Jump to content

frontier

Members
  • Posts

    866
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by frontier

  1. Men det er jo ikkje det han skriv! Han seier at med innskytingsavstand på 100 m, vil oryxen falle 33 mm på 150 m. Det er jo positivt feil. At han må skru seg 33 mm opp på 100 m for å treffe på 150 m, er noko anna. Litt vesentleg å forstå forskjellen på dette når avstandane blir lengre, syns du ikkje?
  2. Det er prinsippet hans som er feil. Du skal ikkje skru deg opp tilsvarande på 100 m som kulefallet utgjer på avstanden du vil treffe. At du kun skal ha 3,3 cm kulefall på ein oryx i .308 win er også litt lite, enten det er 165 eller 180 grain du bruker.
  3. Ballistic tip på elg er vel ingen god ide.
  4. Flott, lat oss alle lage våre eigne forvaltningsplanar basert på kva vi ser frå kjøkenvindauget. Blir bra det.
  5. Og mer som er slettet Jmonsen Vil du ha meir? Plenty å ta av: http://www.listafuglestasjon.no/default ... newsid=313
  6. Sitering av overforstående innlegg er slettet. jmonsen http://www.birdlife.no/fuglekunnskap/nyheter/?id=1090
  7. ... og der har du skylapp-perspektivet: Du meiner å sjå ein veksande bestand av hettemåker akkurat der du bur - mens realitetane er at arten, etter å ha vore i vekst som hekkefugl fram til på 1970-talet, har vore i fritt fall dei siste tiåra, og er utradert mange stader i landet. Det går faktisk an å sette seg LITT inn i dei faktiske forholda, sjølv for å delta i ein banal nettdiskusjon.
  8. No har eg jakta nokre år med kipplauf, både hjort og rein. Bruken av enkeltskotsrifle fordrar jaktformer av den "kontrollerte" sorten, dvs at ein har bra med tid på seg i skotsituasjonar. Då forstår eg ikkje at ein liten rekyldempar ikkje skal vere eit betre alternativ enn ein lyddempar; du har all den tid du treng til å putte f eks eit bøylehørselvern på plass. Det tek eit sekund eller to.
  9. Sjølvsagt. Alt ein ikkje held på med sjølv, burde vere ulovleg.
  10. Med dei haldningane ein del legg for dagen her når det gjeld oppfølgingsskudd, så bør dei i alle fall halde seg langt unna deltaking på drivjakt. Å bli så vanvittig stressa av å måtte skyte eit ekstraskot på eit dyr, kva er det for tull? Viss ein er så stressa og redd, bør ein i alle fall halde seg heime.
  11. Viss du skulle måtte testskyte på papp kvar gong du har tatt kikkerten av og på, kva er då vitsen med ein hurtigmontasje? Eg har ulike variantar (EAW, Warne quick detach, Leupold QRW og Rechnagel Schwenk) på mine rifler. Aldri treffpunktforandring om du brukar dei rett.
  12. Dette er ganske presist formulert i et trøndersk uttrykk: "Svartbaken har ein tanka, å ein tarm. Å deinn tankan e å fyll deinn tarmen". Sitatet over passar vel godt på Homo Sapiens også, trønderar inkludert - sidan det no for tida døyr meir folk av fedmerelatert sjukdom enn av matmangel?
  13. Mrp i 8x57 IS? Det har eg aldri sett ladedata på. Sjølv til 220-250 grainskuler har eg aldri sett data for tregare krutt enn 204 ellerURP. Kva vil du oppnå med dette kruttvalget?
  14. Det mest triste ved det du skriv, KnutErik, er at det virkar som om naturen er noko som er til for deg når det blir for kjedeleg å skyte på papp og stålgongar. At det i paradiset Hareid verken er nedgang i antal kystfiskarar, at fiskemottaket blomstrar, eller at det er null press på strandsona, må du prise deg lykkeleg over. Det fritar deg derimot ikkje frå å gløtte ut av bobla og sjå at det litt større bildet ser heilt annleis ut. Sjøfuglbestandane slit big time. Fleire av måseartane er på rødlista. Presset på strandsona er aukande. Når fagestimat (2009) seier at sjøfuglbestandane våre kan vere halvert i løpet av dei neste 50 åra, så blir det litt håplaust å sitte der å ergre seg over at ein ikkje kan skyte dei i tettbygd strøk, i frykt for grillpølsene sine. Ang. rådet om å melde meg ut og flytte inn i skogen: At MANGE gjer dette, som du skriv, er vel feil? Eg trudde problemet var motsett; at folk flytter frå skogen og til byen - til liks med dei flygande pølsetjuvane dine?
  15. Det har ikkje slått deg at måseartane dukkar opp i nye leveområde fordi dei ikkje lenger finn mat i sine naturlege habitat? Og kven si skuld er evt det? Elles er vel ein måse akkurat så smart som ein måse treng å vere. Skal ein definere smarte og dumme dyr, så veit eg om ein art som gjennom historien har vore ein hårsbreidd frå å utslette seg sjølv opptil fleire gonger. No har arten forøvrig endra strategi, og satsar i staden på å kverke planeten og livsgrunnlaget sitt i staden.
  16. frontier

    Go light!

    Korrekt og ærleg kjeldetilvising er ein viktig del av journalistisk arbeid, uavhengig av copyright og opphavsrettslege spørsmål.
  17. Nei, plystrer alltid tvers gjennom ved reine sideskot i/bak bog.
  18. Eg brukte Sierra Game King 165 grainskuler i .308 win på drivjakt i Kroatia i fjor. Dei ramla greit for den.
  19. Min .308 win går godt med denne kula. Bruker 44,5 grain N11, av ein lot som er identisk med 203-b. Har kun skote 7-8 dyr med den (hjort), men kula har gitt god effekt frå 50-240 meter.
  20. Eit spørsmål til ekspertane: Har diesett (RCBS) til kipplaufen i 7X65 R (Merkel), og får snart i hus 7X64-løp til S&L-rifla. Kan eg bruke 7X65R- heilpressings- og kuleisetterdiene til 7X64-ladinga? Og kva må eg i så fall ta hensyn til (anna enn å skifte hylseholdar)?
  21. Eg var på leiting etter drivjaktsikte i fjor, med omtrent samme budsjett som deg. Eg vurderte alle du har på lista, med unntak av japanske Vixen, og i tillegg Kahles, Leupold, Meopta og Leica. Vurderte ikkje Zeiss V8, av estetiske årsaker, samt at mellomrøyrdimensjonen gjer siktet lite fleksibelt for mitt bruk (Bytter ein del sikter hit og dit på ulike rifler). Mine (heilt personlege) kriterium blei vel sjåande slik ut, i prioritert rekkefølge: 1. At siktet faktisk har reell 1.0 minsteforstørrelse. For mine auge er dette heilt avgjerande for å kunne skyte raskt med begge auge opne. 2. Synsfelt 3. Funksjonalitet (tårn/lys/okular osv) 4. Opplevd optisk kvalitet. Kunne eg sjå bort frå pris, var Leica Magnus 1-6,3X24 i særklasse det beste for mine auge, med Kahles Helia 5 like bak. Det nærmaste eg kom desse innafor budsjett vart ei overrasking for meg, nemleg Steiner Ranger 1-4X24. Sjølv hadde eg trudd at f. eks Meopta eller Trijicon skulle vere beste alternativ, men slik var det ikkje. Sistnemnte var ein skuffelse for mine auge. Trang og med tydeleg dårlegare optikk. Godt fornøgt med Steineren, og når du har "mest for pengene" som eit kriterium, så bør du ta ein titt på den. Den kostar trass alt halvparten av ein Leica.
  22. Eg vurderte denne då eg skulle kjøpe drivjaktsikte i fjor. I samme prissegmentet får du Steiner Ranger 1-4x24 med lys, og eg var ikkje i tvil. Tyskaren hadde bedre optisk kvalitet og det viktigaste: Betydeleg større synsfelt.
  23. Ikkje når du står i skogen og dritten ikkje virkar.
  24. Det er no forsåvidt grei policy at politiet ikkje oppgir dette pr telefon. Eit minstekrav av legitimering, evt personleg oppmøte burde vere både greit og ønskeleg.
×
×
  • Create New...