Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    699
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by stigamundsen

  1. Om du slit med å lukke bolten kan det vere forskjeller i dimensjon på hylsene. Var det berre ei patron som var vanskelig å lukke bolten bak? Og det var den som gjekk av? Kan det vere ei tennhette som ikkje har vore skikkeleg på plass? Du seier at eit av skota gjekk av når du lukka bolten? Trur ikke eg ville skote med denne børsa før ein kompetent børsemaker har sett på den. Dette skal jo absolutt ikke skje. Kva børse er det du har? Om du har hatt eit skot som har gått av utan at du har rørt avtrekket, ville eg ikkje brukt hverken børsa eller ammunisjonen på jakt før eg fant ut kvifor.
  2. Eg har gått over til å bruke dobbelt høyrselvern på skytebanen. Hadde eit par opplevingar der eg sat i benken og når eg kraup skikkeleg ned på børsa løfta øyreklokka seg, og eg fekk meg eit par "smellar" av nabokaren. Har gått greit med berre klokker når alle skyt med lyddempar, men så kjem det ein tulling med ei Marlin Guide Gun i 45/70 og ei kortløpa Winchester M70 i 450 Marlin... Eg har fått meg time hjå nokon i Bergen som tar avstøypingar. Bergen Audio. Ikkje vore der endå så kan ikkje seie noko om korleis dei er.
  3. Takk for svar! Skal brukast på hjortejakt. Enig i at eg må få målt litt hastigheitar før eg tar dei med meg ut i skogen. Har kjøpeammunisjon så eg har strengt tatt ikkje behov for å jakte med desse Barnes-kulene. Få sjå om eg kan få målt nokon hastigheter. Nokon andre som har pønska på samme problemstilling?
  4. Lurer på om det er nokon som har erfaring med bruk av desse i 30 kaliber. Fekk kjøpt to pakkar av desse billig. Tenkte eg skulle bruke dei i ei kortløpa (42cm) børse i 308 Win. Skuddhold vert mest truleg under 100m, men kan teoretisk verte nermare 150. Det eg har byrja lure på er korleis ekspansjonen er med desse kulene i litt låge hastigheiter. Ser det er litt snakk rundt om kring om at desse er litt treige til å opne i forhold til den nyare TTSX. Har ikkje fått målt hastigheita på nokon av ladningane. Vert å legge seg eit par grains under makslading då det er her eg finn beste presisjonen; 35-40mm treskotssamlingar (ikkje heilt ferdig med "pusslinga" endå) Alle innspel mottas med takk.
  5. Hei. Det finnes kikkertmontasjar som er laga for at ein skal kunne sikte med venstre auge sjølv om ein er høgrehendt. Om du ikkje har skote så mykje før, skulle det heller ikkje vere noko problem, trur eg, å byrje å skyte links (med børsa i venstre skulder/venstrehendt). Utvalget av børser i links utførelse er nok litt mindre, men eg trur du kan gjere nokre gode bruktkjøp. Trener litt på links-skyting sjølv av og til. Greit å ha gjort det når hjorten kjem heilt «feil» veg på post Så det skulle gå. Lykke til vidare. Kjekk sport dette her.
  6. Takker for ideene. Må sjekke ut kva som finns av skjerefjøler i plast i området. Gjennbrukstasjonane er nok gullfruver for dei som jobbar der. Men her i Bergen får du ikkje ta med deg noko som helst.
  7. Skal forlenge ein syntetstokk. Har tidligare brukt kryssfiner på ein trestokk er jobba litt på. Lakke denne raud. Vart ganske snasent. Men no er det snakk om syntet, og då vil eg ikkje ha noko som kan trekke vatn og svelle opp. Er det nokon som har nokre forslag til alternative materialer? Irriterer gnitalusa i meg å bruke 100-vis av kroner på å kjøpe noko som er laga for formålet men som allikevel må tilpassast stokken.
  8. Nei, det har eg desverre ikkje. Verkar som om det var mykje ombygging av forskjellige rifler på denne tida. Ho har jo fått seg ein «top lever» og... Artig klenodium
  9. Høyres ut som det er ekspandknappen som «heng» igjen når du drar den ut av hylsemunningen. Har du prøvd å smøre hylsehalsane innvendig? Også greit å teste hylsene i eige våpen. Om bolten lukkar seg utan motstand på ei hylse har du pressa nok. Det eg gjer for å stille inn dia er å byrje litt forsiktig. Ikkje skru så langt som anbefalt og test i tiltenkt børse. Når bolten lukker seg utan motstand, gir eg meg.
  10. Kan sjå ut som ein «pin fire» mekanisme. Er det eit lite «hakk» i bakkant av løpet? GB og Tower kan jo peke mot england..
  11. Samme erfaring eg har! Har hatt sprayflaska ståande no ei veke eller to. Samlar seg på botnen, men er ikkje vanskeleg å riste opp igjen.
  12. Eg har brukt denne forgasserveska. Eg kjøpte noko seig/fast lanolin. Sleit veldig med å løyse den opp. Brukte varmt vatn og då gjekk det seg til. Har berre prøvd å presse hylser ein gong. Gjekk greit det.
  13. Då har eg lert litt i kveld og. Får myse litt i ladebøkene og finne ut kva som gir best hastigheit med dei lettare kulene eg lurer på å bruke. Takker for svar!
  14. Eg vil vel tru at det er forskjellige krutt som gir best hastigheiter med lette kontra tunge kuler. Og då er det kanskje forskjell på korte og lange løp?
  15. Har spekulert på dette ei stund; kva er det beste kruttet å bruke for å få god fart på lettere (for kaliber) kuler i korte løp. Mine eksempel er ei børse i 308 Win kappa til 40 cm. Bruksområdet er skogsjakt etter hjort og tanken var å bruke litt tyngre kuler i roleg hastigheit. Har og ei kortløpa Remington i 358 Win med same dilemma. Då det no kanskje er endringar på trappene så eg har byrja tenkje litt nytt. I den anledning lurer eg på om det er andre som har tankar, synspunkt eller erfaringar ( rein kunnskap er jo heller ikkje å forakte, sjølv om dette sjølvsagt vil øydelegge diskusjonen).
  16. Kva om ein spenner dei forsiktig opp i ei skrumaskin og så kjører dei i grønnsåpe/zalovatn? Få litt hjelp av sentripetalkrafta Ikkje prøvd det sjølv...
  17. Har du brukt dette ammunisjonen tidligare? Kamrar dei andre patronen med litt motstand? Kva merke var ammunisjonen? Om alle dei andre kamra, må det vere nokon med dimensjonane på akkurat denne patrona. Skaut du opp heile pakken? Kan du samanlikne lengden på den som ikkje kamra med andre frå samme pakke?
  18. Det høyres ut som om du eigentleg har kontroll, sjølv om du kanskje har litt fliser i sokkane Hadde noko tilsvarande problem med nokre hylser i 450 Marlin. Den kamrar mot eit "magnumbelte". Her måtte eg til med tre lag med tape før eg fekk motstand i bolten. Målte dette til 0,16mm trur eg. Litt mykje, men ikkje så mykje å gjere med det. Får berre sjå kor lenge hylsene varer.
  19. Du har lada og formskutt hylsene ein gong? Eller er det heilt nye hylser? Byrja å lure litt på kvifor det var forskjell på dei etter formskyting. Men no er ikkje 0,002 så mykje. Kanskje det er materialforskjeller som utgjer forskjellen? Har ikkje måleverktøy for slikt (er på ynskjelista). Eg bruker kammeret og tape i "rompa"-metoden.
  20. Har litt samme problemet som trådstartar. Har eit gammalt pussesett med 4-delt pussestang i stål. Problemet med denne er at den har ein tendens til å ville skru seg opp, og då vert stanga slarkete noko som gjer at den byrjar "subbe" bort i løpet. Trur det kan verte vanskeleg å få ei stang til alt frå 22 til 458 (mitt behov). Det eg har gjort med 22'en er å lage meg ei snor med ei løkke midt på. Tre denne gjennom løpet, og bruke pusseklutar. Ikkje ein permanent løysing då eg sikkert skulle hatt nokre messingbørstar, samt at snora kan slipe på munningen om ein ikkje er forsiktig. Eg ser for meg to stenger. Ei for kal. 17-22 og ei frå 260-458. Eg er heller ikkje så redd for å bruke messingbørstar. Eg kan ikkje sjå at dei skal kunne slite så mykje på ei riflepipe. I alle fall med mitt bruk. Eg er vel tilhengar av å pusse etter behov. Eg ser over børsa etter bruk. Har eg vore på skytebanen, drar eg ei LETT olja fille over alle utvendige ståloverflater. Har eg vore i skogen drar eg samme filla over ståloverflater. Drar og ofte ei pussefille gjennom løpet samt tørker av fukt. Spesielt mellom løp og trestokk. Pussing gjer eg maks eit par gonger i året (skyt maks 200-400 per børse). Kan ikkje sjå nokon god grunn til å pusse børsa før funksjonen/presisjonen er påverka.
  21. Om plata er overherda er det ikkje så rart at du ikkje ser merker etter kulene. Då er plate meir en hard nok, men sprø. Men om du ikkje har skote med kanon ville eg høyrd med dei du har kjøpt den av og sett om du kan få ein erstattning.
  22. Har ikkje erfaring sjølv. Kva har du skote med? Kan jo vere at det er noko med herdinga, kanskje for hard og sprø?
  23. Aha.. Men nå må eg innrømme at Google-fu'en min er litt dårlig i dag Har prøvd å søke opp heimesida/info men får berre opp masse vas om noko 375 H&H-greier osb Så om nokon har nokre tips?
  24. Mykje spanande arbeid gjort her! Driv og pønsker på treningsladninger til 358 Win. Har kjøpt meg ei støypeform som slepper 160 grains kuler. I den forbindelse lurere eg på kvar du kjøpte denne lademanualen til H&H kuler?
×
×
  • Create New...