Jump to content

Junell

Members
  • Content Count

    283
  • Joined

  • Last visited

Community Reputation

25 Excellent

Recent Profile Visitors

The recent visitors block is disabled and is not being shown to other users.

  1. Då er det absolutt greit å avvente med resten av linjene. Det heng jo sammen. Eg ville justert fleire av linjene på omrisset ditt. Stramma det opp litt. For å få eit heilt standard klassisk skjefte so er det eit greit utgangspunkt at linja under forskjeftet ender midt i munningen, linja under kolben ender i rota av avtrekkeren og linja under grepsavslutninga treff hælen. Når du begynner å fjerne gods er det greit å tenke på kva hjørner som skal være skarpe og kva som må være avrunda. Grepsavslutning og overgang mellom kolbe og pistolgrep er typiske plassar der
  2. Det er lurt å starte med å teikne opp grunnlinjene, altså senterlinje på pipe, underside av forskjeftet, kolbekam og -buk, samt lengde på kolbe. Rett og slett eit grovt omriss. Om du er trygg på plassering av linjene kan du godt skjære ut mesteparten før du tek innfellinga, men endeleg forming er det lurt å vente med til etter innfelling, både med tanke på oppspenning og justering av mål.
  3. Junell

    Brukt KKC stokk

    For at beddinga skal funke optimalt - Ja. Men det finnes jo plenty våpen som går bra utan å være bedda i det heile tatt. Eg vile testa først, so gjort det om det var nødvendig. Er du uheldig vil ikkje kassa di passe i den bedda stokken, då må du jo bedde på nytt åkkesom.
  4. Avtrekker med spor får du kjøpt fleire plassar.
  5. Om hensikta er å unngå at fingeren sklir på avtrekket so kan det funke med både grepstape og nettskjæring.
  6. Eg skjønnar ikkje heilt kva du meiner med flat. Men noko særleg lengre bak går ikkje om ein skal kunne spenne hanen. Eg har ikkje heilt klart for meg kor stor klaringa er til ramma ved hanefall på DA-avtrekk. 2-3 mm, kanskje? Det er vel uansett ikkje veldig mykje du kan flytte avtrekkeren utan å gjere større modifikasjonar.
  7. Njæ. Ikkje egentleg. Det slår meg at dette kanskje er eit skrekkeleg dårleg prosjekt å lage ein tråd av. Etter å ha scanna er neste punkt på lista å lage ein modell. Sidan eg ikkje er veldig dreven på det vil det truleg ta litt tid, og det blir ikkje veldig mange gode innlegg av at eg sit heime i sofaen og knotar med ei CAD-fil i nokre månader. Det hjelp heller ikkje på at det tidvis er antydningar til sol og plussgrader ute, so eg har stort sett pusla med andre ting. Dårleg fokus og lite framdrift, rett og slett. Ein ting eg var litt bekymra for var om den planlagte opprettinga/he
  8. Vallorbe er definitivt bra og dei har fortsatt veldig godt utvalg. På jobb har vi i tillegg eit lite lager av Öberg frå då det fortsatt vart produsert i Sverige. Dei er òg veldig bra. Ellers gjeld det som med alt anna, rett bruk og litt vedlikehold gjer underverker for at filene skal vare ei stund.
  9. I praksis er det stort sett liten forskjell på eit bra skjefte og eit bra chassis. Men: Kva skal du bruke børsa til? Jakt? Rekreasjonsskyting på 100m? PRS? Litt av alt? Eller bare eit prosjekt fordi det er gøy? Eg har ein kort 700 i 308 som allbruksbørse. På den har eg no eit (relativt lett) laminatskjefte med alukjerne og justerbar kolbe, altså eit slags semi-chassis eller jaktchassis. Den har vore utstyrt med både fancy syntskjefte med alukjerne/beddeblokk og eit simpelt laminatskjefte tidlegare, utan at det har utgjort noko som helst på praktisk presisjon.
  10. Høyr der! Det hadde eg ikkje fått meg meg. Dette har du openbart betre kontroll på enn meg.
  11. Joda. Den står som "PRE WW2". So vidt meg bekjent var det ikkje større endringar frå den kom på tredvetallet fram til -64. Ellers vil eg gratulere med børse. Dei er jo ganske morosame. Eg slo kloa i ein pre-64 sjølv for eit par år sidan. Ein godt brukt 250-3000 Savage frå 1947. Den hadde fortsatt kikkerten børsa ble solgt med, ein Weaver K4 produsert samme år som rifla (eller året etter).
  12. Mykje av motivasjonen for å scanne og lage ein modell er at eg har lyst å bli betre på modelleringsverktøy som takler friforming av flater. Om eg har eit fint prosjekt so blir forhåpentlegvis motivasjonen til å sette av tid større. Om eg kun ville hatt eit skjefte so hadde nok gått for eit anna alternativ. Eg kunne sikkert kjøpt eit skjefte, men so vidt meg bekjent finnes det relativt få ferdigskjefter som er nokolunde klassiske. Uansett, eg fekk tatt eit kjapt scann tidlegare i dag. Scanneren eg har tilgang til er optisk, so den likar hverken veldig mørke eller veldig lyse flater.
  13. Eg har eit gammelt mauserskjefte liggende. Det vart kjøpt for ein neve femtilapper og var tiltenkt ein skranglemauser i 7,92. Skjeftet er lett, kort og slankt, og eg liker forma veldig godt. Plana var å lime sprekker, tilpasse løpskanal og bruke det omtrent som det er, men som med dei fleste slike prosjekt so har det blitt liggende i bua i påvente av ledig tid. Ein av grunnane til at det ikkje blir prioritert er at kolbekammen egentleg er litt i lavaste laget, det er jo lagd for opne sikter. Som eit alternativ har eg tenkt at eg kanskje kan låne meg ein skjeftefres/duplikator, la
  14. Kanskje eit fint argument til å arrangere stevner? No har ikkje eg skutt aktivt på mange år, men uapproberte stevner funkar vel fortsatt som ein del av ervervsgrunnlaget? Dra med folk og kjør stevne på klubbtreningane. Ein kan fint lage feltløype på fem standplassar innendørs midtvinters.
×
×
  • Create New...