Jump to content

oysteinlarsen

Members
  • Posts

    625
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by oysteinlarsen

  1. Det er ein avsporing. Det er heller ikkje det folk stort sett er opptekne av i etterkant av udåden. Ein del snakkar om straffenivå, ein del snakkar om debattklima. Men når Janne Kristiansen, sjef i PST, fortel folk at ikkje eingong det aust-tyske STASI hadde klart å plukka opp førebuingane til jævelen, trur eg dei fleste trekk den slutninga at skal ein verkeleg gjera noko med slagordet "Aldri mer 22. juli" så må ein jobba på eit mykje meir fundamentalt nivå enn på det juridiske eller tekniske.
  2. Gjer ikkje våpenkontoret stort sett beng i bruksområdet så lenge du er innanfor seksvåpens-garderob...D'OH!
  3. Du meiner sett ovanfrå? Eller... hæ *klø seg i håret*
  4. Det var ikke forsøk på hersketeknikk, men spissformulering, og noe beit ihvertfall på deg. For å forklare uten å spissformulere: Hvorfor skal jeg eller du bestemme hva han eller hun skal kunne få bruke av utstyr på jakt så lenge han eller hun er lovlydig og funnet skikket på alle mulige måter ? Hvem skal bestemme hva som er "nødvendig" og hva som er "overkill" ? Hva er galt eller betenkelig med utstyr som er godt over minimum ? Hva er galt eller betenkelig med f.eks. kamuflasje, halvauto, lyddemper, rødpunktsikte, tofot, osv. osv...? Så lenge jegeren mener å ha nytte av det, må det vel være greit. Om jegeren finner ut at det ikke har noen nytteverdi, kutter vedkommende det ut ganske kjapt siden de ikke gidder å dra på alskens stæsj. Har du ikkje lært noko om postmoderne etikk? Det viktege er ikkje kva du gjer, men koss du ser ut medan du gjer det.
  5. "Dataspel med valdelege innslag korrelerar direkte med auke i vald i samfunnet." --Ragnhild Bjørnebekk "haha lol nei ikkje på nokon måte" --stort sett sameint internasjonalt sosiologimiljø
  6. Er ikkje magasinavgrensinga til halvautorifler til jakt 2+1? Sjølvsagt har eg to våpenskap i heimen, og så eitt ekstra for å forvirra tjuvane og for at dei to andre ikkje skal krangla så mykje. Mini-14 på elg, ja. Den .223-ladninga skulle eg likt å sjå. Takk skal du faen meg ha, NJFF.
  7. Nokre operativsystem (OSX, og eg trur Windows òg gjer det) hurtiglagrar DNS-oppslag. Dette kallar ein DNS-caching. Grav litt og sjå om du kan få sletta DNS-cachen, så er det godt mogleg det funkar. Normalt brukar me å skru ned Time-To-Live-feltet for eit DNS-oppslag i forkant av slike bytter av server og liknande. Standard er på 24 timar, men det hender som nemnd at hurtiglagringa tenkjer den skal vera smart for deg...
  8. Differansen er 5 bogeminutt. 5 bogeminutt er uansett 5 bogeminutt uansett på kva avstand det er. Men på 100 m er det lik 14,54 cm, så sjekk manualen for kor mange milimeter kvart klikk er på 100m og tilpass sjølv.
  9. Det er truleg fleire jegarar og skyttarar i Norge no enn nokon gong før. At ei halvauto jaktrifle skal vera til Irritation og Genanse for Borgerskab og Almue er vås. Ein Benelli Argo eller ein Remington 7400 er på fem skritts avstand til forveksling like ei boltrifle. Rifler med "militært preg", altså i praksis halvautorifler med lange magasin og pistolgrep, er alt forbode på jakt. Sjølvladande rifler har ikkje-marginale fordeler for ikkje-eksotiske bruksområde på jakt for ein god del jegarar. Sjølv har eg lite bruk for dei. Trur eg.
  10. Japp. Det einaste Grunnloven seier, er at du ikkje kan bli straffa for å ha eigd ein bil før dei blei forbode. Regjeringa kan forby Bamsemums og grønnmalte kosteskaft om dei vil. Og ellers i avisene: http://www.vg.no/nyheter/innenriks/oslobomben/artikkel.php?artid=10089095 Diskutér. Eg har fått Bjørnebekk litt opp i halsen etter at ho har gått tungt inn for forbod mot dataspel med valdsinnslag, noko det er kraftig splid om i forskarmiljø (sjå http://en.wikipedia.org/wiki/Violence_in_video_games#Crime_and_violence for referanse). Når dét er sagt, er dette vegen å gå? Så langt eg kan hugsa var Blekkfisk aktiv i pistolklubben, og aktivitet som jeger er så langt eg veit eit spørsmål om å rapportera kva ein har skote kvart år i april når lappen frå Brønnøysund tumlar ned i postkassa. Den einaste jakta eg veit om, anna enn lisensjakt på rovdyr, som har nokon slags sentralisert føring av skotne dyr er sel- og villreinjakta. Eg kan sikkert stikka ned på lensmannskontoret med eit blodig rådyrhovud i handa på veg heim frå bukkejakta, men eg stillar meg spørsmål ved om ikkje den snille dama i skranken hadde gått ganske blodig lei av det etter kort tid.
  11. Funkar heilt fint med Google Chrome på ein Mac.
  12. Klassisk - 19,5 i stil. (Til referanse: rekylreduksjon, ergonomi, raskt oppfølgingsskot, ++). Og eg eig ikkje ein gong ei sjølvladande jaktbørse, og trur neppe eg vil trenga ei til jaktinga mi. "Your mileage may vary."
  13. Klart det er lettere å sette fokus på strengere lover, enn å innrømme at to års kursing og strategiendring med tanke på akkurat slike skyteepisoder, pålagt av POD ikke ble fulgt. Tja. Om du går ein runde med radiologisk kjelde og fotopapir langs den grunnmuren av lovverk, forskriftar og institusjonar som skal motvirka at terrorisme skjer, tvilar eg på at du vil finna den eine, store sprekken som Ayatollahen frå Smestad trengte. Han lærte seg systemet å kjenne, med alle sine små krokar og tillegg og avsnitt, og han tok det i bruk til fulle for å gjennomføra Den Store Planen sin. Frank "Eit Uavhengig Vestland Er Eigentleg Ein Ganske Smart Ting" Aarebrot? Eller ein namnebror? For å svara på spørsmålet ditt: Femi-Psykopat med Ellos-uniform: "Hei, eg skal ut ein tur på jakt, kan eg få børsa mi?" Lagerbetjent med blå frakk: "Hups, værsågod, god jakt!" Femi-Psykopat med Ellos-uniform: "Fnis, tusen takk."
  14. Han er politidirektør, det er jobben hans å mislika legalt våpeneigarskap.
  15. Merk at AnteValente Go'Behring Breiræv prøvde å skaffa seg våpen illegalt. Det fikk han ikkje til, truleg fordi han i følge fleire personar har ein odde eller rar framtoning, noko eg neppe trur den gjennomsnittlege tsjekkiske våpensmuglar i gata finn særskild tiltrekkjande. Men eg er heller ikkje i tvil om at om han ikkje hadde fått skaffa seg børse og pistol med politiets stempel, hadde han berre gått hardare inn for oppgåva. Han har skrive 1500+ nitide sider med babbel og vås og dagdrøyming over eit lite tiår. Han har registrert eit heilt forbanna firma berre for å få tak i nitratgjødning. Han lot seg ikkje stansa av PST, eller spaning, eller lov og rett og forbod og påbod, like lite som han lot seg stansa av fornuft, visdom, samvit og kjærleik til alle sine medmenneske. Her er mi historie med illegalt våpensalg: ein sein laurdagskveld satt eg i Grønlandsleiret, rett nedi svingen for Storstua, og åt kyllingcurry, når to slitne amfetaminauger såg ned på meg og fortalte om ein gjeld som ikkje lot seg handsama, og undra om eg ville kjøpa ein pent brukt militær-Glock for tre tusen? Eg takka nei, på det vis som sømmar seg ein mann med køyrehanskar og bokhylle i heimen, og tusla ned til banen. Kva er di historie med illegalt våpensalg? Kven her inne har lyst til å fortelja seg sjølv at landet vert sikrare av at ein sosiopat utan stort til vet, men med til dels gode evner til å halda styr på detaljar og med målrettingssans som eit siste-generasjons luftvernmissil, må tusla rundt i dei grå soner der det ikkje finst politiattest og folk på langt nær er "edruelige og pålitelige", på jakt etter noko han har veldig, veldig lyst på?
  16. Originaloppskrifta på pommes de terre dauphinois baserar seg på at du stuar alt i ei gryte med tjukk botn før du gratinerar det. Fløyte, mjølk, potetskiver, lauk og krydder. Så over i smurt gratengform og riven sveitserost over. Då får du mykje betre kontroll på konsistens og kokinga av potetene, og det heile kan settast klart til gratinering lang tid i forkant.
  17. Men treng ein frikoplingsledd for ein Beretta-mekanisme med løp som har heilt horisontal rekylrøyrsle? For eg har ein Vektor SP-1 som eg lenge har tenkt er litt keisam (går godt, føkkar aldri opp, pfft keisamt) som eg sikkert kunne tenkt meg å putta ein dempar på, om ikkje anna så berre fordi lyddempa .22 er så 1998.
  18. Tja. Eit stempel som trykka bakover hadde truleg knukke hanen tvert etter fyrste skot, sidan det tross alt må litt kraft til. Eg ville nok heller ha satsa på ein kam som virka mot ei pinne bak på hana, men det hadde blitt ein Reodor-Felgen-dagen-derpå-konstruksjon uansett. Eg ser berre ei løysing på dette problemet, faktisk: WEBLEY-FOSBERY
  19. Åjadda. Dette er ikkje berre steampunk-modding. Dette er ein genuin Ruger Blackhawk som kan kasta ut tomhylsene sine sjølv. Detaljar og fleire bilete på http://thefiringline.com/forums/showthread.php?t=446857" target="_blank Oppsummering før hjernen til folk eksploderar: todelt ladeport, etter fyrste skotet går øvre halvdel ned og opnar for tomhylsa. Mekanisme fangar opp gass ved munninga, og blæs den rett ned i tomhylsa, som blir pressa ut av gassen. (Kan du seie "hylsepolering"..?) Det som er sverta ut, er eit sikte som han ikkje har love å visa bilete av enno før patent er i orden. Ventar framleis i spenning på at galningen skal utvikla ein mekanisme for å spenna hanen med gasstrykket. Det gjer han her òg.
  20. http://forums.somethingawful.com/showthread.php?threadid=2734807&userid=144060 (Registrering ikkje naudsynt). Diskutér.
  21. Treng å få gjort ein relativt grei jobb på Saigaen min (skal korte ned løpet, så eg treng å få vridd av forsikteblokka, kappa og krona løp, dreid ned løp, og pressa på framsikteblokk att). Nokon som veit om ein børsemakar på austlandet som kan gjera noko slikt?
  22. Korrekt. Heile poenget med kamoforbodet er å unngå at ein jævel i VG slår opp at paramilitære driv avansert våpentrening. Denne børsa, om nokon, er vel den perfekte motgifta mot nettopp slike ting. Heilt enig i at Hello Kitty er oppbrukt. Men, altså, den der sløyfa på forsiktet som eg foreslo.... Om du postar bilete av deg sjølv, kledd i ein rosa Onepiece-drakt, med denne børsa, blir du ein levande legende. Oppdatert: HAR DU MOGLEIK TIL Å FÅ TAK I EIT KANINKOSTYME??!
  23. . o O (...og Glock kan ein òg godt treffa med, men det seier eg ikkje høgt.)
×
×
  • Create New...