 V er bortimot rustfrie stål. Føler på at eg var noke bastant og kjepphøg i den påstanden der, og eg beklager. Fordi om eg ikkje har fått rust på mine kniver treng ikkje det vere eit tegn på at dei er rustfri, kanskje bare rusttrege. Kanskje @Metallurgen tek seg bryet og gir ei lita utgreiing om dette.
  22. Eg er fornøyd med mine kniver fra Fallkniven, har 11stk i 5 forskjellige typer stål. Må vedgå at ikkje alle er like utprøvd, noken er bare prøvd. Felles er at det er harmoniske gode kniver som skjer godt i både treverk, kjøt og fisk. Gode rustfrie blad, gode sklisikkre skaft og høg kvalitet på slirene. Kvalitet samsvarer med pris. Eg legg ved eit par bilder av mine. Frå øverst til nederst. 1. A2. VG10 2. A1. VG 10 3. A1X. Lam. CoS 4. A1pro. Lam. CoS 5. S1pro. Lam. CoS 6. S1 VG10 W 7. PHKz. 3G steel 8. F1. Lam. CoS 9. SK2L Embla. Lam. CoS 10. R2 Scout. Elmax 11. PXLbm. Elmax
  23. For eit år siden kjøpte eg èin brukt White Hunter produsert 1971. Legger ut bilde av den og dei andre Puma knivene mine.
  24. brisen

    Helle

    Brusletto Hunter er ikkje tiltenkt å vere ein kniv til hogging, kvisting og kløyving, ikkje er den treskarp heller. Den skjer godt i både kjøt og fisk, og er ein fin kniv til partering og utbeining. Me bruker den som ein god grovkjøkkenkniv.
  25. brisen

    Cold Steel SRK

    Til å hogge ned tre som er ca,10cm tvers over eller mindre, går det like fort å felle med kniv, sjøl om kniven skulle vere noke lettere. Til kvisting er det bedre og sikrere med kniv. Til kvisting og også felling bruker eg ein Busse Combat Basic 11, den veg ca 480gram og har ei bladlengd på vel 28cm, skaftet er av resiprene-c og er meget sklisikkert og behageligt, stålet er INFI. Til kløyving går det fortere med øks, men ikkje 1000 ganger bedre.
×
×
  • Create New...