Jump to content

frontier

Members
  • Posts

    866
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by frontier

  1. Fagerstad, eg sender ei trerasp i posten, då kan du enkelt raspe vekk snabelavslutninga på forskjeftet og få plass til ein versapod-kloss for tofot-innfesting. Nb! Denne kan lett duracoatast i grått for ikkje å øydelegge heilheita
  2. Du kan trygt bruke ladedata for Lapua scenar, som i samme kulevekt er oppgitt med min. 34,6 grain N150 og maks 40,1 på Vihtavuori sine ladesider. Gitt at det er 6,5x55 du skal lade, og ikkje noko særare 6,5-kaliber.
  3. Behold jakkene du har, og kjøp ein elektrisk varmevest i staden, f. eks denne: http://www.pinewood.eu/uk/products/outd ... t-pinewood Posteringsjakt før og etter denne investeringa er to forskjellige ting for min del. Kan sterkt anbefalast.
  4. Har ein Sightron SII Big Sky 4-16x42, som har vore kloden rundt på div. turar. Fått ein del juling, men den heng godt med både optisk og mekanisk, så sant du ikkje skal bedrive skumringsjakt.
  5. Det er ikkje fullt så enkelt. Ein drøvtygger er ein gjæringstank på fire bein, der prosessen i vomma går sin gang lenge etter at død har inntruffe. Det ser ein godt om ein skrott blir liggande ein liten time etter felling. Når vomma eser av tarmgass, vil vom og tarmer halde gassen inne ei viss tid. Deretter vil gassen diffundere og spreie seg gjennom vom- og tarmveggar og ut i bukhula. Kjøtt i nær kontakt med bukhula vil kunne ta smak av dette, og særleg indrefilet, ribber og svanger. Kjøttet vil få ein litt leveraktig smak. Ikkje farleg å ete etter varmebehandling, men heller ikkje særleg godt. Eit gammalt triks om du veit at utvomming vil måtte vente, er å ha ei kanyle i sekken, og punktere bladmagen på dyret med denne, slik at gassen får fri veg ut av skrotten. Då kan du stjele deg eit par timar.
  6. Støyen frå eit rifleskot ligg på mellom 140-170 decibel, avhengig av kaliber, løpslengde, omgivelsar osv. Arbeidstilynets faregrense for hørselskade ved impulssmell er på 130 decibel. Det betyr vel at demparar som fjernar særleg mykje mindre enn 28-30 decibel aldri vil vere ein garanti for hørselen din. At rekruttammo skal smelle så mykje mindre enn ei jaktpatron forstår eg ikkje heilt. Demparen forsinker/fjerner vel smellet frå kruttgassane sitt møte med kaldlufta, mens smellet frå overlydsfarten blir der uansett. Og den er vel lik, uavhengig av patrontype - så sant du ikkje skyter sub-ammo?
  7. M67 tilgis lett for ein liten bom på opphavsland til Browning-piper. Å hevde at ein ikkje eig våpen med motivasjon at dei er pene, er deimot heilt utilgjeveleg. Han bør ileggast ein tredagars utstenging frå kammeret, a la Facebook-Rolness.
  8. Det er valget av saus (og tilbehør), som er avgjerande for kva type vin du skal velge. Meir enn kva type viltkjøt som ligg på disken, i alle fall. Lagar du ein tung fløtesaus, trengs det syre. Med ein lettare, meir kraft/vinbasert saus, må du tenke annleis. Vilt er magert og til rype bør du styre unna vinar med for mykje tanniner. Eit safe valg vil vere ein Crozes Hermitage (Rhônevin). Men Burgund kan funke. Og italienske vinar på Nebbiolo-druer (Barolo, Barbaresco) er nesten alltid bra.
  9. Kvifor gjere det så komplisert? I ei 47 cm pipe med demper, går mine Lapua scenar 167 grain ut i ca 750 m/s. Med ein avstandsmåler, kjent kulebane og ASV, så har du ein super ryperigg i .308-hjorterifla, utan å gjere anna enn å bytte frå jaktammoen og til treningskula. Scenar har ingen ekspansjon frå 30-160 meter i rype med denne utgangsfarten, og rypene er like fine og veldig døde.
  10. Mitt Oryx-mysterium er litt meir samansett. Eg slutta å bruke 180-grainsversjonen i .30-kaliber, etter ein del rare resultat - sjølv i moderate ladningar frå ei .308 win. Men 8 mm-versjonen (196 grain) har oppført seg eksemplarisk i min 8X57 IS, og gitt nesten utelukka fine slakt. Utgangshastigheit har vore omtrent lik for desse to oryx-versjonane. Så til det rare: Eg har også brukt kula ein del år i kaliber 7X65 R (156 grains), og då med ein betydeleg høgare utgangshastigheit enn dei to ovannevnte. Då skulle ein kanskje tru at resultatet blei verre - ikkje betre, dersom problemet kun handla om at kula er for mjuk. Men her har eg utan unntak hatt superfine slakt, på alt frå 70 til ca 200 meter. No er mi erfaring basert på færre dyr enn dine, men nokre ti-20-talsdyr har det no blitt med kvar av variantane over. Så for meg verkar det som Oryx først og fremst har eit problem med kulekonstruksjonen i .30-kaliber. At ein kuletype vil ha ulike eigenskapar når ein ser på kor forskjellige dei framstår i ulike dimensjonar og ulik vekt, er vel ikkje usannsynleg?
  11. Folk foreslår gassbrenner på utsida. Kva med å sette fyr på den filla som sit fast inni? Det brenn vel kjapt opp, og du får vel dratt ut boresnaken før den tar fyr i særleg grad? Mulig det kostar deg ein boresnake
  12. No er vel rådyr verken vårt største småvilt eller minste storvilt...
  13. Tja, det blir vel eit solid fleirtal av dei som jakter rådyr med hagle, det..?
  14. .308 win, fordi presisjonspotensialet er større på normale til semi-lange hold. Det er heilt avgjerande når du skal jakte knott.
  15. Eg bruker 167 grain Lapua scenar på rype. Med 43,3 grain N150 rusler den avgårde med ca 760 m/s i mitt 47 cm lange .308 win-løp. Ingen sprengt rype, ingen ekspansjon. Kulebane er uinteressant når du har avstandsmåler og ASV. Og det bør du ha, om du har ambisjoner om å skyte ryper utover 150-170 meter.
  16. Nb! Når du får våpenpasset ditt, så sjekk grundig at våpenets serienummer i våpenpasset stemmer med det som står på våpenet ditt. Våpenpass blir ført for hånd, og sjansen for feil er tilstades. Ein jaktkompis heldt på å ikkje komme seg inn i Kroatia i vinter, då våpenpasset var feilført frå politiet si side.
  17. frontier

    Hjortepølser

    Tarmer kan du kjøpe i denne nettbutikken: http://notimshop.no/naturtarm/?gclid=CMGrg9rD184CFYIxcgodyJ4FWA Ikkje billig, men god kvalitet. Når du har laga pølsene har du garantert tarm til overs. Dette legg du i ein pose, dekker dei fullstendig med finsalt og rister godt - før du legg dei i frysaren. Du kan også oppbevare dei i salt på eit norgesglass i kjøleskapet, dei held seg lenge. Husk å skylle tarmane reine for salt også INNVENDIG. Det gjer du ved å træ dei inn på kjøkkenkrana (som du sjølvsagt har reingjort først). Oppskrifter finn du overalt på nettet og div. forum. Til pølser type grill/bratwürst brukar du fåretarm. Til litt større pølser svinetarm. Pølsene frys du i rå tilstand, aller helst vakumert. Når du tilbereder dei, så gjer du det på SVAK varme i steikepanne, ver raus med ei blanding av olje og meierismør. Ikkje oversteik (15-20 min) og lat dei kvile fem min. før oppskjæring. Når du lager pølser, skal du unngå å bruke hjortespekk. Smeltepunktet for dette feittet er altfor høgt, og feittet legg seg i munnen og blir "ganeklister". Ubehageleg. Bruk heller svinefeitt, evt litt tynnribbe. Det er også viktig å elte deigen skikkeleg seig med saltet, FØR du tilset noko som helst anna. Når du sper deigen med væske, skal du derimot elte så lite som mogleg. Og alle ingrediensane du har i, må ha samme, iskalde temperatur. Det er viktig for konsistensen og kjøttet/saltet/potetmjølet si evne til å binde opp væska du tilset. Lykke til.
  18. Tja, det er vel ei opplest og vedtatt sanning (?) at skal du hente ut maksimal presisjon i .308 win, så er det matchkulene i 165-168-grainsområdet som gjeld. Hos meg samler ikkje 150-155-grainskuler i det heile tatt, og eg har prøvd bortimot alt. Når det gjeld Sierra MK, så ekspanderer den ukontrollert i mi rifle, på samme hastigheiter der scenar ikkje ekspanderer.
  19. Eg skyt litt "amatør-langhold" med denne ladninga, ut til 500 meter. Går fint så lenge du kjenner kulebana. Du er heilt avhengig av kikkert med utvendig justerbare tårn. Så lager du deg berre ein klikktabell eller tapemarkering på tårnet, og verifiserer denne på ulike avstander, ved å prøveskyte på papp.. Hjå meg stemte tala frå shooter-appen veldig godt ut til 500. Nb! Du må sjølvsagt kronografere og finne hastigheiten i di pipe, og legge denne inn i programmet.
  20. Eg har brukt 165 grain scenar til trening, ladd forsiktig med 43,5 grain N150. I 47 cm pipe gir dette 765 m/s og svært god presisjon. Eg jakter vinterrype med dette, og kula ekspanderer ikkje, verken på 40 eller 140 meter.
  21. Råkjellar, 15 grader og 80 prosent luftfukt høyrest ut som oppskrifta på fiasko. Eit rådyr er ikkje så stort. Heng dyret eit døgn, køyr alt malekjøtt gjennom kverna og frys ned, det blir mekanisk mørna i kverna uansett. Lår/rygg vakumpakkar du og mørnar ein tre verkers tid i kjøleskap. Må du likevel mørne dyret heilt, og har høg temperatur, så kan du prøve deg med eit gammalt triks som reinsjegerane i Sogn brukte: Heng bæreposar med kjøleelement både inni og rundt dyret under mørninga (NB! Ikkje første døgnet). Sett på ei sirkulasjonsvifte, og skift ut fryseelementa etter kvart som dei tiner. Du klarar faktisk å presse ned temperaturen i slaktet tre-fire grader på denne måten.
  22. Det der MÅ jo vere tull. At det skal skilje fire grain på f. eks Scenar og Sierra forstår eg ingenting av.
  23. Hugs at du på jakt skal bære rifla di 99,8 prosent av tida. Og skyte 0,2 prosent. Kikkertane du ser på er begge tunge, godt over seks hekto begge. Sabatti 90 er også relativ tung, sjølv med synt-stokk. Med stålmontasjer har du bikka fire kilo allereie FØR du har satt på reim, evt demper, evt tofot. Du sparer nesten 300 gram ved å velge tikkaen, og det er nesten vekta på demparen, det. Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men tru meg: Du merker godt forskjellen på ein 3,5-kilosrigg og ein på 4,3 i løpet av ein dag på fjellet eller på eit jag i den bratte hjortelia...
  24. Smått er vel rette ordet, når dei nesten kun har str small å tilby...
  25. Det får vi håpe Men misforståelsen er utbreidd, det ser vi når storviltprøve-folket inntek banene i desse dagar. "Eg prøver meg på 200-meteren. Kor høgt må eg holde over?" "Prøv 12-15 cm, du." "Ok. Blir det samme som at eg skrur 12-15 knepp, det da?"
×
×
  • Create New...