Jump to content

bosnes

Members
  • Posts

    600
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by bosnes

  1. Sikkert mange her på forumet!
  2. Trur det er lurt av DFS å bruke god tid på dette. Oppfattar det som dei aktive i DFS omtrent er delt i to like store grupper: for og imot .223.
  3. Når det gjeld banestemner så er det få A skytter, men mange i C og D. Og sidan ein premierer klassevis så betyr det at dei beste skyttarane får små premier. Det typiske, i alle fall på våre kantar er at den desidert største premien går til vinnaren i klasse D. Gjerne med eit langt dårlegare resultat enn vinnaren i A og B. Personleg er eg ikkje så oppteken av premeiering, men eg synest ikkje dette er rettferdig! Eg har tidlegare signalisert at eg ikkje heilt forstår vitsen med A, B, C og D klasser, men forstår det er mange som vil ha denne klassesettinga. Personleg hadde eg sett at ein droppa det. Skyt du same programmet på opne stemner, så bør du konkurrere i same klasse. Sånn som det er i NFPS.
  4. bosnes

    Pardini SP/SP1

    Ikkje lovleg til feltskyting? Kvar i alle dagar har du det i frå?
  5. Er kanskje litt pysete eg, men likar ikke kraftigare ladningar enn nødvendig. Synes 10 mm auto i ein 5" pistol passar best med faktor ca. 180-200. Ladningane mine er tilpassa bruk til Magnum I i NSF og har 200 i faktor. Sett på bakgrunn av NM i år, der nokre vart diska pga uventa lav faktor, så vurderer eg å legg inn litt større margin til neste år. Kanskje ca. 10% = ca. 210 i faktor.
  6. oj, var den så kraftig? I flg. Ladeboka så kronograferte dei Norma fabrikk (200 grains) til 995 fps.
  7. Prøv her: http://www.dixiegunworks.com/ Send ein mail og spør om dei har nokon som passar. Topp service, masse kunnskap og rask leveringstid hos desse.
  8. Det skulle vel være heilt unødvendig. Dei spør vel kanskje i etterkant om dei ikkje har registrert det frå før.
  9. Har lada ein del 10 mm, men dette høyrest litt friskt ut for meg. Eg held meg rundt 200 i faktor. Brukar oftast 180 grain frontier kule og 8,7 grain 3N37. Dette i ein 5" STI.
  10. OK, dersom det ikkje er så lurt å skille mellom menn, kvinner, veteran og junior så er mitt forslag å kutte ut all klassesetting. Skyt du same programmet = same klasse. Slik som det er i spesialfelt no. PS: Når det gjeld samanlikninga med DSF så har dei same klassene både på opne stemne og på Landsskyttarstemnet. Dei har premiering i ferdighetsklassene, men dei har SAMLA resultatliste (meisterskap), og kårar ein SAMLA vinnar i klasse 3-5 (same programmet) uavhengig av kjønn, alder og ferdighet.
  11. Eg meiner framleis det same: fjern ferdighetsklassene og erstatt A, B, C og D med menn, kvinner, veteran, junior og ungdom som på NM. Folk må då kunne konkurrere i same klasse som andre av same kjønn/alder! Alternativt kan vi operere med ei eiga klasse for nybegynnarar. Vi har alt for mange klasser i NSF (og meir enn nok med øvelsar - men det er ein annan diskusjon..) Som eit eksempel hadde vi totalt 65 startar på siste feltstemnet vårt. Fordelt på 4 øvelsar og 4 klasser vert det temmeleg nøyaktig 4 personar pr. øvelse/klasse. Vi nærmar oss snart "kvar mann sin klasse/øvelse"!
  12. Ørsta/Volda pistolklubb byd inn til feltstemne i Sollidalen søndag 12.9. 10.00. Sjølvbetjening av pølser og brus. Vel møtt! http://www.ovpk.org
  13. Steikje, du skal sjå Andre H. kjem syklande til Volda på stemnet vårt på søndag då!
  14. Datoen er fin. Då får eg litt pause før landsskyttarstemnet i Bodø!
  15. Frå siste rundskrivet til POD: "Politidirektoratet forstår forskriften § 85 fjerde ledd om utlån av pistol, revolver og halvautomatisk rifle/-hagle slik: Pistol og revolver, uten hensyn til type og kaliber, kan utlånes til andre med gyldig våpenkort for pistol og/eller revolver. Halvautomatisk rifle/-hagle som er godkjent til jakt, kan utlånes til andre med gyldig våpenkort for våpen (uansett mekanisme) ervervet til jakt. Halvautomatisk rifle/-hagle som ikke er godkjent til jakt, kan utlånes til andre med gyldig våpenkort for halvautomatisk rifle/-hagle som ikke er godkjent til jakt og som er ervervet til øvelses- og konkurranseskyting."
  16. Fine oppskrifter, men kva er "tjukkmjølk"? Finst ikkje i vårt lokale vokabular.
  17. Innan PPC er det 6 forskjellige program.Om NSF skal ta opp dette blir det vel 6 nye program innan NSF?
  18. Kvifor det? PPC er vel hurtigskyting med militær og revolvar?
  19. PS: for å redusere antall program, kan vi kanskje kutte ut dei nye 7MR (hurtigmlitær og revolvar). PPC dekkjer vel omlag dei same behova?
  20. Er vel det som skal til for at dette skal få større utbredelse. Einaste motførestilling eg har er vel at det begynner å bli litt vel mange program innen NSF pistol. Men eg vert no med uansett...
  21. bosnes

    Morini cm22

    Du vil neppe angre på at du kjøper Morini. Skikkelig kvalitetsprodukt! Eg har, som du veit 2 stk. Om du vel å kjøpe nytt så bør du nøye vurdere kostnadsbesparelsen på å kjøpe i Danmark eller Sverige kontra hos Børselars. Har opplevd servicen hos Børselars som unik!
  22. I følge ladetabell frå Lapua kan ein maks oppnå faktor 211 i 45acp (kravet er 275). Dette med 230 grain kule i 920 fps. Om det i det heile tatt er mogleg å ladde 45acp til 275 i faktor tvilar eg på. Det er i alle fall milevis over alle sikkerhetsgrenser.
  23. Dersom POD meiner at 45acp kan brukast i Magnum II, så må dette vere ei sak for fagkomiteen. Hadde vore veldig interessant å sett brevet frå POD der dette vert hevda.
×
×
  • Create New...